Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Jacobson (1835-1907) - frå Luster til Hovdan i Flakstad - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg freister fylla ut ein biografi for denne huslyden med bakgrunn i garden Kroken i Luster og har vanskar med å komma vidare.  Kan henda er det nokon med lokal kunnskap eller nokon elles som kjenner til desse folki og som kan bidra med noko?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye oppdagingar er dette manuskriptet no bytta ut med eit nytt i innlegg #5 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Fødselsinnføringen til Olof August viser at  moren bodde i Rännö da han ble født.

AID:v122795.b65.s58

AID:v122780.b189.s182

post-3741-0-36670500-1460957756_thumb.jpg

post-3741-0-24963700-1460958003_thumb.jpg

Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Sveriges Befolkning 1880:

 

Post 1880-22-3-1085

Andersson, Olof
Arbetare

f. 1829 i Leksand (Kopparbergs län, Dalarna)

Gift man, far i familjen

Rännö
Tuna (Västernorrlands län, Medelpad)

Registrerad födelseort: Leksand Kopparbergs län
 

 

Post 1880-22-3-1086

Falk, Stina Greta

f. 1845 i Tuna (Västernorrlands län, Medelpad)

h.
Gift kvinna, mor i familjen

Rännö
Tuna (Västernorrlands län, Medelpad)

Registrerad födelseort: Tuna Västernorrlands län
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Tore for spennande og nyttige innlegg!

 

No har eg òg finne gravstøtta til kona, Ane Jakobsen, i Narvik, og i lag med ho ligg dotteri Johanna (1875), som tydeleg hadde «henta seg» etternamnet Baker i Amerika.  Eg har greve litt meir i denne huslyden og fann, i tillegg til opphavet til kona Ana, òg dødsfallet til sonen Nil (stava so i dåpsregisteret, men skulle vera Nils!) i Flakstad.  Ogso Anna Marie og Oluf Olsson ligg forresten gravlagde i Narvik!

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet som erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Jacobson (Krogen), f. i Luster 5.2.1835,

Johannes Jakobsen flytte til Nordland i 1852 og gifte seg i Flakstad 21.9.1859 med Ane Johanne Johnsdotter frå Hovdan i Flakstad.  Ho var dotter av gardbrukar John Bjørnson på Hovdan, opphavleg frå Ramberg, og andre kona Hanna Johannesdotter frå Hovdan og f. i Flakstad 26.10.1839.  Johannes var fiskar, og han og Ane tok over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Hovdan i Flakstad der Johannes d. som kårmann 22.4.1907.  Ane Jakobsen flytte som enkje til Narvik der ho d. 14.6.1923.  Dei fekk ni born i lag:

a. Johanna Margrethe Johannesdotter Jakobsen, f. i Flakstad 2.10.1859, d. i Flakstad 2.1.1860.

b. Jørgina Marie Johannesdotter Jakobsen, f. i Flakstad 4.7.1861, d. i Flakstad 27.7.1861.

c. Jensina Marie Johannesdotter Jakobsen, f. i Flakstad 7.8.1864, flytte i 1890 til Trondheim og utvandra derifrå til Amerika i 1894,

 

     ##### (lagnaden hennar i Amerika?)

 

d. John Christian Johannesson Jakobsen, f. i Flakstad 21.10.1867, d. i Flakstad 16.11.1870.

e. Martinus Johan Johannesson Jakobsen, f. i Flakstad 18.3.1870, d. i Flakstad 8.12.1871.

f. Anna Marie, kjend som Marie Johannesdotter Jakobsen, f. i Flakstad 6.3.1873, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Narvik nye!)

 

     26.2.1954.  Marie gifte seg i Narvik 18.8.1902 med Olof August Olsson frå Rännö i Västernorrlands län i Sverige, kjend som Oluf A. Olsson.  Han var f. i Tuna, Västernorrlands län i Sverige 2.2.1874 og d.

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd Narvik nye!)

 

     4.10.1944.  Oluf Olsson var jarnbanearbeidar i Narvik

 

     ##### (sagt so i 1902 – 1910: Narvik: skineleggjar LKAB Malmfelt! – seinare lagnad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Harald Johan Olsen, f. Narvik 26.7.1903 – n. 1910

            * Agda Marie Olsen, f. Narvik 5.10.1904 – n. 1910)

 

     ##### (i huslyden deira 1910:

            * Arne Johan Jacobsen, f. Flakstad 25.7.1907 – fors. av malmarbeidar(?) - kven var han?

