Gå til innhold
Arkivverket

Gjert Davidson (Svabo) Krogen - (1798-186?) - husmann in Luster - flytte til Vesterålen eller Tromsø - lagnad for han og borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg i all hovudsak samla opplysningar om for 30 år sidan eller meir, og som eg den gongen ikkje lukkast i å spora opp so grundig som eg ønskte.  I dag er det kan henda enklare?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut, etter at eg i denne omgongen har utelete dei greinene av ætti som er so nokolunde «bra», for å konsentrera merksemdi til dei største utfordringane:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire fine innlegg har eg no erstatta dette manuskriptutdraget med eit nytt i innlegg #7 nedanfor:

 

Det hadde vore svært so kjekt om me endeleg kunne fått eit fullstendig oversyn over «mangfaldet» i denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 4. Christen Gjertson, f. i Hafslo 3.12.1834,


Christen Gjertsen flytte i svært ung alder til Ibestad i Troms og vart konfirmert der i 1850.  I 1865 var han busett på Svartnes i Balsfjord der han arbeidde som skomakar, men sidan flytte han til Bergen. 


 


##### (fleire detaljar om livet hans før han dukka opp i Bergen 1891?)


 


Christen/Kristen i Bergen i 1875?


http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01052295014129


 


Det ser ut som han var kommet til Fastings Minde, senere Rosenbergs asyl. Rode 11-216b er vel Møhlenprisbakken 1. 


http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bgrodem&gardpostnr=1475&merk=1475#ovre


Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 3. John Gjertson, f. i Hafslo 21.2.1832,

John Gjertson flytte i 1851 til Nordland, og i 1865 finn me han att som fiskar busett på Nøkling i Bø i Vesterålen.  Han var då framleis ugift.

 

##### (seinare lagnad??)

 

John Gjertsen i 1910 - (litt feil fødselsdato: 14.02.1832, fødested: Hafslo, gift og bosatt på Enden i Bø):

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036940005293

 

I Bø bygdebok. 3 - side 149 står det at gårdsnavnet "Enden" ikke lenger brukes, men gårdsnavnet er Jenn. På siden 152 står det: III.1 Hilma Jensine K, f. 1883, datter av Anna Kristine Eilertsen, f. på Sand i Hadsel i 1857. Gift 1893 med John Gjertsen, Jenn, f. i Luster 1832, d. 1911. Gift 1912 med Olav Martinussen, Skålbrekka.

 

Hilma Jensine:

Nordland fylke, Bø, Ministerialbok nr. 891A07 (1878-1895), Fødte og døpte 1883, side 58. 
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050419020063.jpg

 

 

Nordland fylke, Malnes, Ministerialbok nr. 892A02 (1902-1918), Døde og begravede 1911, side 166. 
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050315030137.jpg

 

Nordland fylke, Malnes i Bø, Ministerialbok nr. 892A01 (1886-1901), Ekteviede 1893, side 126. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212630126.jpg

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Name: Peder Kristian Buir Karlsen
Birth Date: 30 Apr 1847
Spouse's Name: Anne Kristine Eilertsdatter
Spouse's Birth Date: 06 Mar 1857
Event Date: 29 May 1885
Event Place: Hadsel, Nordland, Norway
Father's Name: Karl Johan Ellingsen
Spouse's Father's Name: Eilert Hansen
 
Nordland fylke, Hadsel, Ministerialbok nr. 888A10 (1880-1890), Ekteviede 1885, side 290. 
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050316010522.jpg
 
Nr. 66
Nordland fylke, Hadsel, Ministerialbok nr. 888A07 (1849-1869), Fødte og døpte 1857, side 56. 
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050419030058.jpg
 
 
 
 
 
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har du kanskje fra før, men finner en Gjert Davidsen Kroken i register til hjemstavnsprotokollene for Bergen:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/237/pc00000000028145

 

http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst1&sideid=50&innhaldid=1&storleik=

http://da3.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=hjst1&sideid=51&storleik=

 

Fødselsåret blir 1800, så det stemmer ikke helt, men kan dette være din Gjert???

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for mange fine og spennande innlegg om denne huslyden!  Dette var jamen moro!

