Gå til innhold
Arkivverket

Torger Jørgensen (1743-1782) og kona Guri Ellefsdotter (1741- ) - frå Luster til Bergen - kvar vart det av Guri og borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i 30 år og som den gongen var berre heilt umogeleg å finna ut av.  Kanskje er det i dag, med meir «moderne» hjelpemiddel, mogeleg å gjera noko med det?

 

Manuskriptet for denne huslyden ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Jørgenson Flom, frå Sanden under Dale, vart døypt 25.3.1743 og gifte seg 5.11.1769 med Guri Ellefsdotter frå Dalen under Åsen, døypt 27.9.1741.  Torger og Guri ser ut til å ha busett seg i Bringeviki straks Hans var faren herifrå kring 1773, men dei vart ikkje plassfolk her lenger enn til 1779.  På same tid vart denne luten av Bringe frådelt garden og tillagd naboeigedomen på Døsen, og det ser ut til at brukarane av Døsen sjølve nytta Bringeviki frå den tidi; sjå elles under Døsen.

Torger og Guri Jørgensen flytte til Bergen i 1779.  Torger livnærte seg der som dagarbeidar, og dei budde i Øvre Dynnersmuget, men Torger sette livet til ved drukning alt 12.2.1782.

 

##### (seinare lagnad for Guri? –nemnd som faddar i Bergen i 1788 – kva so?? – ogso borni forsvinn, men ei av døtrene var i 1801 busett hjå ein morbror på Hjertås i Gulen!)

 

Torger og Guri fekk fem born i lag:

a. Jørgen Torgersen, døypt i Luster 21.12.1769, flytte til Bergen med foreldri i 1779

 

     ##### (nemnd som fadder i Bergen 1788 – seinare lagnad?)

 

b. Peder Torgersen, døypt i Luster 12.3.1772, flytte òg til Bergen i 1779, men vart gravlagd i Bergen alt 27.7.1779.

c. Kari Torgersdotter, døypt i Luster 1.4.1775, flytte med foreldri til Bergen i 1779, men kom sidan attende til Sogn og tente i 1801 hjå morbroren Ole Ellefson på Hjertås i Gulen.

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Britha Torgersdotter, døypt i Luster 3.4.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri, men vart gravlagd i Bergen alt 23.8.1779.

e. Bertha Torgersen, f. i Bergen 21.8.1780,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skifte etter Ole Eilefsen Hjertaas i 1815. (høgre side).

Midt i skiftet er fraværende arving Guri Eilevsdtr nemnd.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn sorenskriveri, Utvær, Gulen tinglag, Skifteprotokoll A 17 , 1813-1828, oppb: Statsarkivet i Bergen.

 

Merknader: Aut. for Utvær og Gulen. Register.

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24177/84/

 

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081125650571.jpg

 

 

Eg klarer ikkje å sjå at det står noko om kor ho oppheld seg, men det burde vere ein god sjanse for at ho i alle fall er i live på dei tider.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Egil for interessante og spennande svar!

 

Når det gjeld «faddergjerningi» i 1788, var det heilt sikkert for eitt av borni til en av brørne hennar Guri.  Eg har ikkje notert kva for ein, men mistenker at det kan ha vore ved fødsli til:

 

* Anne Bertha, fødd i Bergen 2.2.1788 som dotter av Hans Ellefson og kona Anna.  Huslyden deira er gjenstand for eit anna emne i Brukarforum.

 

* Ole Ellefson på Hjertås i Gulen døydde barnlaus, og skiftet hans vil vera av kjempestor verdi.  Eg ser heller ikkje at det er nemnt noko om bustaden til Guri Ellefsdotter i skiftet, berre at ho er «fråverande».  Men er ikkje dette utdraget teke frå ei skiftehandsamingsprotokoll?  Det ser ut som om skiftet skal takast opp att seinare...?  Kan denne «oppfølgjingi» òg finnast?  Skiftet etter Ole vil ha ein kjempeverdi, for der var fleire søsken som eg har vanskar med å spora...!

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips i denne saki og vonar på fleire spennande funn!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I følgje registeret fortset skifte på side 86b og 92b

 

På høgre side av side 93a står det noko om "myndig ...... (Søskendebarn?) Guri Ellevsdtr i Bergen". Kan det bety at det er i anna med same namn?

