Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Marie Pedersdotter Nesøy, f. i Solund 1861 - kvar vart det av denne jenta? - kven var far hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Gjertrud Andersdotter Øyene frå Luster (1833-1922), flytte i ung alder som tenestejente til Solund og fekk der to døttrer utanfor ekteskap.  Den yngste av desse, Anna Sørensdotter (1863-1940), flytte med mor si attende til Luster i 1863 og voks opp der, medan den eldste:

 

Anna Marie Pedersdotter, fødd i Solund 12.1.1861, skal ha vokse opp hjå far sin:

 

Peder Sjurson, gardbrukar på Nesøy i Solund.  Ifølgje Solundboki var han fødd i Aurland i 1822 og skulle vera frå Veum i Aurland, men i Aurland finn me ein Peder Sjurson på Tokvam fødd dette året.  Og han skal vera flytt til Bø i Vik «der slekti framleis bur»!  Ved vigsli til Peder Sjurson på Nesøy i 1847 er han oppgjeven fødd på Veum, men 29 1/2 år gamal og son av Sjur Rognaldson Veum!

 

Eg har to spørsmål:

 

* Kven var verkeleg denne Peder Sjurson på Nesøy i Solund?

 

* Kvar vart det av dotteri Anna Marie Pedersdotter, fødd i 1861? - Kan det vera denne husmannskona på Stegen på Evanger: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036682000186

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

I # 11 står det at Anne Marie ble gift med Jonas Fredrikson Humledal.

Og at hun ble gift på nytt med Helge Knutsen Gjelein.

 

 

https://forum.arkivverket.no/topic/110898-25239-sf-gjertrud-andersdtr-fraa-luster-og-peder-sjurson-fraa-aurland-deira-opphav/

 

Jonas døde i 1897,ifølge opplysninger på Geni.

https://www.geni.com/people/Jonas-Fredriksen-Humledal/6000000023270183820?through=6000000023271249002

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Anna Pedersdatter og 2 barn,Petrine 1886,og Peter 1896,bodde på Hop i Solund i 1900.

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1412&kenr=001&bnr=0047&lnr=00

 

Peter Jonassen bodde på Nesøen i 1910.

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1412&kenr=005&bnr=0028&lnr=00

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kyrre Martin Sveen

Barn av Anne Marie og Jonas Fredrikson:

Petrine Sofie, f. 18/7-1887: 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Ministerialbok nr. A 1 (1881-1902), Fødte og døpte 1887, side 14. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6929&idx_id=6929&uid=ny&idx_side=-14
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310491.jpg

 

Jakobine Johanne, f. 15/9-1889:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Ministerialbok nr. A 1 (1881-1902), Fødte og døpte 1889, side 19. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6929&idx_id=6929&uid=ny&idx_side=-19
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310496.jpg

 

Fredrikke Serine, f. 11/12-1891:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Ministerialbok nr. A 1 (1881-1902), Fødte og døpte 1892, side 25. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6929&idx_id=6929&uid=ny&idx_side=-25
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310502.jpg

 

Ingeborg Alette, f. 10/8-1894:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Ministerialbok nr. A 1 (1881-1902), Fødte og døpte 1895, side 29. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6929&idx_id=6929&uid=ny&idx_side=-29
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310506.jpg

 

Peter, f. 29/10-1896:

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Solund i Solund, Ministerialbok nr. A 1 (1881-1902), Fødte og døpte 1897, side 33. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6929&idx_id=6929&uid=ny&idx_side=-33
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070116310510.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Kyrre Martin for spennande og nyttige innlegg.

 

Eg har no sete og studert denne huslyden nokre timer, og det vart ein god del meir enn eg hadde tenkt i utgangspunktet.  MEN, eg meiner no at eg har fått bra oversyn over slekti og legg fram eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye og viktige innlegg har eg erstatta dette manuskriptet med eit nytt i innlegg #17 nedanfor!

 

So vil eg på ny takka for framifrå hjelp, og eg vonar at kanskje ein del av dei hòli som framleis finst, òg kan «fyllast»...?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

a. Petrine Sofie Jonasdotter Humledal, f. i Solund 18.7.1887, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Petrine gifte seg i

 

     ##### (vigselsstaden deira? – i Bergen?)

 

     22.1.1915 med Reinhard Olai Johannesson Oddekalv frå Viken under Oddekalv, f. i Solund 18.12.1886.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 
 
SAB, Nykirken Sokneprestembete, Ministerialbok nr. D 6, 1913-1918, s. 54
 
3268176 Petrine  Oddekalv  1807  1887  0402  1984  k  Sårt sakna  Vis Hardbakke Solund
 
3268175 Reinhard Olai  Oddekalv    1812  1886    2410  1968      m        Sårt sakna  Vis Hardbakke Solund
 
Hvis du går inn her, kan du søke på navn og få direkte lenke til kirkeboka:
http://nr-solund.blogspot.no/. Ved søk på Reinhard, får jeg treff på følgende barn:
 