 

So er med andre ord soga om Christen Gjertson ganske so komplett, so langt det er råd utifrå tilgjengelege kjelder, og det er ikkje mykje som manglar når det gjeld John heller.  Faren Gjert må ha vore litt av ein «luring».  Eg lurer berre svært på kvar han døydde!?

 

Eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjert Davidson Krogen, opphavleg frå Kroken (bnr. 1), vart døypt 27.10.1798 og d. kring 1863, men dødsstaden er ukjend.  Gjert gifte seg første gongen 11.6.1828 med Kirstina Jansdot­ter frå Krossviki under Nes.  Ho vart døypt 4.7.1803, men d. som legdelem på Kroken 3.6.1855.  I 1859 tok Gjert flytting til Hafslo der han 6.3.1860 gifte seg att med Anna Olsdotter frå Solvornstrondi under Valaker lille i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 1.10.1815.  Gjert og første kona Kirstina var først gardbrukarar og sidan kårfolk på Hunshammar i Hafslo, men fekk 6.3.1837 feste på plassen her i Åreskori, og truleg dei hit på same tidi.  Dei fekk 24.5.1842 ny festesetel på plassen etter at det då vart tillagt ein parsell som før hadde høyrd til plassen i Haukadalen 2 under Kroken.  Sidan ser det ut til at Gjert dreiv plassen fram til 1859, men han vart umyndiggjort i 1856.  Kanskje flytte han likevel inn att i Åreskori med andre kona si og dreiv so plassen vidare til 1864.

Gjert Davidson flytte alt i 1854 til Bergen for «at søge Arbeide», og truleg har han vore litt fram og attende til han i 1864 tok ut flytteattest til Bergen.  Men i denne flytteattesten står det at han ville reisa vidare til Bø i Vesterålen eller til Tromsø. 

 

##### (seinare lagnad? – må vera avliden før desember 1865!?)

 

Anna flytte attende til Solvorn, for i 1865 finn me ho att som tenestejente på Bjørnetun i Hafslo, og ho d. som strandsitjarenkje i Solvorn 24.10.1874.  Gjert i Åreskori fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet, men andre kona Anna Olsdotter hadde òg tre born frå før [desse siste tre er uteletne]:

 1. David Gjertson, f. 24.12.1827,

David Krogen flytte kring 1847 til Nord-Noreg der me veit han mellom anna budde i Træna og i Rødøy.  I 1852 utvandra han so til Amerika, og han gifte seg i Dane Co., Wis. 30.11.1855 med Martha Rasmusdotter frå Meleim i Hafslo, i Amerika kjend som Martha R. Mellem.  Ho var f. i Hafslo 22.11.1830 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1854.  David og Martha farma ei kort tid i Dunn township, Dane Co., Wis., men slo seg i 1857 ned på ein farm i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn. der dei sidan budde levetidi ut.  David d. i Goodhue Co., Minn. 10.2.1908, medan Martha Krogen d. same staden 1.5.1923.  Dei fekk sju born som alle tok namnet Davidson [uteletne]:

 2. Maren Gjertsdotter (1830-1865), vart gift med husmannsso­nen Peder Christenson frå Helagåta under Dalsøyri (1830-1884) [utvandra 1860 til Dane Co., WI].­

 3. John Gjertson, f. i Hafslo 21.2.1832,

John Gjertson flytte i 1851 til Nordland, og han busette seg i Bø der han livnærte seg som fiskar.  Han budde mellom anna på Nøkling i Bø, men gifte seg i Bø 4.1.1893 med enkja Anna Kristine Eilertsdotter, opphavleg frå Sand i Hadsel.  Ho var dotter av gardbrukar Eilert Hansson på Sand, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – f. Hadsel 1826)

 

og kona Stina Nilsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – f. Hadsel 1816)

 

og f. i Hadsel 6.3.1857.  Ho gifte seg første gongen i Hadsel 29.5.1885 med Peder Kristian Beier Karlsen frå Jenn i Bø.  Han var son av gardbrukar Karl Johan Martin Ellingsen på Jenn, opphavleg frå Bergen, og kona Sara Helene Bugge Pedersdotter frå Nykvåg i Bø og f. i Bø 30.4.1847.  Peder var gardbrukar på Jenn i Bø der han d. 16.11.1888.  John tok over som gardbrukar på Jenn då han gifte seg med enkja, og han d. som gardbrukar på Jenn 6.10.1911.  Anna gifte seg tredje gongen i Bø

