Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Karen Olsdotter Fliflet - f. i Fåberg 1843 - opphavi til foreldri hennar? - gift i Amerika med Arne Jørgenson Brager frå Sør-Aurdal - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Karen Olsdotter FLIFLET var fødd i Fåberg 15.3.1843.  Foreldri er oppgjevne som husmann Ole Christenson og Gunnhild Pedersdotter under Fliflet:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Fåberg, Ministerialbok nr. 5 (1836-1854), Fødte og døpte 1843, side 75-76.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8934&idx_id=8934&uid=ny&idx_side=-43
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070131650402.jpg

 

Ho vart konfirmert i Fåberg i 1858 og bur då under Fliflet:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Fåberg, Ministerialbok nr. 6A (1855-1867), Konfirmerte 1858, side 199.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8935&idx_id=8935&uid=ny&idx_side=-205
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070131660285.jpg

 

Ho utvandra til Amerika og heiter då Karen Olsdotter Fliflet:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Fåberg, Ministerialbok nr. 7 (1868-1878), Utflyttede 1870, side 514.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8937&idx_id=8937&uid=ny&idx_side=-444
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070131670315.jpg

 

FT1865 syner at foreldri hennar var husmannsfolk i «Hullet» under Fliflet:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0524&kenr=009&bnr=0080

 

Eg har her to spørsmål som eg vonar einkvan med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til ei lokal bygdebok, kan hjelpa meg finna svar på:

 

** Denne plassen «Hullet» - er det eit ålment kjent plassnamn under Fliflet, eller heiter plassen noko anna?  Korleis vert plassnamnet uttalt eller skrive i dag?

 

