Gå til innhold
Arkivverket
Terese Stenhjem

Slektsgranskning Stenhjem. Ole Pedersen Bjelle og Johanna Johannesdotter

Recommended Posts

Terese Stenhjem

Hei!

Jeg har nylig startet med slektsgranskning av min egen slekt. Jeg holder nå på å granske min farfar (f. 1923, Bergen) Willy Kåre Johan Stenhjems forfedre, men nå sitter jeg litt fast.

Jeg har funnet hans foreldre: Ole/Olaf Johan Stenhjem (f. Ole Johan Olsen Bjelle, 1897, Stenehjem Gård, Sogndal) og Gudrun Pedersen (f. 1898, Hadsel).

Jeg har funnet masse informasjon på Gudrun, men veldig lite etter Ole Johan Stenhjem sine foreldre: Ole Pedersen Bjelle (f. 1835, Stenehjem, Sogndal) og Johanna Johannesdotter (f. 1852). Jeg prøver å finne ut hvem deres foreldre er osv. Er det noen som kan hjelpe meg?


Med vennlig hilsen

Terese

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gunnar Larsen

Hei!

Jeg har nylig startet med slektsgranskning av min egen slekt. Jeg holder nå på å granske min farfar (f. 1923, Bergen) Willy Kåre Johan Stenhjems forfedre, men nå sitter jeg litt fast.

Jeg har funnet hans foreldre: Ole/Olaf Johan Stenhjem (f. Ole Johan Olsen Bjelle, 1897, Stenehjem Gård, Sogndal) og Gudrun Pedersen (f. 1898, Hadsel).

Jeg har funnet masse informasjon på Gudrun, men veldig lite etter Ole Johan Stenhjem sine foreldre: Ole Pedersen Bjelle (f. 1835, Stenehjem, Sogndal) og Johanna Johannesdotter (f. 1852). Jeg prøver å finne ut hvem deres foreldre er osv. Er det noen som kan hjelpe meg?

 

 

Med vennlig hilsen

Terese

 

Dette kan være dåpen til Ole Pedersen

 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11660&idx_id=11660&uid=ny&idx_side=-75

nr.54

 

Mvh

Gunnar

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Legger inn telling 1900,sånn for orden's skyld.
http://digitalarkivet.arkivverket.no/en-gb/ft/person/pf01037345000674

 

Kan Ole Pedersen ha vært gift 2 ganger?

Her med kona Agathe i 1865?
http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1420&kenr=004&bnr=0054&lnr=000

 

Vielse 20 feb 1861 i Sogndal.
https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BW-N4K
 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sogndal, Ministerialbok nr. A 13 (1859-1877), Ekteviede 1861, side 179. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6925&idx_id=6925&uid=ny&idx_side=-182
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070115370182.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Vielsen til Ole og Johanne i 1882

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Ministerialbok nr. B 1 (1878-1899), Ekteviede 1882, side 115. 
Permanent sidelenke:  http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6926&idx_id=6926&uid=ny&idx_side=-111

 

Hun er fra Mo i Hafslo

 

 

Endret av Leif B. Mathiesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Her er konfirmasjon til Johanne Johannesdatter

Nr. 73

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 12 (1852-1885), Konfirmerte 1869, side 136-137. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6864&idx_id=6864&uid=ny&idx_side=-72

 

 

Og i FT 1865   Hun er "uekte" født.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038260001291

Endret av Leif B. Mathiesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Johannes dåp i 1853 nr.55

Foreldre Ungk.Johannes Nielsen Sætre og Pige Anne Ingb.(rikts)d.(atter) Mælheim

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 9 (1852-1873), Fødte og døpte 1853, side 21-22. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8393&idx_id=8393&uid=ny&idx_side=-16

Endret av Leif B. Mathiesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hei Terese og velkomen i slektsgranskingsfamilien!

 

Som bygdebokskrivar for Luster kommune har eg bra med opplysningar om denne slekti sidan båe konene til Ole Pederson Stenehjem kom frå Luster kommune, første kona Agatha frå Jostedalen og andre kona Johanna frå Hafslo.

 

Forfedrane til både Agatha og Johanna kan sporast langt attende i tid (1600-talet), men her følgjer eit utdrag av kva som er prenta i band X (2013) av Gards- og Ættesoga for Luster kommune, gnr. 148, Mo, husmannsplassen Brannmyr 3, om Johanna og mor hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Jensson Moe, frå Smedegarden under Alme, vart døypt 14.3.1830 og d. som legdelem under Mo 29.1.1890.  Han gifte seg 9.6.1858 med Anna Ingebrigtsdotter frå Brigteplassen under Melheim.  Ho var f. 1.7.1832 og d. som husmannsenkje under Mo 27.12.1915.  Peder og Anna fekk rydda seg ein ny plass på Brannmyr kring 1860, men Peder livnærte seg òg som kyrkjetenar og gravar.  Han og Anna fekk åtte born ilag [ikkje medtekne i dette utdraget]; dessutan hadde Anna ei dotter frå før:

 1. Johanna Johannesdotter, dotter av Anna og husmannssonen Johannes Nilsson frå Vetlesætre under Solvi (1830-1910), var f. 17.7.1853,

Johanna Johannesdotter flytte til Sogndal der ho 31.5.1882 gifte seg med enkjemannen Ole Pederson, opphavleg frå Bjelde i Sogndal.  Han var son av husmann Peder Pederson og kona Mildrid Johannesdotter på ein plass under Bjelde og f. i Sogndal 24.5.1835.  Han hadde før vore gift med husmannsdotteri Agatha Endresdotter frå Fossehaugen under Fossen i Jostedalen (1830-1879).  Ole og Agatha hadde vore husmannsfolk på Bjelleleitet under Stenehjem i Sogndal, og bortsett frå nokre år på ein plass under Reppen, budde ogso Ole og Johanna på Bjelleleitet under Stenehjem.  Ole d. på Bjelleleitet 30.4.1902, medan Johanna i 1926 flytte inn på gamleheimen i Sogndal der ho d. 27.12.1926.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Peder Olson Stenehjem, tvilling, f. i Sogndal 22.8.1882, d. på Bjelleleitet 16.9.1901.

b. Anna Olsdotter Stenehjem (1882-1964), flytte attende til Hafslo som gift med gardbrukar Peder Hermundson Kvam i Kvam på Veitastrondi (1889-1973) (s.d.).

c. Johannes Olson Stenehjem, sidan kjend som John O. Stenjem, f. i Sogndal 5.12.1884, flytte i 1904 til Stalheim, Vossestrand, men utvandra i 1906 til Amerika.  Han gifte seg i Stoughton, Wis. 6.11.1915 med Julia Jorgenson, ei sonedotter av husmann Jørgen Einerson på Resalandsbøen under Resaland i Sogndal (1814-1904), opphavleg husmannsson frå Røyteviki under Nes.  Ho var f. i Dane Co., Wis. 31.8.1889.  John var ei tid fabrikkarbeidar (”wagon factory worker”) i Stoughton, Dane Co., Wis., men han og Julia flytte kring 1920 til ein farm i Dunkirk township, Dane Co., Wis.  John d. i Stoughton, Wis. 30.11.1950, medan Julia Stenjem d. same staden 17.8.1963.  Dei fekk åtte born i lag.

d. Olina Olsdotter Stenehjem, f. i Sogndal 11.1.1887, d. i Sogndal 11.1.1887.

e. Andrina Olsdotter Stenehjem, f. i Sogndal 8.5.1888, var sjukleg og flytte i 1926 med mor si inn på gamleheimen i Sogndal der ho d. 30.12.1961, ugift.

f. Nils Olson Stenehjem, sidan kjend som Nils O. Stenejem, f. i Sogndal 4.1.1891, utvandra til Amerika i 1908 og vart farmarbeidar i og kring Stoughton, Dane Co., Wis., men d. i Janesville, Wis. 16.4.1965, ugift.

g. Dortea Olsdotter Stenehjem, f. i Sogndal 21.6.1894, d. Bjelleleitet 19.6.1901.

h. Ole Johan Olson Stenhjem, f. i Sogndal 8.3.1897, d. i Bergen 23.1.1970.  Han gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 13.11.1920 med Gudrun Karlsen frå Vik i Hadsel, f. i Hadsel 16.10.1898.  Ho d. i Bergen 26.4.1970.  Ole Stenhjem var skreddarmeister, og han og Gudrun budde i Bergen.  Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar dette er av interesse og at eg soleis kan bidra til å auka interessen din for ættegransking!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Moren Anna Ingebrigtsdatters dåp  nr.60

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Ministerialbok nr. A 4 (1821-1834), Fødte og døpte 1832, side 72. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11456&idx_id=11456&uid=ny&idx_side=-74

 

Foreldrene i FT1865

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038260003423

 

 

Og der kom Lars med  resten.   :)  

 

Nå håper jeg Terese at du har et bra slektsprogram (på den egen maskin) hvor du kan legge inne alle opplysningen  og alle lenker til kirkebøker o.l.

Det finnes flere bra gratisprogrammer  på norsk. (jeg bruker  Legacy.)

Jeg vil ikke anbefale å begynne nettbaserte programmer som Geni eller MyHeritage i først omgang. 

Lykke til   :)

Endret av Leif B. Mathiesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terese Stenhjem

:D Å! Tusen takk alle sammen! Ja, nå har jeg masse å forske videre på.
Tusen takk for all info og all hjelp!

 

 

Med vennlig hilsen
Terese

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.