 

##### (dato og stad for tredje vigsli hennar? – 1912?)

 

med Olav Martinussen

 

##### (opplysningar om Olav? – Skålbrekka)

 

Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Anna fekk berre ei dotter, og ho var frå første ekteskapet med Peder Karlsen:

a. Hilma Jensine Pedersdotter, f. i Bø 28.4.1883,

 

     ##### (oppl.?)

 

 4. Christen Gjertson, f. i Hafslo 3.12.1834,

Christen Gjertsen flytte i svært ung alder til Ibestad i Troms og vart konfirmert der i 1850.  I 1865 var han busett på Svartnes i Balsfjord der han arbeidde som skomakar, men ikkje so lenge etter flytte han til Bergen.  Han heldt truleg fram i Bergen ei tid som skomakar, men han vart sjuk på 1870-talet og budde sidan på ein sjukeheim i Bergen der han d. ugift 30.7.1902.

 5. Kari Gjertsdotter (1837-1923), vart gift med gardbrukar­sonen Ole Otteson frå Moen (1827-1912) [utvandra 1869 og budde i Douglas Co., MN].

 6. Johannes Gjertson, f. 9.2.1839,

John Gjertson/Krogen utvandra til Amerika i 1860,

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

 7. Anders Gjertson, f. 10.11.1841, vart oppalen hjå skyld­folki sine på Nes.

Men i 1867 utvandra Andrew Ness til Amerika, og han gifte seg i Goodhue Co., Minn. 19.10.1877 med Britha Bottolfsdotter frå Lunde i Hafslo, i Amerika kjend som Bertha Lunde.  Ho var f. i Hafslo 8.6.1841 og utvandra til Amerika i 1868.  Andrew og Bertha slo seg ned som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men Bertha d. i Rochester, Minn. 15.6.1898.  Andrew Ness d. i Goodhue Co., Minn. 7.7.1914.  Dei fekk seks born i lag [uteletne]:

 8. Kirstina Gjertsdotter, f. 9.12.1843, vart kan henda òg oppali hjå skyldfolki på Nes.

Christine Gjertson utvandra til Amerika i 1866,

 

##### (lagnaden hennar der borte?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden, og om nokon greier finna att dei to sakna søskeni i Amerika, Johannes og Kirstina, hadde det vore heilt supert!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 8. Kirstina Gjertsdotter, f. 9.12.1843, vart kan henda òg oppali hjå skyldfolki på Nes.


Christine Gjertson utvandra til Amerika i 1866,


 


##### (lagnaden hennar der borte?)


 


Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 9 (1856-1871), Inn- og utflyttede 1866, side 21. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305670453.jpg


 


 


Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 7 (1849-1859), Konfirmerte 1859, side 141. http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305660363.jpg


 


 


Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Du spurte etter lenke til utvandring for Kirstina Gjertsdotter  i 1866, og her er den (nummer 97):

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 9 (1856-1871), Inn- og utflyttede 1866, side 21.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8403&idx_id=8403&uid=ny&idx_side=-19
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305670453.jpg

 

Elles har eg oppdaga at broren Johannes KAN ha vore «på farten» i McFarland, Dane Co., WI i 1864/1865, for ein John Gjertson fekk der med Siri Halvorsdotter frå Lunden under Rønne i Luster (1835-1921), utvandra 1862, ei dotter Elisabeth Marie, fødd 2.3.1865.

 

Eg ser forresten at fiskaren John Gjertson i Bø hadde opphaldet sitt i Bodø i 1875...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for komplettering av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

Rettelse til navnet på Peder: Han het Peder Kristian Beier Karlsen. Han var også av Sogneslekt. Hans far, Carl Martin Ellingsen var f. på Nordnes i Bergen 28.05.1821 og døpt i Nykirken, Bergen 11.06.1821. Kom ukonfirmert til Bø i likhet med de eldre brødrene Albert/Albrigt (min t.oldefar) og Lars. Far deres var Elling Lassesen Hammersnes, f. på Hamarsnes i Fjærlandsfjorden 1789. (nå Sogndal kommune). Elling var forøvrig bror til Sjur, morfar til Amalie Skram (Berte Amalie Alver).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Pål for nytt innlegg!

