Gå til innhold
Arkivverket

Anfind Salomonson/Samuelson (1727-1785) - frå Luster til Årdal, men kvar vart det av dei yngste borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne henta fram ein «frustrerande» huslyd!  Denne Anfind Salomonson frå Luster, som i Årdal skifte namn til Anfind Samuelson, var gift to gongar og fekk i alt ni born, som me kjenner til.  Men fire av dei yngste berre «forsvinn» utan å setja spor etter seg, og sjølv om kyrkjebøkene for Lærdal med Årdal (avlidne) ikkje er 100% på denne tidi, ville det vera påfallande om alle desse døydde som barn!?

 

Det siste av borni me finn konfirmert i Årdal var Peder Anfindson, og alle dei yngre søskeni, som «normalt» skulle vera konfirmerte ETTER at foreldri var avlidne, manglar.  Kanskje vart dei sende til oppfostring utanfor bygdi?  Eg veit ikkje...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anfind Salomonson Offerdahl, frå Berge i Dale, var f. kring 1727 og gifte seg første gongen kring 1752 med Anna Christophersdotter, stedotter av dåverande brukar av Skår (bnr. 1), men opphavleg frå Bringe.  Ho var f. kring 1730.  Anfind fekk 18.3.1755 bygsel på ½ laup smør og 1 mæle korn av det bruket i Nedre‑Skår som stefaren til kona den gongen budde på (sjå bnr. 1).  Dette gav opphavet til bnr. 2, men Anfind vart ikkje buande her lenger enn til 1764.

Anfind og Anna flytte i 1764 til Årdal, men Anna d. der alt 1.7.1764, og Anfind, som etter den tid skreiv seg for Anfind Samuelson, gifte seg 11.8.1765 att i Årdal med Ingeborg Pedersdotter frå Sage under Dale.  Ho vart døypt i Luster 30.9.1732 og ser ut til å vera flytt til Årdal om lag på same tid som Anfind og Anna.  Anfind og Ingeborg vart paktarar på Lillejorden i Offerdal indre i Årdal der Anfind d. 2.3.1785.  Ingeborg Pedersdotter d. i Årdal 18.6.1787.  Me kjenner til ni born etter Anfind, tre frå første ekteskapet og seks frå det andre:

a. Christopher Anfindson, døypt i Luster 26.12.1753, flytte med foreldri til Årdal og d. på Prestegard i Årdal 17.7.1823.  Han gifte seg i Årdal 7.3.1790 med Kari Gulbrandsdotter frå

 

     ##### (kvar i Årdal budde foreldri hennar – Gulbrand Aslakson og Kari Olsdotter?)

 

     og f. i Årdal 23.3.1764.  Ho d. som kårkone på Prestegard 18.8.1838.  Christopher og Kari var husmannsfolk på Strondi under Prestegard i Årdal og fekk seks born i lag.

b. Anna Sophie, kjend som Sophia Anfindsdotter, døypt i Luster 18.8.1756, flytte likeins med foreldri til Årdal og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1801)

 

     Ho gifte seg i Årdal 27.4.1783 med Erik Paulson frå Offerdalen, døypt i Årdal 25.10.1733.  Han d. på Hovland i Årdal 13.11.1805.  Sophia og Erik var husmannsfolk på Årøyni under Hovland i Årdal og fekk fem born i lag.

c. Metta Anfindsdotter, døypt i Luster 1.11.1762, d.

 

     ##### (dødsdatoen hennar? – før 1772, truleg i Årdal?)

 

d. Peder Anfindson, f. i Årdal 13.2.1767, d. som husmann på Tolsgarden i Årdal 17.4.1832. 