Johannes, f. 24.06.1915, døpt 08.08.1915:
SAB, Solund Sokneprestembete, Klokkerbok nr. A 2, 1893-1921, s. 21
 
3267705 Johannes  Oddekalv      1915    2003  m  Kvil i fred  Vis Hardbakke Solund
 
Peder Johan, f. 04.12.1917, døpt 31.03.1918
SAB, Solund Sokneprestembete, Klokkerbok nr. A 2, 1893-1921, s. 23
 
3267706 Peder Johan  Oddekalv      1917    1937  m  Kvil i fred  Vis Hardbakke Solund
 
Klara, f. 31.01.1919, døpt 18.05.1919
SAB, Solund Sokneprestembete, Klokkerbok nr. A 2, 1893-1921, s. 24
 
3267700 Klara  Oddekalv    3101  1919  1811  1937  k  Kvil i fred  Vis Hardbakke Solund
 
Anna, f. 31.07.1921, døpt 28.08.1921:
SAB, Solund Sokneprestembete, Klokkerbok nr. A 2, 1893-1921, s. 26
 
3267701 Anna Oddekalv  Ravnøy  3107  1921  1202  1997  k  Kvil i fred  Vis Hardbakke Solund
 
 
 
 
 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Johannes Reinhardsson Oddekalv fødd 1915,frå Oddekalv.

Fiskebåtskipper og politikar.

Ordførar 1967-1975,og medlem av fylkestinget i same periode.

Hadde elles sentrale tillitsverv innan fiskarorganisasjonane i fylket.

 

http://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon/kjende-personar/kjende-personar-i-solund-fodde-ar-1900-1940/1898/77318/

 

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1716178.html

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

c. Fredrikke Serine Jonasdotter Humledal, f. i Solund 11.12.1891,

 

     ##### (lagnad?)

 

Tjenestejente på Færøen i Solund i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036711002206

Og her er hun i 1900, tjenestejente på Kraakenæs:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037338000817

 

Her finner jeg Serina på gravminner:

 

125863 Serina  Bolstad  1112  1891  1910  1984  2710  1984  k  G  3  6  Vis Bolstadøyri Voss

 

125864 Brynjulv  Bolstad  1512  1891  1708  1976  2408  1976  m  G  3  7  Vis Bolstadøyri Voss

 

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=125864

 

Brynjulv og Fredrikke Serine ble gift 21.07.1920 i Evanger:

SAB, Ministerialbok nr. A  3, 1900-1930, s. 249
 
I kirkeboka for Evanger ser det ut som Brynjulv er innført som Brynild. Men foreldre og fødselsdato stemmer med det som er oppgitt ellers:
 
SAB, Ministerialbok nr. A 1, 1877-1899, s. 111
 
 

Evangerboka : gards- og ættesoge. 2

 

side 487, Brynjulv med foreldre og søsken.

 

side 471, Bolstad med Skonevik - bruksnummer 40: Nyheim - Brynjulv Bolstad. Evangerboka inneholder enda flere opplysninger om barna til Brynjulv og deres ektefeller og barn, men jeg stopper ved navnene på barna. 

post-541-0-75824600-1460216049_thumb.jpg

post-541-0-23026300-1460216389_thumb.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

d. Ingeborg Alette Jonasdotter Humledal, f. i Solund 10.8.1894, d. i Kristiansand 21.10.1989. 

 

     ##### (gift Gunleiksrud - lagnad?)

 

 

2272537 Ingeborg  Gunleiksrud  1008  1894  2110  1989  3010  1989  k  0U  00D  006  Vis Oddernes nye Kristiansand

 

Har ikke funnet noe mer ut om denne damen. Kanskje oppslag i en dødsannonse kan gi svar? Gunleiksrud ser jeg ellers er et navn som finnes i Tinn i Telemark. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

e. Peter Jonasson Humledal, kjend som Peter Jonassen, f. i Solund 24.10.1896, d. på ein gamleheim i Bergen 1.1.1984.  Peter gifte seg


 


     ##### (dato og stad for vigsli hans? – son Johan Teodor fødd i Vik 7.10.1922!)


 


     med Anna Tollaksdotter Kvist frå


 


     ##### (kvar i Vik? – Nesse?)


 


     f. i Vik 10.4.1894.  Ho d. på eit sjukehus i Bergen 5.9.1980.  Peter var styrmann, og han og Anna budde


 


     ##### (bustaden deira? – Bergen?)


 


     Dei fekk ein son i lag.


 


     ##### (eller hadde dei fleire born?)


 

 

Anne Tollaksdatter i 1900, datter av Tollak Eriksen Kvist og Ingebjørg Iversdatter, bosatt på Kvist i Vik:


 

I 1910 var hun tjenestejente på Bø i Vik: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036716001539

 

Anna giftet seg i Nykirken i Bergen 21.02.1922:


 

Nr. 25


SAB, Nykirken Sokneprestembete, Ministerialbok nr. D 7, 1918-1926, s. 74


 

Nr. 30



1592961 Johan Teodor  Kvist  0710  1922  0803  2003      m      B20  25  13  Takk for alt  Vis Solheim Bergen

 


 

Kan dette være Petter og Anna i Bergen i 1934?