 

Det var interessant å høyra bakgrunnssoga for denne ætti.  Det er nok svært mange nordlendingar som har røter i Sogn!

 

Elles vil du sjå at Beier er rett stava i manuskriptet i innlegg #7.  Rett skal vera rett...

 

Eg takkar på ny for god hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

a. Hilma Jensine Pedersdotter, f. i Bø 28.4.1883,

 

     ##### (oppl.?)

 
???

http://www.velogen.net/simple/No/fam039xx/fam03992.htm

 

Finner giftermålet registrert her: 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, Ministerialbok nr. 892A02, 1902-1918, s. 144
Permanent bilde-ID: kb20050315030119
 
Nordland fylke, Malnes, Ministerialbok nr. 892A02 (1902-1918), Ekteviede 1911-1912, side 143. 
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050315030118.jpg
 
SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, Ministerialbok nr. 891A11, 1911-1927, s. 246
Permanent bilde-ID: kb10051104071229
 
De ble gift i Bø i Bø. 
 
----------------------------------------------------------------------
 
Slektshistorie. B. 1 : Par-register

Bø i Nordland

Straumsjøen, kommunen 1998

side 477 (se vedlegg) 

 

post-541-0-27199700-1461694860_thumb.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram denne utfordrande huslyden som har lege «i dvale» i over 2 år, samstundes som eg vil nytta høvet til å uttrykka ein forseinka, men like hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget frå 2016.

 

No er denne huslyden komen fram att i dagsljoset etter at John Gjertson i 1854 vart etterlyst i samband med avtening av militær teneste, og eg oppdagar at me framleis manglar fleire detaljar her.  Som «hovudutfordringar» i denne huislyden har me i første rekke:

 

* Lagnaden/Dødsfallet til faren Gjert Davidson, truleg i Bø eller i Tromsø før 1865?

 

* Detaljar om huslyden til John Gjertson i Bø?

 

* Lagnaden til Johannes Gjertson i Amerika?

 

* Lagnaden til Kirstine Gjertsdoter i Amerika?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Gjert Davidson Krogen, opphavleg frå Kroken (bnr. 1), vart døypt {i Luster} 27.10.1798 og d. kring 1863, men dødsstaden er ukjend.  Gjert gifte seg første gongen 11.6.1828 med Kirstina Jansdot­ter frå Krossviki under Nes.  Ho vart døypt 4.7.1803, men d. som legdelem på Kroken 3.6.1855.  I 1859 tok Gjert flytting til Hafslo der han 6.3.1860 gifte seg att med Anna Olsdotter frå Solvornstrondi under Valaker lille i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 1.10.1815.  Gjert og første kona Kirstina var først gardbrukarar og sidan kårfolk på Hunshammar i Hafslo, men fekk 6.3.1837 feste på plassen her i Åreskori, og truleg dei hit på same tidi.  Dei fekk 24.5.1842 ny festesetel på plassen etter at det då vart tillagt ein parsell som før hadde høyrd til plassen i Haukadalen 2 under Kroken.  Sidan ser det ut til at Gjert dreiv plassen fram til 1859, men han vart umyndiggjort i 1856.  Kanskje flytte han likevel inn att i Åreskori med andre kona si og dreiv so plassen vidare til 1864.

Gjert Davidson flytte alt i 1854 til Bergen for «at søge Arbeide», og truleg har han vore litt fram og attende til han i 1864 tok ut flytteattest til Bergen.  Men i denne flytteattesten står det at han ville reisa vidare til Bø i Vesterålen eller til Tromsø. 

 

##### (seinare lagnad? – må vera avliden før desember 1865!?)

 

Anna flytte attende til Solvorn, for i 1865 finn me ho att som tenestejente på Bjørnetun i Hafslo, og ho d. som strandsitjarenkje i Solvorn 24.10.1874.  Gjert i Åreskori fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. David Gjertson, f. 24.12.1827,

