Gå til innhold
Arkivverket

Anna Pedersdotter Øyene (Owens) - fødd i Luster 1851 - utvandra 1860 - forsvinn i Amerika under namnet Anna Wilson - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne saki er ei utfordring som eg har jobba med sidan 1980-åri, men som eg aldri har greidd å finna ut av.  Kanskje kan andre auge sjå andre element som eg har oversett?  Eg la saki ut første gongen for velk eit år sidan (https://forum.arkivverket.no/topic/194633-anna-owens-wilson-f%C3%B8dd-i-luster-1852-til-amerika-1860-kvar-vart-det-av-ho/?hl=%2Banna+%2Bwilson), men ingen av dei «kandidatane» som der vart nemnde, synte seg vera «mi» Anna!

 

Peder Erikson Øyene (1814-1895) og kona

Anna Christophersdotter (1820-1896)

 

hadde vore gardbrukarar på Øyene i Luster, men det gjekk «ut» med dei, og i 1860 vart dei på kommunen si rekning «sende» til Amerika med fem born:

 

* Erik - Erick P. Owens (1842-1864) - miste livet som soldat i Borgarkrigen i Georgia

 

* Ingeborg «Emma» Peterson Schuster (1844-1904) - budde i Houston Co., MN og sidan i Knox Co., NE

 

* Ingrid «Ada» Owens Brown (1847-1922) - budde i Chicago, IL

 

* Anna Peterson (Owens), fødd 21.6.1851 - skal ha vorte gift med ein WILSON, men «forsvinn»

 

* Christine Owens Brudos Anderson (1858-1938) - budde i Crawford Co., WI og sidan i Clay Co., IA, men kom sist attende til Vernon Co., WI

 

Huslyden kom i 1860 fram til Vernon eller Crawford Co., WI og vart busette på ein farm i Freeman township, Crawford Co., WI der ytterlegare to born vart fødde:

 

* John Henry Owens (1862-1924) - budde i Knox Co., NE og sidan i Yankton Co., SD - ugift

* Ellen Marie Peterson Owens (1866-    ) - døydde truleg kort etter fødsli

 

Eg har ikkje finne huslyden i FT1870, men i FT1880 ser huslyden slik ut (busette i Freeman township, Crawford Co., WI) (ættenamnet er av ancestry.com feiltolka som Arni!):

 

ORNI, Peder E  66  Nor  Nor  Nor  farmer

ORNI, Anna  58  Nor  Nor  Nor  wife - keeping house

ORNI, John  18  WI  Nor  Nor  son

ORNI, Anna  24 (29?)  Nor  Nor  Nor  daughter - servant

 

Anna Christophersdotter (Owens) fekk innvilga enkepensjon etter at eldste sonen i 1864 sette livet til under Borgarkrigen; so vidt eg forstår var det eit noko nær eineståande tilfelle at ei mor fekk enkepensjon etter sonen, men dokumentasjon som ligg føre, fortel følgjande:

 

Mannen Peder hadde vore smed og var heilt «udugeleg» som gardbrukar eller farmar, og det var sonen som dreiv farmen til han reiste i krigen.  Då han miste livet, var det ingen som kunne driva farmen for dei, og Anna fekk difor pensjonen innvilga - etter mange års kamp!  Då var ho og mannen flytte til Knox Co., NE for å bu hjå eldste dotteri Ingeborg «Emma» Schuster.

 

Eg er forundra over at eg ikkje kan finna huslyden i FT1870, men kanskje er dei vortne «gløymde»?  Kanskje andre har betre auge enn eg?

 

Uansett, for å komma attende til hovudproblemet - Anna si «forsvinning», so finst dokumentasjonen for dette i skifteretten i Yankton, SD.  Yngste broren John Henry Owens døydde ugift i Yankton, SD i 1924.  Skiftet vart forlagt av borni etter den avlidne søsteri Ingheborg «Emma» Schuster, og i skiftepapiri kjem det fram at ingen visste kvar det hadde vorte av dei to søstrene:

 

Ada BROWN og Anna WILSON

Når det gjeld Ada, so dukka det på eitt eller anna tidspunkt opp ei adresse som sa: «Lutheran charity» i Chicago, IL, og eg fann sidan ut at ho var avlidi to år før på ein norskluthersk gamleheim i Chicago, IL etter at ho i mange år hadde vore «sambuar» med afroamerikanaren Samuel H. Brown (1852-1919).  So vidt eg har forstått, var det formelt forbod om å inngå ekteskap mellom kvite og afroamerikanarar i Illinois på den tidi!!  Dei fekk ikkje born i lag.

