Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Pederson Flamer (1818-1909) - landhandlar frå Luster til Bremanger og Bergen - borni hans i Bergen og Amerika - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmannssonen Sjur Pederson frå plassen Havelden under Flahammar i Luster gifte seg med ei handelsmannsdotter i Måløy og tok sjølv over som landhandlar, først i Måløy og sidan på Holmen i Bremanger før han flytte til Bergen.  Ætti skreiv seg Flamer, både i Noreg og i Amerika, men eg har vanskar med å finna ut av alle desse borni og kvar det vart av dei.  Kanskje nokon har kjennskap til denne huslyden og kan bidra med litt hjelp?

 

Her er eit manuskriptutdrag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye funn er dette manuskriptutdraget no erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

b. Arne Schmidt Sigurdson Flamer, f. i Bergen 22.7.1902, d. i Bergen 1.3.1962.  Arne utvandra i 1925 til Los Angeles, Cal., men kom heimatt etter kort tid og vart paraplymakar i Bergen. 

 

     ##### (fleire opplysningar?)

 

Valgmanntallet 1934:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/108/pc00000000442507

 

Arne Flamer døde i 1962:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/15/pa00000000695765

 

Fremskritt gjennom kunnskap : Bergens haandværks- og industriforening i etterkrigsårene

Forfatter: Carl O Gram Gjesdal

Bergen, Grieg 1970

 

se vedlegg. 

 

post-541-0-28021700-1461167504_thumb.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Name: Sjur Pedersen
Spouse's Name: Anna Margrethe Schmidt:
Event Date: 29 Mar 1853
Event Place: Selje,Sogn Og Fjordane,Norway
 
 
SAB, Ministerialbok nr. A 10, 1844-1858, s. 222
 
Her er dåpen til Anna Margrethe:
 
Er dette samme Johan Petter - borgerskap som "Mæster Skoe Mager" i Bergen i 1808:
 
Ole Schmidt, 1812
 
Nils Peter Wolmer, f. 1816 (døde 1820) - sønn av Johan Peter Smith
 
Anna Lucie, 1814
 
Johan Peter var enkemann da han giftet seg med Marthe Erichsen i 1811. Marthe var vel enke?
 
Johan Peter i 1801?
 
Hans Johan, 1804 - Johan Peter Smidt og Anna Lucie Wolmer:
 
Cathrina Magretha, 1809
 
Giftermålet i 1803
 
Bergen fylke, Korskirken, Forlovererklæringer nr. II.5.1 (1776-1816), Lysninger 1803, side 223. 
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4578&idx_id=4578&uid=ny&idx_side=-235
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060622080073.jpg
 
Johan Peter - døpt Jan Petter - ble døpt i Korskirken i Bergen i 1781, sønn av Hans Schmidt og Catharina Margaretha Von Der Hude:
 
Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. A 5 (1751-1789), Fødte og døpte 1781, side 191. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8675&idx_id=8675&idx_listetype=dp&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-194
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070321610354.jpg
 
 
Datteren til Johan Peter i første ekteskap heter Cathrina Magretha og hun må være oppkalt etter farmor von der Hude.
 
Her er giftermålet mellom Hans Smith og Cathrine Magretha von der Hude:
 
Henrich Christopher, 1768
 
Anna Margrethe, 1772
 
Jan Petter, 1781 (se ovenfor).
 
 
 
 
 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det står ved Marthe Erichsens giftermål med Johan Petter at hun er enke etter afg. Gullachsen. Da er vel dette første ekteskapet med Ole Gullachsen:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=5421&merk=5421#ovre

 

Kanskje Ole i Bergen i 1801?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390001545

 

Martha Erichsen i Bergen i 1801?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390002484

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire flotte og nyttige innlegg, og det til tross for at manuskriptutdraget mitt i innlegg #1 på eitt eller anna vis vart noko «amputert»!

 

No har eg retta opp dette og erstatta det med eit nytt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire interessante oppdagingar vert dette manuskriptet i kveld erstatta av eit nytt i innlegg #8 nedanfor!

 

Det vert nok ikkje so lett å finna ut av dei andre ættlingane her som utvandra til Amerika, men er det nokon som greier det, er det nettopp dykk i Brukarforum!

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nybø er gnr 58 i Gloppen, nabogard til Vereide. Prestane budde på Vereide, og Nybø var brukt til presteenkjesete i generasjonar. Foreldra til Sara var Nils Erikson Indre Hauge (1793-1868) og Ingeborg Rasmusdtr Føleide (1804-1887). (Nils hadde hatt teneste med den dåverande presteenkja i mange år, og overtok garden etter forrige brukar som var barnlaus). Sara var eldste barnet deira.

