Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torger Jørgensen (1743-1782) og kona Guri Ellefsdotter (1741- ) - frå Luster til Bergen - kvar vart det av Guri og borni deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i 30 år og som den gongen var berre heilt umogeleg å finna ut av.  Kanskje er det i dag, med meir «moderne» hjelpemiddel, mogeleg å gjera noko med det?

 

Manuskriptet for denne huslyden ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Jørgenson Flom, frå Sanden under Dale, vart døypt 25.3.1743 og gifte seg 5.11.1769 med Guri Ellefsdotter frå Dalen under Åsen, døypt 27.9.1741.  Torger og Guri ser ut til å ha busett seg i Bringeviki straks Hans var faren herifrå kring 1773, men dei vart ikkje plassfolk her lenger enn til 1779.  På same tid vart denne luten av Bringe frådelt garden og tillagd naboeigedomen på Døsen, og det ser ut til at brukarane av Døsen sjølve nytta Bringeviki frå den tidi; sjå elles under Døsen.

Torger og Guri Jørgensen flytte til Bergen i 1779.  Torger livnærte seg der som dagarbeidar, og dei budde i Øvre Dynnersmuget, men Torger sette livet til ved drukning alt 12.2.1782.

 

##### (seinare lagnad for Guri? –nemnd som faddar i Bergen i 1788 – kva so?? – ogso borni forsvinn, men ei av døtrene var i 1801 busett hjå ein morbror på Hjertås i Gulen!)

 

Torger og Guri fekk fem born i lag:

a. Jørgen Torgersen, døypt i Luster 21.12.1769, flytte til Bergen med foreldri i 1779

 

     ##### (nemnd som fadder i Bergen 1788 – seinare lagnad?)

 

b. Peder Torgersen, døypt i Luster 12.3.1772, flytte òg til Bergen i 1779, men vart gravlagd i Bergen alt 27.7.1779.

c. Kari Torgersdotter, døypt i Luster 1.4.1775, flytte med foreldri til Bergen i 1779, men kom sidan attende til Sogn og tente i 1801 hjå morbroren Ole Ellefson på Hjertås i Gulen.

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Britha Torgersdotter, døypt i Luster 3.4.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri, men vart gravlagd i Bergen alt 23.8.1779.

e. Bertha Torgersen, f. i Bergen 21.8.1780,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Var Jørgen Torgersen og moren Guri faddere ved samme barnedåp i 1788 og hvor var den? Bare litt nysgjerrig! 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Skifte etter Ole Eilefsen Hjertaas i 1815. (høgre side).

Midt i skiftet er fraværende arving Guri Eilevsdtr nemnd.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Utvær, Gulen tinglag, Skifteprotokoll A 17 , 1813-1828, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Aut. for Utvær og Gulen. Register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24177/84/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125650571.jpg

 

 

Eg klarer ikkje å sjå at det står noko om kor ho oppheld seg, men det burde vere ein god sjanse for at ho i alle fall er i live på dei tider.

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Egil for interessante og spennande svar!

 

Når det gjeld «faddergjerningi» i 1788, var det heilt sikkert for eitt av borni til en av brørne hennar Guri.  Eg har ikkje notert kva for ein, men mistenker at det kan ha vore ved fødsli til:

 

* Anne Bertha, fødd i Bergen 2.2.1788 som dotter av Hans Ellefson og kona Anna.  Huslyden deira er gjenstand for eit anna emne i Brukarforum.

 

* Ole Ellefson på Hjertås i Gulen døydde barnlaus, og skiftet hans vil vera av kjempestor verdi.  Eg ser heller ikkje at det er nemnt noko om bustaden til Guri Ellefsdotter i skiftet, berre at ho er «fråverande».  Men er ikkje dette utdraget teke frå ei skiftehandsamingsprotokoll?  Det ser ut som om skiftet skal takast opp att seinare...?  Kan denne «oppfølgjingi» òg finnast?  Skiftet etter Ole vil ha ein kjempeverdi, for der var fleire søsken som eg har vanskar med å spora...!

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips i denne saki og vonar på fleire spennande funn!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

I følgje registeret fortset skifte på side 86b og 92b

 

På høgre side av side 93a står det noko om "myndig ...... (Søskendebarn?) Guri Ellevsdtr i Bergen". Kan det bety at det er i anna med same namn?

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Myndig søskenbarn Peder Ellevsen i Bergen og Guri Ellevsdatter i Bergen er nevnt på side 93b i skifteprotokollen. Det er vel også et søskenbarn Brithe Hansdatter. 

 

Peder Ellevsen i f.t. 1815 for Bergen?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01051079008087

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Eigil og Grethe for nye interessante meldingar!

 

Framhaldi av skiftet etter Ole Ellefson var spennande å lesa, og her kjem det tydeleg fram at han let etter seg tre «utervingar»:

 

* Peder Ellevsen i Bergen med 207-2-8 dlr.

 

* Anne Bertha Hansdotter i Bergen med 207-2-8 dlr.

 

* Guri Ellevsdotter i Bergen med 103-4-4 dlr.

 

Me dreg kjensel på to brorloddar og ein søsterlodd.

 

Broren Peder Ellefson, døypt i Luster 13.8.1746, døydde i Bergen 22.1.1826

 

Broren Hans Ellefson (1760-1813) var avlidi og let etter seg ei dotter, Anne Bertha Hansdotter (1788-1844) - sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201571-hans-ellefsen-aasen-1760-1813-fr%C3%A5-luster-via-fjaler-til-bergen-kven-var-kona-hans-og-kvar-vart-det-av-borni-deira/

 

Søsteri Guri Ellefsdotter, utfordringi i dette emnet, levde òg i Bergen i 1815!

 

Det som synest «forvirrande» i skiftet etter Ole, er at desse søskeni vert kalla søskenborn.  Kvifor veit eg ikkje.

 

Elles er det påfallande at ikkje alle søskeni etter Ole er med i skiftet:

 

* Søsteri Eli Ellefsdotter (1762-1848) levde i Luster!

 

* Søsteri Anna Ellefsdotter (1754-1823) levde òg i Luster!

 

* Broren Johannes Ellefson (1737-1803) hadde butt i Åfjord, men let etter seg born.  No er det det å seia om Johannes at skifteretten so tidleg som i 1785 ikkje visste kvar han hadde vorte av, og det er nok tvilsomt om vidare opplysningar hadde vorte formidla på den tidi!!

 

* Det var òg ei søster Ragnhild Ellefsdotter, døypt i Luster 9.3.1757, som i 1788 fekk ein son Anders Andersson i Luster og som so forsvinn!  Kan henda var ho avlidi før 1815, men om ho hadde butt ein heilt annan stad, kan det vera at søskeni hadde mist kontakten med ho...  Eg vil ta opp denne utfordringi i eit nytt emne!

 

~~~~~~~~~~

 

For å koma attende til utgangspunktet for dette emnet, so er me framleis på leiting etter lagnaden til Guri Ellefsdotter og borni hennar.  Eg ser INGEN Guri(ne) Ellefsdotter avlidi i Bergen etter 1815 som kan høva.  Det finst rett nok eit par Guri Ellingsdøtrer, men kan namnet ha vorte so feilskrive..?  Finst ho kanskje i FT1815??

 

So har me jo òg utfordringi med borni Jørgen, Kari og Bertha.  Kvar er dei vortne av??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.