            * Ane Johanna Jacobsen, f. Flakstad 20.10.1873 – enkje? – hjelper i huset - må vera mor hennar med feil fødselsår!)

 

g. Johanna Kristine, kjend som Hanna Johannesdotter Jakobsen, f. i Flakstad 5.4.1875, utvandra til Amerika i 1903 og gifte seg i Minneapolis, Minn. 22.11.1912 med Elsworth Fuller Baker, f. i Wright Co., Minn. 30.5.1870.  Elsworth var køyrekar og sidan farmarbeidar («teamster and farm laborer»), og han og Hanna budde i Excelsior, Hennepin Co., Minn. der Elsworth d. 21.11.1932.  Hanna Baker flytte som enkje attende til Noreg og busette seg i Narvik der ho d. 20.7.1955. 

 

     ##### (ser ut til å ha hatt ein son i Amerika!!? - Harald Erickson, f. i MN 1907?)

 

h. Nils Christian Anthon Johannesson Jakobsen, f. i Flakstad 15.1.1877, d. i Flakstad 12.7.1890.

i. Kenius Meyer Johannesson Jakobsen, f. i Flakstad 27.3.1881, d. i Flakstad 10.7.1890.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden og vonar fleire detaljar kan dukka opp.  Det er til dømes merkeleg kor dei to eldste døtrene berre «forsvinn»!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit overraskande og skikkeleg godt innlegg!

 

Eg har tydeleg gjort ein feil då eg i si tid noterte at dei to jentene levde i 1865, og når eg no ser på originalteljingi frå 1865 på ny, so ser eg jo at dei IKKJE er nemnde!

 

Då er den saki ute av verdi.  Eg har retta opp manuskriptet i innlegg #5 ovanfor!

 

Då er det etter kvart ikkje so svært mykje som manglar når det gjeld denne huslyden.  Den største utfordringi vert truleg å finna lagnaden til Jensine Marie i Amerika!?

 

Og so var det dette med at Hanna Baker skal ha hatt ein son...

 

Eg takkar på ny so mykje for fantastisk hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
????

 


 

Name: Harold Erickson

Titles and Terms:

Event Type: Census

Event Date: 1910

Event Place: Excelsior, Hennepin, Minnesota, United States

District: ED 7

Gender: Male

Age: 3

Marital Status: Single

Race: White

Race (Original): White

Relationship to Head of Household: Roomer

Relationship to Head of Household (Original): Roomer

Birth Year (Estimated): 1907

Birthplace: Minnesota

Immigration Year:

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Sheet Letter: B

Sheet Number: 9

Sheet Number and Letter: 9B

Household ID: 220

Affiliate Name: The U.S. National Archives and Records Administration (NARA)

Affiliate Publication Number: T624

Affiliate Film Number: 699

GS Film Number: 1374712

Digital Folder Number: 004972533

Image Number: 00751

 

Household Role Gender Age Birthplace

Ellsworth Baker Head M 36 Minnesota

Hannah Erickson Housekeeper F 34 Norway

Harold Erickson Roomer M 3 Minnesota

 

----------------------------------------------------------------

 


 


Name: Ellsworth Fuller Baker

Gender: Male

Burial Date:

Burial Place:

Death Date: 21 Nov 1932

Death Place: Excelsior, Hennepin, Minnesota

Age: 62

Birth Date: 1870

Marital Status: Married

Spouse's Name: Hannah Jacobson Baker

Father's Name: Aaron Baker

Mother's Name: Sarah Barton

 


 

 

 

 

 

 

 


 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjerteleg takk til Grethe for siste spennande innlegg om denne huslyden!

 

Eg ser du har «oppdaga» Harold Erickson i Hennepin Co., MN.  Det merkelege er at Harold ikkje er nemnd i lag med mor si korkje i 1920 eller i 1930, so kanskje var han avliden?  Elles står det om Hanna at ho var enkje i 1910 med ættenamnet Erickson, men so langt har eg ikkje finne noki vigsli i Minnesota som høver til ho med ein eventuell ektemann Erickson, so kanskje var ho ikkje gift med barnefaren?

 

Det er ein person som har sett opp eit family tree for denne huslyden, men treet er ikkje offentleggjort, so eg lyt senda vedkommande ei melding med von om å få eit svar...

 

Elles trur eg det kanskje kan svara seg å senda eit spørsmål i Arkivforum til Trondheim for å undersøkja eit par dødsmeldingar og/eller skifte frå Narvik...

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.