Gå til innhold
Arkivverket

Nils Jensson Kjødnæs - fødd Luster 1808 - reiste frå kone og born til Amerika i 1846 i lag Gjertrud Knutsdotter Heltne - fødd 1826 - kvar vart dei av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gode Jon!

 

Eg har motteke e-posten din - og sendt deg eit svar.  Eg seier meg lei for at truleg har uttrykt meg «tvetydig» med omsyn til dei detaljane som no manglar om dei som har å gjera med Vik i Sogn.  Her er lista:@

 

* Iver Thorson, husmann på Huglagjerde under Orvedal - var tydeleg fødd og oppvaksen på ein plass under ÅSE - veit ein kva plass under Åse dette var?

* Bendik Hansson, husmann i Hagen under Hopperstad - kan du fortelja meg kvar denne Bendik var fødd og oppvaksen?  Kan henda på garden Bø i Vik?

* Britha Christophersdotter, som i 1801 var fosterdotter på Øvstedalen, skal me seia ho var oppvaksi på Øvstedalen?  Kvar budde foreldri hennar på den tidi då ho var fødd?

* So har me Erik Ellefson fødd i Vik 17.12.1848.  Han er tydeleg oppvaksen på Øvstedalen, men kva skal me seia var bustaden til foreldri hans, Ellef Nilsson og Anna Olsdotter?  Ellef er i 1865 kalla GARDBRUKAR!

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon som i kveld har sendt meg svar på dei siste spørsmåli innan denne huslyden som gjeld Vik.  No står det berre att nokre detaljar frå Amerika, dei fleste frå Minnehaha Co., SD, og eg har sendt spørsmål dit om dei.

 

Her kjem eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Knutsdotter (Heltne/Kjødnes), f. i Luster 17.1.1826,

Gertrude Knutson utvandra i 1846 til Amerika i lag med husbonden på garden, Nils Jensson.  Truleg fór dei til Chicago, Ill. der Gertrude gifte seg første gongen 20.1.1850 med Ole Iverson frå Orvedal i Vik, i Amerika kjend som Ole Iverson.  Han var son av husmann Iver Thorson på Huglagjerde (Teigane) under Orvedal, opphavleg frå ein plass under Åse, og kona Ragnhild Johnsdotter frå Nummedal og f. i Vik 16.12.1826, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1846.  Ole og Gertrude budde først nokre år i Chicago, Cook Co., Ill. der Ole rimelegvis livnærte seg som arbeidar («laborer»), men i 1856 flytte dei til ein farm i Sumner township, Winneshiek Co., Ia. der Ole d.

 

##### (exact date of his death? – NB: still recorded as farmer there in 1860!!)

 

.1.1859.  Gertrude gifte seg so att i Winneshiek Co., Ia. 18.10.1861 med Christopher Bendikson frå Hopperstad i Vik, i Amerika kjend som Christopher Benson.  Han var son av husmann Bendik Hansson i Hagen under Hopperstad, opphavleg frå Brekkehagen under Brekke, og kona Britha Christophersdotter, opphavleg frå Vikøyri, men oppvaksi i Øvstedalen.  Christopher var f. i Vik 15.7.1827, men utvandra til Amerika i 1853.  Christopher tok over som farmar i Sumner township, Winneshiek Co., Ia., og han og Gertrude budde der til dei våren 1874 flytte til ein «homestead» farm i Highland township, Minnehaha Co., S.D.  Christopher d. i Minnehaha Co., S.D. 8.11.1899, medan Gertrude Benson d. same staden 13.4.1908.  Ho fekk i alt seks born, to frå første ekteskapet og fire frå det andre:

a. Edward Olson, f. i Chicago, Ill. 14.11.1853, d. i Jasper, Minn. 15.12.1915.  Han gifte seg i Minnehaha Co., S.D.

