Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

SF; Bremanger, Sande/Hauge : Colben Pedersen ca 1751-1818

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Colben Pedersen gifte seg med enkja Marthe Augustinusdtr. Sande (f. på Elde),  truleg i åra 1781-85  (lakune i kyrkjeboka for Kinn prgj.) og var gardbrukar på Sande til Marthe døydde i 1791.

I 1793 gifte han seg oppatt med enkja Brite Knudsdtr. Hauge (f. på Ytrehus) og flytte til Hauge og vart gardbrukar der. 

Trulovinga 28.08.1793  omlag midt i 2. kolonne s. 68  Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1793, side 68.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-69

 

Vigsla 1. Sept. 1793 omlag midt på s. 69  Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1793, side 69.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-70

 

Colben Pedersen døydde på Hauge i Bremanger i 1818, gravfest 12.04.  s. 316

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1818, side 316.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-322

 

Det finst ikkje skifte etter Colben Pedersen som kan avsløre opphavet hans.

Er det nokon som har kjennskap til han som kan fortelje kvar han opphaveleg kom frå?

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Ingen prov, men ein teori: Kolbein Persson Hauge er i 1801 oppgitt å vere 52 år, og i 1818 67 år. Dette plassere ein fødsel kring 1749-50.

 

Kolbein Persson Horne vart født 1748 i Naustdal (døpt 15. sept). Ei syster, Nele Kristina f. 1761, var i følgje Naustal bygdebok gift med Augustin Jensson Sande. I følgje Bremanger bygdebok er dette stesonen til Kolbein frå fyrste kona sitt fyrste ekteskap.

 

 

Endret av Håvard Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Hjerteleg takk for tipset, Håvard.

 

Det er ikkje noko bevis, men ei god hypotese.

 

Denne Nele (Pernille) Pedersdtr. har eg i basen min frå før, ho var nemleg gift med Augustinus Erikson Sande (Ikkje Jensson som det står i Naustdalboka). Han var son til Colbein Pederson si fyrste kone Marthe Augustinusdtr., frå hennar fyrste ekteskap med Erik Gabrielson Sande.

 

Dei var trulova i Bremanger 5. mai 1787  Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1787, side 14.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-14

 

og gifte seg 15. Juli same året.

 

Finst det evt. skifte på  Nele si side som kan bekrefte at det er der han kjem frå skal tru?

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hei. 

 

Jeg har dessverre ingen opplysninger om Colben og hans opphav. Men jeg skulle gjerne hatt litt opplysninger om opphavet til Nelle Kristine Pedersdtr. 1758-1837 om du har noe om dem?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Håvard Moe

Hei. 

 

Jeg har dessverre ingen opplysninger om Colben og hans opphav. Men jeg skulle gjerne hatt litt opplysninger om opphavet til Nelle Kristine Pedersdtr. 1758-1837 om du har noe om dem?

 

Det eg har registrert er:

 

Nelle er nemt som ei av sju born frå to ekteskap i skiftet etter Peder Trulsson Horne i 1776:

 

Skiftet vart halde på Horne i Brandtzøe skibrede og er datert 30. april 1776. Nemnt er enkja Ragnilde Olsdatter og avdødes barn av to ekteskap.

 

Frå fyrste ekteskap:

1. Truels Pedersen, myndig og boende paa gaarden Horne

2. Ole Pedersen, myndig, tiener hos velb. hr. Assessor Nagel

3. Colben Pedersen, myndig og hieme hos stifmoderen paa gaarden Horne

 

Frå andre ekteskap:

4. Ole Pedersen, 16 aar gl. hieme hos moderen paa gaarden Horne. Hans formynder er Niels Jonasen Qvællestad i Wefrings sogn.

5. Isach Pedersen, 12 aar gl med formynder Ole Trulsen Solem i Kinds Sogn

6. Anne Pedersdt, 22 aar gl. hieme hos moderen, hvis formynder er Ludvig Madsen Kirchetej i Førde Sogn - og

7. Nelle Pedersd., 15 aar gl. hieme hos moderen, formynder er Mads Knudsen Horne i Wefrings Sogn.

 

Enchen antoeg til hendes Laugværge den Danemand Ole Olsen Midvatne som var Nærværende

 

I følgje Naustdalsboka vart ho seinare gift med Augustinus Sande i Bremanger, som nemnt over. Ein annan i syskenflokken som endte der er Ole Pedersson d.e. som etter teneste hjå assessor Nagel fekk bygsel frå han på Husefest (no i Flora kommune). Ole Pedersson er min 3*tipp-oldefar.

 

Som nemnt over var foreldra til Nelle Peder Trulsson Horne (ca. 1702 - 1776) og andre kona Ragnhild Olsdotter Medvatna (1721 - ). Fyrste kona til Peder var Anna Kolbeinsdotter Vatne (1700 - 1751).

 

Peder Trulsson Horne har eg som eldste av i alt 6 born av Truls Olsson Horne (c. 1670 - ) og kona Ingeborg Nilsdotter. Noko meir om forfedra på Horne har eg ikkje. Førenamna i etterslekta til Truls går att mellom brukarane ein finn attende til sist på 1500-talet, men det er ikkje råd å finne nokon samanheng. I tillegg er det ikkje snakk om særleg uvanlege namn. På nabogarden Kvellestad er det òg ein Truls Olsson som brukar i 1701. Eg har ein mistanke om at det er dennes son Ole Trulsen (ca. 1700) som er formynder for Isak Pedersson i skiftet over.

 

Ragnhild Olsdotter Medvatna har eg ikkje sett noko meir på (eg stammer frå fyrste kona), men eg vil tru at lagverge Ole Olsen Medvatna i skiftet er ein bror.

Endret av Håvard Moe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hjertelig takk Håvard.

 

Jeg satt akkurat og prøvde å lese gjennom skiftet etter Peder Trulsen.

 

Dessverre døde jo han såpass tidlig at verken Colben eller Nelle hadde forlatt redet, så skiftet knytter dem ikke til Sande. Skjønt Nelles opphav vel ikke er grunn til å tvile på, det er jo Colben som er hovedpersonen i ditt tema.

Forhåpentig får du svar på ditt spørsmål.

Skulle jeg snuble over noe, skal jeg selvsagt gi en tilbakemelding.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.