Gå til innhold
Arkivverket

Julie Sophie Jacobea Hjortdahl, f. Borch - fødd på Bragernes 1818 - budde på Bragernes 1875 - døydde ho i Eiker? - kva dato?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i mange år vore på leiting etter opplysningar om dødsfallet til denne jenta, ogf spørsmålet har vore oppe før i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/175515-oppslag-i-bygdebok-stroemm-vestfold-garden-hoeien/?hl=hjortdahl

 

Men sidan problemstillingi ikkje går fram av den gamle emnetitelen, legg eg i dag denne saki ut på ny:

 

Julie Sophie Jacobea (Christophersdotter) BORCH var fødd på Bragernes i Drammen 24.12.1818 som dotter av kjøpmann Christopher Christopherson Borch og kona Petronelle Margethe Jacobsdotter f. Møller.  Julie gifte seg i Førde 6.1.1843 med Samuel Mandrup Hansson HJORTDAHL, døypt i Hafslo 7.7.1806.  Dei tok over som landhandlarar og gjestgjevarar etter foreldri hans i Sjøhola på Skei i Førde, men flytte kring 1857 til Strøm i Vestfold der dei var gardbrukarar på garden Høien.  Samuel døydde på Høien 29.12.1865, og først på 1870-talet flytte Julie med dei yngste borni deira attende til Bragernes, der ho budde i 1875:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052110009852

 

Kva som sidan skjedde, er so uklart!  Kyrkjebøkene for Bragernes har vore saumfare fram til 1900, men Julie er tydeleg IKKJE avlidi der!  Sonen Johan Emil Samuelson Hjortdahl, fødd i Førde 27.7.1855, utvandra til Amerika i 1880 og vert då sagt å reisa frå EIKER, so kanskje det var der mori òg budde på den tidi?  Kanskje døydde ho der?

 

Men Eiker har mange kyrkjesokn, og kvar i Eiker, om øvre eller nedre, ho kan ha butt, er heilt på det uvisse.  No vonar eg at kanskje ein eller annan har vore borti dette namnet og dødsfallet hennar eller har andre tips å komma med?  Kanskje hadde det vore ein fordel om me kunne oppspora borni hennar, men sjølv det synest vanskeleg...

 

Her kjem eit oversyn over dei åtte borni som Samuel og Julie fekk:

 

* Cecilia Margrethe Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 28.7.1843, gift Strøm i Vestfold 12.11.1863 med Karl Hagbart Haagenson Nilsen, f. 1833

* Johan Christopher Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 10.2.1845,

* Julie Sophie Jacobea Borch Samuelsdotter Hjortdahl, f. i Førde 7.4.1847, gift i Ålesund 27.11.1867 med Gjert Buck Olsen – 1900: gift rentenist Julie Ohlsen i Kristiansund – døydde i Kristiansund 2.12.1922

* Christopher Borch Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 26.2.1850, konf. Strøm 1866 – n. 1875

* Jacob Borch Samuelson Hjortdahl, f. i Drammen 4.11.1852, konf. Strøm 1868

* Johan Emil Samuelson Hjortdahl, f. i Førde 27.7.1855, konf. Strøm 1870 - Johan E. S. Hjortdahl utvandra 1880 (25) til Pestigo, WI frå Eiker!

* Nicolai Meydell Samuelson Hjortdahl, f. i Strøm (Hurum) 3.8.1859, konf. Bragernes 1875

* Christian Sophus, kjend som Sophus Samuelson Hjortdahl, f. i Strøm 19.7.1862, n. 1875

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://www.historieboka.no/Modules/historiebok_tidsepoke_emne_artikkel.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=2697&Category.ID=1158

 

Jeg antar at du har disse opplysningene om broren hennes.  Han bodde på Fjellheim i 1875 og det er vel ikke utenkelig at også Julie og barna bodde der, eller i nærheten.  Nærmeste nabo er Lier, så jeg vet ikke om du har sett etter dødsfallet hennes i Lier?

 

Astrid

 

PS: hvis du klikker på lenken for Fjellheim gård, så ser du hvor stor den var (er), og det var trolig plass til Julie der også......

Endret av Astrid K. Natvig
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Astrid for siste innlegget i dette emnet frå april i fjor.

 

Eg har søkt etter dødsfallet til Julie Hjortdahl i Nedre Eiker prestegjeld 1875-1900 og likeins i Lier prestegjeld 1875-1882 og i Tranby og Frogner sokner (men ikkje Sylling!) av Lier frå 1883-1900.  MEN, utan resultat!  Eg kan sjølvsagt ha oversett ho, men trur eg leitte ganske so grundig...

 

So utfordringi står ved lag:

 

** Kvar i all verdi vart det av Julie Hjortdahl etter 1875??  Burde eg kanskje òg freista Øvre Eiker??

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips for å løysa denne «floki» og vil verta svært glad 0m nokon greier å finna ho!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.