Gå til innhold
Arkivverket

Agatha Jansdotter - fødd i Luster 1850 - til Amerika kring 1868 - forsvinn frå Crawford Co., WI kring 1879 - lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg kjem i dag med ei ny kjempeutfordring, som eg har jobba med å finna ei løysing på i over 40 år!  Er kjeldetilfanget no vorte «mogent» nok til å komma vidare?  Dette handlar om ei grein av mi eigi nære slekt frå Luster!

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at so mange kjempefine opplysningar er dukka opp om denne huslyden har eg no sett opp eit nytt manuskript i innlegg #6 nedanfor som erstatning for dette!

 

Her er dødsmeldingi etter Anna Lassen i Bergen frå 1919:

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Bergen by, Dødsfallsprotokoll 11 , 1918-1919, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27861/301/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090611330926.jpg

 

Eg lyt leggja til at eg på 1970-talet freista lokalisera arkivi etter sakførar Mohr i Bergen, men fekk den gongen beskjed om at dei ikkje var på finna nokon stad!

 

MEN, ein eller anna stad må jo Agatha og dotteri Lisa Ragnhilda vera å finna, til dømes i FT1880, men KVAR??

 

Av dei andre borni etter Lage «Louis» Eskestrand vart fleire buande i området kring Freeman township, Crawford Co., WI, medan andre i åri kring 1880 flytte til Cass og Ransom Co., ND.  På ein av desse stadane ville det vera rimeleg å kunna finna dei her etterlyste personane, men so langt har eg vore utan hell...!

 

Eg ville sett svært stor pris på om nokon greier å løysa denne utfordringi og takkar og bukkar på det djupaste for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne på Ancestry:
Name:
Lisa Ragnhilde Ekern

Event Type:
Confirmation

Birth Date:
11 Aug 1878

Confirmation Date:
6 Nov 1892

Father:
Simo Ekern

Mother:
Agatha Johnson

Church Name:
Kindred Lutheran

Church Location:
Kindred, North Dakota

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og dåpen er vel her: En del forskjell i stavingen. (Alegte ser vel mer som uegte på bildet)

Name:
Alegte Pigebarnet Lisa Ragnild Ekeren

Event Type:
Baptism

Birth Date:
11 Aug 1878

Father:
Simun Ekeren

Mother:
Agaathe Johnson

Church Name:
West Prairie Hauge

Church Location:
Viroqua, Wisconsin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

Her kan det se ut som Lisa Ragnhilda er død, mens svigermor Agathe bor hos Charles:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MLPQ-MPM

 

Og hvis det er riktige personer, så er muligens dette graven til Lisa, men jeg er litt usikker ettersom hun har en C som mellomnavn:

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Nelson&GSfn=Lizzie&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=30&GScntry=4&GSob=n&GRid=118566376&df=all&

Endret av Kyrre Martin Sveen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er mållaus!  Hjarteleg takk til Kyrre Martin og Ann-Mary for imponerande innlegg!  Eg hadde aldri trudd at denne utfordringi kunne løysast so snøgt!  Eg takkar og bukkar på det djupaste, sjølv om det smertar i ryggen...!

 

No har eg sete i fleire timer og studert opplysningane som er komne, og eg har leitt vidare etter fleire detaljar.  Og noko har eg greidd å finna!

 

Det som no står i «høgsetet» hjå meg, er å:

 

* identifisera far til Henrik Lassen i Lavik?

 

* finna den nøyaktige utvandringi til Agatha Jansdotter kring 1868?

 

* sikkert identifisera far til Lisa Ragnhilda 1878?

 

* finna ut kvar Agatha og dotteri var i 1880 og eventuelt i ND 1885?

 

* finna lagnaden til Agatha «Augusta» Johnson etter 1910?

 

* identifisera opphavet i Sverige til svigersonen Charles Gustav Nelson?