Men Anna Wilson står att som ukjend, og no ber eg Brukarforum om hjelp:

 

* Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar det vart av Anna Peterson Owens Wilson i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege «i dvale» i mange år!

 

Eg er lite vetta i slekt med denne huslyden, og eg ville vorte kjempeglad om nokon greidde å komma nærare ei løysing!

 

PS: Eg har lagt ved ein obituary som eg har motteke for broren John Henry Owens som døydde i Yankton, SD i 1924, men utan at denne fortel oss noko meir...

John Owens.jpg

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne kjempeutfordringi etter at eg er vorten merksam på ein huslyd i CHICAGO, IL som liknar Anna Wilson i so mangt:

 

Denne vesle huslyden dukkar nemlig opp i Chicago, IL i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYF-S962

 

Eva WILSON, 32 år gamal, enkje, dressmaker, fødd i Norway - båe foreldri fødde i Norway

Lilly WILSON, 9 år gamal, dotter, fødd i Illinois - båe foreldri fødde i Norway!

 

Me har erfaring for at mange norske jenter som i ung alder flytte til Chicago, IL frå Wisconsin, endra namni sine ganske so drastisk, og eg trur sterkt på at Eva KAN vera jenta me leiter etter.

 

Men er det mogeleg  finna ut noko meir om denne Eva og mann hennar, eventuelt dotteri Lilly?

 

Eg takkar på det innstendigste for alle gode tips som måtte dukka opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne på ny henta fram denne kjempeutfordringi frå Chicago, IL.

 

Ein eller annan stad må jo denne Eva Wilson og dotteri Lilly ha gjort av seg, men KVAR?  Og er Eva identisk med den sakna Anna Wilson?

 

Det hadde vore skikkeleg fantastisk og imponerande om nokon kunne komma på sporet etter denne jenta, og eg takkar og bukkar for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Til tross for aktiv leiting etter Eva Wilson og dotteri Lilly i Chicago, IL (jmf. innlegg #3) kjem eg diverre ikkje lenger, men eg er «seigliva» og vonar at ein eller annan kan komma over kvar det vart av desse folki og kven dei var!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for siste innlegget om Anna Wilson.

 

Anna Wilson som budde i Story Co., IA, har eg nok vore innom før.  Alderen er ikkje so langt unna, men andre har identifisert ho som ei heilt anna jente...

 

Det som er litt «spesielt» med denne Anna eller Eva (?) Wilson, er at heile huslyden meir eller mindre vart «spreidd» for alle vinder, særleg etter at foreldri i 1880-åri flytte til Nebraska.

 

Det  vert ikkje noki enkel oppgåve å finna lagnaden til Anna, men ein eller annan stad MÅ det jo finnast opplysningar om denne jenta, men som den store utvandringseksperten Gerhard Naeseth i Madison, WI ein gong uttrykte det:

 

«We just haven't yet looked for her at the right place!»

 

MEN, eg vil gjerne få leggja inn ein merknad som KAN ha ei viss meining:  Eg har lenge vore i stuss om me har bytt om dei to søstrene Ingrid og Anna.  Ho som i Chicago, IL gjekk under namnet Ada Owens Brown, vart nemleg i 1900 sagt å vera 49 år gamal og fødd i Noreg i juni 1852, men det faktum at ho ved dødsfallet i 1922 vart sagd vera 75 år gamal, har fått meg til å tru at ho måtte vera identisk med Ingrid, fødd 21.2.1847.

