Gå til innhold
Arkivverket

Ragnhild Ellefsdotter - fødd i Luster 1757 - fekk ein son Anders Andersson i Luster i 1788, men båe forsvinn so herifrå - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av Tema #7973 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/93925-7973-ragnhild-ellefsdotter-fraa-luster-til-frognaas/?hl=%2Bragnhild+%2Bellefsdotter) og handlar om følgjande utfordring som pr. i dag framleis står uløyst:

 

Ragnhild Ellefsdotter, dotter av Ellef Johannesson (1715-1785) og Britha Olsdotter (1718-1790), busmannsfolk i Dalen under garden Åsen i Luster i Sogn, vart døypt i Luster 9.3.1757.  Ho er nemnd i skiftet etter far sin i 1785 og budde framleis i Luster då (den uekte) son hennar:

 

* Anders Andersson (barnefar Anders Sjurson Dversdahl 1761-1802), vart døypt i Luster 26.10.1788.

 

Etter den tid ser me ikkje spor etter Ragnhild korkje i Luster eller andre stader i landet, bortsett ifrå den «kandidaten» som eg lanserte i det gamle emnet:

 

Ragnhild Ellefsdotter på Hallangen nordre i Frogn sokn, Ås, 44 år og i 1ste ekteskap med bonde og sjølveigar Ole Olson, 58 år og i andre ekteskap.  Nemnde er òg ni born (frå to ekteskap), men ingen Anders Andersson...

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058214002468

 

Debatten i 2002 gav ingen konklusjon på dette spørsmålet, men korkje vigsli til Ole og Ragnhild eller dødsfallet hennar vart finne.

 

MEN, om ein søker på FamilySearch, finn ein at ein Ole Olson og ei Ragnhild Ellefsdotter gifte seg ein eller annan stad i Akershus fylke 21.9.1776, og FamilySearch syner òg fleire born:

 

* Anna Olsdotter, døypt på Nesodden 29.10.1786

 

* Hans Olson, døypt på Nesodden 9.7.1789

 

Dette er eg redd gjev tydeleg signal om at Ragnhild Ellefsdotter på Hallangen i Frogn er «feil» Ragnhild, for «mi» Ragnhild var framleis ugift i 1788!

 

Det er no kome fram eit skifte etter broren Ole Ellefson som døydde barnlaus på garden Hjertås i Gulen i 1815.  Ragnhild er ikkje nemnd der, men det må ikkje tyda at ho ikkje levde, for fleire av dei andre søskeni mangla òg i skiftet, som berre hadde med ervingane hans som budde i Bergen!

 

Det er soleis eit heilt òpe spørsmål kvar Ragnhild Ellefsdotter kan ha gjort av seg, og eg vil berre få uttrykka ei sterk von om at ein eller anna kan ha kome over ho, ein eller annan stad i landet og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei Lars!

 

Bare for å avkrefte ekteparet Ole Olsen og Ragnhild Ellefsdatter på Skoklefald i Nesodden og Hallangen nordre i Frogn; se det nederste avsnittet under overskriften

"Christen Olsen To (1772–1812) og Christen Hansen Flateby (1771– e. 1809)" i artikkelen Liste over kjente feil i Nesodden herred : bidrag til en bygds historie.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.