Gå til innhold
Arkivverket

Edward L. Anderson - fødd i Wisconsin 13.11.1871 - døydde i Minneapolis, MN 15.10.1935 - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Edward L. Anderson, son av Anders Olson frå Alsmo i Luster og Sophie Mathiasdotter frå Nissedal, var fødd i Wisconsin 13.11.1871 og døydde på militærsjukehuset i Minneapolis, MN 15.10.1935.

 

Dødsattesten seier han var gift med Minnie og vart gravlagd i Keokuk, IA

 

Han hadde i 12 år fram til 1925 vore «street railway motorman» (trikkemaskinist), men var sidan ufør.

 

FT1900 syner at han då var soldat på Filippinane, ugift

 

FT1930 syner at han då var utan yrke og busett i Minneapolis, MN hjå mori Sophie og hennar nye mann, Lars Anderson.  Han står med sivilstand ugift!

 

Ein Edward Anderson er i 1910 restauratør i Kalispell, MT med kone Minnie og to born fødde i North Dakota, men eg er ikkje overtydd om at det er «vår» Edward.

 

Greier nokon å finna fleire spor etter denne Edward og huslyden hans, vil eg vera svært takksam for det!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for nye innlegg om Edward Anderson!

 

Eg gjorde ei spennande oppdaging når det gjeld vigsli og kona til Edward Anderson, og eg har no sete i fleire timar for å «rydda opp i» denne huslyden.  Eg vil gjerne få «innlemma» Edward i debatten under Lars W. Anderson, men lat meg kort syna kva eg no har sett i saman med omsyn til Edward:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

c. Edward Lind Anderson, son av Andrew og Sophie, var f. i

 

     ##### (place of his birth? – WI!)

 

     13.11.1871 og d. i Ft. Snelling, Minn. 15.10.1935.  Edward voks òg opp hjå mori og stefaren, men gjekk sidan inn i hæren og var ei tid stasjonert i dei amerikanske styrkane i Caloocan Barracks nær Manila på Filippinane. 

 

     ##### (worked as a streetcar motorman 1913-1925 – unknown where!?)

 

     flytte so attende til Minneapolis, Minn., men gifte seg i Orlando, Fla. 8.8.1934 med Minnie Ethelind Suggs Ward Charland Gerhardt, f. i Horry Co., S.C. 14.1.1881.  Ho hadde vore gift tre gongar før og budde mange år i Little River, Horry Co., S.C. og sidan nær Orlando, Osceola Co., Fla., men vart skild frå alle dei tre ektemakane sine.  Edward og Minnie busette seg i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men som enkje flytte Minnie attende til Orlando, Osceola Co., Fla. der ho d. 28.7.1957.  Edward og Minnie var barnlause, men Minnie hadde to døtrer frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har med andre ord fått tak i kva eg treng om Minnie, som Edward gifte seg med, og eg manglar berre detaljar om Edward sjølv i tidi frå 1900 til 1930.

 

Eg syner elles til emnet om Lars W. Anderson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.