** Eg finn ikkje vigsli til foreldri - kva gardar/plassar i Fåberg har Ole og Gunnhild opphavi deira ifrå?

 

~~~~~

 

So, vel framme i Wisconsin, gifte Karen seg i Vermont, Dane Co., WI 27.8.1870 med:

 

Arne Jørgenson BRAGER, som seiest vera son av Jørgen Olson og Anna Olsdotter og fødd i Valdres kring 1850.  Han døydde alt i 1876, so me har ingen amerikanske kjelder som har fleire opplysningar om opphavet og emigrasjonen hans!

 

Brager er vel i Hedalen, men eg ser ikkje husoyden der i FT1865.  Men det er vel han som vert døypt her med fødselsdato 2.8.1849 som son av husmann Jøran Olson og Anna Olsdotter på eit plassnamn som eg ikkje greier å tolka!

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Hedal i Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 7 (1849-1876), Fødte og døpte 1849, side 1.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8992&idx_id=8992&uid=ny&idx_side=-6
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207630268.jpg

 

Eg finn ikkje nokon konfirmasjon for denne Arne i Hedalen, men her er huslyden i FT1865, utan Arne, på plassen Kantom som synest liggja under Øvreby:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0540&kenr=007&bnr=0114&lnr=000

 

Eg finn heller ikkje noki utvandring på Arne...

 

Her har eg følgjande spørsmål:

 

** Har eg finne den «rette» Arne Jørgenson og i so fall, korleis kjem han til namnet BRAGER?

 

** Kva kan eg skriva som oppvekststad (plass og gard - Kantom under Øvreby?) for Arne Jørgenson?

 

** Kva år utvandra Arne Jørgenson til Amerika?

 

** Og endeleg, kva gardar/plassar i Sør-Aurdal har Jørgen Olson og Anna Olsdotter opphavi deira ifrå?

 

~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dette parfolket!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Arne Jørgensen født 1849 i Aurdal: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038069008985

 

 

Vielse nummer 4 i 1850 Jørgen Olsen Brager

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Hedal i Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 7 (1849-1876), Ekteviede 1849-1850, side 127.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8992&idx_id=8992&uid=ny&idx_side=-125
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207630387.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/uf/hending/hu00000000014558

 

Det ble oppgitt Hallingdal som destinasjon da familien flyttet på seg i 1854.

 

Øverst på høyre side

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Hedal i Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 7 (1849-1876), Inn- og utflyttede 1854-1857, side 193.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8992&idx_id=8992&uid=ny&idx_side=-184
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207630446.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for fleire spennande innlegg!

 

Arne Jørgenson Brager skal tydeleg ikkje vera so enkel å finna, men alt tyder på at denne Jørgen Olson på 30 år, son av Ole Østenson som attpåtil oppgjev Brager som fødestad (eller kanskje det sklal vera bustad?), 1850må vera faren.  Det går fram av merknadsfeltet at både Jørgen og Ambjørg var enkjefolk då dei gifte seg i 1850, so om me leiter litt, finn me sikkert dødsfallet til Anna Olsdotter!  Og her er ho, heilt øvst på sida, Anna Olsdotter Harhaug, 32 år, døydde 8.8.1849 etter barselseng!

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Hedal i Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 7 (1849-1876), Døde og begravede 1849-1850, side 155.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8992&idx_id=8992&uid=ny&idx_side=-150
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207630412.jpg

 

Blar me so litt attende i vigselsregisteret i Sør-Aurdal, finn me vigsli til Jørgen Olson Landsendhaugen, ungkar på 28 år og son av Ole Østenson, med enkja Anna Olsdotter Haardhaug, 32 år, dotter av Ole Pederson, gifte i Sør-Aurdal 3.11.1848:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1841-1849), Ekteviede 1849, side 503-504.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8989&idx_id=8989&uid=ny&idx_side=-207
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207620270.jpg

 

Når det gjeld Live Arnesdotter frå FT1865, er ho dotter av Ambjørg Guttormsdotter og første mann hennar, Arne Christopherson Haugen:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 4 (1841-1849), Fødte og døpte 1842, side 43-44.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8989&idx_id=8989&uid=ny&idx_side=-24
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070207620087.jpg

 

Ein førebels konklusjon på dette må då vera at Arne Jørgenson fødd på Harhaug i Hedalen 2.8.1849 MÅ vera den me leiter etter, og han utvandra frå Vestre Toten i 1867!

 

Den Jørgen Olson med kone Anna Olsdotter som i 1865 budde i Sør-Aurdal, er altso eit heilt anna par!!

 

Når det gjeld Arne si side, står det då att å finna ut:

 

** Opphavsstaden for Jørgen Olson, fødd i Sør-Aurdal kring 1819 - son av Ole Østenson?

 

Det er nok denne Jørgen Olson Lansendhaugen som er fødd 5.2.1821:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 3 (1825-1840), Konfirmerte 1836, side 544-545.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9380&idx_id=9380&uid=ny&idx_side=-231
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603960368.jpg

 

** Opphavsstaden for Anna Olsdotter, fødd i Sør-Aurdal kring 1817 - dotter av Ole Pederson?

 

Truleg er det denne Anna Olsdotter Brænden, fødd 10.5.1817 og konfirmert i 1831, ei av mange Anna Olsdøtrer, men den einaste med far Ole Pederson:

 

Kildeinformasjon: Oppland fylke, Sør-Aurdal, Ministerialbok nr. 3 (1825-1840), Konfirmerte 1832, side 518-519.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9380&idx_id=9380&uid=ny&idx_side=-218
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603960355.jpg

 

Men kvar kjem då Brager-namnet ifrå?  Kan det tenkjast at Jørgen og Ambjørg budde på Brager før dei flytte til Vestre Toten??

 

Som ein kuriositet kan eg nemna:

 

Ved vigsli til Arne Jørgenson i Vermont, Dane Co., WI 27.8.1870 er mori oppgjevi å vera Anna (Olson):

 

Name Arne Jorgenson

Event Type Marriage

Event Date 27 Aug 1870

Event Place Vermont, Dane, Wisconsin, United States

Gender Male

Race White

Birthplace Norway

Father's Name Jorgen Olsen

Mother's Name Anne Olsen

Spouse's Name Karen Christenson

Spouse's Gender Female

Spouse's Race White

Spouse's Father's Name Ole Christenson

Spouse's Mother's Name Gunhild Christenson

 

men då han døydde i Buffalo Co., WI 15.4.1876, står foreldri hans som Jørgen Olson og Ambjørg Arneson:

 

http://interactive.ancestry.com/60722/41742_314994-00700?pid=9098257&backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2f%2fcgi-bin%2fsse.dll%3fgss%3dangs-c%26new%3d1%26rank%3d1%26gsln%3dMikkelson%26gsln_x%3dNP_NN%26msgdy%3d1894%26msgdy_x%3d1%26msgdp%3d5%26msgpn__ftp%3dBuffalo%2bCounty%252c%2bWisconsin%252c%2bUSA%26msgpn%3d408%26msgpn_PInfo%3d7-%257c0%257c1652393%257c0%257c2%257c3247%257c52%257c0%257c408%257c0%257c0%257c%26msgpn_x%3d1%26msgpn__ftp_x%3d1%26cpxt%3d1%26cp%3d12%26MSAV%3d1%26uidh%3d008%26pcat%3dBMD_MARRIAGE%26h%3d9098257%26db%3dELCAbmd%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d3&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true#?imageId=41742_314994-00618

 

Eg takkar på ny for kjempehjelp med sporing av Karen og Arne!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

I innlegg #4  ved utflyttingen til Hallingdal står Arne Jørgensen  med fødselsdato 2. august 1849 og dåpsdato 19. august 1849, så det er vel rimelig sikkert at det er rett mann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nytt presiserande innlegg!

 

Eg hadde oversett at dei melde flytting til Hallingdal i 1854.  Kan henda var dei litt «på farten», men uansett; forklaringi på Bragernamnet har eg finne:

 

Då dotteri Siri vart fødd i Hedalen 19.9.1850, var Jørgen og Ambjørg gardbrukarar på Brager, so då er det avklart!

 

Eg takkar igjen for kjempegod hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.