 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Helge Knutson Gjeilen - bygdeboka: Geilane

 

Evangerboka : gards- og ættesoge. 1

 

s. 199-200

post-541-0-43831800-1460220204_thumb.jpg

post-541-0-66459200-1460220285_thumb.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Knut Helgeson på Gjeilen, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Biddenes? – vanskeleg å lesa – vigde Voss 21.11.1843!)

 

og kona Guro Johannesdotter frå Gjeilen og f. på Evanger,

 

Evangerboka : gards- og ættesoge. 1

 

side 253-254: Kjenes

 

Da er det nok "Kiddenæs" det står ved vielsen i 1843, jf. dåpsinnførslene fra Voss: 

 

Maritha, 1811

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007184929

 

Jacob, 1812

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007185544

 

Knut, 1815 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000007187113

post-541-0-58797800-1460220989_thumb.jpg

post-541-0-44591400-1460221077_thumb.jpg

post-541-0-84114400-1460221146_thumb.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for mange utfyllande og spennande innlegg om denne huslyden!  Dette børjar verkeleg å ta form, og manuskriptet mitt ser no slik ut, til erstatning for manuskriptet frå innlegg #8 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Andersdotter (Øyene), f. i Luster 7.8.1833,

Gjertrud Andersdotter flytte i 1850-åri til Solund i ytre Sogn der ho var tenestejente ulike stader fram til 1863.

Gjertrud Andersdotter flytte hausten 1863 attende til Stubbøy som innerst og tente sidan i Luster fram til 1884.

Gertrude Anderson utvandra i 1884 til Amerika og busette seg hjå dotteri Anna i Sterling township, Vernon Co., Wis. og flytte sidan med dotteri til Viroqua, Vernon Co., Wis. der ho d. 26.6.1922.  Gertrude var ugift.

Men Gjertrud Andersdotter fekk to døtrer, medan ho var i Sogn:

a. Anna Marie Pedersdotter, dotter av Gjertrud og gardbrukar Peder Sjurson på Nesøy i Solund (1817-1906), opphavleg frå Veum i Aurland, var f. i Solund 12.1.1861.

Anna Pedersdotter voks opp hjå far sin på Nesøy i Solund og gifte seg første gongen i Solund 1.10.1886 med enkjemannen Jonas Fredrikson, opphavleg frå Ravnøy i Solund.  Han var son av husmann Fredrik Jonasson i Hatleviki under Ravnøy, opphavleg frå Steindal og kona Britha Pedersdotter frå Sandviki under Tangenes og f. i Solund 19.7.1845.  Han gifte seg første gongen i Solund 20.7.1872 med Anna Oline Jørgensdotter frå Hagen.  Ho var dotter av husmann Jørgen Johannesson, truleg i Hagebotnen under Hagen, opphavleg frå Ulvik i Askvoll, og kona Johanna Olsdotter frå Hagen og f. i Gulen 24.1.1839.  Ho d. som husmannsklone i Hagen 24.1.1878, og Jonas gifte seg att i Solund 14.6.1879 med Synneva Pedersdotter frå Hagen.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Christopherson i Hagen, opphavleg frå Kvaleim i Balestrand, ein soneson av gardbrukardotteri Anna Christophersdotter frå Skagen i Luster (1723-1798), og kona Britha Hansdotter frå Tue i Balestrand og f. i Solund 9.3.1843.  Men Synneva vart sjuk og d. på pleiestiftelsen i Bergen 20.7.1885.  Jonas Fredrikson budde med første kona si på heimeplassen hennar under Hagen i Solund, men fekk i 1878 feste på plassen Humledalsvågen nordre under Humlevåg i Solund der han d. som husmann 14.4.1897.  Anna budde ei tid som enkje på Hop i Solund, men gifte seg att på Evanger, Voss 10.5.1905 med enkjemannen Helge Knutson, opphavleg frå Gjeilen på Evanger.  Han var son av gardbrukar Knut Helgeson på Gjeilen, opphavleg frå Kjenes på Evanger, og kona Guro Johannesdotter frå Gjeilen og f. på Evanger, Voss 11.3.1851.  Helge gifte seg første gongen på Evanger 18.6.1878 med Ingeborg Sjursdotter frå Hylderås.  Ho var dotter av husmann Sjur Askildson på

 

##### (kva plass?)

 

under Hylderås, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Mykkeltveit? – gift Voss 27.5.1734)

 

og kona Ingeborg Nilsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Styve?)

 

og f. på Evanger, Voss 25.5.1847.  Ho d. som legdelem på Bjørge, Evanger 17.10.1891.  Helge Gjeilen var mellom anna husmann under Bjørgo, men var med Anna husmann på Stegen under Rørgo på Evanger, Voss der han d. 1.5.1924.  Anna Gjeilen d. på Evanger 11.5.1952.  Jonas Fredrikson fekk ei dotter frå første ekteskapet og to søner frå det andre, medan Helge Knutson hadde sju born frå første ekteskapet sitt.  Anna Pedersdotter fekk i alt fem born, og dei var alle frå første ekteskapet hennar med Jonas Fredrikson:

a. Petrine Sofie Jonasdotter Humledal, f. i Solund 18.7.1887, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Hardbakke, Solund)

 

     4.2.1984.  Petrine gifte seg i Nykyrkja i Bergen 22.1.1915 med Reinhard Olai Johannesson Oddekalv frå Viken under Oddekalv, f. i Solund 18.12.1886.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Hardbakke, Solund)

 

     24.10.1968. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst fire!)

