Gå til innhold
Arkivverket

Eid SF - knyting av lenkjer til familie på Stårheim 1698


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Hovud-området mitt er som nokre veit, nabokommunen Gloppen, men ofte ligg svaret på eit spørsmål der, i skifte andre stader i nærområdet. Derfor puslar eg av og til med å studere tidlege Nordfjord-skifte for å sjå om eg finn noko interessant.

 

I dette skiftet er det omtala avdøde, noverande ektemake, og 4 born med 2 tidlegare ektemakar. Eg har prøvd å finne meir om dei, så langt utan hell. Er det nokon som kan fortelje meg noko om bakgrunnen til dei 3 ektefolka eller den vidare langnaden til dei 4 arvingane?

 

Avdøde Brite Kristendtr Stårheim - etterlaten ektemake Paul Olsen. Med fyrste ektemake Samuel Knutson har ho sonen Abel, og med andre ektemake Mogens Larsson har ho borna Lars Mogenson, Kristi Mogensdtr gm Mikkel Knutson, og Synnøve Mogensdtr gm Axel Larsson.

 

Nokon som har meir opplysningar om dei?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ikkje noko eg kan knyte direkte mot Brite trur eg men eg har ein person på Myklebust i Ålfoten som KAN passe med Lars Mogensen som du nemner mellom arvingane etter andre ektemaken Mogens.

 

I dette skiftet etter ekteparet Ole Rasmussen og Eli Rasmusdatter Myklebust datert 15 mai 1705 er mellom andre Ole (*) sin fjerde syster salig Ragnhild Rasmusdatter og hennar tre etterletne døttre: Eli, Sara og Kari Samsonsdøttre nemnde. Denne Eli Samsondatter er gift med Lars Myklebust. Eg har ein son av desse to som vert døypt Samson og som budde på Myklebust 6, gift med Ingeborg Valdemarsdatter frå Myklebust 11.

 

Manntalet 1701 fortel at Lars Monsen vert 46 år.

 

Eg veit som sagt ikkje om dette har samanheng, anna enn at det kan passe tidsmessig.

 

(*) redigert: Stod Eli

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.