 

* identifisera opphavet i Sverige til Charles Nelson's andre kona Jennie?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Lagesdotter (Sandvig), f. i Luster 10.1.1829,

Anna Lagesdotter flytte til Bergen kring 1851 og tente mellom anna hjå kjøpmann Fredrik Georg Gade i Strandgaden.  Så gifte ho seg i Bergen 20.10.1867 med Henrik Lasseson frå Tune i Lavik, i Bergen kjend som Henrik Lassen.  Han var son av husmann Lasse Aslakson på

 

##### (bustaden hans? – ein plass under Tune nedre? – opphavet hans?)

 

og jenta Gro Nilsdotter, opphavleg frå Rundtupp under Eraker i Borgund, Lærdal (1803-1866), og f. i Lavik 3.4.1840, men flytte til Bergen våren 1856.  Henrik Lassen var skomakar, og han og Anna budde mellom anna i Lille Markevei og sidan i Hans Holmboes gate i Bergen der Henrik d. 31.12.1914.  Anna Lassen budde siste åri i Søndre Steinkjellersmuget i Bergen der ho d. 9.11.1919.  Dei var barnlause.

Men før Anna flytte til Bergen fekk ho ei dotter:

a. Agatha Jansdotter, dotter av Anna og gardbrukar Jan Nilsson i Sandviki (bnr. 1) (1828-1904), var f. 6.10.1850 og voks opp på Øvrebø i Gaupne.

Gusty Johnson utvandra i 1870 til Amerika og budde mellom anna hjå bestefar sin i Freeman township, Crawford Co., Wis. til ho kring 1880 flytte til Kindred, Cass Co., N.D. 

 

##### (later destiny?? – was 1900 a servant «Gusty Johnson» i Helendale township, Richland Co., ND and

       1910 residing as «Augusta Johnson» with son-in-law Charles Nelson in Fargo, Cass Co., ND)

 

Gusty Johnson d. i Minneapolis, Minn. 2.1.1934.  Ho var ikkje gift, men fekk ei dotter:

a. Lisa Ragnhilda, kjend som Lizzie R. Ekern, dotter av Augusta og Simon

 

     ##### (Ekern – ?truleg Simon T. Simonson (1860-1899) – son av husmann Tollef Simonson Yttrishaugen under Yttri i Luster (1833-1906) – fødd på Ekrene under Yttri – utv. 1872!)

 

     var f. i Crawford Co., Wis. 17.8.1878 og d. i Fargo, N.D. 24.11.1909.  Lizzie gifte seg i Fargo, N.D. 14.4.1900 med Carl Gustaf Nilsson frå

 

     ##### (opphavet hans i Sverige?)

 

     i Amerika kjend som Charles G. Nelson.  Han var son av

 

     ##### (foreldri hans? – Nils M. Person og Anna Johnson!)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden hans?)

 

     28.2.1868, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret? – 1886/1888/1889?)

 

     Han d. i Minneapolis, Minn. 18.6.1923.  Som enkjemann gifte han seg att

 

     ##### (date and place of his 2nd marriage? – prior to 1920! – probably in Clay Co., MN Apr. 30, 1914!?)

 

     med Jennie

 

     ##### (opplysningar om ho? – kalla Nelson ved vigsli 1914 – f. Sverige 1877 – levde att i 1923! - truleg dotter av John L. Stromberg, f. Sverige nov. 1851, utv. 1880, gift 1873 med Carrie, f. Sverioge sep. 1847, utv. 1881 med Nels (sep. 1873), Jennie (aug. 1876) – farma 1900 i Raymond township, Cass Co., ND – i 1910 var Carrie/Corna NELSON enkje busett i Fargo, Cass Co., ND med born Nels og John (båe 1874) og Jennie (1877 – dressmaker) – i 1930 var Jennie Nelson  ENKJE og busett i Fargo, ND med mori Karna og broren Nels! – denne Jennie Nelson var fødd 6.8.1876 og d. i Stutsman Co., ND 27.12.1935)

 

     Charles var

 

     ##### (occupation? – 1900: driver (fire department) – 1910: saloon bookkeeper – 1920: retired farmer!)

 

     og budde i Fargo, Cass Co., N.D. til han kring 1921 med andre kona Jennie flytte til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Charles fekk to born, som båe var frå første ekteskapet med Lizzie.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So vil eg gjerne på ny få takka for kjempefin hjelp med denne huslyden so langt, og no vonar eg sjølvsagt at fleire detaljar kan komma «på plass»?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Imponert!

På North Dakota Death index sies det dette:

NELSON, LIZZIE R     

11/24/1909     

Cass     

FEMALE     

31 Years     

08/17/1878     

North Dakota

Cass

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegg!