 

Eg kan ikkje seie det sikkert, men eg TRUR at Lars Tufte var ein skreppe-kar frå Numedal som fann kjærleiken og slo seg til her; vi har mange døme på det rundt i landet. (Også Sara si syster Ragnhild gifte seg med ein frå Numedal, og minst ei jente til i bygda; denne siste heitte også Tufte, men eg veit ikkje om der var slektskap).

 

Nokså typisk for desse "skreppe-ekteskapa" var kort tid mellom bryllaup og eldste barn, gjerne i motsett rekkjefølgje, som i dette tilfellet: Knut er fødd før vigsla, men ikkje kalla uekte for det. Eg ser føre meg at forklaringa er at desse karane reiste rundt i meir eller mindre faste ruter, og då gjekk det gjerne eit halvår eller vel så det før dei kom att til same staden. Då kunne dei gjerne bli klar over kva dei hadde stelt i stand sist dei var der, og så vart det bryllaup i full fart. Kva som vidare hende, var avhengig av tilgangen på buplassar i bygda - i dette tilfelle var det ikkje ei jordajente han hadde funne, så det vart nokre år på ein husmannsplass før han tok med familien og reiste vidare. Dei fekk to born medan dei budde her (Knut i 1860 og Nils i 1862).

 

Seinare var det gjerne anleggs-sluskar som dukka opp på denne måten i bygdene, men 1860 er litt tidleg for denslags, så eg trur nok det er skreppa som er forklaringa.

 

Om det er opplysningar du no saknar, så spør.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aase for innlegg frå i morges med interessante og nyttige opplysningar om Knut Larsson og huslyden hans frå Nybø i Gloppen.

 

Eg har vanskar med å finna opphavet i Uvdal til Lars Knutson (Tufte), men kanskje ein eller annan med tilgjenge til ei lokal bygdebok kan hjelpa vidare?  Elles har eg fått det eg treng for mitt føremål, men vil gjerne få nemna at eg i løpet av dagen har finne fleire detaljar om denne huslyden i Canada, mellom anna dødsåret til Knut, og eg har dessutan oppdaga to family trees på ancestry.com som omhandlar denne ætti.  Båe er utilgjengelege for publikum, men eg har skrive til kontaktpersonane og bede om fleire detaljar...!

 

Eg har ogso i bettermiddag finne spor etter dotteri Mathilda i South Dakota, eller skal eg heller seia spor etter dotter hennar, som vart konfirmert i Mobridge, SD i 1888.  Kanskje det no let seg gjera finna fleire spor etter denne greini av ætti?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at dotteri Anna Mathilde i dag er oppdaga, har eg lagt inn eit oppdatert manuskript for denne huslyden i innlegg #10 nedanfor!

 

So vil nok ein gong få takka på det hjartelegaste for hjelpi med å komplettera denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En Anna M Flamer, født juli 1854, døde i Alberta, Canada 25.12.1916 http://findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Flamer&GSiman=1&GScid=2322322&GRid=91661592&

 

Census 1916 https://familysearch.org/search/collection/results?count=20&query=%2Bgivenname%3Aannie~%20%2Bsurname%3Aflamer~&collection_id=1529118

 

Name  Annie Flamer
Event Type  Census
Event Date  1916
Event Place  Alberta, Canada
Gender  Female
Age  62
Marital Status  Widowed
Ethnicity  Norwegian
Relationship to Head of Household  Mother-in-law
Birthplace  Norway
Birth Year (Estimated)  1854
Immigration Year  1903
Township  44
Province  Alberta
District Number  43 Victoria
Sub-District Number  07
Enumeration District  44
Page  20
Affiliate Film Number  T-21955

Annie Djuve  Daughter  F  4y  Alberta
Annie Flamer  Mother-in-law  F  62y  Norway
Andrew Holmquist   M  28y  Sweden

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for kjempefine opplysningar om Anna M. Flamer og dotteri Petra.  Imponerande!

 

Alt i 1900 budde Anna Flamer som skild i Campbell Co., SD, og eg finn fleire av Djuve-borni fødde nær Pollock, Campbell Co., SD, og etter vidare forsking har eg fått på plass ein god detaljar om dei, men ein del manglar framleis.

