Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ein stor husmannshuslyd under Åretun i Lærdal - kvar vart det no av alle desse borni?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein utfordrande huslyd frå Åretun i Lærdal, som eg har slite med i mange år.  Born flytte både til Bergen, til Nordland, til Sogndal, til Aurland og til Amerika.  No står eg «bom fast» og set difor mi lit til Brukarforum, at nokon her kan hjelpa meg med «tips» om korleis ein kan komma vidare?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Pederson (Loven), døypt i Luster 23.4.1809, gifte seg i Hafslo 3.4.1838 med Siri Andersdotter frå Ombandsneset under Eide.  Ho vart døypt i Aurland 13.8.1815.  Dei vart buande som innerstfolk på Ombands­neset fram til 1840.

I 1840 flytte Ole Pederson og kona Siri til Lærdal, og der vart dei etter kvart husmannsfolk på plassen Skåre under Åretun. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1900! – enkja i 1900 på Nedberge!)

 

Siri flytte som enkje inn hjå dotteri Olina på Nedberge i Aurland og d. på gamleheimen i Aurland 15.5.1917, nesten 102 år gamal.  Ole og Siri fekk tretten born i lag:

a. Kari Olsdotter (1835-1903), flytte attende til Hafslo og gifte seg der med husmann og murar Peder Tøgerson i Solvorn­strondi under Valaker (1832-1892) (s.d.).

b. Anders Olson, f. i Hafslo 19.6.1837, flytte frå Lærdal til Bergen i 1859,

 

     ##### (lagnaden hans i Bergen?)

 

c. Christen Olson, f. i Hafslo 23.7.1839, flytte òg til Bergen i 1859,

 

     ##### (lagnaden hans i Bergen?)

 

d. Ole Olson, f. i Lærdal 25.9.1841, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ole tok utflytting til Luster i 1865, men reiste nok straks attende til Lærdal.  Sidan flytte han so til Amla i Sogndal, og der gifte han seg 16.6.1872 med enkja Kari Mortensdotter, opphavleg frå Kaupanger i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Morten Lasseson på Sva under Kaupanger og kona Gunnhild Olsdotter frå Stedje og f. i Sogndal 11.1.1829.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Kari gifte seg første gongen i Sogndal 9.11.1853 med Morten Johannesson frå Amla øvre i Sogndal.  Han var son av husmann Johannes Jacobson på Bakketeig under Amla øvre, opphavleg frå Offerdalen i Årdal, og kona Anna Mortensdotter frå Amla nedre og f. i Sogndal 18.12.1829.  Han d. som husmann på Bakketeig i Sogndal 26.11.1867.  Morten og Kari budde i mange år som innerstfolk hjå foreldri hans på Bakketeig under Amla øvre i Sogndal, men tok kring 1866 over styringi av plassen, medan Ole og Kari vart plassfolk på Mannhiller under Amla. 

 

     ##### (ser ut til å vera flytte derifrå? – kvar vart det av dei??)

 

     Kari fekk i alt ti born; av dei var to søner frå andre ekteskapet med Ole Olson.

e. Martha Olsdotter, f. i Lærdal 2.1.1844, d. i Lærdal 16.4.1844.

f. Johanna Olsdotter, f. i Lærdal 14.8.1845, d. i Lærdal 27.3.1847.

g. Peder Olson, f. i Lærdal 20.10.1847, flytte til Nordland i 1869,

 

     ##### (lagnaden hans?? – truleg den Peder Olsom me i 1875 finn att som ugift fiskar og innerst på Grimstad i Bø, Vesterålen – f. Lærdal 1849!)

