Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Pedersdotter Øyene (Owens) - fødd i Luster 1851 - utvandra 1860 - forsvinn i Amerika under namnet Anna Wilson - lagnaden hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne saki er ei utfordring som eg har jobba med sidan 1980-åri, men som eg aldri har greidd å finna ut av.  Kanskje kan andre auge sjå andre element som eg har oversett?  Eg la saki ut første gongen for velk eit år sidan (https://forum.arkivverket.no/topic/194633-anna-owens-wilson-f%C3%B8dd-i-luster-1852-til-amerika-1860-kvar-vart-det-av-ho/?hl=%2Banna+%2Bwilson), men ingen av dei «kandidatane» som der vart nemnde, synte seg vera «mi» Anna!

 

Peder Erikson Øyene (1814-1895) og kona

Anna Christophersdotter (1820-1896)

 

hadde vore gardbrukarar på Øyene i Luster, men det gjekk «ut» med dei, og i 1860 vart dei på kommunen si rekning «sende» til Amerika med fem born:

 

* Erik - Erick P. Owens (1842-1864) - miste livet som soldat i Borgarkrigen i Georgia

 

* Ingeborg «Emma» Peterson Schuster (1844-1904) - budde i Houston Co., MN og sidan i Knox Co., NE

 

* Ingrid «Ada» Owens Brown (1847-1922) - budde i Chicago, IL

 

* Anna Peterson (Owens), fødd 21.6.1851 - skal ha vorte gift med ein WILSON, men «forsvinn»

 

* Christine Owens Brudos Anderson (1858-1938) - budde i Crawford Co., WI og sidan i Clay Co., IA, men kom sist attende til Vernon Co., WI

 

Huslyden kom i 1860 fram til Vernon eller Crawford Co., WI og vart busette på ein farm i Freeman township, Crawford Co., WI der ytterlegare to born vart fødde:

 

* John Henry Owens (1862-1924) - budde i Knox Co., NE og sidan i Yankton Co., SD - ugift

* Ellen Marie Peterson Owens (1866-    ) - døydde truleg kort etter fødsli

 

Eg har ikkje finne huslyden i FT1870, men i FT1880 ser huslyden slik ut (busette i Freeman township, Crawford Co., WI) (ættenamnet er av ancestry.com feiltolka som Arni!):

 

ORNI, Peder E  66  Nor  Nor  Nor  farmer

ORNI, Anna  58  Nor  Nor  Nor  wife - keeping house

ORNI, John  18  WI  Nor  Nor  son

ORNI, Anna  24 (29?)  Nor  Nor  Nor  daughter - servant

 

Anna Christophersdotter (Owens) fekk innvilga enkepensjon etter at eldste sonen i 1864 sette livet til under Borgarkrigen; so vidt eg forstår var det eit noko nær eineståande tilfelle at ei mor fekk enkepensjon etter sonen, men dokumentasjon som ligg føre, fortel følgjande:

 

Mannen Peder hadde vore smed og var heilt «udugeleg» som gardbrukar eller farmar, og det var sonen som dreiv farmen til han reiste i krigen.  Då han miste livet, var det ingen som kunne driva farmen for dei, og Anna fekk difor pensjonen innvilga - etter mange års kamp!  Då var ho og mannen flytte til Knox Co., NE for å bu hjå eldste dotteri Ingeborg «Emma» Schuster.

 

Eg er forundra over at eg ikkje kan finna huslyden i FT1870, men kanskje er dei vortne «gløymde»?  Kanskje andre har betre auge enn eg?

 

Uansett, for å komma attende til hovudproblemet - Anna si «forsvinning», so finst dokumentasjonen for dette i skifteretten i Yankton, SD.  Yngste broren John Henry Owens døydde ugift i Yankton, SD i 1924.  Skiftet vart forlagt av borni etter den avlidne søsteri Ingheborg «Emma» Schuster, og i skiftepapiri kjem det fram at ingen visste kvar det hadde vorte av dei to søstrene:

 

Ada BROWN og Anna WILSON

Når det gjeld Ada, so dukka det på eitt eller anna tidspunkt opp ei adresse som sa: «Lutheran charity» i Chicago, IL, og eg fann sidan ut at ho var avlidi to år før på ein norskluthersk gamleheim i Chicago, IL etter at ho i mange år hadde vore «sambuar» med afroamerikanaren Samuel H. Brown (1852-1919).  So vidt eg har forstått, var det formelt forbod om å inngå ekteskap mellom kvite og afroamerikanarar i Illinois på den tidi!!  Dei fekk ikkje born i lag.

