Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Brør frå Luster, Find Tollefson (1727-18??) - til Solund, og Ole Tollefson (1730-1779?) - til Bergen? - lagnadane/huslydane deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet har delvis opphav i Tema #38208 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/123711-38208-sf-find-tollevsen-f-1727-i-hafslo-seinare-til-solund-hjoennevaagutvcr/?hl=%2Bfind+%2Btollefson#entry1009800), og eg legg dette no fram som eige tema med von om at fleire opplysningar kan ha vorte tilgjengelege sidan emnet var oppe den gongen?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Tollef Findson Dalen, frå Gjellene under Hillestad i Hafslo, var f. i Hafslo kring 1698 og d. i Dversdalen kring 1732.  Han gifte seg i Hafslo 8.10.1724 med Kirsti Olsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     Ho var truleg f. kring 1700 og vart som enkje attgift med gardbrukar og enkjemann Arne Pederson på Opheim i Hafslo (1677-1750).  Tollef og Kirsti var truleg dei første plassfolk som budde på plassen i Svåi i Dversdalen under Nes.

 

##### (Kirsti Olsdotter flytte truleg som enkje i 1750-åri til Utvær – sjekka!!?)

 

Tollef og Kirsti fekk to søner i lag:

 1. Find Tollefson, døypt i Hafslo 16.6.1727,

Find Tollefson flytte i ung alder til Solund der han 23.9.1759 gifte seg med Anna Carlsdotter frå Gjønnevåg nordre i Solund.  Ho var dotter av gardbrukar Carl Clausson i Gjønnevåg nordre, opphavleg frå Øyjord, og kona Britha Isaksdotter frå Gjønnevåg nordre og vart døypt i Solund, Gulen 4.5.1726.  Find var fiskar, og han og Anna budde som innerst- og husmannsfolk ulike stadar i Solund, m.a. på Utvær, og derifrå vart Anna gravlagd 15.2.1795.  Find Tollefson d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1801!)

 

Me kjenner til fire born etter Find og Anna:

a. NN Findsdotter, døypt i Solund 16.12.1759,

 

     ##### (lagnaden hennar? – dødfødd??)

 

b. Carl Findson, døypt i Solund 24.2.1762, d. som husmann og strandsitjar på Utvær i Solund 28.3.1826.  Han gifte seg i Gulen 13.10.1794 med Tyri Einersdotter frå Ravnøy i Gulen.  Ho var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? - Valdres kring 1769?)

 

     og gifte seg som enkje att med Anders Andersson på Utvær, men d. som husmannskone på Utvær 14.12.1846.  Carl var fiskar, og han og Tyri var plassfolk på Utvær i Solund.  Dei fekk fire born i lag.

c. Christen Findson, døypt i Solund 5.10.1764,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

d. Christi Findsdotter, døypt i Solund 22.9.1767, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - 1828?)

 

     Christi gifte seg i Solund 22.6.1794 med enkjemannen Lasse Iverson, opphavleg frå Sande i Gulen, døypt i Gulen 9.3.1758.  Han d. som husmann på Utvær 12.11.1818.  Lasse var fiskar og budde som stransitjar på ein plass under Utvær i Solund.  Frå tre ekteskap fekk han visstnok i alt tolv born; av dei var seks frå siste ekteskapet med Christi Findsdotter.

2. Ole Tollefson, døypt i Hafslo 27.8.1730,

 

##### (var i 1763 busett i Bergen! – var det kan henda den matros Ole Tollevsen, 48 år, som vart gravlagd i Nykyrkja i Bergen 20.3.1779 – busett i 5-174? – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor som har lege heilt utan kommentarar sidan den gongen.

 

Eg vonar at nokon med lokal kunnskap i Solund dreg kjensel på desse folki og takkar enno ein gong so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Når det gjeld Ole Tollefson, f. 1730, som i 1763 var busett i Bergen, finn eg det eine dødsfallet i 1779, som er referert i innlegg #1, men ingen barnefødsler der han kan høva som far.