 

b. Jakobine Johanne Jonasdotter Humledal, f. i Solund 15.9.1889, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1980 på gamleheimen i Solund?)

 

     Jakobine gifte seg i Solund 30.11.1908 med enkjemannen Ole Johan Sørenson, opphavleg frå Kråkevågen, f. i Solund 22.3.1856.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1950.  Ole Johan hadde vore gift to gongar før og budde som husmann på Hopsneset under Hop.  Han fekk to born, som båe var frå siste ekteskapet med Jakobine.

c. Fredrikke Serine, kjend som Serina Jonasdotter Humledal, f. i Solund 11.12.1891, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Bolstadøyri, Voss)

 

     19.10.1984.  Serina gifte seg på Evanger, Voss 21.7.1920 med Brynild, kjend som Brynjulv Helgeson Bolstad frå

 

     ##### (ein plass?)

 

     under Bolstad, f. på Evanger 15.12.1891.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Bolstadøyri, Voss!)

 

     17.8.1976. 

 

     ##### (yrke og bustad? – Nyheim, Bolstad)

 

     Dei fekk fem born i lag.

d. Ingeborg Alette Jonasdotter Humledal, f. i Solund 10.8.1894, d. i Kristiansand 21.10.1989. 

 

     ##### (gift Gunleiksrud – lagnad?)

 

e. Peter Jonasson Humledal, kjend som Peter Jonassen, f. i Solund 24.10.1896, d. på ein gamleheim i Bergen 1.1.1984.  Peter gifte seg i Nykyrkja i Bergen 21.2.1922 med Anna Tollaksdotter Kvist frå Kvist i Vik, f. i Vik 10.4.1894.  Ho d. på eit sjukehus i Bergen 5.9.1980.  Peter var styrmann, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk ein son i lag.

b. Anna Sørensdotter (1863-1940), var dotter av Gjertrud og gardbrukarsonen Søren Olson frå Kråkås i Solund (1835-1881), sidan gardbrukar på Engevik i Solund.

Anna Sorenson utvandra til Amerika i 1882 og vart der borte gift første gongen med husmannsson og enkjemann Lars Thomasson frå Lykkja under Kjørlaug i Hafslo (1840‑1895) (s.d.), og sidan attgift med husmannsson og enkjemann Salomon Olson frå Tallehagen under Talle (1850‑1915) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med å komplettera denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Helge gifte seg første gongen på Evanger 18.6.1878 med Ingeborg Sjursdotter frå Hylderås.  Hovar dotter av husmann Sjur Askildson på

 

##### (kva plass?)

 

under Hylderås, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Mykkeltveit? – gift Voss 27.5.1734)

 

og kona Ingeborg Nilsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Styve?)

 

og f. på Evanger, Voss 25.5.1847.  Ho d. som legdelem på Bjørge, Evanger 17.10.1891. 

 

Sjur Askildsen døde på Hylderås i 1861:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000587866

 

Name: Sjur Askildsen
Spouse's Name: Ingeborg Neilsdr
Event Date: 27 May 1834
Event Place: Voss,Hordaland,Norway
Father's Name: Askild Torbiornsen
Spouse's Father's Name: Neils Olsen
 
SAB, Voss Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 12, 1823-1837, s. 308
 
 
 
Name: Siuer Askildsen
Christening Date: 14 Feb 1802
Christening Place: EVANGER,HORDALAND,NORWAY
Father's Name: Aschield Torbiorensen
Mother's Name: Anna Knudsdr
 
SAB, Voss Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 9, 1780-1810, s. 206
 
Askild Torbjørnsen giftet seg i 1790:
 
Dette er antakelig dåpen til Ingeborg Nilsdatter:
 
Foreldrene til Ingeborg giftet seg i 1810:
 
 
 
 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Hei Lars,

I #17 skriv du; "Jonas Fredrikson fekk ei dotter frå første ekteskapet og to søner frå det andre, medan Helge Knutson hadde sju born frå første ekteskapet sitt."

 

Etter det eg har notert ned i oversikten min så fekk Jonas 3 barn i første (Frederik, Karine, Johanne), 2 barn i andre (Hans Andreas, Johan Berntin) og 5 barn med Anne Marie.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

 

a. Petrine Sofie Jonasdotter Humledal, f. i Solund 18.7.1887, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Hardbakke, Solund)

 

     4.2.1984.  Petrine gifte seg i Nykyrkja i Bergen 22.1.1915 med Reinhard Olai Johannesson Oddekalv frå Viken under Oddekalv, f. i Solund 18.12.1886.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Hardbakke, Solund)

 

     24.10.1968. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – minst fire!)