David Krogen flytte kring 1847 til Nord-Noreg der me veit han mellom anna budde i Træna og i Rødøy.  I 1852 utvandra han so til Amerika, og han gifte seg i Dane Co., Wis. 30.11.1855 med Martha Rasmusdotter frå Meleim i Hafslo, i Amerika kjend som Martha R. Mellem.  Ho var f. i Hafslo 22.11.1830 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1854.  David og Martha farma ei kort tid i Dunn township, Dane Co., Wis., men slo seg i 1857 ned på ein farm i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn. der dei sidan budde levetidi ut.  David d. i Goodhue Co., Minn. 10.2.1908, medan Martha Krogen d. same staden 1.5.1923.  Dei fekk sju born som alle tok namnet Davidson: {utelete her}

      2. Maren Gjertsdotter (1830-1865), vart gift med husmannsso­nen Peder Christenson frå Helagåta under Dalsøyri (1830-1884).­

 3. John Gjertson, f. i Hafslo 21.2.1832,

John Gjertson flytte i 1851 til Nordland, og han busette seg i Bø der han livnærte seg som fiskar.  Han budde mellom anna på Nøkling i Bø, hadde i 1875 opphald som fiskar i Bodø, men gifte seg i Bø 4.1.1893 med enkja Anna Kristine Eilertsdotter, opphavleg frå Sand i Hadsel.  Ho var dotter av gardbrukar Eilert Hansson på Sand, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – f. Hadsel 1826)

 

og kona Stina Nilsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – f. Hadsel 1816)

 

og f. i Hadsel 6.3.1857.  Ho gifte seg første gongen i Hadsel 29.5.1885 med Peder Kristian Beier Karlsen frå Jenn i Bø.  Han var son av gardbrukar Karl Johan Martin Ellingsen på Jenn, opphavleg frå Bergen, og kona Sara Helene Bugge Pedersdotter frå Nykvåg i Bø og f. i Bø 30.4.1847.  Peder var gardbrukar på Jenn i Bø der han d. 16.11.1888.  John tok over som gardbrukar på Jenn då han gifte seg med enkja, og han d. som gardbrukar på Jenn 6.10.1911. 

 

##### (var Anna gift ein tredje gong med Olav Martinussen på Skålbrekka? – det var vel heller dotteri som var gift med Olav!?)

 

Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Anna fekk berre ei dotter, og ho var frå første ekteskapet med Peder Karlsen:

a. Hilma Jensine Pedersdotter, f. i Bø 28.4.1883, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Hilma gifte seg i Bø 24.11.1912 med Olaf Kristian Martinussen frå Skogbakken, Nordgarden i Bø, f. i Bø 19.3.1888,  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1943. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1912: skomakar Skålbrekka – sidan på Straumsjøen i Bø?)

 

     Dei fekk fire born i lag.

 4. Christen Gjertson, f. i Hafslo 3.12.1834,

Christen Gjertsen flytte i svært ung alder til Ibestad i Troms og vart konfirmert der i 1850.  I 1865 var han busett på Svartnes i Balsfjord der han arbeidde som skomakar, men ikkje so lenge etter flytte han til Bergen.  Han heldt truleg fram i Bergen ei tid som skomakar, men han vart sjuk på 1870-talet og budde sidan på ein sjukeheim i Bergen der han d. ugift 30.7.1902.

 5. Kari Gjertsdotter (1837-1923), vart gift med gardbrukar­sonen Ole Otteson frå Moen (1827-1912).

 6. Johannes Gjertson, f. 9.2.1839,

John Gjertson/Krogen utvandra til Amerika i 1860,

 

##### (lagnaden hans der borte? – ein John Gjertson fekk med Siri Halvorsdotter frå Lunden under Rønnei (1835-1921) ei dotter Elisabeth Marie i McFarland, WI 2.3.1865 – var ikkje gifte!!)

 

 7. Anders Gjertson, f. 10.11.1841, vart oppalen hjå skyld­folki sine på Nes.

Men i 1867 utvandra Andrew Ness til Amerika, og han gifte seg i Goodhue Co., Minn. 19.10.1877 med Britha Bottolfsdotter frå Lunde i Hafslo, i Amerika kjend som Bertha Lunde.  Ho var f. i Hafslo 8.6.1841 og utvandra til Amerika i 1868.  Andrew og Bertha slo seg ned som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men Bertha d. i Rochester, Minn. 15.6.1898.  Andrew Ness d. i Goodhue Co., Minn. 7.7.1914.  Dei fekk seks born i lag: {utelete her}

 8. Kirstina Gjertsdotter, f. 9.12.1843, vart kan henda òg oppali hjå skyldfolki på Nes.

Christine Gjertson utvandra til Amerika i 1866,

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Hilma Jensine Pedersdotter, f. i Bø 28.4.1883, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1482310591_Skjermbilde2018-11-02kl_13_20_23.png.832bf696dada62ef67ce4b3400f0d5f9.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

a. Hilma Jensine Pedersdotter, f. i Bø 28.4.1883, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Hilma gifte seg i Bø 24.11.1912 med Olaf Kristian Martinussen frå Skogbakken, Nordgarden i Bø, f. i Bø 19.3.1888,  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     1943. 