 

h. Johanna Olsdotter, f. i Lærdal 8.11.1849, gifte seg i Lærdal 16.4.1872 med Johannes Hansson frå Åretun i Lærdal.  Han var f. i Lærdal 6.2.1847.  Parfolket var nokre år innerstfolk på Åretun til dei i 1876 utvandra til Amerika.  John og Johanna Hanson budde først mange år i Dane Co., Wis., men flytte kring 1893 til ein farm i Kickapoo township, Vernon Co., Wis. der Johanna d. 26.9.1928.  John Hanson d. same staden 5.7.1935.  Dei fekk i alt ti born, mellom anna denne sonen:

- Hans J. Hanson (1874-1943), utvandra til Amerika med foreldri i 1876 og vart der borte gift med Anna Johanna Anderson (1880-1962), ei dotter av husmannssonen Christen Andersson frå Øvregard under Jostedal prestegard i Jostedalen (1837-1909) (s.d.).

i. Sjur Olson, f. i Lærdal 30.11.1851, flytte til Nordland i 1873 og livnærte seg som fiskar på Værøy der han drukna 21.6.1879, ugift.

j. Martinus Olson, f. i Lærdal 13.7.1854, utvandra til Amerika i 1875,

 

     ##### (what became of him? - biography needed!)

 

k. Johannes Olson, f. i Lærdal 22.9.1856, gifte seg i Lærdal 29.12.1876 med Cecilia Gullaksdotter frå Saltkjelen under Mo i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 12.3.1836 og d. som husmannskone på Neset i Borgund, Lærdal 16.10.1891.  Johannes utvandra som enkjemann til Amerika med son sin i 1892, og  

 

     ##### (what became of him in America? – called Nesset at emigration! – son Ole f. 1880 eller 1881!)

 

     ##### (date and place of his death?)

 

     Johannes og Cecilia fekk to born i lag.

l. Sigrid Olsdotter, f. i Lærdal 10.6.1859, utvandra til Amerika i 1881,

 

     ##### (what became of her? – biography needed!)

 

m. Olina Olsdotter, f. i Lærdal 23.12.1861, d. som kårkone på Nedberge i Aurland 3.9.1946.  Ho gifte seg i Lærdal 30.10.1883 med Sølfest Andersson frå Bergmål under Nattviki i Årdal, ein soneson av husmannssonen Anders Sølfestson frå Teigane under Leri (1785-1868).  Sølfest var f. i Årdal 21.2.1858 og d. på Nedberge i Aurland 31.5.1950.  Sølfest og Olina fekk ti born, mellom anna sonen:

- Olav Sølfestson Nedberge (1889-1966), vart gift med småbru­kardotteri Ida Olina Kristoffersdotter Bakken frå Urnes i Hafslo (bnr. 3) (1889-1923) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

c. Christen Olson, f. i Hafslo 23.7.1839, flytte òg til Bergen i 1859,


 


     ##### (lagnaden hans i Bergen?)


 

Av inn- og utflyttingsdatabasen for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ser jeg at det er en Christen Olsen med bopel Bøtun som flytter fra Leikanger til Bergen i 1859. Men det er kanskje en annen Christen? 

 

Jeg finner en Christen Olsen Bøthun i register til hjemstavnsprotokollene for Bergen:

 

 



 



 

Jeg finner også en Christen Olsen Bøtun i militær loddtrekningsliste for Bergen og en Christen Olsen Bøtun i register over fanger ved slaveriet (tukthuset) i Bergen. Denne Christen er født i 1839, men det står fødested Leikanger, og i den militære loddtrekningslista er fødselsdatoen 30.09.1839.  I 1910 finner jeg en enkemann Kristen Olsen Bøtun i Leikanger, f. 29.09.1839, og det er vel mulig at han er identisk med personen i loddtrekningslista. 

 

Men av hjemstavnsforhøret i 1865 ser det ut som denne Christen sønn av Ole Christensen og Brita Ellefsdatter, så da kan vi utelukke ham. 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Anders Olsen Åretun flytter til Bergen i 1859: 

 

Anders Olss. Åretun

År 1859 Kyrkje   Flyttedato 19.3.1859 Førenamn Anders Etternamn Olss. Bustad Åretun Yrke   Gift   Fødestad   Flytt frå   Flytt til Bergen Merknader F. 19/6-1837. 'F.p. Ombarnsnæs'.