 

Trur Petrine var busett på Solund Aldersheim då ho døde i 1984. Reinhard er eg usikker på. Reinhard var vel hovedsakelig fiskar. Dei hadde 3 søner og 3 døtre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Pål Martinussen

Peter Jonassen og Anna Kvist er besteforeldre til min avdøde kone. De hadde 3 barn, Johan Teodor, f. 07.10.1922 Vik i Sogn, d. 08.03.2003 Bergen, begravd på Solheim gravplass, Bergen hvor foreldrene også ligger. Arnhild, død og Tryggve. Anna Kvist f. på Nesset i Kvamsøy sogn. Plassen kalles fortsatt Tallakplassen etter det jeg er fortalt. Dåp: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2050&idx_id=2050&uid=ny&idx_side=-10

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

 

 

Anna Sorenson utvandra til Amerika i 1882 og vart der borte gift første gongen med husmannsson og enkjemann Lars Thomasson frå Lykkja under Kjørlaug i Hafslo (1840‑1895) (s.d.), og sidan attgift med husmannsson og enkjemann Salomon Olson frå Tallehagen under Talle (1850‑1915) (s.d.).

 

1) Har du navna på første/tidligare ektefeller for både Lars Thompson/Thomson og Samuel/Salomon Olson?

2) har du stad og dato for Samuel/Salomon sin død?

3) Hadde Anna fleire enn 6 + 1 barn i desse ekteskapa?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Gisle og Pål for interessante og nyttige innlegg!

 

Først for å svara på siste innlegget til Gisle:

 

Utdrag frå manuskriptet mitt frå band VI, Kjørlog i Hafslo:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Lars Thomasson, f. 21.3.1840, gifte seg første gongen 9.4.1861 med Kirsti Einersdotter frå Opheim.  Ho var f. 13.9.1821.

Lewis og Christine Thompson utvandra til Amerika i 1861 og busette seg truleg alt då på ein farm i Sterling township, Vernon Co., Wis. der Christine d. kring 1863.  Lewis gifte seg 13.12.1864 att i Vernon Co., Wis. med Randi Olsdotter frå ein plass under Ytreli i Aurland, i Amerika kjend som Randi Olson.  Randi var dotter av husmann Ole Olson på ein plass under Ytreli og kona Martha Johannesdotter frå Ytreli og f. i Aurland 14.2.1834, men utvandra til Amerika i 1834.  Randi d. visstnok i Vernon Co., Wis. i 1882, dato ukjend, og 26.5.1883 gifte Lewis seg tredje gongen i Vernon Co., Wis. med Anna Sørensdotter frå Stubbøy under Øyane, i Amerika kjend som Anna Sorenson.  Ho var f. i Luster 24.12.1863, men utvandra til Amerika i 1882.  Lewis Thompson budde i alle fall med dei to siste konene sine på ein farm i Sterling township, Vernon Co., Wis. der han d. 25.9.1895.  Anna vart sidan attgift med husmannssonen, enkjemann Salomon Olson frå Tallehagen under Talle i Luster (1850-1915) og d. i Viroqua, Wis. 12.5.1940.  Lewis Thompson fekk i alt fjorten born; første ekteskapet vart barnlaust, men han hadde åtte born med andre kona og seks med den tredje:

a. Thomas Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 18.8.1865, d. i Vernon Co., Wis. 6.9.1865.

b. Kirstine Sophie Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 26.4.1867, d. i Vernon Co., Wis. 27.3.1870.

c. Thomas L. Thompson, tvilling, f. i Vernon Co., Wis. 10.4.1869, d. i Great Falls, Mont. 27.3.1916.  Thomas gifte seg første gongen i La Crosse, Wis. 24.2.1898 med Mathilda, kjend som Tillie Peterson, f. i Vernon Co., Wis. 29.10.1878.  Men Tillie d. i La Crosse, Wis. alt 14.6.1900, og kring 1902, dato og stad ukjende, gifte Thomas seg att med Elise, kjend som Alice Nerison.  Ho var f. i Houston Co., Minn. ?.11.1880 og d. etter 1941, dato og stad ukjende.  Som enkje gifte Alice seg att i Great Falls, Mont. 10.4.1917 med ein nordmann som i Amerika kalla seg for Peter O. Brown.  Me kjenner ikkje opphavet hans, men har funne at han var f. i Noreg ?.3.1871.  Han skal ha utvandra til Amerika i 1891 og d. i Great Falls, Mont. 27.1.1941.  Thomas Thompson var elektrikar (”electrician”) og arbeidde som trikkekonduktør (“street car conductor”) i Great Falls, Cascade Co., Mont.  Peter Brown farma ei tid i School District 11 nær Raynsford, Cascade Co., Mont., men vart sidan fabrikkarbeidar (”smelter striper”) i Great Falls, Cascade Co., Mont.  Thomas fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Alice, medan andre ekteskapet hennar vart barnlaust.

d. Martha Marie Thompson, likeins tvilling, var f. i Vernon Co., Wis. 10.4.1869, men d. i Vernon Co., Wis. 22.4.1869.

