Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Volda, MR - kven er "Jon Hamre" som er nemnd i skifte-ekstrakt frå Otterdal (Hornindal SF) i 1735

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Ja, spørsmålet står stort sett i overskrifta. I dette skifte-ekstraktet etter ekteparet Knut Haraldson og Ingeborg Larsdtr (startar nederst på v.side) blir så vidt eg kan sjå "Joen Hamre i Wolden paa Søndmør" innsett som formyndar for den yngste sonen Kristoffer Knutson. Det står vidare, etter mitt ringe vit, at han er "drengens farbroder".

 

Då skulle han i så fall vere bror til Knut Haraldson Otterdal, men ulempen er at vi har skifte etter Harald Olsson Otterdal i 1704, og der er ikkje nemnt andre søner enn Knut. Så no prøver eg meg på ein snarveg:

 

Er det nokon med Voldakunnskap som kan hjelpe meg å finne samanhengen her?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Er ikkje så veldig mykje eg kan hjelpe med.

 

Men eg har funne berre ein stad i Volda som har ordet hamre/hammer eller liknande i seg og det er garden "Svarthammer" - eller berre Hamre - på nordsida av største neset nesten heilt inne i Austefjorden. I grunnen rett over fjorden frå Aurstad og Leitet. I 1701 bur det ein Joen der som er 29 år gamal og som er "kongl. Majst. Landbunde"

 

For enkelheits skuld så anbefaler eg deg denne avskrifta frå 1701 manntalet som Ivar S. Ertesvåg laga og har gjort tilgjengelig på heimesida si. Heile 1701 mantalet for Sunnmøre er her lett tilgjengelig, dessverre ikkje søkbart, men kva verden !!

 

http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/mt1701_Sunnmore.htm

 

I det faktiske 1701 manntalet finn du Jon på Svarthammer på side 199

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre fogderi, Manntall 10 (RA/EA-4070/J/Jb/L0010), 1701-1701, oppb: Riksarkivet.

Merknader: Manntallet 1701

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/38457/109/

 

Dessverre er har eg ikkje Busetnadssoga for Volda (Arnfinn Kjelland) tilgjengelig. Austefjorden er omhandla i bind 3 i det verket. Heller ikkje Voldasoga: Gardar og slekter, bind 2 av Per Årviknes er noko eg har tilgjengelig. Bind 1 og bind 3 av dette verket er begge tilgjengelig på nb.no

 

Skifter frå Hamre i Volda har eg lokalisert berre seks stykker av - to under Hamre og fire under Svarthammer. Dessverre ingen som handlar om Jon elleer familie etter ham. To frå rundt 1750 og fire frå 1812 eller seinare.

 

Ikkje mykje, men eg håpar Ivar Ertesvåg ser og kjem til unnsetning :rolleyes:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Hamre (Svarthammer) er omhandla i band 3 i Volda-soga, men det er vel ikkje så mykje hjelp i det som står der: http://www.nb.no/nbsok/nb/d107f6baee02864f30020db2e47efdd8?lang=no#107

Det er nemnt eit skifte frå 1740 etter Jon Hamre si kone Anne Guttormsdtr. Eg kan ikkje sjå at det er skifte frå dette året i skifteprotokollane.

 

Om ein vil utvide søket litt, så er det ein gard i Ørsta (på denne tida ein del av Volda Prestegjeld) som heiter Hamar: http://www.nb.no/nbsok/nb/4f4d3c0b043684dd4e7cb65c870938e6.nbdigital?lang=no#605

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Ahhh... Då er mitt tidlegare utsagn om at der ikkje er skifter etter Jon eller familien etter Jon som feil å rekne. Begge fyrste konene etter sonen Erik Jonsen er der skifter etter. Berre å beklage ein (alt) for rask konklusjon.

 

Fyrste kona, Anne Hansdatter, skifte 1749

 

Andre kona, Ingeborg Olsdatter, skifte 1751

 

Godt at Inge kom og redda situasjonen :unsure:

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

"Joen Hamre" skal vere formyndar i 1735, og må nok vere eldre enn denne Jon Erikson Hamre..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tor Kvien

På gården Nes 51/1 i Volda er nevnt en Jon Johannesen f. ca. 1672, og gift på Svarhammer 75/1 med Anne Guttormsdr. D. før 1740 Det skal i følge Busetnadssoga b. III, være skifte etter henne.  Det er ingen åpenbare spor som peker mot Otterdal.

 

Jeg ser nå dette er noe av det samme som Inge nevner i innlegg 3

Endret av Tor Kvien

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Eg les skifteekstraktet slik Aase gjer, både "Drengens farbroder" og "Joen Hamre i Wolden paa Søndmør".

Eg kjem heller ikkje på andre Hamrar i Volda (prg.) enn dei to som er nemnde. I Ørsta ser eg ingen Jon, men som Morten alt har funne, er det ein Jon Hamre i Volda som er 29 år i 1701, og dermed ca. 64 år i 1735.

