Gå til innhold
Arkivverket

Thor «Thomas» C. Hiam - fødd i Crawford Co., WI 1866 - gift med Marie Lewison - fødd i Crawford Co., WI 1867 - budde 1900 i Kulm, ND - kva so?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er det førebels siste emnet med tilknytting til den store LEWISON-huslyden frå Alsmo i Luster, som eg «kjemper» med å finna ut av.  Her er kva eg so langt veit om dotteri Marie og mann hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

e. Thor, kjend som Thomas C. Hiam, f. i Crawford Co., Wis. 10.11.1866, d.

 

     ##### (date and place of his death? – probably between 1925 and 1937!?)

 

     Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 13.2.1892 med Marie O. Lewison, dotter av husmann Ole Larsson frå Steinerabben under Alsmo (1816-1891).  Ho var f. i Crawford Co., Wis. ?.4.1867 og d.

 

     ##### (date and place of her death? - after 1900/prior to 1929!)

 

     Thomas og Marie flytte snart etter dei vart gifte til St. Charles, Winona Co., Minn., men kring 1895 flytte dei vidare til Kulm, La Moure Co., N.D. der me i 1900 finn Thomas som arbeidar («laborer»). 

 

     ##### (later destiny?)

 

     ##### (number of sons and daughters? – 1900: 3 ch/3 living, but only two listed:

            * Emma Hiam, born ND Sep. 1893

            * Marie Hiam, born ND Aug. 1899)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har ein mistanke om at denne huslyden KAN ha hamna i Rapid City, SD, for då yngste søsteri Helen Lewis KELLY døydde i Marmarth, ND 20.2.1929, seier obituarien hennar følgjande:

 

«survived by her aged brother [Ole O. Lewison] at Hereford, TX and many nephews and nieces in Texas, California, Central North Dakota and Rapid City, SD»

 

Eg kjenner ikkje til nokon i denne Lewison-huslyden som budde i Rapid City, SD!

 

Eit stort problem med denne huslyden er ættenamnet HIAM.  Faren utvandra frå garden Høyeim i Luster, og denne ætti var svært so «flinke» til å «endra» på skrivemåten!

 

Om nokon greier å finna lagnaden til Thomas og Marie, ville eg setja overmåte stor pris på det, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmm, eg har no på eige hand freista søkja litt med «wildcards» etter denne huslyden, og eg KAN vera komen på sporet etter noko:

 

FT1920 for Highland township i Emmons Co., ND syner denne huslyden:

 

HIOM, Tom  54  WI  Nor  Nor  farmer

HIOM, Sadie  24  MN  Nor  US  wife

HIOM, Bert  18  ND  WI  WI  son  engineer gas tractor

HIOM, Viola  4  ND  WI  MN  daughter

HIOM, Myra  20  ND  WI  WI  daughter

 

FT1910 for Logan school district i Emmons Co., ND syner huslyden slik:

 

HOIM, Tom  45  WI  Nor  Nor  farmer

HOIM, Sadie  17  MN  Nor  WI  wife - married for one year - under him it says 3 children/3 living

HOIM, Emma  15  ND  WI  WI  daughter

HOIM, Myra  10  ND  WI  WI  daughter

HOIM, Bert  8  ND  WI  WI  son

 

Dess meir eg ser på desse huslydane, dess sikrare vert eg:  Dette MÅ vera Thomas Hiam med ny kone.  Dei to eldste borni i 1910 høver med Emma og Marie frå 1900!!

 

Men, kva namn enda dei opp med og kvar vart dei av?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På FS står de skrevet med etternavnet Haun i 1900.

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9VJ-LWH

 

View the original document.Står det Haun eller Haim?

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-69Z7-58Z?mode=g&i=25&wc=9BQR-Y4N%3A1031459501%2C1032172901%2C1032198501%3Fcc%3D1325221&cc=1325221

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Sven for interessante og spennande innlegg om denne huslyden!  Eg er nok ein gong imponert over kva det er mogeleg å henta ut frå nettet...

 

Den Mary Hiom som ligg gravlagd åleine i Emmons Co., ND, må vera vår Marie Lewison.  Det høver jo òg godt med at Thomas gifte seg att kring 1909 med Sadie...  Elles syner dødsfallsregisteret for North Dakota (https://apps.nd.gov/doh/certificates/deathCertSearch.htm) at Mary HIOM døydde i Burleigh Co., ND 30.8.1908 (ikkje 1907), og fødselsdatoen hennafr er der oppgjeven til 15.11.1864.  Dei visste vel ikkje so nøye...

 

Eg har no «revidert» manuskriptet som erstattar utdraget frå innlegg #1, og det ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

e. Thor, kjend som Thomas C. Hiom, f. i Crawford Co., Wis. 10.11.1866, d.