e. Kirstine Marie Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 1.3.1871, d. i Vernon Co., Wis. 16.8.1873.

f. Ole Johan Thompson, tvilling, f. i Vernon Co., Wis. 25.5.1873, d. i Viroqua, Wis. 3.3.1973.  Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 31.3.1896 med enkja Christine T. f. Lewison, dotter av husmannssonen Torkild Larsson frå Meljane under Mørkrid i Luster (1837-1923).  Christine var f. i Vernon Co., Wis. 15.11.1872 og d. i Viroqua, Wis. 7.10.1953.  Ho hadde før vore gift med husmannssonen Johannes Tollefson frå Einehaugen under Sørheim i Luster (1870-1895).  Ole og Christine farma i Franklin township, Vernon Co., Wis., men flytte sidan til Viroqua, Vernon Co., Wis. der Ole var hotelleigar (“hotel owner and operator”).  Dei fekk åtte born i lag.

g. Martin Severin Thompson, likeins tvilling, var f. i Vernon Co., Wis. 25.5.1873, men d. i Vernon Co., Wis. 23.8.1873.

h. Margrethe, kjend som Margaret L. Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 2.4.1875, d. i Minneapolis, Minn. 11.11.1941.  Ho gifte seg kring 1905, dato og stad ukjende, med Michael Gregor Schomers, f. i La Crosse Co., Wis. 10.3.1878.  Han d. i La Crosse, Wis. 17.12.1943.  Michael Schomers var jarnbanearbeidar (“railroad worker”), og han og Margaret budde for det meste i Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Ingen born.

i. Dena Sophie Kirstine, kjend som Christine D. Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 8.12.1883, d. ugift i Vernon Co., Wis. 22.4.1906.

j. Martin Elaus Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 22.4.1885, d. ugift i Vernon Co., Wis. 20.10.1905.

k. Anders Julius Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 14.5.1887, d. i Vernon Co., Wis. 12.11.1902.

l. Albert Lenvik Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 16.4.1891, farma i Sterling township, Vernon Co., Wis. der han d. ugift 4.3.1912.

m. Galena Sophie, kjend som Sophie Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 24.7.1893, d. i Minneapolis, Minn. 5.3.1919.  Sophie var kontordame (”office worker”) og budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., ugift.

n. Lars Arthur Thompson, f. i Vernon Co., Wis. 9.3.1896, d. i Vernon Co., Wis. 11.8.1907 då han drukna i Bad Ax Creek.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

og so utdrag frå band III, Talle i Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 4. Salomon Olson, f. 19.4.1850,

Salomon Olson utvandra til Amerika i 1870 og gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 12.10.1875 med Bergit, kjend som Betsy Swenson, dotter av sølvsmed Ole Svendson Thon (1812-1892) som ei tid var innerst i Stegane under Åsen.  Betsy var f. i Wisconsin 23.10.1852.  Salomon var snikkar ("carpenter"), men han og Betsy slo seg ned på ein farm i Sterling township, Vernon Co., Wis.  Betsy Olson d. i Vernon Co., Wis. 28.9.1893, og 24.7.1904 gifte Salomon seg att i Vernon Co., Wis. med enkja Anna Sørensdotter, opphavleg frå Stubbøy under Øyene, i Amerika kjend som Anna Sorenson.  Ho var f. i Luster 24.12.1863 og utvandra til Amerika i 1882.  Ho hadde før vore gift med husmannssonen Lars Thomasson frå Lykkja under Kjørlaug i Hafslo (1840-1895).  Salomon og Anna budde kan henda ei tid på farmen hans i Sterling township, Vernon Co., Wis., men flytte sidan inn til Viroqua, Vernon Co., Wis. der Salomon d. 3.8.1915.  Anna Olson d. same staden 12.5.­1940.  Salomon Olson fekk i alt sju born; seks av dei var frå første ekteskapet, medan Anna var mor til yngste dotteri:

a. Johanna Amalia, kjend som Hannah Olson, f. i Vernon Co., Wis. 5.9.1876, d. i St. Louis, Ill. 14.4.1949.  Ho gifte seg i Vernon Co., Wis. 12.11.1899 med Martin Simpson.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 1.7.1878 og d. i Vernon Co., Wis. 31.8.1925.  Hannah og Martin Simpson farma i Sterling township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born.

b. Ida Marie Olson (1878-1955), vart gift med Gilbert Einar Johnson (1877-1938), son av gardbrukarsonen Anders Nitter Johannesson frå Høyeim (1824-1880) (s.d.).

c. John Melvin Olson, f. i Vernon Co., Wis. 22.2.1882, d. ugift i Viroqua, Wis. 24.6.1954.  John Olson var landhandlar ("general store owner and operator") og budde i Bristow, Sterling township, Vernon Co., Wis.