 

The NDDI er ei svært god kjelde som eg ofte nyttar, og der fann eg òg denne stadfestingi av dødsfallet til Lizzie Nelson.  Eg har òg søkt etter dødsfallet til mor hennar, Agatha «Augusta» Johnson, men har ikkje so langt hatt noko hell med meg....

 

Nok ein kjempetakk for god hjelp med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil berre få gjera merksam på at spørsmåli kring Charles Nelson og andre kona Jennie er utlagde som eige tema der det svenske opphavet vert presisert i titelen: https://forum.arkivverket.no/topic/202148-charles-gustaf-nelson-f%C3%B8dd-sverige-2921868-opphavet-hans-og-til-andre-kona-jennie/

 

Elles takkar eg på ny på det hjartelegaste for alle nye opplysningar om denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter nøyaktigare gransking av Québec-lista har eg no finne utvandringi til Agatha.  Det står rett nok Hafslo og alderen er litt «off», men det må vera ho som utvandra i 1870 i lag med Ingeleiv Pedersdotter Øvrebø (Luster) og borni hennar, Peder, Else og Hans!

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=11801&merk=11801#ovre

 

So me har eitt spørsmål mindre...

 

Eg har lagt rettingi inn i manuskriptet i innlegg #6 ovanfor!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg gjort endå eit par skikkeleg interessante oppdagingar:  Først fann eg Augusta «Gusty» Johnson i Richland Co., ND i FT1900, og so dødsfallet hennar, i Minneapolis, MN:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Name    Gusty Johnson
Gender    Female
Death Date    02 Jan 1934
Death Place    Minneapolis, Hennepin, Minnesota                                       
Age    83
Birth Date    1851
Father's Name    John Overbo
Mother's Name    Anna Eskestrand

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

og manuskriptet i innlegg #6 ovanfor er nok ein gong oppgradert!

 

No er det eit spørsmål om Gusty kan finnast ogso i FT1920 og FT1930?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kyrre Martin og Ann-Mary for nye avklarande innlegg!

 

Det er nok «vår» Gusty som i 1930 budde på Ebenezerheimen i Minneapolis, MN.  Eg har tinga ein kopi av dødsattesten hennar, so får me sjå kva som står der...

 

Elles er utfordringane kring Charles Nelson og andre kona Jennie no løyste i det andre emnet, og då er denne utfordringi om Agatha Jansdotter og lagnaden hennar heilt løyst, med unntak av spørsmålet om far til Henrik Lassen i Lavik!?  Ifølgje bygdeboki for Kyrkjebø sokn var faren Lasse Aslakson frå Tune fødd i 1765 og avliden som legdelem på Fitje i Kyrkjebø 23.9.1851

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lavik, Ministerialbok nr. A 3 (1843-1863), Døde og begravede 1852, side 31.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8399&idx_id=8399&uid=ny&idx_side=-327
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305650536.jpg

 

men at han vart barnefar i ein alder av 85 år, lyt eg tilstå at eg tvilar sterkt på...  Kanskje nokon greier å løysa den?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for huslyden til Agatha Jansdotter:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Lagesdotter (Sandvig), f. i Luster 10.1.1829,

Anna Lagesdotter flytte til Bergen kring 1851 og tente mellom anna hjå kjøpmann Fredrik Georg Gade i Strandgaden.  Så gifte ho seg i Bergen 20.10.1867 med Henrik Lasseson frå Tune i Lavik, i Bergen kjend som Henrik Lassen.  Han var son av husmann Lasse Aslakson på

 

##### (bustaden hans? – ein plass under Tune nedre? – kven var han?)

 

og jenta Gro Nilsdotter, opphavleg frå Rundtupp under Eraker i Borgund, Lærdal (1803-1866), og f. i Lavik 3.4.1840, men flytte til Bergen våren 1856.  Henrik Lassen var skomakar, og han og Anna budde mellom anna i Lille Markevei og sidan i Hans Holmboes gate i Bergen der Henrik d. 31.12.1914.  Anna Lassen budde siste åri i Søndre Steinkjellersmuget i Bergen der ho d. 9.11.1919.  Dei var barnlause.

Men før Anna flytte til Bergen fekk ho ei dotter:

a. Agatha Jansdotter, dotter av Anna og gardbrukar Jan Nilsson i Sandviki (bnr. 1) (1828-1904), var f. 6.10.1850 og voks opp på Øvrebø i Gaupne.