 

     ##### (ein Peder Anfindson d. som legdelem i Offerdalen i Årdal 24.3.1840, 72 år gamal - kven var han?)

 

Han gifte seg i Årdal 10.6.1792 med Anna Thomasdotter frå

 

     ##### (kvar i Årdal budde foreldri hennar – Thomas Thoreson og Ragnhild Jørgensdotter?)

 

     f. i Årdal 20.8.1769.  Ho d. på Tolsgarden 26.2.1844.  Peder og Anna var visstnok lenge husmannsfolk på plassen Sandgota under Lægreid i Årdal, men flytte sidan til ein plass under Tolsgarden i Årdal.  Dei fekk fire born i lag, mellom anna denne sonen:

- Anfind Pederson (1797-    ), vart gift med Eli Halvorsdotter (1801-1855), ei dotter av husmannsdotteri Guro Christensdotter frå Hagen under Sørheim i Luster 1774-1813) (s.d.).

e. Samuel Anfindson, f. i Årdal 1.11.1768,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Årdal – lagnaden hans?)

 

f. Hans Anfindson, f. i Årdal 19.2.1770,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Årdal – lagnaden hans?)

 

g. Anna Anfindsdotter, f. i Årdal 11.8.1772,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Årdal – lagnaden hennar?)

 

h. Martha Anfindsdotter, f. i Årdal 1.9.1775, d. i Årdal 2.9.1775.

i. Gunnhild Anfindsdotter, f. i Årdal 28.5.1777,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Årdal – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i kveld gjerne henta fram ein «frustrerande» huslyd!  Denne Anfind Salomonson frå Luster, som i Årdal skifte namn til Anfind Samuelson,

 

Det siste av borni me finn konfirmert i Årdal var Peder Anfindson,

 

d. Peder Anfindson, f. i Årdal 13.2.1767, d. som husmann på Tolsgarden i Årdal 17.4.1832. 

 

     ##### (ein Peder Anfindson d. som legdelem i Offerdalen i Årdal 24.3.1840, 72 år gamal - kven var han?)

 

Han gifte seg i Årdal 10.6.1792 med Anna Thomasdotter frå

 

     ##### (kvar i Årdal budde foreldri hennar – Thomas Thoreson og Ragnhild Jørgensdotter?)

 

     f. i Årdal 20.8.1769.  Ho d. på Tolsgarden 26.2.1844.  Peder og Anna var visstnok lenge husmannsfolk på plassen Sandgota under Lægreid i Årdal, men flytte sidan til ein plass under Tolsgarden i Årdal.  Dei fekk fire born i lag, mellom anna denne sonen:

- Anfind Pederson (1797-    ), vart gift med Eli Halvorsdotter (1801-1855), ei dotter av husmannsdotteri Guro Christensdotter frå Hagen under Sørheim i Luster 1774-1813) (s.d.).

Det var veldig interessant at han skiftet farsnavn!

Jeg nedstammer fra Peder Anfindson, så her er litt om etterkommere og konas foreldre:

 

1. Jørgen (Georg) Martin ThorsenDom, Bergen        03111865        Sandviken, Bergen      28051957

 

2. Thore Jørgenson     Lægreid, Årdal                        29101837        Nykirken, Bergen        20121901

Gift                             Dom, Bergen               20121865

 

 

4. Jørgen Thoreson     Prestegard-eie, Årdal   05121811        Dom, Bergen               18011887

Gift                             Årdal                           31101832

5. Gro Pedersdtr          Lægreid n, Årdal         22101801        Dom, Bergen               11041870

 

10. Peder Anfindson   Offerdal y, Årdal                       13021767        Lægreid n, Årdal         17041832

Gift                             Årdal                           10061792

11. Anna Thomasdtr   Hestetun, Årdal                       20081769        Lægreid n, Årdal         26021844

 

22. Thomas Thoreson Hestetun, Årdal                       07041722        Lægreid n, Årdal         01011802

Gift                             Årdal                           19061752

23. Ragnhild Jørgensdtr Øyri, Årdal               11091729        Lægreid n, Årdal         16041803

 

