Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Bartholomeus Michael Berg Bugge (1861-1886) - frå Bodø til Amerika, men kva år?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei oppfølgjing av tema #82104 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/167440-82104-bartholomeus-michael-berg-bugge-1861-1886-fraa-bodoe-til-amerika-men-kva-aar/?hl=%2Bmichael+%2Bbugge), som aldri fekk noki løysing:

 

Bartholomeus Michael Berg Bugge, son av amtskontorist og revisjonsarbeidar ved overformynderiet i Bodø, Ove Christian Jensson Bugge frå Hafslo i Sogn (1828-1904) og kona Anna Cathrine Christophersdotter Engh frå Christiania (1828-1907), var fødd i Hamarøy 11.4.1861.

 

Ifølgje ætti utvandra denne karen i ung alder til Amerika og arbeidde som fyrbetjent på Willapa Bay, North Cove i Pacific Co., WA der han døydde ved eit ulukkeshende 27.12.1886. Han skreiv seg Michael BAGGE i Amerika!

 

Er det mogeleg å finna utvandringi hans til Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

???

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:V8RW-VC3

 

Name: Michael B Bugge
Also Known As Name:
Event Place: Pacific, Washington
Event Year: 1887
Digital Folder Number: 004113590
Number of Images: 213
First Image Number: 00003
Last Image Number: 00215
 
 
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit interessant innlegg!

 

Eg ser at du har finne ei tilvising til skiftet etter Michael Bugge.  Eg har no finne fram sjølve skiftedokumenti på ancestry.com og har lese dei første sidene.  Der kjem det fram at Michael døydde 27.12.1886, og at han ikkje let etter seg familie i Amerika!  Foreldri hans vert nemnde som rettmessige ervingar!

 

Eg ser ikkje at det står noko meir om kor lenge Michael hadde butt i Pacific Co., WA.

 

Ein Marinus Stream, som godt «kjente det norske sprog», og familietilhøvi til Michael, bad om å få verta administrator for buet.

 

Det er då underleg at det ikkje skal finnast spor etter denne utvandringi frå Bodø - over Trondheim?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

Michael Bugge er nevnt i en avisartikkel i  Morning Oregonian 17.januar 1887

https://www.myheritage.no/research/collection-10025/newspaperarchivecom?s=217661161&itemId=385868359&action=showRecord#fullscreen

I artikkelen er det sagt at "He leaves a mother in Norway".

 

På Ancestry er det også en Michael Bugge som er naturalisert i Oregon.

 

Ut fra gravsteinen hans ser det forøvrig ut som han hadde tilknytning til Odd Fellow http://findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=bugge&GSfn=michael&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=51363113&df=all&

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Slettet

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt og spennande innlegg!

 

Eg har lese artikkelen frå Morning Oregonian, som fortel om ulukkeshendet, og sidan Michael synest vera registrert i Oregon-registeret over naturalizations, KAN han ha butt der ei tid før han flytte til Pacific Co., WA, men eg finn ikkje ut korleis dette naturalization-dokumentet kan hentast fram!?  Kanskje nokon veit ein råd?

 

Elles er eg framleis like forundra over at Michael ikkje er nemnd i nokon passasjerliste frå Noreg...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om utvandringi til denne karen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser ingen mellom 1876 og 1879

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A09 (1876-1883), Inn- og utflyttede 1879, side 295. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6646&idx_id=6646&idx_listetype=fl&idx_kjonn=&uid=ny&idx_side=-9
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070209640776.jpg

 

Så finnes det utflyttede 1879-1893 for Bodø/landsoknet:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_id=6650&idx_listetype=uf

 

Og utflyttede 1884-1887 for Bodø:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_id=6648&idx_listetype=uf

 

Kanskje han flyttet ut en gang mellom disse innførslene....!  :unsure:

 

Av og til har jeg sett at det kan stå noe om attest ved konfirmasjonen, men det gjør det ikke i dette tilfellet. Men har du klart å fange ham opp blant immigrantene til USA?

 

Han fikk for øvrig gode karakterer til konfirmasjonen i 1876:

 

Nordland fylke, Bodø, Ministerialbok nr. 801A09 (1876-1883), Konfirmerte 1876, side 124. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6646&idx_id=6646&idx_listetype=kf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-2
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070209640631.jpg

 

Men hvor er han registrert som Michael Bagge?

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye tapre freistnader på å finna utvandringi til Michael!  Han gøymer seg jamen godt!

 

Eg er no ikkje i stand til å finna att den referansen som påstod Michael var kjend under namnet Bagge.  Det må vera ei mistyding ein eller annan stad...

 

Eg takkar elles på ny for hjelpi med denne utvandringi!  Før eller sidan...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Kan Michael være å finne i sjømannsruller for eksempel for Bodø?  

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Når eg no ser sida til Per Nermo, hugsar eg å ha sett denne før, og eg har nok teke opplysningane som «god fisk», då eg den gongen ikkje var i stand til å kontrollera detaljane...

 

No les eg jo sjølv at Michael var styrmann eller «mate» ombord på ei redningsskøyte, og det er slett ikkje so sikkert at han budde i Lincoln Co., WA!  Kanskje bustaden hans var i Oregon?  Eller kanskje han berre stakk til sjøs frå Noreg utan å melda flytting?

 

Eg er samd med Grethe i at sjømannsrullane for Bodø nok bør sjekkast, om dei finst tilgjengelege...

 

Eg vil freista arkivforum i Trondheim (https://forum.arkivverket.no/topic/202244-sj%C3%B8mannsrullar-bod%C3%B8-kring-1880/)!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.