 

Sogn og Fjordane fylke, Lærdal, Ministerialbok nr. A 17 (1851-1877), Utflyttede 1858-1859, Innflyttede 1858, side 31. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8409&idx_id=8409&uid=ny&idx_side=-27
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305680194.jpg

 

Og nå ser jeg at broren Christen også flyttet fra Lærdal i 1859. Da kan vi definitivt glemme innlegg #2. Men i databasen til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (ovenfor) står det at Anders er gift...???

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg har ikkje noki forklaring på kvifor Anders Olson er skriven «gift» då han flytte til Bergen.  Eg kjenner ikkje til noko ekteskap for han...

 

Elles har eg no oppdatert opplysningane om Martinus og ogso litt om Johannes i manuskriptet i innlegg #1.

 

Det er forresten merkeleg at familiefaren Ole Pederson vert heilt «borte», og ogso sonen Ole Olson og kona hans, som budde på Mannhiller under Amla i Sogndal!  Dødsfsalli deira er ikkje nemnde i bygdeboki for Sogndal!

 

Eg takkar å ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ole Olson, f. i Lærdal 25.9.1841, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ole tok utflytting til Luster i 1865, men reiste nok straks attende til Lærdal.  Sidan flytte han so til Amla i Sogndal, og der gifte han seg 16.6.1872 med enkja Kari Mortensdotter, (...) f. i Sogndal 18.12.1829. (...)Kari fekk i alt ti born; av dei var to søner frå andre ekteskapet med Ole Olson.

 

Kari var født i 1829 og giftet seg i 1872 med Ole Olsen. Da var hun 43 år gammel. Sønnen Martin ble født i 1872: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWZL-1YV og en ny sønn Martin ble født i 1873: https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWZG-9ZKog 

 

Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 14 (1864-1877), Fødte og døpte 1872, side 100. 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6924&idx_id=6924&uid=ny&idx_side=-101
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115370516.jpg

 

Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 14 (1864-1877), Fødte og døpte 1873, side 110. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6924&idx_id=6924&uid=ny&idx_side=-111
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115370526.jpg

 

Den første sønnen døde i 1872:

Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 13 (1859-1877), Døde og begravede 1872, side 266. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6925&idx_id=6925&uid=ny&idx_side=-270
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115370270.jpg

 

Martin, f. 1873, døde uten å komme i kirken. 

Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 13 (1859-1877), Døde og begravede 1873, side 269. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6925&idx_id=6925&uid=ny&idx_side=-273
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115370273.jpg

 

Datteren til Kari fra første ekteskap, ble konfirmert i 1878 og var da bosatt på Bakketeig (Amble): 

Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 15 (1871-1904), Konfirmerte 1878, side 41. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2069&idx_id=2069&uid=ny&idx_side=-42
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810050222.jpg

 

I folketellingen 1875 finner jeg Johannes Jacobsen, f. 1795, Kari Mortensdatter, gift, og barna Johannes, Ole og Anna fra første ekteskap på Bakketeig. Det står om Kari at hun styrer husholdningen for svigerfaren....!

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal prestegjeld, Statlig folketelling 41A-41B (SAB/), 1875-1875, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-ft20110127660071.jpg

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-ft20110127660072.jpg

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Johannes Jacobsen Amble døde i Kaupanger i Sogndal 1880: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001011557. 

 

Det ser ut som Anna Mortensdatter Amble flyttet til Bergen i 1884:

Sogn og Fjordane fylke, Kaupanger i Sogndal, Ministerialbok nr. D 1 (1878-1907), Utflyttede 1883-1901, side 78. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2070&idx_id=2070&uid=ny&idx_side=-71
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050810050447.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ser at eg har forsømt meg i å takka Grethe for dei siste innleggi om denne ætti frå mars i fjor, men vil gjerne få skunda meg å takka no!