44. Tore Håvardson    Hestetun, Årdal            c 1675 Hestetun, Årdal                       24-25041736skifte

Gift                             Årdal                           16101712

45. Ingeborg Tomasdtr            Hæreid, Årdal  22041688      Hestetun, Årdal                       28041758

46. Jørgen Jonson       Øyri, Årdal      c 1700 Øyri, Årdal      15011771

Gift                             Årdal                           02111727

47. Gro Olsdtr             Hæreid, Årdal  c 1706 Øyri, Årdal      25031775

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg stammer også fra Anfind Samuelsen gjennom sønnen Peder Anfindsen, og i sin tid leitet jeg mye etter en Samuel som kunne være faren. De som het Samuelsen og Samuelsdatter i 1801-tellinga og som var jevngamle med Anfind bodde stort sett i Nordfjord, så jeg regnet med at han kom derfra. Stor var derfor overraskelsen da jeg fant familien i en av bygdebøkene for Luster. Ikke så lett å finne sine forfedre når de skifter farsnavn!

 

Ingeborg Pedersdatter, andre kona til Anfind, døde i Årdal 18. juli 1787, ikke 18. juni.

 

Foreldrene til Kari Gulbrandsdatter, Gulbrand Aslaksen og Kari Olsdatter, var i ekstraskatten februar 1763 husfolk under Øfstetun i Årdal, så hun var kanskje født der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Hans Anfindsen har du vel sjekket ut, Lars!

 

Askvoll bygdebok. 2 B : Folket : ættarbok frå det 16. århundrad til 1969

 

s. 829

 

post-541-0-98939500-1459455780_thumb.png

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Nils Aksel, Terje og Grethe for kjempespennande og interessante innlegg!

 

* Eg oppfattar innlegget til Nils Aksel mellom anna slik at Thomas Thorson og kona hans budde på Hestetun i Årdal som plassfolk, er dette rett?  Meir spesifiserte bustader for plassfolk i Årdal på 1700-talet er svært vanskeleg å definera sidan kyrkjebøkene er so å seia heilt utan gards- og plassnamn.  Der lyt me nok ha einkvan på bana som kjenner bygdi i detalj...

 

* Elles er denne Hans Anfindson i Askvoll SVÆRT interessant.  Han har eg ikkje vore særskilt merksam på, men om han er komen innante fjorden, føyer han seg jo inn i det ålmenne «flyttemønsteret» frå den tidi.  Mange foreldrelause og/eller fattige born frå dei indre bygdene i Sogn kom til oppfostring i ytre Sogn og Sunnfjord, og sidan denne Hans tydeleg IKKJE er barnefødd i Askvoll, KAN han godt vera ein slik.  Faktum er i alle fall at FamilySearch ikkje syner nokon Hans Anfindson fødde i Sogn og Fjordane i det heile mellom 1760 og 1790 utanom denne Hans, men me lyt hugsa at det truleg er ein og annan kyrkjebok-lakune i fleire prestegjeld...!!

 

MEN, om dette er «vår» Hans, då burde vel kanskje ogso søstrene Anna og Gunnhild dukka opp der ute?  Sidan avstanden mellom Samuel og Hans i alder var so «stutt» (berre 13 månader), trur eg helst at Samuel er avliden, men søstrene kan godt ha levd opp.

 

Hadde det kanskje vore ein tanke å sjekka ut konfirmantane i Askvoll og ogso i Gulen for å sjå om nokon av dei (og ogso Hans) finst nemnde der?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp når det gjeld denne huslyden!

 

PS: Dette med namneendringi frå Salomon til Samuel er vel eitt av dei mest ekstreme dømi på namneendringar innanfor eitt og same fylke, men det er langt ifrå det einaste!  Medan dei på nordsida av Sognefjorden nytta Martha eller Marta, var dei på sørsida og særleg i Lærdal svært so glade i namneformi Maritha eller Marita.  Og medan dei i visse strøk nytta namneformi Durdei, vart det andre stader «omsett» til Dortha!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det heilt tilfeldigt at eg finn 2 stk Konformerte, KANSKJE, på Walestrand, Stord ?

Dog med 2 etternavn !
 
Anne Anfindsdtr, 15 år, konf på/i Walestrand, 21.12.1788. 

