Gå til innhold
Arkivverket

Jonas Jørgenson (1737-1782) - vektar på Lærdalsøyri - huslyden hans - søsteri Anna Jørgensdotter (1751- ) i Bergen - kvar vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit med å finna ut av denne huslyden frå Lærdal, med opphav i Luster.  Særleg er eg interessert i dødsfallet til Gjertrud Jonasdotter, rimelegvis i Lærdal etter 1830, dei fire konene til Jørgen Jonasson i Bergen, samt fleire detaljar om Ole Casper Jonasson i Bergen.  Og, minst like viktig er det å finna ut kva som skjedde med yngste søsteri til Jonas, Anna Jørgensdotter, som flytte direkte til Bergen!

 

For å syna kor liten kontakt det må ha vore mellom Gjertrud i Lærdal og Jørgen i Bergen, vil eg attgje frå skiftet etter mosteri Kari Lassesdotter i Lærdal frå 1830 der det vert sagt om Jørgen: «som for længe siden saavidt vides kan ved Døden er afgaaet, da han haver været fraværende og saaledes indroulleret under Søelægden»

 

Slik ser manuskriptet mitt ut for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jonas Jørgenson (Bolstad), døypt i Hafslo 5.4.1737,

Jonas Jørgenson, stundom òg kalla Jonas Bolstad, flytte frå Luster kring 1760 og vart i 1763 sagd vera utkommandert som soldat.  Han gifte seg første gongen i Lærdal 4.4.1768 med Martha Lassesdotter frå Brattegjerde, Lærdalsøyri.  Ho var dotter av husmann Lasse Andersson på Brattegjerde og den andre ukjende kona hans og f. i Lærdal kring 1748.  Martha d. i barselseng på Lærdalsøyri 15.9.1777, og Jonas gifte seg 19.12.1779 att i Lærdal med enkja Britha Pedersdotter, opphavleg frå Voll i Lærdal.  Ho var dotter av husmann Peder Thomasson på Lunde under Voll , opphavleg truleg frå ein plass under Stønjum, og kona Kari Pedersdotter av ukjent opphav og vart døypt i Lærdal 29.1.1732.  Ho gifte seg første gongen i Lærdal 9.11.1767 med enkjemannen Jens Jacobson, opphavleg frå Lærdalsøyri.  Han var son av skaffar Jacob Rasmusson på Lærdalsøyri og kona Lussi Eriksdotter av ukjent opphav og vart døypt i Lærdal 14.12.1715.  Jens var husmann i Fortun på Lærdalsøyri der han d. 15.1.1776.  Jonas kom til Lærdal som bygdevektar, og han budde òg i Fortun på Lærdalsøyri, men miste livet då han fall i sjøen og drukna på Lærdalsøyri 29.4.1782.  Britha Pedersdotter d. same staden 9.11.1784.  Ho hadde tre born, som alle var frå første ekteskapet med Jens Jacobson,

 

##### (borni hennar:

       * Britha Jensdotter, f. i Lærdal 26.10.1768, d. tidleg

       * Jacob Jensson, f. i Lærdal 1.1.1772 – til Eivindvik

       * Jens Jensson, f. i Lærdal 14.8.1774 – til Eivindvik «g.m. Martha Lending – Skori, Stølen, Solund»

 

medan Jonas Jørgenson fekk desse åtte borni, som alle var frå første ekteskapet hans med Martha Lassesdotter:

a. Jørgen Jonasson, trilling, f. i Lærdal 27.5.1767, d. i Lærdal 4.6.1767.

b. Kari Jonasdotter, trilling, f. i Lærdal 27.5.1767, d. i Lærdal 5.6.1767.

c. Gjertrud Jonasdotter, trilling, f. i Lærdal 27.5.1767, d. i Lærdal 4.6.1767.

d. Gjertrud Jonasdotter, f. i Lærdal 2.7.1768, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1830! – ugift tilstades i Lærdal 1830!)

 

e. Kari Jonasdotter, f. i Lærdal 14.3.1771, d. i Lærdal 6.6.1771.

f. Kari Jonasdotter, f. i Lærdal 15.6.1773, d. i Lærdal 20.4.1780.

g. Jørgen Jonasson, f. i Lærdal 9.6.1775, d. som dagarbeidar i Bergen 10.8.1833.  Jørgen skal ha vore «indroulleret under Søelægden», men flytte tidleg til Bergen der han 1.12.1805 gifte seg første gongen i Domkyrkja med Gjertrud Olsdotter frå

 

     ##### (kven var ho? – 35 år gamal i 1806!)

 

     Men Gjertrud vart gravlagd i Bergen alt 11.2.1806, og Jørgen gifte seg andre gongen i Krosskyrkja i Bergen 7.12.1806 med Bertha Andersdotter frå

 

     ##### (kven var ho? – 39 år gamal i 1809!)

 

     Ho d. i Bergen 21.2.1809, og Jørgen gifte seg tredje gongen i Krosskyrkja i Bergen 16.6.1811 med Christina Hansdotter Sandvig frå

 

     ##### (kven var ho? – 35 år gamal i 1818!)

 

     Ho d. i Bergen 28.2.1818.  So gifte Jørgen seg fjerde gongen i Domkyrkja i Bergen 22.8.1830 med enkja Elisabeth Paulsdotter,

 

     ##### (kven var ho? – ifølgje oppl. ved vigsli var ho f. i KK 1781 – far: Paul Paulsen)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Jørgen var dagarbeidar og dikselmann og budde i Bergen levetidi ut.  Me kjenner til ein son etter han, som var frå andre ekteskapet.