 

Begge er gravlagt i Bø:

 

1337404328_Skjermbilde2018-11-02kl_13_34_56.png.47a0324ecb145f6e938ed441d9f8f190.png

 

132820872_Skjermbilde2018-11-02kl_13_35_59.png.9e091be617ee21afbccdb7461d946d03.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg vtakk til Lars W. for interessante innlegg frå sist veke om ætti til John Gjertson i Bø.

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt tilsvarande og har ogso leitt meg fram til dei manglande opplysningane om svigerforeldsri hans John.  No manglar me frå Nord-Noreg berrfe følgjande detaljar:

 

* Lagnaden/Dødsfallet til faren Gjert Davidson, truleg i Bø eller i Tromsø før 1865?

 

* Dato og stad for dødsfallet til Anna Kristine Eilertsdotter i Bø etter 1911 og dødsstadar for Hilma og Olaf, samt bustaden deira?

 

Dei to manglande søskeni i Amerika vert det sikkert ikkje so enkelt å finna...?

 

* Lagnaden til Johannes Gjertson i Amerika?

 

* Lagnaden til Kirstine Gjertsdoter i Amerika?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Gjert Davidson Krogen, opphavleg frå Kroken (bnr. 1), vart døypt {i Luster} 27.10.1798 og d. kring 1863, men dødsstaden er ukjend.  Gjert gifte seg første gongen 11.6.1828 med Kirstina Jansdot­ter frå Krossviki under Nes.  Ho vart døypt 4.7.1803, men d. som legdelem på Kroken 3.6.1855.  I 1859 tok Gjert flytting til Hafslo der han 6.3.1860 gifte seg att med Anna Olsdotter frå Solvornstrondi under Valaker lille i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 1.10.1815.  Gjert og første kona Kirstina var først gardbrukarar og sidan kårfolk på Hunshammar i Hafslo, men fekk 6.3.1837 feste på plassen her i Åreskori, og truleg dei hit på same tidi.  Dei fekk 24.5.1842 ny festesetel på plassen etter at det då vart tillagt ein parsell som før hadde høyrd til plassen i Haukadalen 2 under Kroken.  Sidan ser det ut til at Gjert dreiv plassen fram til 1859, men han vart umyndiggjort i 1856.  Kanskje flytte han likevel inn att i Åreskori med andre kona si og dreiv so plassen vidare til 1864.

 

Gjert Davidson flytte alt i 1854 til Bergen for «at søge Arbeide», og truleg har han vore litt fram og attende til han i 1864 tok ut flytteattest til Bergen.  Men i denne flytteattesten står det at han ville reisa vidare til Bø i Vesterålen eller til Tromsø. 

 

 

 

##### (seinare lagnad? – må vera avliden før desember 1865!?)

 

 

 

Anna flytte attende til Solvorn, for i 1865 finn me ho att som tenestejente på Bjørnetun i Hafslo, og ho d. som strandsitjarenkje i Solvorn 24.10.1874.  Gjert i Åreskori fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet:

 

 1. David Gjertson, f. 24.12.1827,

 

David Krogen flytte kring 1847 til Nord-Noreg der me veit han mellom anna budde i Træna og i Rødøy.  I 1852 utvandra han so til Amerika, og han gifte seg i Dane Co., Wis. 30.11.1855 med Martha Rasmusdotter frå Meleim i Hafslo, i Amerika kjend som Martha R. Mellem.  Ho var f. i Hafslo 22.11.1830 og utvandra til Amerika med foreldri sine i 1854.  David og Martha farma ei kort tid i Dunn township, Dane Co., Wis., men slo seg i 1857 ned på ein farm i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn. der dei sidan budde levetidi ut.  David d. i Goodhue Co., Minn. 10.2.1908, medan Martha Krogen d. same staden 1.5.1923.  Dei fekk sju born som alle tok namnet Davidson: {utelete her}