Samuel Samuelsen, 17 år, konf ibid, 30.11.1783

 

Kjelde på begge 2, som er alt Transkiberte

Ministerialbok for Stord prestegjeld 1778-1800 (1221P) ID: 11672 Liste: Konfirmerte b 1778-1800
Asta: SAB/A-78201/H/Haa
Arkiv: Stord Sokneprestembete
Oppbevaringssted: Statsarkivet i Bergen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for interessant og utfordrande innlegg!

 

Anna Anfindsdotter som du har finne, høver jo påfallande godt i alder, MEN eg ser av FamilySearch at ei Anna Anfindsdotter Bjorgen vart døypt på Stord 28.2.1773, so då spørst det...

 

Elles har eg no leitt igjennom konfirmantane i Askvoll frå 1783 til 1799.  Eg finn fleire Anfindsborn, men INGEN av dei førenamni som me leiter etter, heller ikkje Hans, so dersom søskeni vart oppalne i ytre Sogn eller Sunnfjord, ser dei ikkje ut til å ha vore i Askvoll eller Hyllestad.

 

Eg har òg sett litt på Gulen, men diverre har ikkje presten der ført lister over konfirmantar.  Han seier berre at so og so mange vart konfirmerte, men utan å nemna namn!!

 

MEN, eg ser at det på Leikanger i 1801 er nemnde to jenter med namn Anna Anfindsdotter, ei er gift på Helleland, men ho er litt for gamal, medan hi er bondedotter på Berdal, litt for ung, og ho gifte seg i 1803.  Derimot er det ei TREDJE som gifte seg i Tjugum sokn 27.12.1804:

 

* Anna Anfindsdotter Egestøen med Ole Torstenson Hanevig:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Ministerialbok nr. A 5 (1792-1809), Kronologisk liste 1805, side 185.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11568&idx_id=11568&uid=ny&idx_side=-188
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630395.jpg

 

Dei får ei dotter Ingeborg på Bale, døypt i Leikanger 26.11.1805, men ei av fadrane er ei Martha Anfindsdotter Bale, so då er vel dette eit «blindslag»...

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Leikanger, Ministerialbok nr. A 5 (1792-1809), Kronologisk liste 1805, side 194.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11568&idx_id=11568&uid=ny&idx_side=-197
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630404.jpg

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel ikke sikkert at Hans Anfindsen - også skrevet Findsen - er vår mann, Lars, men legger inn trolovelsen i 1795 - se høyre side:

 

Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 9 (1776-1821), Kronologisk liste 1795, side 242-243. 
 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8597&idx_id=8597&uid=ny&idx_side=-122
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319630451.jpg

 

Cautionister er Hans Hovland og Søren Sør-Folkestad. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Nils Aksel, Terje og Grethe for kjempespennande og interessante innlegg!

 

* Eg oppfattar innlegget til Nils Aksel mellom anna slik at Thomas Thorson og kona hans budde på Hestetun i Årdal som plassfolk, er dette rett?  Meir spesifiserte bustader for plassfolk i Årdal på 1700-talet er svært vanskeleg å definera sidan kyrkjebøkene er so å seia heilt utan gards- og plassnamn.  Der lyt me nok ha einkvan på bana som kjenner bygdi i detalj...

 

Jeg ser at Dagfinn Krossen i "Bygdebok for Årdal, Band 3, Slektsbandet" plasserer faren Tore Håvardson under bruk 3 (s. 516 og 541), men ikke plasserer sønnen Tomas Toresson (s. 544) under noe briuk, og trolig da som husmann. Jeg har ikke forutsetning for å si noe mer.