 

Name: Ada Brown
Event Type: Death
Event Date: 09 May 1922
Event Place: Norwood Park, Cook, Illinois, United States
Residence Place: 3506 Federal
Gender: Female
Age: 75
Marital Status: Widowed
Race: White
Occupation: Domestic
Birth Year (Estimated): 1847
Birthplace: , , Norway
Funeral Home: Sodeman And Finfrock
Burial Date: 11 May 1922
Cemetery: Mt Olivet
Father's Name: Peter Owens
Mother's Name: Annie
Spouse's Name: Sam H Brown
Spouse's Gender: Male
Informant's Name: Managing Officer

 

Men at alder ikkje alltid er å stola på, ser me til dømes i FT1920 der Ada Brown brått er vorti 76 år gamal: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R66-6Z6

 

Skiftet frå Yankton, SD der søstrene er nemnde, refererer kun til dei som Ada Brown og «Mrs.» Wilson!  So kanskje vart Ingrid til Eva og Anna til Ada i Chicago, IL???  Me skal heller ikkje gløyma at Eva Wilson i 1880 var 32 år, som nærmar seg 1847 som fødselsår...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa denne kjempegåta!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for siste innlegget!

 

Jau, du har finne «vår» Ada Brown.  Som ein «kuriositet» vil du sjå at ho står som enkje, medan den farga mann hennar er ugift leigebuar!

 

Eg har ikkje greidd å finna ho i FT1910...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sete meg ned for å sjå litt nærare på kva alternativ me har for den avlidne mann til Eva Wilson og far til Lilly.

 

FT1880 fortel oss at «Mr. Wilson» var fødd i Noreg, og ser me på FT1870 for Chicago, IL, er det berre tre mannlege Wilsons i Chicago, IL som er fødde mellom 1834 og1854; to av dei er gifte, men den tredje KAN høva godt:

 

* John Wilson, 32 år, teamster: https://www.ancestry.com/interactive/7163/4263663_00472?pid=17123168&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv917%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26dbid%3D7163%26gsln%3Dwilson%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26_83004003-n_xcl%3Df%26msbdy%3D1844%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D10%26msbpn__ftp%3Dnorway%26msbpn__ftp_x%3D1%26msbpn%3D5173%26msbpn_x%3D1%26msrpn__ftp%3Dchicago,%20cook,%20illinois,%20usa%26msrpn__ftp_x%3D1%26msrpn%3D36829%26msrpn_x%3D1%26new%3D1%26rank%3D1%26uidh%3D008%26redir%3Dfalse%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D35%26fh%3D0%26h%3D17123168%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv917&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.83544214.1801963974.1570745642-1823351208.1559380156

 

Men eg fnn ingen vigde John Wilsons som høver...

 

Derimot finn eg i Chicago, IL 1882 city directory:

 

* Mrs. Eva Wilson, 460 State street: https://www.ancestry.com/interactive/2469/4713364?pid=368681218&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D368681218%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3Dgiv923%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv923&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.50048294.1801963974.1570745642-1823351208.1559380156

 

«Vår» Eva Wilson budde 1880 på 394 State street, 150 meter lenger sør!

 

So finn eg i Chicago, IL 1878 city directory:

 

* Mrs. E. J. (wid. John) Wilson, 490 State street: https://www.ancestry.com/interactive/2469/4704588?pid=367559380&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=giv926&_phstart=successSource#?imageId=4704587

 

Men i 1877 heiter denne Mrs. Wilson Eliza J., so då er nok ho eit «villspor»...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Det er ikkje mykje tvil om at du har finne konfirmasjonen til Ingrid i Decorah, IA, men det forundrar meg at ho er konfirmert so langt heimefrå og i ein so pass høg alder!  Elles er ikkje fødselsdatoen hennar heilt korrekt.  Ho var fødd 21.2.1847 og vart døypt 7.3.1847: https://media.digitalarkivet.no/view/8400/60

 

Me veit frå andre kjelder at heimen til foreldri var ein «tøff» heim å vaksa opp i.  Faren var vistnok sterkt alkoholisert og ikkje i stand til å ta seg av huslyden slik han skulle.  So synd me ikkje kan finna denne huslyden i FT1870.  Kanskje Ingrid vart buande i Decorah, IA ogso etter konfirmasjonen?  Om det var ho som gifte seg med Wilson, kanskje dei gifte seg i Iowa?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å «klara opp» i denne kjempefloka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få løfta fram att dette emnet som verkeleg ligg over meg som ein «tung bør»!