 

     ##### (place of his death? – Carlton or Missoula, Mont.? – buried at Lolo, MT)

 

     17.1.1942.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 13.2.1892 med Marie O. Lewison, dotter av husmann Ole Larsson frå Steinerabben under Alsmo (1816-1891).  Ho var f. i Crawford Co., Wis. ?.4.1867

 

     ##### (NB: grave marker shows Dec. 12, 1865! – dødsattesten hennar seier ho var fødd 15.11.1864 og d. i Burleigh Co., ND (Bismarck hospital?) Aug. 30, 1908!)

 

     og d. i Emmons Co., N.D. 30.8.1907.  Thomas gifte seg so att

 

     ##### (date and place of his 2nd marriage?)

 

     1909 med Sadie M.

 

     ##### (full name?)

 

     f.

 

     ##### (exact date and place of her birth? – MN – par: Norway and WI)

 

     12.1.1893.  Ho d. i Stevensville, Mont. 15.12.1973.  Thomas og første kona Marie budde første tidi i St. Charles, Winona Co., Minn., men flytte kring 1895 til Kulm, La Moure Co., N.D. der Thomas ei tid var arbeidar («laborer»).  Kort etter hundreårsskiftet flytte dei dei so til ein farm i Highland township, Emmons Co., N.D.  På 1920-talet flytte dei frå farmen og inn til Steele, Kidder Co., N.D., men i 1937 flytte dei med dotter deira og svigfersonen til ein farm nær Carlton, Missoula Co., Mont.  Thomas fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje er det mogeleg å finna avisoppslag eller andre obituaries om denne huslyden?

 

Eg takkar igjen so mykje for kjempefin hjelp med desse Hiom-folki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I innlegg #7 fra Ann-Mary står det Saidie (Lewis) Hiom, så det spørs om ikke han giftet seg med hun som er nevnt i avisutklippet over.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være samme familie?

Etternavnet er stokket om til Hoim og Anna ble kanskje født vel tidlig?

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9JH-L935-W?mode=g&i=6931&wc=3BKK-SP8%3A1547966301%3Fcc%3D2367299&cc=2367299

 

Ancestry opererer med fødselsår 1894 http://www.ancestry.com/genealogy/records/anna-hiom_109220655

post-3741-0-89708400-1459673198_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er berre heilt overveldande!  Hjarteleg takk til Sven og Lars J. for kjempespennande opplysningar!  Den avisartikkelen frå 1908 gjorde «underverk»; at Sadie Lewis var søskenbarn til borni hennar Marie Lewison, og jenta som i 1900 budde i Shible townshiip, Swift Co., MN var ei av dei som passa inn som potensiell andre kone til Thomas Hiom, sidan ho skulle vera fødd i MN i januar 1893 av norsk far og Wisconsinsk mor!

 

So fann eg ei kyrkjebok frå Appleton, MN som stadfesta fødsli til Sadie og foreldri hennar.  Dette gjev følgjande oppdaterte manuskript for Thor «Thomas» Hiom:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

e. Thor, kjend som Thomas C. Hiom, f. i Crawford Co., Wis. 10.11.1866, d.

 

     ##### (place of his death? – Carlton or Missoula, Mont.? – buried at Lolo, MT)

 

     17.1.1942.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 13.2.1892 med Marie O. Lewison, dotter av husmann Ole Larsson frå Steinerabben under Alsmo (1816-1891).  Ho var f. i Crawford Co., Wis. ?.4.1867

 

     ##### (NB: grave marker shows Dec. 12, 1865! – dødsattesten hennar seier ho var fødd 15.11.1864)

 

     og d. i Bismarck, N.D. 30.8.1908.  Thomas gifte seg so att

 

     ##### (place of his 2nd marriage?)

 

     15.1.1910 med Sadie May Lewis, dotter av husmannssonen Anders Olson frå Steinerabben under Alsmo (1847-190?) og soleis ei brordotter av første kona Marie.  Ho var f. i Swift Co., Minn. 12.1.1893 og d. i Stevensville, Mont. 15.12.1973.  Thomas og første kona Marie budde første tidi i St. Charles, Winona Co., Minn., men flytte kring 1895 til Kulm, La Moure Co., N.D. der Thomas ei tid var arbeidar («laborer»).  Kort etter hundreårsskiftet flytte dei dei so til ein farm nær Braddock i Highland township, Emmons Co., N.D.  Sist på 1920-talet flytte dei frå farmen og inn til Steele, Kidder Co., N.D., men i 1937 flytte dei med dotter deira og svigfersonen til ein farm nær Carlton, Missoula Co., Mont.  Thomas fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

No vert det å gå laus på huslyden til Andrew O. LEWIS, og det vert «dagens oppleving»!

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med desse huslydane som i so mange år har vore heilt umogelege å finna att!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.