(Morten: du kan vel søkje i fritekst i teljinga)

Om aldersoppgåver er unøyaktige, kan vi kanskje trekkje frå nokre få år (men ikkje så mange, sidan han bygsla gard i 1697).

 

Jon kan vere bror til Knut, sjølv om han ikkje står i skiftet etter Knut sin far Harald (eg trur på Aase og har ikkje sjekka). Dersom Jon var uekte fødd, ville han ikkje vere arving etter far sin. Også dersom Jon og Knut var sammødre halvbrør, ville ikkje Jon vore son til Harald.

 

Ifl Busetnadssoga skal Jon kome frå Nes (som Tor nemner). Kjeldene for dette folket på Nes ser litt skrale ut - mange opplysningar manglar (Busetnadssoga b3 s. 327.

Men .... det var skifte etter Johannes Jonsson, http://arkivverket.no/URN:sk_read/24547/257/

Her står "Joen Johansen Svarthammer" først mellom borna til avdøde.

Rett nok vert det ikkje delt ut arv (det har avdøde ordna i levande live; born og andre får dekt ymse uteståande, Jon får verdiar for 16 sk), så vi får ikkje vite kven som evt. er ekte eller uekte.

 

Altså ... kan vi sjå bort frå at Jon Svarthammar var uekte son til Harald Otterdal. Han kan framleis vere sammødre halvbror til Knut.

Men det kan også tenkjast "farbroder" er strekt litt; t.d at Jon og Knut var syskenborn.

 

Jon si mor skal vere Anne Nilsd. - stort meir veit ikkje Busetnadssoga. Ho og enkjemann Johannes må vere gifte ein gong på 1660-talet.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Mange takk for god utgreiing - utan at vi kom heilt i mål. Eg vil nok tru at "farbror-skapen" kan vere litt upresis; eg skal studere litt meir på mors-slekta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sol Høydalsvik Ulvestad

I bygdeboka for "Hornindal" står det under br. 1 "Utigard" Jon Haraldson, busett på Hamre i Volda.

Finn ikkje nokon, som passar til denne Jon på Hamre/Svarthammar i Austefjorden, Volda.

Den Jon som er nemnd i 1701 -telinga kjem Ifrå Nes i Austefjorden.

 

Folk farta mykje over fjellet mellom Austefjorden og Hornindal i eldre tid -  no køyrer dei gjennom fjellet.

Jon frå Otterdal kan ha vore på Hamre, då skiftet vart skrive, men ikkje slege seg til der.

 

Tippoldemora mi var fødd på denne garden, men 150 år seinare!.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Det er godt muleg at kjelda til denne opplysninga i bygdeboka er akkurat dette skifte-ekstraktet - at forfattaren har lese om "farbroderen" Jon Hamre, og dermed gjeve han farsnamnet Haraldson? No har eg sett etter i skiftet etter Harald igjen, og det er berre Knut som er nemnd i utloddinga og, så "farbroder" kan umuleg vere rett.

 

Dette er verken slekt eller glopparar, så eg får vel berre legge det til sides, men det var ei artig lita nøtt uansett.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

halvbrør er også brør....  sjølv om dei ikkje har same far

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Dersom aldersoppgjevingane frå manntalet i 1701 er nokonlunde korrekte, kan ikkje Jon [Johannessen] Hamre (29 år), og Knud Haraldsen Otterdal (34 år) vere halvbrør, då ein må kunne gå utfrå at mor til Knud var gift med Harald Olsen Otterdal (64 år)....

 

Dette er mi slekt, då eg ættar frå Knud si søster, Eli Haraldsdtr. Navelsaker. Problemstillinga som Aase har teke opp i denne tråden er elles ikkje det einaste tvilsame når det gjeld kva som står nedskrive, I skiftet etter Harald Olsen Otterdal er Eli Haraldsdtr. sin mann kalla Peder Clausen Navelsaker, alle andre stader eg har sett han nemnt, heiter han Peder Olsen.....

 

Elles står opplysninga om Jon Hamre i Volda også i J.Aaland/Edv. Os si bygdebok (Eid/Hornindal):

http://www.nb.no/nbsok/nb/8dcf0182cf035ebf7ac74da7fead33ac?lang=no#455

Eg ser eg hadde notert meg Jon Haraldsen Otterdal??? i min database, noko som viser at eg nok har vore borti dette problemet før, sjølv om eg ikkje heilt kan hugse det.

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, det er sjølvsagt rett, det kan vere snakk om ein sam-mødra bror, med Gunnhild Olsdtr som mor. Han må i så fall vere eldre enn Knut, som etter alder ved død skal vere fødd på slutten av 1660-talet. Dessverre finn eg ikkje Otterdal i 1666, og i 1664 er stort sett berre brukarane med. Og Gunnhild er der ikkje skifte etter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.