 

Eg har i dag spora opp sonen Peder Olson, som i 1869 flytte til Nordland, og huslyden hans har vore 100% utgreidd i eit anna tema: https://forum.arkivverket.no/topic/206507-l%C3%B8yst-peder-olson-1847-og-elen-jonette-larsdtr-1845-p%C3%A5-b%C3%B8en-i-b%C3%B8-1876-son-karl-odin-1876-kvar-vart-det-av-dei-opphavet-hennar-i-ytter%C3%B8y/

 

Men framleis slit eg med å finna lagnadane til fleire av desse søskeni.  Anders og Christen ser ut til berre å «forsvinna» kring 1860; kan henda utvandra dei til Amerika, men eg veit rett og slett ingen ting om nokon av dei!!

 

Ole Olson og kona Kari ser ut til òg å «forsvinna» frå Mannhiller sist på 1870-talet.

 

Elles veit me at Martinus, Johannes og Sigrid utvandra til Amerika, men kvar det vart av dei der borte, er framleis eit stort mysterium!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Pederson (Loven), døypt i Luster 23.4.1809, gifte seg i Hafslo 3.4.1838 med Siri Andersdotter frå Ombandsneset under Eide.  Ho vart døypt i Aurland 13.8.1815.  Dei vart buande som innerstfolk på Ombands­neset fram til 1840.

I 1840 flytte Ole Pederson og kona Siri til Lærdal, og der vart dei etter kvart husmannsfolk på plassen Skåre under Åretun. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1900! – enkja i 1900 på Nedberge! - kva med FT1891??)

 

Siri flytte som enkje inn hjå dotteri Olina på Nedberge i Aurland og d. på gamleheimen i Aurland 15.5.1917, nesten 102 år gamal.  Ole og Siri fekk tretten born i lag:

a. Kari Olsdotter (1835-1903), flytte attende til Hafslo og gifte seg der med husmann og murar Peder Tøgerson i Solvorn­strondi under Valaker (1832-1892) (s.d.).

b. Anders Olson, f. i Hafslo 19.6.1837, flytte frå Lærdal til Bergen i 1859,

 

     ##### (lagnaden hans i Bergen? - sidan til Amerika?)

 

c. Christen Olson, f. i Hafslo 23.7.1839, flytte òg til Bergen i 1859,

 

     ##### (lagnaden hans i Bergen? - sidan til Amerika?)

 

d. Ole Olson, f. i Lærdal 25.9.1841, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ole tok utflytting til Luster i 1865, men reiste nok straks attende til Lærdal.  Sidan flytte han so til Amla i Sogndal, og der gifte han seg 16.6.1872 med enkja Kari Mortensdotter, opphavleg frå Kaupanger i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Morten Lasseson på Sva under Kaupanger og kona Gunnhild Olsdotter frå Stedje og f. i Sogndal 11.1.1829.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Kari gifte seg første gongen i Sogndal 9.11.1853 med Morten Johannesson frå Amla øvre i Sogndal.  Han var son av husmann Johannes Jacobson på Bakketeig under Amla øvre, opphavleg frå Offerdalen i Årdal, og kona Anna Mortensdotter frå Amla nedre og f. i Sogndal 18.12.1829.  Han d. som husmann på Bakketeig i Sogndal 26.11.1867.  Morten og Kari budde i mange år som innerstfolk hjå foreldri hans på Bakketeig under Amla øvre i Sogndal, men tok kring 1866 over styringi av plassen, medan Ole og Kari vart plassfolk på Mannhiller under Amla. 

 

     ##### (ser ut til å vera flytte derifrå? – kvar vart det av dei??)

 

     Kari fekk i alt ti born; av dei var to søner frå andre ekteskapet med Ole Olson.

e. Martha Olsdotter, f. i Lærdal 2.1.1844, d. i Lærdal 16.4.1844.

f. Johanna Olsdotter, f. i Lærdal 14.8.1845, d. i Lærdal 27.3.1847.