Men Anna Wilson står att som ukjend, og no ber eg Brukarforum om hjelp:

 

* Er det i det heile mogeleg å finna ut kvar det vart av Anna Peterson Owens Wilson i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege «i dvale» i mange år!

 

Eg er lite vetta i slekt med denne huslyden, og eg ville vorte kjempeglad om nokon greidde å komma nærare ei løysing!

 

PS: Eg har lagt ved ein obituary som eg har motteke for broren John Henry Owens som døydde i Yankton, SD i 1924, men utan at denne fortel oss noko meir...

John Owens.jpg

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne kjempeutfordringi etter at eg er vorten merksam på ein huslyd i CHICAGO, IL som liknar Anna Wilson i so mangt:

 

Denne vesle huslyden dukkar nemlig opp i Chicago, IL i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYF-S962

 

Eva WILSON, 32 år gamal, enkje, dressmaker, fødd i Norway - båe foreldri fødde i Norway

Lilly WILSON, 9 år gamal, dotter, fødd i Illinois - båe foreldri fødde i Norway!

 

Me har erfaring for at mange norske jenter som i ung alder flytte til Chicago, IL frå Wisconsin, endra namni sine ganske so drastisk, og eg trur sterkt på at Eva KAN vera jenta me leiter etter.

 

Men er det mogeleg  finna ut noko meir om denne Eva og mann hennar, eventuelt dotteri Lilly?

 

Eg takkar på det innstendigste for alle gode tips som måtte dukka opp!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne på ny henta fram denne kjempeutfordringi frå Chicago, IL.

 

Ein eller annan stad må jo denne Eva Wilson og dotteri Lilly ha gjort av seg, men KVAR?  Og er Eva identisk med den sakna Anna Wilson?

 

Det hadde vore skikkeleg fantastisk og imponerande om nokon kunne komma på sporet etter denne jenta, og eg takkar og bukkar for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Til tross for aktiv leiting etter Eva Wilson og dotteri Lilly i Chicago, IL (jmf. innlegg #3) kjem eg diverre ikkje lenger, men eg er «seigliva» og vonar at ein eller annan kan komma over kvar det vart av desse folki og kven dei var!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for siste innlegget om Anna Wilson.

 

Anna Wilson som budde i Story Co., IA, har eg nok vore innom før.  Alderen er ikkje so langt unna, men andre har identifisert ho som ei heilt anna jente...

 

Det som er litt «spesielt» med denne Anna eller Eva (?) Wilson, er at heile huslyden meir eller mindre vart «spreidd» for alle vinder, særleg etter at foreldri i 1880-åri flytte til Nebraska.

 

Det  vert ikkje noki enkel oppgåve å finna lagnaden til Anna, men ein eller annan stad MÅ det jo finnast opplysningar om denne jenta, men som den store utvandringseksperten Gerhard Naeseth i Madison, WI ein gong uttrykte det:

 

«We just haven't yet looked for her at the right place!»

 

MEN, eg vil gjerne få leggja inn ein merknad som KAN ha ei viss meining:  Eg har lenge vore i stuss om me har bytt om dei to søstrene Ingrid og Anna.  Ho som i Chicago, IL gjekk under namnet Ada Owens Brown, vart nemleg i 1900 sagt å vera 49 år gamal og fødd i Noreg i juni 1852, men det faktum at ho ved dødsfallet i 1922 vart sagd vera 75 år gamal, har fått meg til å tru at ho måtte vera identisk med Ingrid, fødd 21.2.1847.