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eigil og Grethe for nye interessante meldingar!

 

Framhaldi av skiftet etter Ole Ellefson var spennande å lesa, og her kjem det tydeleg fram at han let etter seg tre «utervingar»:

 

* Peder Ellevsen i Bergen med 207-2-8 dlr.

 

* Anne Bertha Hansdotter i Bergen med 207-2-8 dlr.

 

* Guri Ellevsdotter i Bergen med 103-4-4 dlr.

 

Me dreg kjensel på to brorloddar og ein søsterlodd.

 

Broren Peder Ellefson, døypt i Luster 13.8.1746, døydde i Bergen 22.1.1826

 

Broren Hans Ellefson (1760-1813) var avlidi og let etter seg ei dotter, Anne Bertha Hansdotter (1788-1844) - sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201571-hans-ellefsen-aasen-1760-1813-fr%C3%A5-luster-via-fjaler-til-bergen-kven-var-kona-hans-og-kvar-vart-det-av-borni-deira/

 

Søsteri Guri Ellefsdotter, utfordringi i dette emnet, levde òg i Bergen i 1815!

 

Det som synest «forvirrande» i skiftet etter Ole, er at desse søskeni vert kalla søskenborn.  Kvifor veit eg ikkje.

 

Elles er det påfallande at ikkje alle søskeni etter Ole er med i skiftet:

 

* Søsteri Eli Ellefsdotter (1762-1848) levde i Luster!

 

* Søsteri Anna Ellefsdotter (1754-1823) levde òg i Luster!

 

* Broren Johannes Ellefson (1737-1803) hadde butt i Åfjord, men let etter seg born.  No er det det å seia om Johannes at skifteretten so tidleg som i 1785 ikkje visste kvar han hadde vorte av, og det er nok tvilsomt om vidare opplysningar hadde vorte formidla på den tidi!!

 

* Det var òg ei søster Ragnhild Ellefsdotter, døypt i Luster 9.3.1757, som i 1788 fekk ein son Anders Andersson i Luster og som so forsvinn!  Kan henda var ho avlidi før 1815, men om ho hadde butt ein heilt annan stad, kan det vera at søskeni hadde mist kontakten med ho...  Eg vil ta opp denne utfordringi i eit nytt emne!