g. Peder Olson, f. i Lærdal 20.10.1847, flytte til Nordland i 1869 og budde i 1875 som fiskar og innerst på Grimstad i Bø, men gifte seg i Bø 25.5.1876 med enkja Elen Jonette Larsdotter, opphavleg frå Vinjebak under Vinje i Mosvik, Ytterøy, f. i Ytterøy 13.2.1845.  Elen gifte seg første gongen i Leinstrand, Melhus 28.5.1864 med Anders Johnson frå Kolstadhaug i Leinstrand, f. i Melhus 5.2.1838.  Anders var møllar, og han og Elen budde på Trolla bruk i Trondheim der Anders d. 14.6.1868.  Peder og Elen budde ei tid som innerstfolk på Vinjebak under Vinje i Mosvik, Ytterøy, men utvandra sidan til Amerika, mannen i 1888 og kona i 1889.  Me finn dei att under namni Peter og Ellen Bakken som farmarar, først i Halstad township, Norman Co., Minn. og frå kring 1902 i Norden township, Pennington Co., Minn. der Ellen d. 24.5.1904.  Peter Bakken flytte kort etter 1910 til ein farm i Hickory township, Pennington Co., Minn. der han d. 14.6.1930.  Ellen fekk i alt tre søner, som alle var frå andre ekteskapet med Peter Bakken.

h. Johanna Olsdotter, f. i Lærdal 8.11.1849, gifte seg i Lærdal 16.4.1872 med Johannes Hansson frå Åretun i Lærdal.  Han var f. i Lærdal 6.2.1847.  Parfolket var nokre år innerstfolk på Åretun til dei i 1876 utvandra til Amerika.  John og Johanna Hanson budde først mange år i Dane Co., Wis., men flytte kring 1893 til ein farm i Kickapoo township, Vernon Co., Wis. der Johanna d. 26.9.1928.  John Hanson d. same staden 5.7.1935.  Dei fekk i alt ti born, mellom anna denne sonen:

- Hans J. Hanson (1874-1943), utvandra til Amerika med foreldri i 1876 og vart der borte gift med Anna Johanna Anderson (1880-1962), ei dotter av husmannssonen Christen Andersson frå Øvregard under Jostedal prestegard i Jostedalen (1837-1909) (s.d.).

i. Sjur Olson, f. i Lærdal 30.11.1851, flytte til Nordland i 1873 og livnærte seg som fiskar på Værøy der han drukna 21.6.1879, ugift.

j. Martinus Olson, f. i Lærdal 13.7.1854, utvandra til Amerika i 1875,

 

     ##### (what became of him? – biography needed!)

 

k. Johannes Olson, f. i Lærdal 22.9.1856, gifte seg i Lærdal 29.12.1876 med Cecilia Gullaksdotter frå Saltkjelen under Mo i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 12.3.1836 og d. som husmannskone på Neset i Borgund, Lærdal 16.10.1891.  Johannes utvandra som enkjemann til Amerika med son sin i 1892, og  

 

     ##### (what became of him in America? – called Nesset at emigration! – son Ole f. 1880 eller 1881!)

 

     ##### (date and place of his death?)

 

     Johannes og Cecilia fekk to born i lag.

l. Sigrid Olsdotter, f. i Lærdal 10.6.1859, utvandra til Amerika i 1881,

 

     ##### (what became of her? – biography needed!)

 

m. Olina Olsdotter, f. i Lærdal 23.12.1861, d. som kårkone på Nedberge i Aurland 3.9.1946.  Ho gifte seg i Lærdal 30.10.1883 med Sølfest Andersson frå Bergmål under Nattviki i Årdal, ein soneson av husmannssonen Anders Sølfestson frå Teigane under Leri (1785-1868).  Sølfest var f. i Årdal 21.2.1858 og d. på Nedberge i Aurland 31.5.1950.  Sølfest og Olina fekk ti born, mellom anna sonen:

- Olav Sølfestson Nedberge (1889-1966), vart gift med småbru­kardotteri Ida Olina Kristoffersdotter Bakken frå Urnes i Hafslo (bnr. 3) (1889-1923) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar igjen for alle gode tips som kan føra til ei oppsporing av desse «forsvunne» søskeni og lever i voni...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.