Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Pederson (1820-1899) - frå Skildeim i Luster til Skagstad i Steigen - borni hans i Steigen og i Vågan?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg freister å gjera dette manuskriptet frå 1980-talet noko meir fullstendig og har gjennom tilgjengelege kjelder fått svar på ein god del av spørsmåli mine.  Men nokre detaljar manglar framleis, og eg vonar at kanskje nokon med lokal kunnskap eller tilgjenge til bygdebøker kan bidra med fleire?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire spennande innlegg frå Carsten har eg erstatta dette manuskriptet av eit nytt i innlegg #7 nedanfor.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for fleire interessante og nyttige innlegg!

 

Sjølv har eg oppdaga gravminnet over Hans Hakvaag i Svolvær, og soleis har eg utbetra manuskriptet for denne huslyden slik, som erstatning for manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Pederson (Skildeim), f. i Luster 10.6.1820, gifte seg 22.10.1845 med Gjørond Johannesdotter frå Tvingeborg under Sandvik, f. 10.3.1821.

Hans Pederson og kona Gjørond flytte i 1848 til Steigen i Nordland der dei slo seg ned som husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva plass? – heitte plassen Sanden (jmf. FT1875)? – eller kan henda Grøtøy? – der vert det sagt at Hans budde i 1876!)

 

under garden Skagstad.  Der vart dei buande levetidi ut.  Hans d. på Skagstad 5.9.1899, medan Gjørond d. som enkje same staden 27.2.1902.  Me kjenner til åtte born etter Hans og Gjørond, og dessutan hadde Gjørond ei dotter frå før:

a. Johanna Torbjørnsdotter (1842‑1842), f. og d. i Luster, var dotter av Gjørond Johannesdotter og skreddar og strandsitjar Torbjørn Andersson på ein plass i Marifjøra i Hafslo (1820‑1906).

b. Kirstina Hansdotter, f. i Luster 20.4.1845, flytte med foreldri til Steigen i 1848 og d. som husmannsenkje på Brunvær i Steigen 12.5.1912.  Kirstina gifte seg i Steigen 18.10.1866 med Carl Johan, kjend som Karl Olsen frå Brunvær under Storsæter i Steigen.  Han var f. i Steigen 4.1.1841 og d. som husmann på Brunvær 21.2.1904.  Karl var fiskar, og han og Kirstina budde som plassfolk på Agterøya under Brunvær i Steigen.  Dei fekk

 

     ##### (minst tolv! – inkl.:

            * Johanna Karlsdotter, f. Steigen 1865 – n. 1875

            * Joakim Karlsen, f. Steigen 5.3.1867 – n. 1900/1910 (ug. fiskar)

            * Ole Karlsen, f. Steigen 1869 – n. 1875

            * Hans Karlsen, f. Steigen 24.2.1871 – n. 1900/1910 (ug. fiskar)

            * Margretha Karlsdotter, f. Steigen 1873 – n. 1875

            * Karolius Karlsen, f. Steigen 1874 – n. 1875/1900 (ug. fiskar)

            * Norman Karlsen, f. Steigen 1875 – n. 1875

            * Henrik Karlsen, f. Steigen 1.5.1879 – n. 1900/1910 (ug. fiskar)

            * Sofie Karlsen, f. Steigen 6.4.1883 – n. 1900/1910 (ug.)

            * Lotte Karlsen, f. Steigen 10.7.1884 – n. 1900/1910 (ug.)

            * Inga Karlsen, f. Steigen 1887 – n. 1900

            * Sigurd Karlsen, f. Steigen 14.10.1889 – n. 1900/1910 (ug. fiskar)

 

     born i lag.

c. Maria Hansdotter, f. i Luster 24.5.1847, flytte òg med foreldri i 1848 til Steigen og d. som enkje i Svolvær 11.6.1935.  Maria gifte seg i Vågan 2.9.1883 med Edvard Martin Abrahamson Lodin frå Svolvær, f. på Nordfjord, Kjerringøy i Folda 28.6.1857.  Han d. som huseigar i Svolvær 31.5.1925.  Edvard var fiskar og sidan kòlarbeidar.  Han og Maria budde levetidi ut i Svolvær i Vågan. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – ingen nemnde 1900/1910! – son hennar:

            * Halvor Larsen, f. Steigen 1872 – n. 1875 som dotterson av Hans og Gjørond! – 1935: «vaktmester Larsen»)

 

d. Peder Johan Hansen, f. i Steigen 15.9.1850, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1916!)

 

     Han gifte seg første gongen i Steigen 21.9.1876 med Lovisa Marie Eidisdotter frå Røtnes i Steigen, f. i Steigen 12.5.1850.  Ho d. etter barselseng som husmannskone på Hakvåg 5.3.1884, og Peder gifte seg 24.11.1887 att i Steigen med enkja Johanna Margrethe Olsdotter, opphavleg frå Mikkelbostad i Steigen, f. i Steigen 29.1.1840.  Ho d. som husmannskone på Hakvåg 11.5.1916.  Peder var fiskar og budde som husmann på Hakvågmoen under Hakvåg i Steigen. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Hanna Sofie Andersdotter – f. Steigen 29.2.1868 – hennar dotter – n. 1900/1910

            * Thora Andorsdotter – f. Steigen a1870 – n. 1900)

 

e. Hanette Hansdotter, tvilling, f. og d. i Steigen 15.6.1853.

f. Inger Hansdotter, likeins tvilling, f. og d. i Steigen 15.6.1853.

g. Hans Christian Hansen, f. i Steigen 12.8.1854, d. som ugift fiskar på Skagstad i Steigen 8.12.1875.

h. Johanna Christine Hansdotter, f. i Steigen 21.8.1857, d. i Steigen 14.10.1862.

i. Ingeborg Anne Hansdotter, f. i Steigen 24.4.1861, d. som snikkarkone i Svolvær 25.9.1914.  Ingeborg gifte seg i Steigen 12.11.1885 med Hans Olson frå Hakvåg i Steigen, f. i Steigen 18.6.1859.  Han d. i Svolvær 28.8.1937.  Hans og Ingeborg Hakvaag busette seg på Lilleøen, Svolvær i Vågan der Hans livnærte seg som fiskar, tømmermann og snikkar.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg to fosterborn.

 

##### (fleire born? – oppl.?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for fleire fine opplysningar til komplettering av denne huslyden.  Opplysningane om Lodins er redigerte inn i manuskriptet i innlegg #7 ovanfor.

 

Nok ein kjempetakk for framifrå hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.