 

~~~~~~~~~~

 

For å koma attende til utgangspunktet for dette emnet, so er me framleis på leiting etter lagnaden til Guri Ellefsdotter og borni hennar.  Eg ser INGEN Guri(ne) Ellefsdotter avlidi i Bergen etter 1815 som kan høva.  Det finst rett nok eit par Guri Ellingsdøtrer, men kan namnet ha vorte so feilskrive..?  Finst ho kanskje i FT1815??

 

So har me jo òg utfordringi med borni Jørgen, Kari og Bertha.  Kvar er dei vortne av??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette utfordrande emnet som har lege «i dvale» sidan 2016.

 

Gjennom skiftet etter Ole Ellefson i Gulen frå 1815 har me fått greie på at Guri Ellefsdotter då framleis levde og budde i Bergen, men eg er framleis ute av stand til å finna spor etter nokon av dei tre borni hennar, Jørgen, Kari og Bertha.  Kari veit me tente hjå morbroren Ole på Hjertås i Gulen i 1801, men det er det siste me ser til ho!

 

Mori Guri burde forresten ha vore nemnd i FT1815 for Bergen, men eg kan ikkje finna ho!  Kanskje  nokon med betre auge enn eg...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under!

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon kunne hjelpa meg leita etter lagnadane til mori Guri og dei tre borni hennar, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Iver for eit svært spennande og utfordrande innlegg!

 

Den Bertha Torgersdotter, som du har finne, hadde tilnamnet Leganger Sætre, både då ho gifte seg i Krosskyrkja i 1812, og då eldste dotteri Gurine Fredrikke vart døypt same stad i 1817!  Eg ser ho hadde ein fadder Fredrikke Torgersdotter gift med Thomas Olsen i 1817, men ho må ha vore mykje yngre og KAN ikkje vera søster til Bertha...  Derimot er Gurine-namnet frå 1817 i lag med alderen ved dødsfallet svært so «avslørande».

 

Eg trur du har finne «rett» Bertha, men eg let identifikasjonen stå «open» i det oppdaterte manuskriptet som følgjer (oppdatering frå innlegg #9):

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Jørgenson Flom, frå Sanden under Dale, vart døypt 25.3.1743 og gifte seg 5.11.1769 med Guri Ellefsdotter frå Dalen under Åsen, døypt 27.9.1741.  Torger og Guri ser ut til å ha busett seg i Bringeviki straks Hans var faren herifrå kring 1773, men dei vart ikkje plassfolk her lenger enn til 1779.  På same tid vart denne luten av Bringe frådelt garden og tillagd naboeigedomen på Døsen, og det ser ut til at brukarane av Døsen sjølve nytta Bringeviki frå den tidi; sjå elles under Døsen.

Torger og Guri Jørgensen flytte til Bergen i 1779.  Torger livnærte seg der som dagarbeidar, og dei budde i Øvre Dynnersmuget, men Torger sette livet til ved drukning alt 12.2.1782.

 

##### (seinare lagnad for Guri? –nemnd som faddar i Bergen i 1788 – levde som «»fråverande erving» i 1815 - kva so?? – ogso borni forsvinn, men ei av døtrene var i 1801 busett hjå ein morbror på Hjertås i Gulen!)

 

Torger og Guri fekk fem born i lag:

a. Jørgen Torgersen, døypt i Luster 21.12.1769, flytte til Bergen med foreldri i 1779

 

     ##### (nemnd som fadder i Bergen 1788 – seinare lagnad?)

 

b. Peder Torgersen, døypt i Luster 12.3.1772, flytte òg til Bergen i 1779, men vart gravlagd i Bergen alt 27.7.1779.

c. Kari Torgersdotter, døypt i Luster 1.4.1775, flytte med foreldri til Bergen i 1779, men kom sidan attende til Sogn og tente i 1801 hjå morbroren Ole Ellefson på Hjertås i Gulen.

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Britha Torgersdotter, døypt i Luster 3.4.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri, men vart gravlagd i Bergen alt 23.8.1779.

e. Bertha Torgersen, f. i Bergen 21.8.1780,

 

     ##### (er det denne jenta? - d. som almisselem i Bergen 24.8.1840.  Ho gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 12.7.1812 - er då kalla Leganger Sætre! - med Anders Knutson - 1812 og 1817 kalla Haaverstun - soldat - arbeidskar - d. etter 1840! - dei fekk to born i lag:

            * Gurine Fredrikke, f. KK, Bergen 11.2.1817 - mori er igjen kalla Leganger Sætre! - fadder Fredrikke Torgersdotter med mand Thomas Olsen!

            * Knut, f. St. Jørgen, Askøy, Bergen 24.7.1821)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Elles fann eg denne Gurie Tøriersen i FT1815 frå Bergen (9-52), og alderen hennar stemmer svært so bra med «Guri Ellefsdotter».  Kan det vera me endeleg har greidd å finna ho?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079005481

 

Men kvar er so dei andre borni hennar?

 

Eg finn ei Karen Torjersdotter som døydde i Domkyrkja 4.4.1833, 61 år - kona til daglønnar Ingebrigt Henriksen: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001040122

 Desse gifte seg i 1805: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000780706

 

Men sjå på denne: Gurine, fødd i Domkyrkja, Bergen 19.8.1802 av toldbodvektar Lars Pederson Bøe og Karen Torjersdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009177562