 

Her følgjer eit nytt manuskript for denne huslyden, som erstatning for manuskriptet i innlegg #8 ovanfor:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Pederson (Fladhammer), f. i Luster 17.8.1818,

Sjur Flamer flytte i 1847 til Selje i Nordfjord, og der gifte han seg 29.3.1853 med Anna Margrethe Johansdotter Schmidt frå Måløy i Selje.  Ho var dotter av skomakar og seinare handelsmann Johan Peter Hansson Schmidt i Måløy, opphavleg frå Bergen, og andre kona Martha

 

##### (farsnamnet hennar? – f. Erichsen – Bergen kring 1782?)

 

òg frå Bergen, og f. i Bergen 23.7.­1819.  Sjur og Anna flytte til Holmen i Bremanger der Sjur var landhandlar og gardbrukar til dei kring 1881 flytte til Muren i Bergen for å halda fram med handelsverksemdi der.  Dei busette seg i Hans Holmboes gate i Bergen der Anna d. 25.5.1900.

Kring 1905 flytte so Sjur Flamer som enkjemann attende til Luster, og han d. på Flahammar 13.1.1909.  Sjur og Anna fekk fem born i lag:

a. Anna Mathilde Sjursdotter Flamer, f. i Bremanger 1.7.1854,

Anna Flamer gifte seg første gongen 10.10.1872 med Peder Fredrik von Krogh Hess Christopherson Kjørlaug, gardbrukarson frå Kjørlog i Hafslo, f. i Hafslo 24.11.1848.  Peder gjekk lærarskulen på Stord og vart i 1872 tilsett som lærar i Bremanger, men d. under eit opphald heime på Kjørlog i Hafslo alt 31.12.1872.  Som enkje budde Anna mellom anna ei tid som tenestejente på Hellevikstranda i Ålesund, men 27.4.1879 gifte ho seg att i Bremanger med Peder Olai Jacobson frå Kvammen i Vevring, Førde.  Han var son av strandsitjar og fiskar Jacob Pederson på Holten under Kvammen og kona Elisabeth Bendiksdotter frå Klakegg i Jølster og f. i Vevring, Førde 29.9.1848.  Peder Olai var jekteskippar og sidan tømmermann, og han og Anna budde nokre år i Bergen, men utvandra derifrå til Amerika i 1883.  Under namni Peter og Anna Jacobsn finn me dei att som farmarar i T128 R78 (LaGrace township), Campbell Co., S.D., men dei vart skilde kring 1898.

 

##### (what happened to Peter?)

 

Anna tok att jentenamnet Flamer og farma vidare i LaGrace township, Campbell Co., S.D. til ho i 1903 flytte inn hjå dotteri Petra nær New Norway, Alta. der ho d. 25.12.1916.  Anna fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet med Peder Kjørlaug:

a. Petra Fredrikke Pedersdotter Kjørlaug, kjend som Petra Jacobson, f. i Hafslo 10.12.1872, voks dels opp som fosterdotter hjå besteforeldri på Holmen i Bremanger, men utvandra til Amerika med mori og stefaren i 1883 og gifte seg i Campbell Co., S.D. 25.11.1892 med Halvor Svendson frå Skjerve i Seljord, i Amerika kjend som Halvor S. Djuve.  Han var son av gardbrukar Svend Kittelson på Skjerve, opphavleg frå Åsen under Midtbøen, og kona Anna Halvorsdotter frå Fjølle under

 

      ##### (kva gard ligg Fjølle under?)

 

     og f. i Seljord 30.1.1863, men utvandra til Amerika i 1884.  Halvor og Petra farma først i LaGrace township, Campbell Co., S.D., men flytte i 1901 til ein «homestead» nær New Norway, Alta. der Petra d.

 

     ##### (date and place of her death?)

 

     1925.  Halvor Djuve d.

 

     ##### (date and place of his death?)

 

     1937.  Dei fekk ni born i lag.

 

     ##### (children:

            Djuve, Anna Mathilda  f. Campbell Co., SD 11.8.1893

            Djuve, Sigvald  f. Campbell Co., SD 21.3.1895

            Djuve, Norah  f. Campbell Co., SD 24.11.1897

            Djuve, Pearl  f. Campbell Co., SD 29.9.1899

            Djuve, Agness  f. AB 1903

            Djuve, Frederick  f. AB 1905

            Djuve, Olaf  f. AB 1908

            Djuve, Dagmar  f. AB 1910

            Djuve, Annie  f. AB 1912)

 

b. Johan Peter Schmidt Sjurson Flamer, f. i Bremanger 13.12.­1855,

Johan Flamer vart konfirmert i Bremanger i 1871, men utvandra

 

##### (utvandringsåret hans? – 1900 oppgjeve 1870, men kan ikkje vera rett!)

 

til Amerika og

 

##### (lagnaden hans i Amerika? – 1900: John Flamer – single seaman in New Orleans, LA)

 