 

     ##### (born:

            * Jeremias Anders, f. KK, Bergen 28.8.1807 – n. 1815)

 

h. Lasse Jonasson, f. i Lærdal 29.9.1777 (oppgjeven fødselsdato ligg nesten to veker etter oppgjeven dødsdato for mori!), d. i Lærdal 28.7.1788.

 

~~~~~~~~

 

Undersøkjingskommisjonen Bergen 1804 syner ein: Ole Caspar Jonasen, 44 år, fødd i Lyster –smedarbeidsmann i 23. Rode! – kan vera ein son av Jonas Jørgenson!

 

i. Ole Casper Jonasson, f. i Luster kring 1760, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – Bergen etter 1804?)

 

     Ole Casper gifte seg i Nykyrkja i Bergen 17.8.1788 med Anna Karine Jacobsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – fødd kring 1746? – kalla Paulsdotter ved dødsfallet i 1813!)

 

     Ho vart gravlagd i Bergen 29.3.1813.  Ole Casper var smedarbeidar, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut. 

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – finn dei ikkje i 1801!!)

 

     Me kjenner til ei dotter etter dei.

 

     ##### (born:

            * Marthe Berthine, f. KK, Bergen 9.7.1790)

 

~~~~~~~~~~

 

 8. Anna Jørgensdotter, døypt 4.12.1751, levde i Luster i 1763.

Anna Jørgensdotter flytte i ung alder til Bergen

 

##### (nemnd som fadder i Bergen 1780 – lagnaden hennar?

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Eg er i dag vorten merksam på at Anna Jørgensdotter (1751-    ), som er nemnd i dette emnet, truleg hadde ei dotter i Lavik før ho kom til Bergen, og denne dotteri voks opp hjå far sin som gifte seg med Kari Christensdotter frå Kvalsøyri i Luster, sjå:

 

 

Eg vil samstundes nytta høvet til å henta fram att dette emnet frå i fjor, som so langt ikkje har fått noki merksemd, samstundes som eg legg inn eit oppdatert manuskript for Anna Jørgensdotter (manuskriptet for bror hennar har ingen endringar sidan i fjor, sjå innlegg #1):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 8. Anna Jørgensdotter, døypt 4.12.1751, levde i Luster i 1763.

Anna Jørgensdotter flytte truleg i ung alder som tenestejente til Lavik og derifrå før 1780 vidare til Bergen

 

 

##### (nemnd som fadder i Bergen 1780 – lagnaden hennar?)

 

 

Me trur Anna fekk ei dotter, medan ho budde i Lavik:

a. Kari, kjend som Karen Olsdotter Verken, dotter av Anna og husmann Ole Carlson på Verken under Grinde på Leikanger (1755-1838), voks opp hjå far sin som gifte seg med strandsitjardotteri Kari Christensdotter frå Kvalsøyri under Kvale i Luster (1744-1789) (s.d.).

 

 

##### (fleire born etter Anna?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har samstundes studert «førekomstane» av Anna Jørgensdotter i Bergen, og dersom Anna ikkje har finne seg eit ekstra mellomnamn, so er det ikkje so mange alternativi:

 

* Anna Jørgensdotter, trulova 19.10.1781 og gift i Krosskyrkja i Bergen 28.7.1782 med arbeidsmann Johannes Axelsen - desse får to born i Bergen:

*** Anna Georgdine, f. KK 9.7.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/8675/212

*** Cornelius Christian, f. KK 10.3.1786 - men då har mori tilnamnet «Munk»: https://media.digitalarkivet.no/view/8675/226

 

* Anna Jørgensdotter gift med «consumptionsbetient» Michel Arentzen - vigsli finn eg ikkje, men eg finn ei dotter:

*** Maren, f. KK 14.9.1782: https://media.digitalarkivet.no/view/8675/206

 

Kan det vera ei av desse??

 

Eg ville setja stor pris på nye opplysningar til kartleggjing av denne ætti og takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sett litt meir på spørsmålet om Anna Jørgensdotter i Bergen og ser at:

 

* Anna Jørgensdotter, 55 år, kona til Haldor Knudsen i 16-74, vart gravlagd 13.7.1808: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=61759&merk=61759#ovre

 

Desse ser eg gifte seg i Fana 17.4.1797, han som Stamnes og ho som Herrestvedt: https://media.digitalarkivet.no/view/8799/188

 

Dei bur 1801 som plassfolk på Fantoft i Fana - Anna er 47 år: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058383001369

 

Kanskje er dette barnet det dei i 1801 hadde i pleie: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=20182&personpostnr=58841&merk=58841#ovre

 

Men so finn me ei Anna Jørgensdotter døypt «uekte» i Fana 16.1.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/8797/158

 

Men Herrestvedt er vel det same som Heradstveit i Kvam i Hardanger?

 

* Ei dotter på 4 dagar av «consumptionsbetient» Michel Arentz vart gravlagd 9.11.1784: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=51564&merk=51564#ovre

 

Men samstundes ser eg at «consumptionsbetienten» som sidan vart skrivarkarl, fekk fleire born, og då heitte mori Anna Marie Jørgensdotter!!

 

Ikkje so heilt enkelt dette, men kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.