 eller https://media.digitalarkivet.no/view/8719/155

 

 Desse gifte seg i 1800: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000780254

 

Men om Kari var på Hjertås i Gulen i 1801, kan det likevel ikkje vera denne siste..., og ho som var gift med Lars Pederson Bøe var òg mykje eldre: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000969385

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil ikkje heilt gje opp å finna lagnaden til Guri Ellefsdotter, og eg lurer no litt på desse jentene:

 

* Gurine Ellingsdotter, enkje, døydde 16.10.1830 i 9-22, 82 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000601249

med mindre dette er «Gurie Monsens» som i 1815 budde på nettopp denne adressen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079005304

 

* Gurine Ellingsdotter, almisselem, døydde 9.11.1830 i 11-208, 83 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000969509

 

* Guri Ellingsdotter, enkje, døydde 15.9.1831 på enkjefattighuset, 84 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000454211

 

Kan det vera ei av desse?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Peder Torgersen, døypt i Luster 12.3.1772, flytte òg til Bergen i 1779, men vart gravlagd i Bergen alt 27.7.1779.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008545663

 

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Britha Torgersdotter, døypt i Luster 3.4.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri, men vart gravlagd i Bergen alt 23.8.1779.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000441226

 

Torger Jørgensens dødsfall:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000441515

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for attgjevingi av dødsfalli til Torger Jørgensen og to av borni hans - bortsett ifrå at den første lenken fører oss til ei anna sak...

 

Eldste sonen Jørgen Torgersen ser forresten ut til å opptre som faddar i Bergen i 1797: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007288416

 

Eg ser forresten at ein Jørgen Torgerson dukkar opp som gardbrukar på Sandven i Kinsarvik (Ullensvang) i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058376003195

 

Her er vigsli hans i 1801: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000016394

 

Han døydde på Sandven i 1854; https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000121804

 

Og denne Jørgen har til og med ei dotter Guri fødd i 1813: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000011321783

 

So vidt eg kan sjå, finst det ikkje nokon mannsperson med namn Torger som fekk barn i Ullensvang mellom 1760 og 1780, og FamilySearch har INGEN treff på Jørgen Torgerson i heile Hordaland for same periode!

 

Kva seier bygdeboki om opphavet til Jørgen Torgerson på Sandven??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget.

 

Då er det diverre so at Jørgen Torgerson på Sandven IKKJE kan vera «vår» Jørgen, men merkeleg er det at borni til «gamle Torger» på Sandven ikkje syner i basane til FamilySearch!

 

Me lyt berre leita vidare...  Kan «vår» Jørgen ha gjort københamnar av seg slik fleire andre gjorde på den tidi?

 

Elles er eg svært spent på om me har finne dei to søstrene i Bergen.  Dette «jentenamnet» til Bertha, «Leganger Sætre», høyrest berre so «merkeleg» ut!?

 

Ein ny kjempetak for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Innlegg #17:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne gamle «gåta» frå Bergen i von om at nokon kanskje i dag kan kasta meir ljos over denne huslyden!

 

Manuskriptet mitt ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Torger Jørgenson Flom, frå Sanden under Dale, vart døypt 25.3.1743 og gifte seg 5.11.1769 med Guri Ellefsdotter frå Dalen under Åsen, døypt 27.9.1741.  Torger og Guri ser ut til å ha busett seg i Bringeviki straks Hans var faren herifrå kring 1773, men dei vart ikkje plassfolk her lenger enn til 1779.  På same tid vart denne luten av Bringe frådelt garden og tillagd naboeigedomen på Døsen, og det ser ut til at brukarane av Døsen sjølve nytta Bringeviki frå den tidi; sjå elles under Døsen.

Torger og Guri Jørgensen flytte til Bergen i 1779.  Torger livnærte seg der som dagarbeidar, og dei budde i Øvre Dynnersmuget, men Torger sette livet til ved drukning alt 12.2.1782.

 

##### (seinare lagnad for Guri? –nemnd som faddar i Bergen i 1788 – levde som «fråverande erving» i 1815 - kva so?? – ogso borni forsvinn, men ei av døtrene var i 1801 busett hjå ein morbror på Hjertås i Gulen!)

 

Torger og Guri fekk fem born i lag:

a. Jørgen Torgersen, døypt i Luster 21.12.1769, flytte til Bergen med foreldri i 1779

 

     ##### (nemnd som fadder i Bergen 1788 – seinare lagnad?)

 

b. Peder Torgersen, døypt i Luster 12.3.1772, flytte òg til Bergen i 1779, men vart gravlagd i Bergen alt 27.7.1779.