 

Eg er vel etter kvart ganske so overtydd om at Ingrid Pedersdotter (Øyene), fødd i Luster 21.2.1847 og konfirmert i Decorah, IA i 1867 vera identisk med denne jenta som vart nemnd over i innlegg #3:

 

FT1880 for Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYF-S962

Eva WILSON, 32 år gamal, enkje, dressmaker, fødd i Norway - båe foreldri fødde i Norway

Lilly WILSON, 9 år gamal, dotter, fødd i Illinois - båe foreldri fødde i Norway!

 

Eg har no leitt i fleire dagar etter mogelege brurer og barnemødrer i Chicago, IL på 1890-talet, som kan høva med Lilly WILSON og fann ei som var verkeleg lovande, men so synte det seg at ho var svensk!!  So eg sit i dag att heilt utan gode «kandidatar».

 

MEN, fleire par auge ser meir enn berre eitt!  Eg gjev ikkje opp og kan trygt seia eg hadde vorte den gladaste nordmannen i verdi om nokon kunne greidd å identifisera denne huslyden!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Innlegg #14:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet frå gløysmli!

 

Er det verkeleg heilt umogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Ingrid «Eva» Wilson i Chicago, IL og dotteri hennar?

 

Som eg sa i føregåande innlegg: «eg hadde vorte den gladaste nordmannen i verdi om nokon kunne greidd å identifisera denne huslyden!», og det står eg ved!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #15:

 

Eg har jobba litt meir med denne huslyden sidan i aftes og KAN ha oppdaga noko som or meg høyrest spennande ut:

 

Chicago city directory for 1882, der Ingrid «Eva» Wilson bur på 450 State, syner ogso desse jentene:

 

* Miss Anna Owen, milliner on 146 S. Robey
* Miss Annie Owens, notions on 152 17th
https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2469/images/4713186?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx25056&_phstart=successSource&pId=368640938

Eg kan ikkje sjå nokon i FT1880 som høver til desse jentene...

 

So har me dette:

I 1900 var Anna «Ada» Brown «laundress» på 3030 South Dearborn «på sørsida», med berre «farga» naboar: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4113703_00185?usePUB=true&_phsrc=Nzx25068&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=10160566

I Chicago 1887 city directory finner me ei Ada Brown «widow of Charles», busett på 3002 South Dearborn - berre 240 fot frå bustaden som «vår» Ada hadde i 1900: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2469/images/4732201?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx25077&_phstart=successSource&pId=372656470

 

Eg har tidlegare trudd at leigebuaren hjå Anna «Ada» i 1900, Samuel Brown (som i 1860 seiest vera «mulatto»), var «sambuaren» hennar, men kanskje hadde ho verkeleg vore gift med ein Charles Brown, ein slektning av Samuel?

 

Det som forundrar meg, er at Anna «Ada» tydeleg i mange år har butt midt i den «farga» bydelen av Chicago, IL, og at denne bydelen verkeleg er «einsfarga», har eg sjølv opplevd då eg køyrde gjennom dette nabolaget i 1973 (eg kom ned frå Milwaukee, WI og skulle vitja slekt, men tok feil avkøyrsle frå motorvegen...)!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #16:

 

Eit tydeleg gjennombròt er komme i denne huslyden i kveld!

 

Eg har i dag motteke denne vigselsannonsa frå Daily Inter Ocean (Chicago, Illinois) Friday 24 Sept 1869 page col 6 "Married":


"In this city at the rectory of St. Ansgarius church on Wednesday the 22nd inst. by Rev J. Bredberg, Mr Charles Wilson and Miss Ingrid Peterson, both of Chicago."

 

Dei vart med andre ord vigde i St. Ansgarius Protestant Episcopal church i Chicago, IL, som KAN tyda at Charles Wilson kan ha vore svenske?

Desse kyrkjebøkene ser ut til å vera filma, men er dei tilgjengelege online?  Nokon som veit?

https://augustana.pastperfectonline.com/archive/E79B31FA-C13B-4FD5-A6EF-096131479387

Kanskje dei inneheld fleire detaljar om Charles og Ingrid og eventuelt om born?