d. Anna Marie, kjend som Mary Ann Olson, f. i Vernon Co., Wis. 6.1.1884, d. i Montana 15.3.1915.  Ho gifte seg i Manhattan, Mont. 9.11.1909 med Frederick Adelbert, kjend som Delbert McLees.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 16.9.1888 og d. i Manhattan, Mont. 6.1.1954.  Mary Ann og Delbert farma i Madison Valley, Gallatin Co., Mont., men var barnlause.

e. Julia Olson, f. i Vernon Co., Wis. 14.7.1887, levde framleis i 1983.  Ho gifte seg første gongen i Bozeman, Mont. 4.4.1912 med enkjemannen John Morrison McLees som var f. i Vernon Co., Wis. 20.7.1890.  Han hadde før vore gift med ei Jean Goman.  Men John d. i Butte, Mont. alt 16.9.1912 utan at me no veit noko meir om han, og 9.6.1917 gifte Julia seg att i Bozeman, Mont. med Harold McLees.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 30.3.1895 og d. i Tromberg, Mont. ?.2.1954.  Harold og Julia farma i Madison Valley, Gallatin Co., Mont.  Julia fekk ei dotter, og ho var frå andre ekteskapet.

f. Gilbert Oscar Olson, f. i Vernon Co., Wis. 9.9.1889, d. i Viroqua, Wis. 14.1.1970.  Gilbert gifte seg i Vernon Co., Wis. 31.12.1913 med Ida Glenn som var f. i Wisconsin i 1892.  Ho er òg avlidi, men datoen vantar førebels.  Gilbert dreiv matvare­forretning ("grocery store owner and operator") i Viroqua, Vernon Co., Wis., og han og Ida fekk tre born.

g. Jemyra Christine, kjend som Christine Olson, f. i Vernon Co., Wis. 30.8.1906, d. i Viroqua, Wis. 6.5.1973.  Christine gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 22.5.1929 med Stanley Palmer Erickson.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 12.8.1907 og d. i Beloit, Wis. 27.8.1966.  Christine og Stanley Erickson farma nær Viroqua, Vernon Co., Wis., men vart skilde, og 17.6.1961 gifte Christine seg att i Vernon Co., Wis. med Lee Roy Snell.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 24.5.1897 og d. i Viroqua, Wis. 21.3.1972.  Lee Roy Snell var farmar og lastebilsjåfør ("farmer and truck driver"), medan Christine var lærar ("school teacher").  Dei budde i Viroqua, Vernon Co., Wis.  Christine fekk ingen born i nokon av ekteskapi.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar dette kan vera til nytte!

 

For so å komma attende til hovudspørsmålet om huslyden til Anna Marie Pedersdotter Nesøy, so er eg framleis svært usikker når det gjeld opphavet og bustadane til foreldri hennar Ingeborg Sjursdotter Hyljerås.  Finst det kanskje svar på dette i ei bygdebok for Evanger?

 

Elles har eg oppdatert manuskriptet for Gjertrud Andersdotter, som no ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Andersdotter (Øiene), f. i Luster 7.8.1833,

Gjertrud Andersdotter flytte i 1850-åri til Solund i ytre Sogn der ho var tenestejente ulike stader fram til 1863.

Gjertrud Andersdotter flytte hausten 1863 attende til Stubbøy som innerst og tente sidan i Luster fram til 1884.

Gertrude Anderson utvandra i 1884 til Amerika og busette seg hjå dotteri Anna i Sterling township, Vernon Co., Wis. og flytte sidan med dotteri til Viroqua, Vernon Co., Wis. der ho d. 26.6.1922.  Gertrude var ugift.

Men Gjertrud Andersdotter fekk to døtrer, medan ho var i Sogn:

a. Anna Marie Pedersdotter, dotter av Gjertrud og gardbrukar Peder Sjurson på Nesøy i Solund (1817-1906), opphavleg frå Veum i Aurland, var f. i Solund 12.1.1861.

Anna Pedersdotter voks opp hjå far sin på Nesøy i Solund og gifte seg første gongen i Solund 1.10.1886 med enkjemannen Jonas Fredrikson, opphavleg frå Ravnøy i Solund.  Han var son av husmann Fredrik Jonasson i Hatleviki under Ravnøy, opphavleg frå Steindal og kona Britha Pedersdotter frå Sandviki under Tangenes og f. i Solund 19.7.1845.  Han gifte seg første gongen i Solund 20.7.1872 med Anna Oline Jørgensdotter frå Hagen.  Ho var dotter av husmann Jørgen Johannesson, truleg i Hagebotnen under Hagen, opphavleg frå Ulvik i Askvoll, og kona Johanna Olsdotter frå Hagen og f. i Gulen 24.1.1839.  Ho d. som husmannsklone i Hagen 24.1.1878, og Jonas gifte seg att i Solund 14.6.1879 med Synneva Pedersdotter frå Hagen.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Christopherson i Hagen, opphavleg frå Kvaleim i Balestrand, ein soneson av gardbrukardotteri Anna Christophersdotter frå Skagen i Luster (1723-1798), og kona Britha Hansdotter frå Tue i Balestrand og f. i Solund 9.3.1843.  Men Synneva vart sjuk og d. på pleiestiftelsen i Bergen 20.7.1885.  Jonas Fredrikson budde med første kona si på heimeplassen hennar under Hagen i Solund, men fekk i 1878 feste på plassen Humledalsvågen nordre under Humlevåg i Solund der han d. som husmann 14.4.1897.  Anna budde ei tid som enkje på Hop i Solund, men gifte seg att på Evanger, Voss 10.5.1905 med enkjemannen Helge Knutson, opphavleg frå Gjeilen på Evanger.  Han var son av gardbrukar Knut Helgeson på Gjeilen, opphavleg frå Kjenes på Evanger, og kona Guro Johannesdotter frå Gjeilen og f. på Evanger, Voss 11.3.1851.  Helge gifte seg første gongen på Evanger 18.6.1878 med Ingeborg Sjursdotter frå Hyljerås.  Ho var dotter av husmann Sjur Askildson på

