Gå til innhold
Arkivverket

Ole O. Lewison (1850-1931) - Luster - Wisconsin - Texas - kvar vart det av dei to yngste borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei gammal «Amerika-utfordring» eg har hatt liggjande sidan 1980-talet og som eg aldri har greidd å løysa.  Med den fantastiske ekspertisen som no finst i Brukarforum, kanskje det endeleg kan lata seg gjera få «hòl på byllen»?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson (Alsmo), f. i Luster 11.8.1850,

Ole O. Lewison utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861 og gifte seg i La Crosse, Wis. 16.12.1880 med Agatha C. Hiam, dotter av gardbrukarsonen Christian Christopherson frå Høyeim (1828-1893).  Agatha var f. i Crawford Co., Wis. 12.2.1855.  Ole og Agatha slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Agatha d. i barselseng våren eller sommaren 1888.  Ole vart buande på farmen deira til han i 1910 selde ut og flytte med eldste dotteri si til Adrian, Oldham Co., Tx.  I 1929 flytte han so vidare til Canyon, Randall Co., Tx. der han d. 31.12.1931.  Ole og Agatha fekk seks born i lag, men barnet dei fekk våren eller sommaren 1888 d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar; dei andre fem borni var:

a. Lewis O. Lewison, f. i Crawford Co., Wis. 28.10.1875, d. av difteri i Crawford Co., Wis. vinteren 1887.

b. Anna Gunnilde, kjend som Julia Lewison, f. i Crawford Co., Wis. 2.11.1878, d. i Canyon, Tx. 16.7.1946.  Julia gifte seg i Viroqua, Wis. 23.1.1901 med Samuel Nilsson, opphavleg frå Ljøsne i Lærdal, i Amerika kjend som Samuel N. Samuelson.  Han var son av husmann Nils Samuelson på Seltøygarden under Ljøsne, opphavleg frå Galtebakken under Ljøsne, og kona Anna Pedersdotter frå Seltøygarden under Ljøsne og f. i Lærdal 27.12.1869, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1873.  Samuel d.

 

     ##### (place of his death? – DeSoto, WI?)

 

     11.4.1940.  Julia var jordmor («midwife»), og ho og Samuel farma ei tid i lag med far hennar i Freeman township, Crawford Co., Wis., men vart skilde alt i 1905. 

 

     ##### (Samuel sidan attgift 1908/1909 med Mary Mellem (1880-1953) – farma i Wheatland township, Vernon Co., WI – fekk fem born i lag – ho eitt frå før)

 

     I 1910 flytte Julia med far sin til ein farm nær Adrian, Oldham Co., Tx., men i 1929 flytte ho med faren vidare til Canyon, Randall Co., Tx. der ho d. 16.7.1946.  Julia og Samuel Samuelson fekk tre born i lag.

c. Ingeborg Caroline Lewison, f. i Crawford Co., Wis. 2.4.1881, d. av difteri i Crawford Co., Wis. vinteren 1887.

d. Olen Elmer Lewison, f. i Crawford Co., Wis. 11.1.1883,

 

     ##### (moved at a young age to Nebraska – was never heard from again! – destiny??)

 

e. Serine Christina, kjend som Sarah Lewison, f. i Crawford Co., Wis. 21.12.1884,

 

     ##### (moved to Los Angeles, Cal., married a ”Mr.” Gibson, but there was no contact with sister Julia after 1912!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har hatt kontakt med etterkomarar etter Julia, og dei var det som i si tid gav meg dei «tunne» opplysningane som ligg føre om Olen Elmer og Serine Christina «Sarah».

 

Eg kan ikkje hugsa om eg nokon gong har sett ein obituary for Ole Lewison frå Randall Co., TX.  Kanskje den kunne gje oss noko?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at eg la ut dette emnet i aftes har eg no frå Amerika motteke to obituaries for Ole O. Lewison frå Texas, og desse er svært spennande:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Canyon News
Thursday, January 7, 1932, Canyon, Texas; Page 1
Funeral Service For Ole Lewison Held Wednesday
____
   Ole Lewison, aged 84 years, died Monday night at the home of his daughter, Mrs. J. A. Samuelson.  The funeral services were held yesterday afternoon at the Griggs-Thompson Funeral Home, conducted by Rev. C. E. Jameson.
   Mr. Lewison was born in Norway, Aug. 10, 1849.  He has been a resident of the Plains for 22 years.  He was a member of the Lutheran church.
   The surviving are: his daughter here, Mrs J. A. Samuelson; and a daughter, Mrs. G. H. George, and a son, O. E. Lewison, whose addresses are unknown.