c. Kari Torgersdotter, døypt i Luster 1.4.1775, flytte med foreldri til Bergen i 1779, men kom sidan attende til Sogn og tente i 1801 hjå morbroren Ole Ellefson på Hjertås i Gulen.

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Britha Torgersdotter, døypt i Luster 3.4.1778, flytte likeins til Bergen med foreldri, men vart gravlagd i Bergen alt 23.8.1779.

e. Bertha Torgersen, f. i Bergen 21.8.1780,

 

     ##### (er det denne jenta? - d. som almisselem i Bergen 24.8.1840.  Ho gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 12.7.1812 - er då kalla Leganger Sætre! - med Anders Knutson - 1812 og 1817 kalla Haaverstun - soldat - arbeidskar - d. etter 1840! - dei fekk to born i lag:

            * Gurine Fredrikke, f. KK, Bergen 11.2.1817 - mori er igjen kalla Leganger Sætre! - fadder Fredrikke Torgersdotter med mand Thomas Olsen!

            * Knut, f. St. Jørgen, Askøy, Bergen 24.7.1821)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Lagnaden til Guri Ellefsdotter vart drøfta i innlegg #12 over.  Eg reknar med at ho er ei av dei «kandidatane» som der er nemnde avlidne i Bergen:

 

* Gurine Ellingsdotter, enkje, døydde 16.10.1830 i 9-22, 82 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000601249

med mindre dette er «Gurie Monsens» som i 1815 budde på nettopp denne adressen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079005304

 

* Gurine Ellingsdotter, almisselem, døydde 9.11.1830 i 11-208, 83 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000969509

 

* Guri Ellingsdotter, enkje, døydde 15.9.1831 på enkjefattighuset, 84 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000454211

 

Men eg er framleis svært oppteken av lagnadane til dei tre borni:

 

** Jørgen Torgerson, fødd 1769

 

** Kari Torgersdotter, fødd 1775 - tente på Hjertås i Gulen 1801 - ho er drøfta i innlegg #11 over - ein «kandidat» er denne jenta:

 

Ei Karen Torjersdotter døydde i Domkyrkja 4.4.1833, 61 år - kona til daglønnar Ingebrigt Henriksen: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001040122

 Desse gifte seg i 1805: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000780706

og fekk i alle fall to born i lag:

- Thomas Jørgen, døypt i Bergen 9.9.1810: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCGS-8PJ

- Elen Bertine, døypt i Bergen 16.1.1814: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCNP-TQ1

 

** Bertha Torgersdotter, fødd 1780

 

Den Bertha som gifte seg i Bergen i 1812 med Anders Knutson (Haaverstun), er kalla «Leganger Sætre» og hadde kan henda ei søster Fredrikke - so kanskje er det ikkje rett jente uansett!?

 

Det hadde vore heilt fantastisk om denne huslyden endeleg kunne sporast, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #19:

 

Hjarteleg takk til Ivar for siste utfordrande innlegget frå i morges!

 

Namnet høver jo heilt «perfekt», men me har eit problem:  «Vår» Guri(ne) var framleis i live i 1815!!  Kan det tenkjast at det er skiftet etter mannen Torger Jørgenson det vert synt til.  Kva meir står det i originalen til denne skifteakten?  Eg greier ikkje finna originalen...

 

Eg er elles svært so oppteken av denne spesielle namnekombinasjonen som Bertha Torgersdotter nyttar ved to ulike høve: «Leganger Sætre».

 

Går me inn på Digitalarkivet, finn me fleire personar med denne same namnekombinasjonen: https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&firstname=&lastname=Leganger+Sætre&birth_year_from=&birth_year_to=&birth_date=&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=&event_year_to=&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=

 

men alle dei andre skriv seg frå Herøy på Sunnmøre!!

 

Kanskje nokon kan forklara denne namnebruken?

 

Dette spørsmålet vil eg ta opp som eige tema for at andre lesarar kan verta merksame på problemstillingi...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 7.9.2019 den 0.21, Lars E. Øyane skrev:

ho hadde ein fadder Fredrikke Torgersdotter gift med Thomas Olsen i 1817,

 

Thomas Olay Olsen gift 1811 med Friderica Nielsdatter

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000996852

 

Dåp 1816, foreldre Thomas Olaj Olsen og Fridricha JØRGENSD.

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007545484

 

Dåp 1818, foreldre Thomas Olaj Olsen og Fridricha TORJERSD.

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007547043

 

Dåp 1821, foreldre Thomas Olai Olsen og Fredrikke JØRGENSDATTER

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007338895

 

Dåp 1824, foreldre Thomas Olai Olsen og Fredriche NIELSEN

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007603565

 

Dåp 1827, foreldre Thomas Olai Olsen og Fredrikke TORGERSDTTR

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007605827

 

