Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Halvorson - fødd i Hafslo 1795 - konfirmert i Ibestad i Troms 1817 - kvar vart det av denne guten - Tromsø eller Askøy?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Halvorson vart døypt i Hafslo 13.9.1795.

Faren var Halvor Christenson (1763-1832), husmannsson frå Hagen under garden Sørheim i Luster, men gift i Hafslo 1803 med Synneva Olsdotter Heggestad (1774-1842).  Kring 1808 flytte dei, truleg som ein del av haugianarrørsli i Sogn, til Aukra i Romsdalen der dei budde som husmannsfolk på plassen Setet under Svinset ved Julsundet.  Dei fekk sju born i lag.

Mori var Anna Ingebrigtsdotter (1774-1840), gardbrukardotter frå garden Grov i Solvorn sokn i Hafslo, flytte i 1790-åri, truleg etter denne fødsli, til Bergen og fekk der ei dotter Martha Marie Nilsdotter i 1818 før ho flytte heimatt til Grov i Solvorn.  Ho var ugift.  Dotteri var gift i Bergen, men døydde barnlaus.

Eg er absolutt HEILT BLANK når det gjeld Johannes Halvorson.  Eg rekna nesten med at han døydde i ung alder, sidan han ikkje vart konfirmert i Hafslo, og no har han dukka opp i IBESTAD av alle stader der han vart konfirmert i 1817 (sjå nr. 22):

 

Kildeinformasjon: Troms fylke, Ibestad, Ministerialbok nr. 4 (1801-1824), Konfirmerte 1817, side 208.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9659&idx_id=9659&uid=ny&idx_side=-183
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070604640430.jpg

 

Korleis denne guten er hamna i Troms, kan eg ikkje forstå; han hadde ikkje slekt der oppe etter det eg veit.  Kanskje heiv han seg på ei nordlandsjekt i Bergen?

 

Eg kan ikkje sjå at han vart gift eller seinare busett i Ibestad, so kvar vart det av han??

 

Eg ser at ein Johannes Halvorson og ei Marte Marie Larsdotter får ei dotter Marte Sophie i Tromsø 10.6.1838:

 

Kildeinformasjon: Troms fylke, Tromsø, Ministerialbok nr. 9 (1837-1847), Fødte og døpte 1838, side 11.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2914&idx_id=2914&uid=ny&idx_side=-13
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050309010885.jpg

 

Elles ser det ganske so «turt» ut med forekomster av dette namnet i dei nordlege fylki!

Flytte han kanskje sørpå att?  Ein Johannes Halvorson gifte seg på Askøy 4.10.1818 med ei Martha Rasmusdotter!?  Men ikkje finn eg vigsli i originalprotokollen, og heller ikkje kan eg sjå at det er registrert born etter dei!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for nytt innlegg!

 

Jau, dette er «vår» Johannes Halvorson som var fosterbarn på ein plass under Sørheim i Luster der far hans kom ifrå, men der vart han nok ikkje buande...

 

Eg vonar han vil dukka opp i kjelder etter 1817 og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nyttiig og spennande innlegg!

 

I utgangspunktet tykte eg at denne Johannes Halvorson såg svært so spennande ut, men eg har søkt litt ikring, og eg oppdagar no at matros Johannes HalDorson Gjøsten og Martha Rasmusdotter Dahle fekk ei «uekte» dotter Marthe Johanne i Krosskyrkja i Bergen, fødd 24.12.1817, døypt 4.1.1818

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 13 (1815-1822), Fødte og døpte 1818, side 33.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8683&idx_id=8683&uid=ny&idx_side=-36
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321630401.jpg

 

So då er nok det løpet «køyrd»!

 

Kanskje er det han som i 1838 gav «livsteikn» frå seg i Tromsø?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Johannes Halvorson frå Hafslo!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg. dåpen til Marte Sophie er moren  fra Tennes i Balsfjord.

Her er konfirmasjonen.nr.16

 

Kildeinformasjon: Troms fylke, Tromsø, Ministerialbok nr. 10 (1848-1855), Konfirmerte 1855, side 191. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=299&idx_id=299&uid=ny&idx_side=-188

 

(Balsfjord tilhørte Tromsø prestegjeld til 1856)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for eit nytt interessant innlegg!

 

Det kan sjå ut som om Martha Sophie vaks opp i Balsfjord (eller i Malangen), og her finn eg òg vigsli hennar 9.6.1864 med Ole Pederson:

 

Kildeinformasjon: Troms fylke, Malangen i Balsfjord, Ministerialbok nr. 1 (1858-1870), Ekteviede 1864, uten sidenr.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2882&idx_id=2882&uid=ny&idx_side=-84
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050311020084.jpg

 

I åri fram til 1881 får dei ifølgje FamilySearch åtte born i Malangen

 

Her er dei på Storsteinnes i Malangen 1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1933&kenr=007&bnr=0021&lnr=00

 

Men ikkje noko meir å sjå til far hennar...

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.