Gusty Johnson utvandra i 1870 til Amerika og budde mellom anna hjå bestefar sin i Freeman township, Crawford Co., Wis. til ho kring 1880 flytte til Kindred, Cass Co., N.D.  Ho livnærte seg som var hushaldar («housekeeper») mellom anna i Helendale township, Richland Co., N.D., men flytte sidan inn hjå dotteri Fargo, Cass Co., N.D. og derifrå til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.

 

##### (where did Gusty reside in 1920?)

 

der ho i 1928 flytte inn på ein gamleheim der ho d. 2.1.1934.  Ho var ikkje gift, men fekk ei dotter:

a. Lisa Ragnhilda, kjend som Lizzie R. Ekern, dotter av Augusta og ein Simon Ekern, truleg husmannssonen Simon Tollefson, kjend som Simon T. Simonson, frå Yttrishaugen under Yttri i Luster (1860-1899), utvandra i 1872, var f. i Crawford Co., Wis. 17.8.1878 og d. i Fargo, N.D. 24.11.1909.  Lizzie gifte seg i Fargo, N.D. 14.4.1900 med Karl Gustaf Nilsson frå Lilla Kärr i Rinna, Östergötlands län i Sverige, i Amerika kjend som Charles G. Nelson.  Han var son av husmann Nils Magnus Persson på Lilla Kärr i Rinna, opphavlev frå N. Ekeberg i Malexander, Östergötland, og kona Anna Lena Johannesdotter frå Hägg under Hårdaholmen i Torpa, Östergötland og f. på Skvalbäcken i Rinna, Östergötland i Sverige 28.2.1868.  Han utvandra til Amerika i 1887 og d. i Minneapolis, Minn. 18.6.1923.  Som enkjemann gifte han seg 30.4.1914 att i Clay Co., Minn. med Johanna Jönsdotter Nilsson (Strömberg) frå Brandstad i Malmöhus län i Sverige, i Amerika kjend som Jennie Nelson.  Ho var dotter av arbeidar Jöns Nilsson (Strömberg) i Brandstad og kona Karna Jönsdotter frå Åsum og f. i Brandstad 6.8.1876, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1881.  Ho d. i Jamestown, N.D. 27.12.1935.  Charles livnærte seg mellom anna som brannmann og bokhaldar («fire department driver and saloon bookkeeper»), men er i 1920 og 1923 kalla for pensjonert farmar, medan andre kona Jennie var syerske («dressmaker»).  Charles budde levetidi ut i Fargo, Cass Co., N.D. og fekk to born, båe var frå første ekteskapet med Lizzie.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Og so vil eg på ny få takka for kjempefin innsats for å løysa denne gigantiske utfordringi som eg har kava med i 40 år!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Ifølgje bygdeboki for Kyrkjebø sokn var faren Lasse Aslakson frå Tune fødd i 1765 og avliden som legdelem på Fitje i Kyrkjebø 23.9.1851

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Lavik, Ministerialbok nr. A 3 (1843-1863), Døde og begravede 1852, side 31.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8399&idx_id=8399&uid=ny&idx_side=-327

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305650536.jpg

 

men at han vart barnefar i ein alder av 85 år, lyt eg tilstå at eg tvilar sterkt på...  Kanskje nokon greier å løysa den?

 

Lasse Aslakson hadde vel vært 75 år i 1840?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for ein fornuftig kommentar!  Du har sjølvsagt rett, men sjølv 75 år er ein bra alder..., og mannen budde jo ikkje heller på Tune, men er omskriven i bygdeboki under Fitje!

 

Elles kom nettopp dødsattesten for Gusty Johnson «seglande» inn på mail, og, som eg tippa:

 

Gusty Johnson døydde på Ebenezerheimen i Minneapolis, MN der ho då hadde butt i fem år!  Ho døydde av arteriosclerosis.  Det står forresten òg at ho hadde arbeitt som «maid in private families» i 40 år fram til 1928!  Ho ligg gravlagd på Crystal Lake cemetery i Minneapolis, MN

 

Ogso Charles Nelson's dødsattest er dukka opp.  Han var busett i Fargo, ND då han døydde på Rydell hospital i Minneapolis, MN av kreft.  Han vart gravlagd i Fargo, ND.

 

Då kan det jo vera ei ny utfordring å finna ut kvar Gusty var i 1920...!?

 

PS: Nokre korreksjonar vert «innbakte» i manuskriptet ovanfor!

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.