Elles finn eg på Find-a-grave ein god «match» for Charles Wilson; han let etter seg enkje og to born: https://www.findagrave.com/memorial/214803773/charles-f-wilson


Skal me no endeleg lukkast i å finna att Ingrid «Eva» Wilson i Chicago, IL??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #19:

 

Hjarteleg takk til Frank Marton og Egil for nye spennande innlegg!

 

Det var litt av ei soge om Charles Wilson - dersom det er rett mann...

 

her har eg òg motteke: Frå the Chicago Daily Tribune, Sunday 1 Feb 1874 page 4 col 2:
"WILSON--In this city Jan 29 Charles F Wilson, aged 26 years, 5 mos 24 days. Funeral from his residence 195 Sebor St Sunday Feb 1 at 11 o'clock sharp, by cars to Rosehill. Norfolk Va papers please copy."

 

Eg forstår ikkje heilt sambandet med Norfolk, VA, men fødselsdatoen hans skulle vera grei: 5.8.1847

 

Elles har eg bladd litt i kyrkjebøkene for St. Ansgarius, og eg fann vigsli til Charles og Ingrid, men diverre står det berre «of Chicago»:

 

https://collections.carli.illinois.edu/digital/collection/npu_ansgar/id/731/rec/4

 

Elles ser me heilt nedst på same sida ein brudgom Samuel Wilson «frå Telemark»!  So her var både norske og svenske kyrkjegangarar...!

 

Fødselsregisteri for St. Ansgarius har eg litt vanskar med.  Det bør vera Lilly fødd 1870/1871 og kanskje eitt til kring 1872/1873?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #20:

 

Der fann eg jamen santen eit barn i St. Ansgarius:

 

* Othilda Hanna - dotter av Charles og Ingrid WILSON - fødd 13.9.1870 - fadrar Sivert Davidson og kone:

 

https://collections.carli.illinois.edu/digital/collection/npu_ansgar/id/758/rec/4

 

Har eg tolka namnet hennar rett??

 

Tillegg: Dette må vera fadrane - mannen frå Voss - kona frå Sannidal i Telemark: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/7621084/person/6022957337/facts?_phsrc=Nzx25192&_phstart=successSource

 

Det må vel vera Lilly frå FT1880!

 

Men fleire born ser eg ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #21:

 

BINGO!!!

 

Sjå på denne huslyden frå ancestry.com: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/114866531/person/232013932014/facts?_phsrc=Nzx25196&_phstart=successSource

 

FT1910 syner far fødd Sverige og mor fødd Noreg: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7884/images/31111_4330837-00885?usePUB=true&usePUBJs=true&pId=161141922

 

Ved fødsli til ei dotter i 1903 heiter mori Tillie Hannah Wilson Iverson: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=FSCookILBirth&indiv=try&h=721761

 

Treeigaren har blanda ho med ei anne jente i Chicago, IL, som ikkje ein gong heiter Wilson!

 

Elles påstår treeigaren at Jonas Iverson høyrer til denne huslyden frå Austre Aker: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/114866531/person/232013931580/facts

Kan dette stemma?

 

Påfallande er det forresten at huslyden i 1910 var busett i Knox Co., NE, og nettopp der budde ei av søstrene til Ingrid «Eva» Wilson!!  Kanskje det likevel har vore kontakt??

 

Eg greier ikkje finna Tillie og Jonas i FT1900.  Og framleis spekulerer eg svært på kvar det vart av mori, Ingrid «Eva» WILSON - kan ho ha gift seg att?

 

Eg er kjempenøgd i kveld med desse fantastiske opplysningane.  No lyt eg setja meg ned og studera dei, og reinskriva dei...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #22:

 

Eg har i dag studert denne huslyden på ny og har no kunna setja opp eit revidert manuskript for Ingrid «Eva» WILSON og huslyden hennar.  Dette ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingrid Pedersdotter {Øiene}, f. {i Luster} 21.2.1847,

Ingrid, sidan kjend som Eva Owens, utvandra likeins til Amerika med foreldri i 1860 og vart konfirmert i Decorah, Ia. i 1867.  Ho gifte seg i Chicago, Ill. 22.9.1869 med

 

##### (husband’s orginal name from Sweden?)

 

i Amerika kjend som Charles Wilson.  Han var son av

 

##### (parents?)

 

og f.

