Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Halvorson - fødd i Hafslo i 1804 - flytte 1808 med (haugianske) foreldre til Aukra - sidan til Trondheim - ukjend bustad i 1843 -kvar vart han av?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ole Halvorson, son av Halvor Christenson (1763-1832) og Synneva Olsdotter (1774-1842), haugianarar og frå 1808 busett som plassfolk på Setet under garden Svinset ved Julsundet i Aukra, vart døypt i Hafslo i Sogn 1.11.1804.

 

I samband med eit skifte som vart halde i Sogn i 1843, får me vita at Ole Halvorson var flytt til Trondheim og at han der hadde vore i teneste hjå oberstløytnant Johannes Georg Bodum, men ingen visste å seia noko om bustaden hans i 1843!

 

Er det kanskje mogeleg i dag, 173 år etter, å finna ut kvar det vart av Ole?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Fra Ovenstads militærbiografier, bind 1. 

post-541-0-35068300-1460404089_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser at Johannes Bodum og kona Susanne i alle fall hadde en datter til dåpen i Vår Frue Kirke i Trondheim:

 

Marie Margarethe, født 1824, døpt 1825

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, Ministerialbok nr. 602A06, 1821-1839, s. 37

 
 
I 1827 hadde de en datter til dåpen i Lade i Strinda:
 
Elisabet Petrona, f. 1826, døpt 1827:
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, Ministerialprotokoll, Strinda prestegjeld, Lade sokn, Ministerialbok nr. 606A04 /1, 1823-1840, s. 79
 
I 1829 hadde de enda en datter til dåpen i Lade:
 
Mangnhild, f. 1828, døpt 1829
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, Ministerialprotokoll, Strinda prestegjeld, Lade sokn, Ministerialbok nr. 606A04 /1, 1823-1840, s. 89
 
 
 
 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg om oberstløytnanten som Ole Halvorson tente hjå i Trondhjeim - eller i Strinda...  Eg ser at oberstløytnanten flytte til Fredrikstad.  Kan Ole Halvorson vera flytt med dit?

 

Eg har søkt etter vigde Ole Halvorson både i Sør-Trøndelag og i Fredrikstad, men finn ikkje nokon som kan høva med «vår» Ole.  Det vert nok ikkje so lett å finna denne karen att, men eg takkar likevel på ny for alle gode tips og freistnader!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg om oberstløytnanten som Ole Halvorson tente hjå i Trondhjeim - eller i Strinda...  Eg ser at oberstløytnanten flytte til Fredrikstad.  Kan Ole Halvorson vera flytt med dit?

 

Eg har søkt etter vigde Ole Halvorson både i Sør-Trøndelag og i Fredrikstad, men finn ikkje nokon som kan høva med «vår» Ole.  Det vert nok ikkje so lett å finna denne karen att, men eg takkar likevel på ny for alle gode tips og freistnader!

 

Det har sikkert ikke betydning i denne sammenhengen, men jeg spør - av ren nysgjerrighet: i hvilket skifte er Ole nevnt i 1843? Var etter søsken av foreldrene?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Bjerkevoll

Litt på siden av temaet, men nevner det her.

Om opplysningene fra Aukra er tatt fra bygdebok for Midsund så er der en feil vedrørende bror til Ole Halvorsen. Det står nemlig at Sivert Halvorsen var gift 2. gang med Anne Marta Olsdtr f. 1807, dt. til Ole Olsen og Guri Pedersdtr Gjelstenli. Dette er feil. Anne Marta var barnebarn til de to nevnte og hette Anne Marta Knudsdatter f 1834. At ho ikke kan være fødd i 1807 skjønner vi også av at ho får et barn i 1874 med Sivert, Ole Bernt som i 1900 er titulært skreddermester i Ålesund.

 

Kilde, Bygdebok for Vestnes, Fiksdal sogn side 419:

 

 http://www.nb.no/nbsok/nb/7cbefa6baf7a71a9f5e8a82d57db6ad2?index=4#422 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Helge for nye innlegg om denne ætti.

 

Til Grethe: Det er so mange år sidan eg fann denne opplysningi at eg no ikkje kan hugsa kva for eit skifte det var!  Men eg hugsar eg las igjennom ein «bunke» med papir, og eg trur det var i ein pakke med skiftedokument frå 1843!

 

Til Helge: Det eg har notert om broren Sivert, er følgjande:

 

d. Sivert Halvorson, f. i Aukra 15.10.1809, d. som kårmann på Setet i Aukra 16.2.1887.  Sivert gifte seg første gongen i Aukra 20.4.1834 med Berit Arnesdotter frå Tornes nedre i Fræna, den gongen ein del av Aukra.  Ho vart døypt i Aukra 1.11.1801 og d. som gardbrukarkone i Sølvika 23.4.1871.  Sivert gifte seg att i Aukra 28.6.1873 med Ane Martha Pedersdotter frå Heggdal nordre i Aukra, f. på Gjelstenli i Vestnes 12.6.1834.  Ho d. som enkje på Hole i Aukra 16.2.1910.  Sivert tok over heimeplassen på Setet under Svinset i Aukra, men kjøpte ut plassen og vart sjølveigar.  I 1861 vart han og første kona Berit gardbrukarar i Sølvika i Aukra og flytte dit, men Sivert med andre kona Ane flytte sidan som kårfolk attende til Setet, men då Ane vart enkje, gifte ho seg att med ein kårmann på Hole i Aukra og flytte dit.  Sivert fekk i alt seks born, fem frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

 

Eg har altso korkje Olsdotter eller Knutsdotter på jenta det er snakk om, men Pedersdotter, jmf. kyrkjeboki:

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Aukra i Aukra, Ministerialbok nr. 560A04 (1873-1878), Ekteviede 1873, side 206.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6372&idx_id=6372&uid=ny&idx_side=-59
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070308610396.jpg

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Bjerkevoll

Du har sjølvsagt rett Lars. Faren til Ane Marta var ungkarl Peder Knudsen Nakken Øvre. Grundig arbeid!

Kanskje ikke helt presist å sei at Ane Marta var frå Heggdal nordre, ho var både døypt og konfirmert (1849) i Vestnes. Men budde hjå faren på Heggdal i 1865.

Kan legge til (etter Midsund I) at Setet som frå gamalt av hadde vore egen gard, igjen fikk denne statusen etter matrikkelen i 1838. Slik at Sivert ikkje berre vart sjølveigar på bruket sitt, men eigde ein heil gard. Det som i dag er gardsnr. 31 Setet i Midsund.  

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Helge for supplerande opplysningar.  Det er ikkje so lett for ein «utlending» som meg å kjenna slike lokale detaljar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.