 

     ##### (date of their marriage?)

 

     1878 med Britha Hermundsdotter frå Øvstedal i Vik, i Amerika kjend som Bertha Opstedahl.  Ho var dotter av gardbrukar Hermund Olson på Øvstedal og kona Ranvei Johnsdotter frå Nåsen på Vossestrand, Voss og f. i Vik 19.12.1859, men utvandra til Amerika med far sin og fleire søsken i 1871.  Ho d. i Pipestone Co., Minn. 5.3.1944.  Edward og Bertha farma i mange år i Highland township, Minnehaha Co., S.D., men flytte i 1898 til Jasper, Pipestone Co., Minn. der Edward sidan livnærte seg som arbeidar («laborer»).  Som enkje flytte Bertha inn hjå yngste dotter si på ein farm i Eden township, Pipestone Co., Minn. der ho budde levetidi ut.  Edward og Bertha fekk ni born i lag.

b. Caroline Lorina Olson, f. i Chicago, Ill. 26.2.1856, d. i Jasper, Minn. 4.10.1928.  Caroline gifte seg

 

     ##### (place of their marriage?)

 

     9.7.1877 med Erik Ellefson frå Øvstedal i Vik, i Amerika kjend som Erick O. Elverson.  Han var son av gardbrukar Ellef Nilsson i Øvstedalen, opphavleg frå Moane under Hove, og kona Anna Olsdotter frå Øvstedalen og f. i Vik 17.12.1848.  Han utvandra til Amerika i 1870 og d. i Jasper, Minn. 27.3.1935.  Erick og Caroline farma i Highland township, Minnehaha Co., S.D., men flytte hausten 1919 inn til Jasper, Pipestone Co., Minn.  Dei fekk ni born i lag.

c. Hellek, kjend som Alex C. Benson, tvilling, f. i Winneshiek Co., Ia. 10.7.1862, d. i Jasper, Minn. 17.3.1935.  Ellick gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 15.9.1888 med Britha Ellingsdotter Brekke frå Brekke i Aurland, i Amerika kjend som Bertha E. Brekke.  Ho var dotter av innerst Elling Carlson på Brekke, opphavleg frå ein plass under Brekke, og kona Ingeborg Andersdotter frå ein annan plass under Brekke og f. i Aurland 9.1.1867, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868.  Ho d. i Jasper, Minn. 5.6.1947.  Alex og Bertha farma i Highland township, Minnehaha Co., S.D. til dei i 1901 flytte til Jasper, Pipestone Co., Minn.  Alex var sidan arbeidar og snikkar («laborer and carpenter»), medan Bertha var vaskeriarbeidar («laundress»).  Dei fekk ti born i lag.

d. Olina, kjend som Lena C. Benson, likeins tvilling og f. i Winneshiek Co., Ia. 10.7.1862, d. i Minnehaha Co., S.D. 25.3.1877.

e. Lewis C. Benson, f. i Winneshiek Co., Ia. 1.6.1865, d. i Minnehaha Co., S.D. 7.10.1929.  Lewis gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – 1889!? – Baltic church?)

 

     med Anna Atlesdotter frå Lunde på Vossestrand, Voss, i Amerika kjend som Anna Carlson.  Ho var dotter av husmann Atle Carlson på ein plass under Lunde, opphavleg frå ein plass under Brekke i Aurland, og kona Eli Eriksdotter frå Lunde og f. på Vossestrand, Voss 14.4.1865.  Anna utvandra til Amerika med foreldri sine i 1870 og d.

 

     ##### (date and place of her death? – after 1940!)

 

     Lewis og Anna farma i Highland township, Minnehaha Co., S.D. og budde der levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

f. Christenca, kjend som Christine Benson, f. i Winneshiek Co., Ia. 25.9.1867, d. i Minneapolis, Minn. 18.1.1944.  Christine gifte seg i Minnehaha Co., S.D. 3.5.1891 med Peter A. Teslow, f. i Freeborn Co., Minn. 1.1.1866.  Han d. i Faribault, Minn. 3.10.1928.  Peter Teslow var kornhandlar («grain merchant and buyer»), og han og Christine budde første åri i Jasper, Pipestone Co., Minn., men flytte kring 1906 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. og derifrå kring 1909 til Fessenden, Wells Co., N.D.  Frå 1911 var dei so busette i Faribault, Rice Co., Minn., men som enkje flytte Christine i 1929 på ny til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho budde levetidi ut.  Peter og Christine fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar å ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.