Gå til innhold
Arkivverket

Martha Olsdotter (1829-1913) - frå Luster til Ibestad i Troms - borni hennar i Ibestad, Svolvær og Harstad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det var to søstrer frå Kroken i Luster som i åri kring 1850 flytte til Ibestad i Troms.  I dette emnet vil eg drøfta den yngste av dei, Martha Olsdotter og huslyden hennar.  Eg har samla ein del opplysningar om ho og borni hennar, men manglar framleis nokre detaljar frå ibestad, Svolvær og Harstad.  Kanskje nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare?

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Olsdotter (Krogen), f. i Luster 21.10.1829,

Martha Olsdotter flytte til Nordland i 1850, men flytte sidan til Ibestad i Troms der ho 26.11.1857 gifte seg med Haldor Nilsson frå Bolla i Ibestad.  Han var son av husmann Nils Halvorson på Holtet under Bolla, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – kva gard/plass – Koppang?)

 

i Åmot, Hedmark, og kona Anna Martha Valentinsdotter frå Bolla og f. i Ibestad 29.5.1831.  Haldor og Martha tok over som husmannsfolk på Holtet under Bolla i Ibestad etter foreldri hans, men Haldor d. under fiske i Svolvær 16.2.1880.  Martha d. som enkje på Skog i Ibestad 18.2.1913.  Dei fekk fire born i lag:

a. Nicoline Amalie Haldorsdotter, f. i Ibestad 1.10.1859, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     Nicoline gifte seg i Ibestad 25.8.1881 med Tollef Nilsson frå Baltnes i Ibestad, f. i Ibestad 18.8.1851.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Tollef var fiskar, og han og Nicoline tok over som plassfolk etter foreldri hennar på Holtet under Bolla i Ibestad.  Dei fekk fem søner i lag.

b. Serine Johanna Haldorsdotter, f. i Ibestad 11.1.1862, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

     Serine gifte seg i Vågan 29.12.1898 med Andreas Krispinus, kjend som Krispinus Andreasson frå Svolvær i Vågan, f. i Vågan 17.12.1858.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Andreas var fløtmann, og han og Serine budde i Svolvær i Vågan. 

 

     ##### (sagt so i 1910 – seinare lagnad?)

 

     Dei fekk tre born i lag.

 

     ##### (sjekka talet på born? – tre nemnde i 1910!)

 

c. Olufine Matelia Haldorsdotter, f. i Ibestad 14.10.1864, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Olufine gifte seg i Harstad, Trondenes 19.5.1893 med Mikkel Normann Henrikson frå Harstad nordre i Trondenes, f. Trondenes 26.2.1862.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1910: gardbrukar og agent i Harstad, Trondenes! – seinare lagnad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?

            * ingen nemnde 1910!)

 

d. Peder Johan Haldorson, f. i Ibestad 6.6.1866, d. som fiskar på Holtet 12.4.1885, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Olufine Matelia Haldorsdotter, f. i Ibestad 14.10.1864 (....)gifte seg i Harstad, Trondenes 19.5.1893 med Mikkel Normann Henrikson frå Harstad nordre i Trondenes, f. Trondenes 26.2.1862.  Han d.


 


     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)


 


     ##### (yrke og bustad? – 1910: gardbrukar og agent i Harstad, Trondenes! – seinare lagnad?)



2986769

Mikkel Normann 

Henriksen 

Gaardbruker 

Harstadgård 

2602 

1862 

 

0505 

1940 

 



 



 

 

K.H. Takk for alt. 

Vis

Trondenes

Harstad

    


http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2986769


 


 


Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nyttig opplysning!

 

Eg stussa litt på namnet Harstadgaard.  Nytta han dette namnet til dagleg, tru?

 

Takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel bare navnet på stedet hvor han bodde. Etternavnet har nok vært Henriksen med adressen Harstadgaard. Det var vel der han bodde da han døde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ft 1910, Mikkel Henriksens bosted er Nordre Harstagård. Det hender at bosted står oppført på gravstøtter.

I gravregistreringen er Harstadgård ført under kolonnen "bosted". (Får ikke kopiert fra registreringen akkurat nå)

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=1901&kenr=006&bnr=0019&lnr=01

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Grete, Randi Elisabeth og Leif for nye innlegg og kommentarar kring namn og bustad til Mikkel Normann Henrikson (på) Harstadgaard.

 

Frå ein med ikkje so reint lite lokalkunnskap frå området har eg dessutan motteke ei melding som mellom anna seier:

 

~~~~~~~~~~

 

Dette var den siste gården hvor det ble drevet jordbruk inn i Harstad by.
Området ligger litt nordvest for sentrum og Mikkel Norman Henriksen bodde på og drev Nordre Harstadgård i 1910 bruk nr. 18 i Harstad Ladested
 
Iflg. denne artikkelen bodde Mikkel Normann Henriksen i St. Olavs gate 37.
 
“Hålogalands gate i Harstad strekker seg fra Magnus gate, krysser Skolegata og ender i Harstadgårdsveien.
På 1910-tallet var det særlig stor byggevirksomhet i gata, og mange av husene har beholdt sine opprinnelige særpreg.
Helt frem til 1960-tallet (?) var gata delt av ev en åpen mark før den ble forlenget til Harstadgårdsveien.
Marka tilhørte Mikkel Henriksen i St. Olavs gate 37. Husene nr. 50 (Boa Kind) og nr. 52 (fam. Malm) ble bygd ovenfor nygata gjennom marka.
Med ett unntak er det kun eneboliger i gata – en tilstand beboerne gjerne vil skal vedvare, selv om presset fra boligselskaper er til stede.”
 
Men her er mer:
Mikkel Norman hadde opprinnelig huset og fjøsen der hvor vi idag  finner en ny bygning med navn Mikkelborg-gården, som idag har gataeadresse: Olavs gate 49.
Både fjøsen og husert er revet etter at Mikkel Norman Henriksen hadde bygd nytt hus i St. Olavs gate 37.
Mikkel Norman Henriksens hus i St. Olavs gate 37 er revet og et nytt hus er bygd på plassen og har gateadresse St. Olavs gate 37A.

 

~~~~~~~~~~

 

So det er vel ikkje so godt å seia kva namn Mikkel sjølv nytta.  Det beste er truleg å sjå etter kva som er skrive i kyrkjeboki...

 

Eg takkar elles nok ein gong for alle gode tips som kjem med omsyn til resten av denne huslyden, jmf. manuskriptutdraget i innlegg #1 , som framleis står uendra...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.