 

Ellers kan jeg bare gjenta det jeg skrev for 3 1/2 år siden: "Laberg skriver i Bygdeboka for Årdal (1932), side 259 under Kolabotn: "Truleg reiste heile huslyden til Amerika". Dette gjentok Krossen (s. 544), men de reiste alle til Bergen!"

https://forum.arkivverket.no/topic/180356-var-halvard-olson-husmann-paa-lcgreid-i-aardal-i-1763-fra-hafslo-eller-luster/?p=1534923

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe og Nils Aksel for dei siste innleggi i denne debatten som er vorte liggjande «i dvale» i over tre år.  Diverre er eg i mellomtidi ikkje komen noko lenger i freistnadane på å oppspora dei yngre borni i denne huslyden, og eg ville vorte «hoppande glad» om nokon greidde å løysa denne kjempeutfordringi!

 

Manuskriptet mitt er vel stort sett uendra sidan emnet var oppe i 2016, men for å vera sikker, her følgjer siste versjon:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Anfind Salomonson Offerdahl, frå Berge i Dale, var f. kring 1727 og gifte seg første gongen kring 1752 med Anna Christophersdotter, stedotter av dåverande brukar av Skår (bnr. 1), men opphavleg frå Bringe.  Ho var f. kring 1730.  Anfind fekk 18.3.1755 bygsel på ½ laup smør og 1 mæle korn av det bruket i Nedre‑Skår som stefaren til kona den gongen budde på (sjå bnr. 1).  Dette gav opphavet til bnr. 2, men Anfind vart ikkje buande her lenger enn til 1764.

Anfind og Anna flytte i 1764 til Årdal, men Anna d. der alt 1.7.1764, og Anfind, som etter den tid skreiv seg for Anfind Samuelson, gifte seg 11.8.1765 att i Årdal med Ingeborg Pedersdotter frå Sage under Dale.  Ho vart døypt i Luster 30.9.1732 og ser ut til å vera flytt til Årdal om lag på same tid som Anfind og Anna.  Anfind og Ingeborg vart paktarar på Lillejorden i Offerdal indre i Årdal der Anfind d. 2.3.1785.  Ingeborg Pedersdotter d. i Årdal 18.7.1787.  Me kjenner til ni born etter Anfind, tre frå første ekteskapet og seks frå det andre:

a. Christopher Anfindson, døypt i Luster 26.12.1753, flytte med foreldri til Årdal og d. på Prestegard i Årdal 17.7.1823.  Han gifte seg i Årdal 7.3.1790 med Kari Gulbrandsdotter frå ein plass under Øvstetun og f. i Årdal 23.3.1764.  Ho d. som kårkone på Prestegard 18.8.1838.  Christopher og Kari var husmannsfolk på Strondi under Prestegard i Årdal og fekk seks born i lag.

b. Anna Sophie, kjend som Sophia Anfindsdotter, døypt i Luster 18.8.1756, flytte likeins med foreldri til Årdal og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1801)

 

     Ho gifte seg i Årdal 27.4.1783 med Erik Paulson frå Offerdalen, døypt i Årdal 25.10.1733.  Han d. på Hovland i Årdal 13.11.1805.  Sophia og Erik var husmannsfolk på Årøyni under Hovland i Årdal og fekk fem born i lag.

c. Metta Anfindsdotter, døypt i Luster 1.11.1762, d.

 

     ##### (dødsdatoen hennar? – før 1772, truleg i Årdal?)

 

d. Peder Anfindson, f. i Årdal 13.2.1767, d. som husmann på Tolsgarden i Årdal 17.4.1832. 

 

     ##### (ein Peder Anfindson d. som legdelem i Offerdalen i Årdal 24.3.1840, 72 år gamal – kven var han?)

 

     Han gifte seg i Årdal 10.6.1792 med Anna Thomasdotter frå ein plass under Hestetun i Årdal, f. i Årdal 20.8.1769.  Ho d. på Tolsgarden 26.2.1844.  Peder og Anna var visstnok lenge husmannsfolk på plassen Sandgota under Lægreid i Årdal, men flytte sidan til ein plass under Tolsgarden i Årdal.  Dei fekk fire born i lag, mellom anna denne sonen:

- Anfind Pederson (1797-    ), vart gift med Eli Halvorsdotter (1801-1855), ei dotter av husmannsdotteri Guro Christensdotter frå Hagen under Sørheim i Luster 1774-1813) (s.d.).

e. Samuel Anfindson, f. i Årdal 1.11.1768,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Årdal – lagnaden hans? – døydde han ung?)