 

      2. Maren Gjertsdotter (1830-1865), vart gift med husmannsso­nen Peder Christenson frå Helagåta under Dalsøyri (1830-1884).­

 3. John Gjertson, f. i Hafslo 21.2.1832,

John Gjertson flytte i 1851 til Nordland, og han busette seg i Bø der han livnærte seg som fiskar.  Han budde mellom anna på Nøkling i Bø, hadde i 1875 opphald som fiskar i Bodø, men gifte seg i Bø 4.1.1893 med enkja Anna Kristine Eilertsdotter, opphavleg frå Sand i Hadsel.  Ho var dotter av gardbrukar Eilert Andreas Hansson på Sand og kona Stina Jørgine Nilsdotter frå Imbjør og f. i Hadsel 6.3.1857.  Ho gifte seg første gongen i Hadsel 29.5.1885 med Peder Kristian Beier Karlsen frå Jenn i Bø.  Han var son av gardbrukar Karl Johan Martin Ellingsen på Jenn, opphavleg frå Bergen, og kona Sara Helene Bugge Pedersdotter frå Nykvåg i Bø og f. i Bø 30.4.1847.  Peder var gardbrukar på Jenn i Bø der han d. 16.11.1888.  John tok over som gardbrukar på Jenn då han gifte seg med enkja, og han d. som gardbrukar på Jenn 6.10.1911.  Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Anna fekk berre ei dotter, og ho var frå første ekteskapet med Peder Karlsen:

a. Hilma Jensine Pedersdotter, f. i Bø 28.4.1883, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Skålbrekka)

 

     13.2.1970.  Hilma gifte seg i Bø 24.11.1912 med Olaf Kristian Martinussen frå Skogbakken, Nordgarden i Bø, f. i Bø 19.3.1888,  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Skålbrekka)

 

     6.3.1943. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1912: skomakar Skålbrekka – sidan på Straumsjøen i Bø?)

 

     Dei fekk fire born i lag.

 4. Christen Gjertson, f. i Hafslo 3.12.1834,

 

Christen Gjertsen flytte i svært ung alder til Ibestad i Troms og vart konfirmert der i 1850.  I 1865 var han busett på Svartnes i Balsfjord der han arbeidde som skomakar, men ikkje so lenge etter flytte han til Bergen.  Han heldt truleg fram i Bergen ei tid som skomakar, men han vart sjuk på 1870-talet og budde sidan på ein sjukeheim i Bergen der han d. ugift 30.7.1902.

 

 5. Kari Gjertsdotter (1837-1923), vart gift med gardbrukar­sonen Ole Otteson frå Moen (1827-1912).

 

 6. Johannes Gjertson, f. 9.2.1839,

 

John Gjertson/Krogen utvandra til Amerika i 1860,

 

 

 

##### (lagnaden hans der borte? – ein John Gjertson fekk med Siri Halvorsdotter frå Lunden under Rønnei (1835-1921) ei dotter Elisabeth Marie i McFarland, WI 2.3.1865 – var ikkje gifte!!)

 

 

 

 7. Anders Gjertson, f. 10.11.1841, vart oppalen hjå skyld­folki sine på Nes.

 

Men i 1867 utvandra Andrew Ness til Amerika, og han gifte seg i Goodhue Co., Minn. 19.10.1877 med Britha Bottolfsdotter frå Lunde i Hafslo, i Amerika kjend som Bertha Lunde.  Ho var f. i Hafslo 8.6.1841 og utvandra til Amerika i 1868.  Andrew og Bertha slo seg ned som farmarar i Wanamingo township, Goodhue Co., Minn., men Bertha d. i Rochester, Minn. 15.6.1898.  Andrew Ness d. i Goodhue Co., Minn. 7.7.1914.  Dei fekk seks born i lag: {utelete her}

 

 

 8. Kirstina Gjertsdotter, f. 9.12.1843, vart kan henda òg oppali hjå skyldfolki på Nes.

 

Christine Gjertson utvandra til Amerika i 1866,

 

 

 

##### (lagnaden hans der borte?)

 

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.