Amarillo Daily News
Wednesday, January 6, 1932, Amarillo, Texas, Page 3
OLE LEWISON, CANYON, GIVEN FUNERAL RITES
____
   Funeral rites for Ole Lewison, 82-year-old Randall County farmer, were held at 2 o’clock Tuesday afternoon from the Griggs-Thompson Funeral Chapel in Canyon. Rev. C. E. Jameson, pastor of the Methodist Church, conducted the services.
   Interment was in Dreamland Cemetery.
   Although a native of Sweden, Mr. Lewison had been a resident of Randall County for 22 years. He died at the family home in Canyon early Monday night.
   Survivors are two daughters, Mrs. G. H. George of St. Louis, and Mrs. J. A. Samuel of Canyon, and a son O. E. Lewison of Seattle, Wash.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er underleg at dei to obituaries er so ulike med omsyn til dei to «bortkomne» borni, men her er opplysningar som er heilt NYE og som kanskje kan hjelpa oss til å spora opp Olen Elmer og Serine Christine?

 

Eg har på morgonen freista søka lite vetta etter dei to med nye namn og bustader, men so langt utan resultat.  Kanskje andre har betre hell?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!  Det hadde berre vore «kjempe» å finna ut av denne huslyden!

 

PS: Eg har òg motteke ein obituary for dotteri Julia Samuelson, men denne fortel diverre ikkje noko om overlevande søsken!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg sete og jobba ei stund med denne huslyden, og endeleg har eg greidd å finna «friske» spor etter dei:

 

* Olin LEWIS, som sjølv oppgjev fødselsdatoen sin til 10.1.1883, var i 1918 ugift «laborer» i Fallon, Churchill Co., NV.  I 1935 budde han i Imperial Co., CA, men i 1940 var han ugift farmarbeidar nær Los Alamos, Santa Barbara Co., CA, og der døydde han 25.3.1969!  At han ikkje hadde kontakt med søsteri Julia, kjem tydeleg fram av militær-«draftet» frå 1918, for der seier han at han hadde slektningar i De Soto, WI, inkl. søsteri Julia Samuelson!  Då hadde ho alt sidan 1910 vore busett i Texas, og det var ingen nær slekt att i Wisconsin!

 

* Serene LEWIS, som oppgjev fødselsdatoen sin til 21.6.1886(!), gifte seg første gongen 19 år gamal, truleg med ein mann med namn GILMORE, men dette ekteskapet eller denne ektemannen er so langt ukjende.  Derimot gifte ho seg på ny i Yolo Co., CA 13.11.1916 med Guy Hetach George, fødd i Ringgold Co., IA 21.8.1879.  Dei budde frå før 1920 i Tulare, Tulare Co., CA, men flytte sidan til Dinuba, Tulare Co., CA der Serene døydde 6.9.1955.  Guy George døydde same staden 9.1.1966.  Eg finn ikkje born etter Serene, men Guy hadde vore gift før med Lida Hitchcock og fekk to døtrer med ho.

 

Kanskje er det no mogeleg, for nokon som sit med tilgjenge til slikt kjeldemateriale, å finna ymse avisoppslag om denne ætti i Amerika?

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips når det gjeld denne huslyden, særleg Serene...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skuld vil eg gjerna få leggja inn eit oppdatert manuskript for denne Lewison-huslyden etter at eg har motteke ein del opplysningar frå California.  Dette børjar sjå bra ut, men «smertepunktet» er framleis dotteri Serene og livet hennar fram til 1916 - inkl. ekteskapet med «Mr.» Gilmore!  Finst det kan henda avisoppslag på nettet frå California?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson (Alsmo), f. i Luster 11.8.1850,

Ole O. Lewison utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861 og gifte seg i La Crosse, Wis. 16.12.1880 med Agatha C. Hiam, dotter av gardbrukarsonen Christian Christopherson frå Høyeim (1828-1893).  Agatha var f. i Crawford Co., Wis. 12.2.1855.  Ole og Agatha slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Agatha d. i barselseng våren eller sommaren 1888.  Ole vart buande på farmen deira til han i 1910 selde ut og flytte med eldste dotteri si til Adrian, Oldham Co., Tx.  I 1929 flytte han so vidare til Canyon, Randall Co., Tx. der han d. 31.12.1931.  Ole og Agatha fekk seks born i lag, men barnet dei fekk våren eller sommaren 1888 d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar; dei andre fem borni var:

a. Lewis O. Lewison, f. i Crawford Co., Wis. 28.10.1875, d. av difteri i Crawford Co., Wis. vinteren 1887.