 

f. Hans Anfindson, f. i Årdal 19.2.1770,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Årdal – lagnaden hans? – truleg flytt til Askvoll!!)

 

g. Anna Anfindsdotter, f. i Årdal 11.8.1772,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Årdal – lagnaden hennar?)

 

h. Martha Anfindsdotter, f. i Årdal 1.9.1775, d. i Årdal 2.9.1775.

i. Gunnhild Anfindsdotter, f. i Årdal 28.5.1777,

 

     ##### (ikkje konfirmert i Årdal – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til utbetringar av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

i. Gunnhild Anfindsdotter, f. i Årdal 28.5.1777,

 

Ett langskudd (fra hofta) og fra Vang i Oppland

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010762047

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000010762563

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058266000113

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Eg har studert denne Gunnhild Anfindsdotter frå Vang i Valdres og ser samstundes fleire Anfindsborn på den same garden i 1801, som KAN vera søsken...  Uansett, so trur eg at «kandidaten» din er litt i eldste laget.  Ho var 29 år i 1801, og eldste dotteri var 9 år gamal.  «Vår» Gunnhild var fødd so seint som i 1777.

 

Elles er jo Vang i Valdres eit ganske so populært «reisemål» for personar frå Årdal, so heilt utenkjeleg hadde det ikkje vore, men...

 

En ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 30.3.2016 den 23.05, Lars E. Øyane skrev:

Sophia og Erik var husmannsfolk på Årøyni under Hovland i Årdal og fekk fem born i lag.

 

Paul, 1783 - ingen navn som viser at noen av Sophias søsken var faddere:

https://media.digitalarkivet.no/view/11595/6

 

Paul 1784 - ingen navn som viser at noen av Sophias søsken var faddere:

https://media.digitalarkivet.no/view/11595/12

 

Anfind, 1795 - heller ingen faddere som er søsken av moren:

https://media.digitalarkivet.no/view/11595/63

 

Men ved datteren Maris dåp i 1791 (se til høyre) dukker Peder Anfindsen opp blant fadderne:

https://media.digitalarkivet.no/view/11595/40

 

Men ingen søsken av moren ved dåpen til datteren Ingeborg i 1799:

https://media.digitalarkivet.no/view/11595/82

 

På 6.9.2019 den 0.22, Lars E. Øyane skrev:

Christopher og Kari var husmannsfolk på Strondi under Prestegard i Årdal og fekk seks born i lag.

 

Anna, 1789 - Peer Anfindsen er fadder 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008539455

 

Kari, 1792 

 

Gro, 1793 

 

Ingeborg, 1797

https://media.digitalarkivet.no/view/11595/73

 

Anfind, 1800

https://media.digitalarkivet.no/view/11595/93

 

Mette, 1810

https://media.digitalarkivet.no/view/11596/44

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Dei var tydeleg lite «flinke» til å nytta søsken som fadrar i denne huslyden, men det kan òg vera ei god stadfesting av at dei yngre søskeni rett og slett var borte frå bygdi i ung alder!  Ingen av dei vart jo konfirmerte i Årdal!

 

Den einaste «kandidaten» som eg personleg har litt tru på, er Hans Anfindson i Askvoll.  Diverre er bygdebokavsnittet til Grethe i innlegg #4 ikkje lenger tilgjengeleg, so kva som står der, veit eg ikkje.  Elles likte eg ikkje heilt at han skreiv seg for «Findson»...

 

Eit kjapt søk i Digitalarkivet gjev oss tre andre mogelege Hans Anfindson:

 

* 1801 på Østervik i Ofoten: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058480000659

men han er nok fødd der oppe i 1770: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000139915

 

* 1801 på Føli i Vik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392000933

 

* Dødsfall i Larvik 1834: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001934925

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.