 

Derimot ser eg det er ein Ole Tollefson Nedre Sandven som 25.5.1752 vart trulova i Fana med enkja Agatha Olsdotter Nedre Sandven: https://media.digitalarkivet.no/view/8797/177

 

Dei fekk fem born døypte i Fana (oppl. frå FamilySearch) - visstnok alle fødde på Nedre Sandven:

 

* Tollef Olson, døypt 2.2.1753

 

* Martha Olsdotter, døypt 10.2.1754

 

* Bertha Olsdotter, døypt 4.7.1756

 

* Haagen Olson, døypt 13.11.1757: https://media.digitalarkivet.no/view/8798/3

 

* Siri Olsdotter, døypt 7.6.1761: https://media.digitalarkivet.no/view/8798/18

 

Kan dette vera «vår» Ole Tollefson?  Kan henda tvilsam, for ein av fadrane til Siri var Halvor Tollefson N. Birkeland!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har finne eit anna dødsfall i Bergen som KAN ha tilknytting til Ole Tollefson:

 

Marthe Halvorsdotter frå 9. rode nr. 159 vart gravlagd på St. Jørgen 23.6.1784 - ho var bkona til ein Ole Tollefson, men ingen alder er oppgjeven!

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=16439&merk=16439#ovre

 

Dette parfolket fekk eit einaste barn i Bergen:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=27511&personpostnr=80780&merk=80780#ovre

 

Men eg ser dei gifte seg i Selje so seint som 3.11.1781

 

Name: Ole Tollefsen

Spouse's Name: Marthe Haldorsdr

Event Date: 03 Nov 1781

Event Place: Selje,Sogn Og Fjordane,Norway

 

so då er det vel ikkje denne Ole Tollefson heller...,med mindre Ole alt var i Bergen frå før og berre «henta seg» ei kone i Selje?

 

Men sidan Ole Tollefson skulle vera i Bergen i 1763, finst han i Ekstraskatten?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg fått sjekka ut estraskattmanntalet for Bergen frå 1762, men ingen Ole Tollefson er å sjå der!

 

Anten må han ha butt like utanfor byen (Sandven i Fana?).  Eller han var lauskar utan fast bustad, til dømes sjømann!?  Kanskje matrosen som døydde i 1779, ikkje er så «borte vekk» likevel!?

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Jeg finner ham ikke i listen over matroser i Bergen 1754-1800.

 

Fana Bygdebok viser at det bodde en Tollef Hallvardsen fra Grimstad i Fana på Nedre Sandven.(1667-1751) Han var gift med Marta Olsdtr. 1688-1747. De hadde bl.a sønnen Ole Tollefsen 1712-1762, gift 1752 med enken Agate Olsdtr. Sæle 1720-1807. Dette er vel trolig den Ole Tollefsen du refererer til, og han kan i så fall ikke være "din" mann.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor som har lege heilt utan kommentarar sidan den gongen.

 

Eg vonar at nokon med lokal kunnskap i Solund dreg kjensel på desse folki og takkar enno ein gong so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Det ser ut til at av Finn Tolleivson sine born er det berre Karl og Kristi som vaks opp og fekk etterkommarar. Barnet fødd i 1759 var ein dødfødsel, det står berre at "Fin Strømmens hustru" vart innleidd etter dødfødd barn.

 

Har ikkje vore i stand til å finna Finn Tolleivson sitt dødsår, heller ikkje Kristi Finnsdotter sitt.

 

Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune og Alf for interessante og nyttige innlegg!

 

Når det gjeld Ole Tollefson i Bergen, er eg etter kvart meir og meir overtydd om at det var den matrosen som døydde i Bergen i 1779.  Han er altso ikkje nemnd i listen over matrosar, og han er ikkje å sjå i ekstraskatten.  Kanskje har han hatt bustaden sin utanfor Bergen...?  Og Ole Tollefson på Sandven er det heit sikkert ikkje...  So me kjem nok ikkje noko nærare ei løysing på spørsmålet om lagnaden hans!

 

Find Tollefson i Solund og huslyden hans er heller ikkje mellom dei som har satt store spor etter seg i kjeldene våre...  Spørsmåli som her står opne, er:

 

** Dødsfallet til Find Tollefson etter 1801?

 

** Dødsfallet til Christi Findsdotter kring 1828?

 

** So lurte eg på kvifor du, Alf, meiner Christen Findson døydde i ung alder?  Han KAN jo godt vera faren frå Solund i ung alder?  Diverre er konfirmantlistene for Gulen svært so dårlege på den tidi, sjå t.d. 1780 der berre talet på konfirmantar er oppgjeve: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/45

 

** So var det Tyri Einersdotter «frå Ravnøy», som tydeleg ikkje er fødd i Gulen.  Kvar kan ho vera kommi ifrå?

 

** Og endeleg er det eit spørsmål om ikkje MOR til Find Tollefson, Kirsti Olsdotter, òg kan ha hamna i Solund?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.