##### (date and place of his death?)

 

c. Peter Sigurd, kjend som Sigurd Sjurson Flamer, f. i Bremanger 12.8.1858,

Sigurd Flamer flytte kring 1881 med foreldri til Bergen og gifte seg i Domkyrkja i Bergen 28.3.1896 med Edvardine Pauline, kjend som Dina Pettersdotter Paulsen frå Bergen.  Ho var dotter av snikkarmeister Petter Olai Paulsen i Bergen og kona Severine Johanne Sjursdotter (Langeteig),

 

##### (stemmer mori? – er kalla både Sjursdotter og Jørgensdotter/Jørgensen! – kan henda to forskjellige?)

 

òg frå Bergen og f. i Bergen 3.12.1864.  Sigurd Flamer var skipsførar, og han og Dina budde i Bergen, men Sigurd sette livet til då dampskipet Albertos forliste 12.12.1905.  Dina Flamer livnærte seg sidan som paraplymakar og d. som enkje i Bergen 28.2.1949.  Dei fekk to søner i lag:

a. Erik Paulsen Sigurdson Flamer, f. i Bergen 18.10.1897, utvandra til Amerika i 1920 med reisemål Brooklyn, N.Y., men fór same året vidare til Los Angeles, Cal. der han 1.3.1922 gifte seg med Estelle G.

 

     ##### (middle name?)

 

     McDonald, f. i Allegheny Co., Penn. 17.3.1900.  Erik Flamer var i mange år salsagent («refrigerator salesman»), og han og Estelle budde i Long Beach, Los Angeles Co., Cal.

 

     ##### (verify address?)

 

     der Erik d. 1.11.1978.  Estelle Flamer d. same staden 16.3.1988.  Dei fekk tre born i lag.

b. Arne Schmidt Sigurdson Flamer, f. i Bergen 22.7.1902, d. i Bergen 1.3.1962.  Arne utvandra i 1925 til Los Angeles, Cal., men kom heimatt etter kort tid og vart paraplymakar i Bergen.  Han var ugift.

d. Martha Sophie, kjend som Sophie Sjursdotter Flamer, f. i Bremanger 14.6.1861,

Sophie Flamer flytte òg kring 1881 med foreldri til Bergen, men utvandra derifrå i 1884 til Amerika.  Ho gifte seg i Campbell Co., S.D. 31.10.1892 med Knut Nicolai Larsson frå Tufte i Uvdal, Nore, i Amerika kjend som Knudt Larson.  Han var son av gardbrukar Lars Knutson på Tufte, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – f. Uvdal sokn i Rollaug, døypt 1.2.1823 – far: Knut Gullikson)

 

og kona Sara Nilsdotter frå Nybø i Gloppen og f. i Gloppen 23.9.1860, men utvandra til Amerika i 1886.  Knudt og Sophie Larson farma nokre år i LaGrace township, Campbell Co., S.D., men tok i 1901 «homestead» nær New Norway, Alta.  I 1905 flytte dei so til ein ny «homestead» nær Daysland, Alta. der Sophie d.

 

##### (exact date and place of her death?)

 

1923.  Knudt Larson flytte sidan til

 

##### (farm? – nær Camrose, Alta.)

 

der han d.

 

##### (date and place of his death? - Camrose, AB?)

 

1951.  Dei fekk to born i lag:

a. Sarah Margrete Larson, f. i Campbell Co., S.D. 3.9.1893,

 

     ##### (n. 1959!)

 

b. Chauncey Larson, f. i Campbell Co., S.D. 11.7.1898, d. i Camrose, Alta. 8.12.1969.  Chauncey gifte seg i

 

     ##### (place of his marriage?)

 

     28.5.1924 med Alice Rowena Parker, f.

 

     ##### (date and place of her birth? – «of Holden»)

 

     Ho d.

 

     ##### (date and place of her death? – after 1982!)

 

     Chauncey og Alice tok over som farmarar etter foreldri hans nær Daysland, Alta., men flytte 1967 som pensjonistar til Camrose, Alta.  Dei fekk tre søner i lag.

e. Ole Schmidt Sjurson Flamer, f. i Bremanger 24.6.1863,

Ole S. Flamer flytte likeinds med foreldri sine til Bergen kring 1881, men alt i 1882 utvandra han til Amerika. 

 

##### (lagnaden hans der borte? – 1900: ugift farmar i Precinct 4, Taylor Co., TX – 1910 busett ugift (utan yrke) i Precinct 5, Tom Green Co., TX)

 

##### (date and place of his death?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp med å samla opplysningar om denne huslyden!  Kanskje nokon greier å finna Johan i New Orleans og Ole i Texas?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.