Gå til innhold
Arkivverket
Ivar S. Ertesvåg

Primærkjelder og førstehandskjelder - eit spørsmål om ordbruk og definisjon

Recommended Posts

Ivar S. Ertesvåg

Dette er eit spørsmål til historikarane som streifar innom her, evt. noverande eller tidlegare historiestudentar.

- til opplysing av meg sjølv og evt. andre.

 

Eg har etter kvart lært at norske historikarar (eller nokre av dei?) skil mellom

- førstehandskjelde - som er (tilnærma) samtidige og skapt av nokon som var med på hendinga

- primærkjelde - som er den kjelda som er nærast i tid og rom til den aktuelle hendinga, men som likevel kan vere eit par hundre år yngre.

Forklart litt meir utfyllande t.d. her https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Metode:Kildekritikk
 

Spørsmåla:

- Er dette ein gjennomført og eintydig ordbruk mellom norske historikarar?

- Korleis omset ein dette til andre språk?  (avgrensa til historiefaget)

 

 

For engelsk fann eg t.d. dette http://research.library.gsu.edu/primaryhistory

og http://web.calstatela.edu/library/guides/pswhat.htm

der "primary source" er forklart om lag som "førstehandskjelde" i lolkalhistoriewiki

 

På tysk fann eg m.a. desse

http://www.gutefrage.net/frage/was-ist-der-unterschied-zwischen-primaer-sekundaerquellebrauche-es-fuer-geschichte-#answers

http://www.uni-regensburg.de/philosophie-kunst-geschichte-gesellschaft/neuere-geschichte/medien/koenig/quellenie.pdf

http://www.owl.tu-darmstadt.de/owl/owl_module_1/modulenachfachbereiche/geistessozialhumanwissenschaften/0010_1/0010_03.de.jsp

som alle legg vekt på nærleik i tid for "primäre Quellen"

"Eine Primärquelle wurde also von jemandem hergestellt, der direkt von einem Ereignis betroffen war und darüber berichtete." (frå  TU Darmstadt, den siste lenkja).

 

Eg er klar over at lenkjene mine ikkje er representative for anglo-amerikansk og tysk historieskriving.....

Men dei viser iallfall døme på bruk av "primary"/"primär" som er ulik den norske "primær".

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.