 

##### (kva plass?)

 

under Hyljerås, opphavleg frå ein plass

 

##### (kva plass? – gift Voss 27.5.1834)

 

under Mykkeltveit, og kona Ingeborg Nilsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – Styve? – eller Hyljerås?)

 

og f. på Evanger, Voss 25.5.1847.  Ho d. som legdelem på Bjørge, Evanger 17.10.1891.  Helge Gjeilen var mellom anna husmann under Bjørgo, men var med Anna husmann på Stegen under Rørgo på Evanger, Voss der han d. 1.5.1924.  Anna Gjeilen d. på Evanger 11.5.1952.  Jonas Fredrikson fekk tre born i første ekteskapet sitt og to i det andre, medan Helge Knutson hadde sju born frå første ekteskapet sitt.  Anna Pedersdotter fekk i alt fem born, og dei var alle frå første ekteskapet hennar med Jonas Fredrikson:

a. Petrine Sofie Jonasdotter Humledal, f. i Solund 18.7.1887, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gamleheimen i Solund? – gravlagd Hardbakke, Solund)

 

     4.2.1984.  Petrine gifte seg i Nykyrkja i Bergen 22.1.1915 med Reinhard Olai Johannesson Oddekalv frå Viken under Oddekalv, f. i Solund 18.12.1886.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Hardbakke, Solund)

 

     24.10.1968.  Reinhard var fiskar, og han olg Petrine budde

 

     ##### (bustaden deira?)

 

     Dei fekk seks born i lag.

b. Jakobine Johanne Jonasdotter Humledal, f. i Solund 15.9.1889, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1980 på gamleheimen i Solund?)

 

     Jakobine gifte seg i Solund 30.11.1908 med enkjemannen Ole Johan Sørenson, opphavleg frå Kråkevågen, f. i Solund 22.3.1856.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1950.  Ole Johan hadde vore gift to gongar før og budde som husmann på Hopsneset under Hop.  Han fekk to born, som båe var frå siste ekteskapet med Jakobine.

c. Fredrikke Serine, kjend som Serina Jonasdotter Humledal, f. i Solund 11.12.1891, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Bolstadøyri, Voss)

 

     19.10.1984.  Serina gifte seg på Evanger, Voss 21.7.1920 med Brynild, kjend som Brynjulv Helgeson Bolstad frå

 

     ##### (ein plass?)

 

     under Bolstad, f. på Evanger 15.12.1891.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Bolstadøyri, Voss!)

 

     17.8.1976. 

 

     ##### (yrke og bustad? – Nyheim, Bolstad)

 

     Dei fekk fem born i lag.

d. Ingeborg Alette Jonasdotter Humledal, f. i Solund 10.8.1894, d. i Kristiansand 21.10.1989. 

 

     ##### (gift Gunleiksrud – lagnad?)

 

e. Peter Jonasson Humledal, kjend som Peter Jonassen, f. i Solund 24.10.1896, d. på ein gamleheim i Bergen 1.1.1984.  Peter gifte seg i Nykyrkja i Bergen 21.2.1922 med Anna Tollaksdotter Kvist frå Kvist i Vik, men f. på Tallakplassen under Nesset i Kvamsøy 10.4.1894.  Ho d. på eit sjukehus i Bergen 5.9.1980.  Peter var styrmann, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk tre born i lag.

b. Anna Sørensdotter (1863-1940), var dotter av Gjertrud og gardbrukarsonen Søren Olson frå Kråkås i Solund (1835-1881), sidan gardbrukar på Engevik i Solund.

Anna Sorenson utvandra til Amerika i 1882 og vart der borte gift første gongen med husmannsson og enkjemann Lars Thomasson frå Lykkja under Kjørlaug i Hafslo (1840‑1895) (s.d.), og sidan attgift med husmannsson og enkjemann Salomon Olson frå Tallehagen under Talle (1850‑1915) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Framleis manglar det nokre detaljar, men dei fleste ligg fram på 1900-talet, so det vert truleg vanskeleg å få tak i desse utan direkte kontakt med nolevande etterkomarar?

 

Eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp for å komplettera denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Tusen takk for utdrag fra Band III og V!. Då kom det mykje på plass :)

 

Dessverre har eg ikkje svar på dei detaljane du etterspør.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.