b. Anna Gunnilde, kjend som Julia Lewison, f. i Crawford Co., Wis. 2.11.1878, d. i Canyon, Tx. 16.7.1946.  Julia gifte seg i Viroqua, Wis. 23.1.1901 med Samuel Nilsson, opphavleg frå Ljøsne i Lærdal, i Amerika kjend som Samuel N. Samuelson.  Han var son av husmann Nils Samuelson på Seltøygarden under Ljøsne, opphavleg frå Galtebakken under Ljøsne, og kona Anna Pedersdotter frå Seltøygarden under Ljøsne og f. i Lærdal 27.12.1869, men utvandra til Amerika med foreldri sine alt i 1873.  Samuel d.

 

     ##### (place of his death? – DeSoto, WI?)

 

     11.4.1940.  Julia var jordmor («midwife»), og ho og Samuel farma ei tid i lag med far hennar i Freeman township, Crawford Co., Wis., men vart skilde alt i 1905. 

 

     ##### (Samuel sidan attgift 1908/1909 med Jenie Maria «Mary» Mellem (Vernon Co., WI Oct. 18, 1880-Jan. 18, 1954 Rochelle, IL – par: Lars O. Melem and Berthe Larsen) – farma i Wheatland township, Vernon Co., WI – fekk fem born i lag – ho eitt frå før – sjå under gnr. 113, Melheim!)

 

     I 1910 flytte Julia med far sin til ein farm nær Adrian, Oldham Co., Tx., men i 1929 flytte ho med faren vidare til Canyon, Randall Co., Tx. der ho d. 16.7.1946.  Julia og Samuel Samuelson fekk tre born i lag.

c. Ingeborg Caroline Lewison, f. i Crawford Co., Wis. 2.4.1881, d. av difteri i Crawford Co., Wis. vinteren 1887.

d. Olen Elmer, kjend som Olin E. Lewis, f. i Crawford Co., Wis. 11.1.1883, d. i Los Alamos, Cal. 25.3.1969.  Olin fór i ung alder som farmarbeidar («farm laborer») til Nebraska, men flytte snart vidare til Fallon, Churchill Co., Nev. der me veit han var arbeidar («laborer») i 1918.  På 1930-talet var han farmarbeidar («farm laborer») i Imperial Co., Cal., men kort før 1940 flytte han som farmarbeidar («farm laborer») til Los Alamos, Santa Barbara Co., Cal. der han sidan budde levetidi ut.  Olin var ugift.

e. Serene Christina Lewis, f. i Crawford Co., Wis. 21.12.1884, d. i Tulare, Cal. 6.9.1955.  Ho gifte seg første gongen

 

     ##### (date and place of her 1st marriage? – 1904? – someone named Gilmore! – had no contact with sister Julia after 1912 – Serene «ran off to Los Angeles, CA to get married» - info??)

 

     Serene var busett i Los Angeles, Cal. då ho 13.11.1916 gifte seg att i Woodland, Cal. med Guy Hetach George, som òg hadde vore gift før. 

 

     ##### (he married at Seneca, Nemaha Co., KS Sep. 4, 1903 Lyda Elma Hitchcock, 18, of Pawnee City, NE –  were 1910 residing at Hiteman, Monroe Co., IA where Guy was a lumberman – daughter Grace Virginia George, born IA Apr. 1, 1907 – married Feb. 10, 1927 at Santa Ana, Los Angeles Co., CA Harold Roy Lawrence, born CO 1903 – she died in Kern Co., CA May 8, 1995 – lived 1920 with sister Hazel (1905) and grandparents in Santa Monica, Los Angeles Co., CA)

 

     Guy var f. i Ringgold Co., Ia. 1.8.1879 og d. i Tulare, Cal. 9.1.1966.  Guy var ei tid ranchformann («ranch forman» i Imperial, Imperial Co., Cal., men han og Serene var frå 1918 busette i Tulare, Tulare Co., Cal. der Guy livnærte seg som butikkmann og sidan som eigedomsmeklar («grocery store salesman and real estate agent»).  Serene fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Guy hadde to døtrer frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.