 

##### (date and place of his birth?)

 

##### (occupation? – she a widowed dressmaker 1880)

 

Dei budde i Chicago, Cook Co., Ill. der Charles d.

 

##### (date and place of his death? – prior to 1880!)

 

##### (later destiny of Eva? – died after 1880)

 

Dei fekk ei dotter i lag:

 

##### (more children?)

 

a. Othilda Hanna, kjend som Tillie Wilson, f. i Chicago, Ill. 13.9.1870, d. i Denver, Colo. 15.1.1941.  Ho gifte seg i Chicago, Ill. 11.1.1897 med Jonas Pederson frå Austre Aker, i Amerika kjend som Johnas Iverson.  Han var son av snikkar Peder Iversen på Kampen i Austre Aker, opphavleg frå Øygarden under Øy i Vågå, og kona Kirstina Andersdotter frå Burud i Hole og f. i Austre Aker 7.5.1870, men utvandra til Amerika med mor si i 1881.  Han d. i Denver, Colo. 8.4.1956.  Etter nokre år i Chicago, Cook Co., Ill. flytte Tillie og Johnas kring 1907 til ein farm i Spade precinct, Knox Co., Neb.  Kring 1911 flytte dei til Portland, Multnomah Co., Ore., men alt i 1914 flytte dei attende til Sioux Falls, Minnehaha Co., S.D. der Johnas arbeidden som heisbyggjar («elevator constructor»).  På 1920-talet flytte dei so til Denver, Colo. Der dei vart buande levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

 

     ##### (children:

            * Edward Henry, born Chicago, IL Oct. 31, 1899

            * Thelma/Virginia Felicia, born Chicago, IL Aug. 4, 1903 (1904)

            * Phyllis Mildred, born Portland, OR July 31, 1913

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Framleis manglar ein del detaljar, særleg desse:

 

** Dødsfallet til Johnas Iverson, rimelegvis i Denver, CO etter 1945?

 

** Eg finn ikkje Johnas og Tillie nokon stad i heile USA i FT1900 - kvar kan dei ha vore?

 

** Lagnadane til Charles og Ingrid «Eva» Wilson er framleis store gåter.  Dødsfallet til Charles er ikkje innført i St. Ansgarius ut 1877, og heller ikkje finn eg fleire born fødde til dei.  Mannen som miste livet i 1874, KAN vera «vår» mann, men eg greier ikkje å prova dette...  Kan Ingrid «Eva» ha gift seg att?

 

Elles vil eg gjerne få leggja til, når det gjeld Anna «Ada» BROWN i Chicago, IL, so fann eg ein gong ein referanse til denne vigsli Chicago, IL:

 

* Jay BROWN og Eda OWEN gifte seg i Cook Co., IL 1.12.1889. 

 

Kan det likevel tenkjast at Anna «Ada» var enkje i 1900 og at ho først vart «sambuar» med Samuel Brown etter den tid?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

34 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

* Jay BROWN og Eda OWEN gifte seg i Cook Co., IL 1.12.1889. 

 

Under Marriage Licenses i Chicago Tribune (Chicago, Illinois) 30 Nov 1889, Saturday, Page 6

188 marr lic.png

 

Legger inn lenke til FS;

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N76C-CXR

 

Denne Eda Owen var 26 år (f. ca. 1863).

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #24:

 

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegg!

 

Om ikkje Eda jugde godt på alderen sin, kan det soleis ikkje vera ho som stod brur i Chicago IL i 1889...

 

Elles vert det vel ikkje so lett å finna svar på dei andre spørsmåli frå Innlegg #22, men det er lov å vona, og eg takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #25:

 

Eg tok ein telefon til Fairmount cemetery i Denver, CO, og dei kunne fortelja meg at Johnas Iverson døydde 8.4.1956 og ligg gravlagd attmed Tillie!  So då er den delen løyst!

 

So er det «berre» problematikken kring Ingrid «Eva» som står att...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.