 

Name: Ada Brown
Event Type: Death
Event Date: 09 May 1922
Event Place: Norwood Park, Cook, Illinois, United States
Residence Place: 3506 Federal
Gender: Female
Age: 75
Marital Status: Widowed
Race: White
Occupation: Domestic
Birth Year (Estimated): 1847
Birthplace: , , Norway
Funeral Home: Sodeman And Finfrock
Burial Date: 11 May 1922
Cemetery: Mt Olivet
Father's Name: Peter Owens
Mother's Name: Annie
Spouse's Name: Sam H Brown
Spouse's Gender: Male
Informant's Name: Managing Officer

 

Men at alder ikkje alltid er å stola på, ser me til dømes i FT1920 der Ada Brown brått er vorti 76 år gamal: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R66-6Z6

 

Skiftet frå Yankton, SD der søstrene er nemnde, refererer kun til dei som Ada Brown og «Mrs.» Wilson!  So kanskje vart Ingrid til Eva og Anna til Ada i Chicago, IL???  Me skal heller ikkje gløyma at Eva Wilson i 1880 var 32 år, som nærmar seg 1847 som fødselsår...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å løysa denne kjempegåta!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for siste innlegget!

 

Jau, du har finne «vår» Ada Brown.  Som ein «kuriositet» vil du sjå at ho står som enkje, medan den farga mann hennar er ugift leigebuar!

 

Eg har ikkje greidd å finna ho i FT1910...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har sete meg ned for å sjå litt nærare på kva alternativ me har for den avlidne mann til Eva Wilson og far til Lilly.

 

FT1880 fortel oss at «Mr. Wilson» var fødd i Noreg, og ser me på FT1870 for Chicago, IL, er det berre tre mannlege Wilsons i Chicago, IL som er fødde mellom 1834 og1854; to av dei er gifte, men den tredje KAN høva godt:

 

* John Wilson, 32 år, teamster: https://www.ancestry.com/interactive/7163/4263663_00472?pid=17123168&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv917%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26dbid%3D7163%26gsln%3Dwilson%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26_83004003-n_xcl%3Df%26msbdy%3D1844%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D10%26msbpn__ftp%3Dnorway%26msbpn__ftp_x%3D1%26msbpn%3D5173%26msbpn_x%3D1%26msrpn__ftp%3Dchicago,%20cook,%20illinois,%20usa%26msrpn__ftp_x%3D1%26msrpn%3D36829%26msrpn_x%3D1%26new%3D1%26rank%3D1%26uidh%3D008%26redir%3Dfalse%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D35%26fh%3D0%26h%3D17123168%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv917&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.83544214.1801963974.1570745642-1823351208.1559380156

 

Men eg fnn ingen vigde John Wilsons som høver...

 

Derimot finn eg i Chicago, IL 1882 city directory:

 

* Mrs. Eva Wilson, 460 State street: https://www.ancestry.com/interactive/2469/4713364?pid=368681218&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D368681218%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3Dgiv923%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv923&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.50048294.1801963974.1570745642-1823351208.1559380156

 

«Vår» Eva Wilson budde 1880 på 394 State street, 150 meter lenger sør!

 

So finn eg i Chicago, IL 1878 city directory:

 

* Mrs. E. J. (wid. John) Wilson, 490 State street: https://www.ancestry.com/interactive/2469/4704588?pid=367559380&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=giv926&_phstart=successSource#?imageId=4704587

 

Men i 1877 heiter denne Mrs. Wilson Eliza J., so då er nok ho eit «villspor»...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Det er ikkje mykje tvil om at du har finne konfirmasjonen til Ingrid i Decorah, IA, men det forundrar meg at ho er konfirmert so langt heimefrå og i ein so pass høg alder!  Elles er ikkje fødselsdatoen hennar heilt korrekt.  Ho var fødd 21.2.1847 og vart døypt 7.3.1847: https://media.digitalarkivet.no/view/8400/60

 

Me veit frå andre kjelder at heimen til foreldri var ein «tøff» heim å vaksa opp i.  Faren var vistnok sterkt alkoholisert og ikkje i stand til å ta seg av huslyden slik han skulle.  So synd me ikkje kan finna denne huslyden i FT1870.  Kanskje Ingrid vart buande i Decorah, IA ogso etter konfirmasjonen?  Om det var ho som gifte seg med Wilson, kanskje dei gifte seg i Iowa?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å «klara opp» i denne kjempefloka!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.