Gå til innhold
Arkivverket

John Olaus Moen fødd Dane Co., WI 1876 - foreldrelaus 4 år gamal - voks opp i fosterheim - student på college i Valparaiso, IN - kva skjedde so?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nils Christenson (Urnes) (1826-1878) og kona Johanna Rasmusdotter (Krogen) (1836-1880) utvandra frå Luster til Amerika i 1862 og slo seg ned som farmarar i Vermont township, Dane Co., WI.  Dei fekk tre born i lag, men ei jente døydde som barn.  Då mori Johanna døydde som enkje i 1880, let ho etter seg to gutar på 12 og 4 år.

 

Gutane hadde ingen slektningar i nærleiken som kunne ta seg av dei, men dei vart tekne inn av ein nabohuslyd MOEN, som visstnok var komne frå Valdres, og voks opp der.  Farmen vart halden i hevd, og eldste sonen Hans tok over då han vart myndig, men då han døydde barnlaus alt i 1895, berre 27 år gamal, selde enkja hans ut og flytte bort.

 

Yngste sonen i denne huslyden var:

 

John Olaus Christenson, sidan kjend som John O. MOEN.  Han var fødd i Dane Co., WI 16.9.1876 og vart konfirmert i Vermontkyrkja i 1890 under namnet Moen.

 

FT1900 syner John O. Moen som student ved College i Valparaiso, IN, men det er òg det siste sikre sporet me finn etter han.  Kvar i all verdi kan han ha vorte av?

 

FT1910 for Seattle, WA syner ein ugift «rooming house chief» i Seattle, WA med personalia som liknar, men eg er langt ifrå sikker på at det er han...!

 

Er det nokon som kan greia å finna ut kva som skjedde med denne collegestudenten?  Det hadde vore berre heilt fantastisk!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «urøyrd» i over eitt år.

 

Eg har ikkje finne nye element som kan hjelpa oss i oppsporingi av John, men om nokon kan greia ei slik oppgåve, so trur eg på Brukarforum!

 

Her er John i FT1900: https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=Indiana&query=%2Bgivenname%3A"John O" %2Bsurname%3AMoen %2Brecord_country%3A"United States" %2Brecord_subcountry%3A"United States%2CIndiana"

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var han født i 1875 ? Det ser slik ut også i kirkeboka, de står med fødselsår 1875 og dåpsår 1876. Jeg har ikke sjekket konfirmasjonen i 1890.

 

Name:John Olaus Christensen

Event Type:Baptism

Birth Date:16 Sep 1875

Baptism Date:8 Oct 1876

Baptism Place:Black Earth, Wisconsin, USA

Father:Niels Christensen

Mother:Johane Rasmùsdr

Church Name:Vermont Lutheran Church

Church Location:Black Earth, Wisconsin

 

Ser ut som det står fødselsår 1876 ved konfirmasjonen i 1890.

Name:John O Moen

Event Type:Confirmation

Birth Date:16 Sep 1876

Birth Place:Vermont Wisconsin, USA

Confirmation Date:8 Jun 1890

Church Name:Vermont Lutheran Church

Church Location:Black Earth, Wisconsin

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegg!

 

Eg veit ikkje kvifor ancestry attgjev fødselsåret til John Olaus som 1875.  Her er kyrkjeboki med dåpen hans:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314837-00077?pid=4198505&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx2101%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DJohn%20Olaus%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1876%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3DWisconsin,%20USA%26msbpn%3D52%26msbpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C52%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26h%3D4198505%26dbid%3D60722%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D5&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx2101&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og her er konfirmasjonen hans:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314837-00107?pid=4199270&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx2104%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DJohn%20Olaus%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DMoen%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1876%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3DWisconsin,%20USA%26msbpn%3D52%26msbpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C52%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26MSV%3D0%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26h%3D4199270%26dbid%3D60722%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx2104&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Båe oppgjev 1876 som fødselsår, og FT1900 har òg september 1876 for fødsli hans!

 

Uansett, guten er og vert borte etter 1900!  Det herja svært mykje tæring (tuberkulose) i midtvesten rundt hundreårsskiftet som tok mange liv, men merkeleg er det at John heller ikkje finst gravlagd nokon stad!  Han er ikkje registrert i dødsregisteret for Indiana, og eg har heller ikkje finne spor i Wisconsin!

 

Men, eg er ein fødd optimist, so eg vonar framleis...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode freistnadar på å finna lagnaden til John Olaus!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.