Dåp 1830, foreldre Thomas Olai Olsen og Fredrikke TORJERSDTTR

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007607864

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 3.1.2021 den 17.24, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #17:

 

Ei Karen Torjersdotter døydde i Domkyrkja 4.4.1833, 61 år - kona til daglønnar Ingebrigt Henriksen: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001040122

 Desse gifte seg i 1805: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000780706

og fekk i alle fall to born i lag:

- Thomas Jørgen, døypt i Bergen 9.9.1810: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCGS-8PJ

- Elen Bertine, døypt i Bergen 16.1.1814: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCNP-TQ1

 

 

Innlegg #21:

 

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget, som gjev oss eit oversyn over huslyden til Fredrikke (Erikke) Torgersdotter som ifølgje dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/263007-løyst-ættenamnet-leganger-sætre-kva-er-opphavet-til-dette-namnet/

 

er identifisert som å vera frå Sunnmøre.  Interessant å sjå korleis namnet vart skrive ulikt til ulike tider!  Me kan tydeleg ikkje alltid stola på det som presten førte inn i kyrkjeboki...

 

Problematikken kring Bertha Torgersdotter let eg førebels liggja, medan eg i dag i første rekkje vil ta for meg Kari/Karen og særleg «kandidaten» som eg fann gift med Ingebrigt Henriksen i Bergen.

 

Eg har finne tre barnedåpar i denne huslyden:

 

* Henrikke Gurine (mor kalla Ingebrigtsdotter!), døypt 19.10.1806: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/199

 

* Thomas Jørgen, f. 5.9.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8720/10

 

* Elias, f. 10.4.1812, d. 3 dagar gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009181747

 

* Elen Bertine, f. 10.1.1814: https://media.digitalarkivet.no/view/8637/45

 

Ei Bertha Henriksdotter er nemnd som faddar på Elen Bertine, men elles ser eg ikkje nokon namn mellom fadrane som eg dreg kjensel på...  MEN, Henrikke Gurine KAN teoretisk vera oppkalling etter farfar og mormor?  Og med Thomas Jørgen KAN Jørgen-namnet ha tilknytting til morbror...(?)

 

Her finn me Ingebrigt Henrikson som avliden i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000794089

 

Og her er han i FT1815: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051079005290

 

Eg finn han ikkje i undersøkjingskommisjonen 1804 og heller ikkje i FT1801, men svært interessant er det å slå fast at huslyden i 1815 budde i lag med ei Gurie Ellingsdotter - kan henda identisk med «vår» Guri(ne) Ellefsdotter!?  Og denne adressen 9-19 budde dei på alt i 1814 og framleis då Karen døydde i 1833!  Og då er det vel ymse som kan tyda på at dette er «vår» Gurine:

 

* Guri Ellingsdotter, enkje, døydde 15.9.1831 på enkjefattighuset, 84 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000454211

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #22:

 

FT1815 syner at berre dotteri Henrikke Gurine synest ha levd opp av borni til Ingebrigt Henrikson og Karen Torgersdotter, og ved vigsli hennar i Domkyrkja 15.11.1829 med Otto Johan Ottesen er bustaden hennar framleis 9-19: https://media.digitalarkivet.no/view/8658/146

 

Dei fekk ein son Johan Henrik, f. 24.8.1830 i 9-19: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040650905

 

men Henrikke Gurine døydde, truleg etter barsel, 6.9.1830: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000007038182

 

Eg TRUR denne Karen må vera «vår» Karen Torgersdotter, men kvar vart det so av søskeni hennar, Jørgen og Bertha?  Og kven var Ingebrigt Henrikson?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #23:

 

So har eg gjort endå ei spennande oppdaging, i FT1801 for denne eigedomen i 9-19 i Bergen.  Der budde då ei «aldrande» Guri Ellingsdotter i andre ekteskap med ein Johannes Olson:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390005282

 

Her er vigsli deira i Krosskyrkja 13.11.1785: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000431473

eller: https://media.digitalarkivet.no/view/8681/92

 

Kan henda er det «vår» Johannes Olson «av Domkyrkjesokni» som 15.2.1808 vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen - han er i alle fall den einaste eg finn som høver so nokolunde: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000448165

 

Kanskje kan pantebøkene for 9-19 fortelja oss noko meir om dette dødsfallet?

 

Alt 24.10.1805 vart det forresten gravlagt ein dødfødd son av Ingebrigt Henrikson nettopp frå 9-19 - denne adressen: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000447691

 

Det er fleire alternative Johannes Olson i Undersøkjingskommisjonen 1804, men kvar er originalprotokollen der me kan søka etter konkret bustad?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.