Gå til innhold
Arkivverket

Otto (Arneson) Bing - fødd i Noreg kring 1835 - utvandra til Chicago, IL kring 1860 - kven kan han ha vore?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei oppfølgjing av tema #20637 frå det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/106362-20637-otto-olson-bing-gift-i-chicago-1865-foedd-i-noreg-men-kvar/?hl=%2Botto+%2Bbing), som vart etter måten «grundig» drøfta i 2004, men utan at me kom fram til nokon endeleg konklusjon!  Kanskje ligg tilhøvi i dag betre til rette for å finna ut kven denne Otto var?

 

Samandrag av fakta:

 

Otto Arneson Olson alias Otto Bing skal vera fødd i Noreg kring 1835 og utvandra til Amerika kring 1860.

 

Foreldri hans må ha vore:

 

Arne Olson - fødd i Noreg kring 1794 - gift med

Ellinora f. Morck(?) - fødd kring 1806

budde i Chicago, IL i 1870

ho var som enkje i 1880 busett hjå dotteri Marie i Evanston, IL

 

Ei søster av Otto var kone i dette paret:

 

Even M. Erickson - fødd i Noreg kring 1841 - truleg identisk med Even Martin Erikson, fødd i Vestby 29.7.1841 - gift med

Marie - fødd i Noreg kring 1841

 

Denne Marie har eg no finne dødsfallet til:

 

Marie Eleanor ERICKSON

born Oct. 24, 1840  Norway

died Dec. 5, 1917  Chicago, IL

father Arne Olson

mother Eleanor Morck

buried Graceland cemetery, Chicago, IL

 

Eleanor skal som nemnt vera fødd i Noreg kring 1806, og me finn denne:

 

Eleanore Lovise Andersdotter Mørch

fødd i Glemmen 7.10.1806

døypt 8.1.1807

foreldri Anders Mørch og kona Cathrine Elisabeth

 

Er eg inne på noko, eller er eg heilt på «bærtur»?

 

Otto gifte seg forresten kring 1867, truleg i Chicago, IL, med Johanna Gjertsdotter alias Johanna Anderson, fødd i Hafslo i Sogn 6.12.1846.  Dei budde stort sett i Chicago, IL, men Otto døydde ved eit ulukkeshende i Leadville, CO 26.1.1899.

 

Eldste sonen var skodespelaren Jacob Alexander Bing, fødd i februar 1868.  Han var gift og budde òg i Chicago, IL, men miste livet i ei bilulukke kring 1916, utan at detaljane kring denne hendingi er kjende!

 

Er det mogeleg å finna ut:

 

* Dato og stad for fødsli til Otto Arneson (Bing)?

 

* Utvandringsåret hans?

 

* Fulle namn på foreldri hans, yrke og bustaden deira? - og kven var dei?

 

* Kan kanskje nokon med tilgjenge på amerikanske aviser finna artiklar om dødsfalli til Otto hhv. Jacob Alexander Bing?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra FS:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH3Y-QFH

 

Name: Maren Elenore Olsen
Birth Date: 24 Oct 1840
Christening Date: 19 Mar 1840
Christening Place: TUNE, OSTFOLD, NORWAY
Father's Name: Arne Olsen
Mother's Name: Eleanore Lovise Morck
 
SAO, Tune prestekontor Kirkebøker, Ministerialbok nr. 8, 1837-1841, s. 87
Permanent bilde-ID: kb20061023010785
 
 
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Carl Andreas, 1827, Onsøy

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7PR-CD4

 

SAO, Onsøy prestekontor Kirkebøker, Ministerialbok nr. I 2, 1814-1840, s. 186-187
Permanent bilde-ID: kb20061023030071
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Familien Mørch (Mørck) fra Melsomvik og Smaalenene

 

Side 71:

 

Eleonore "Nora" Lovise Mørch, f. 7. oktober 1806 i Fredrikstad, d. 1883 i Indiana, USA. Gift 7. juni 1826 med Arne Olsen, f. 1790 i Kristiansand, d. november 1871 i Chicago, Illinois, USA. 8 barn. 

 

 

Glemmen bygdebok : en bygd blir til by

 

Side 566, Nysted, bnr 6

 

Arne Olsen, f. 1790, g. 1826 m. Eleonore Lovise Mørch, datter av skipper Anders Mørch på S. Veum, f. 1806. Av barna kjennes:

 

Annette Lovise

Odine Gustava

Johanne Jacobine Andrea Christiane

Thor Othar Christian Bing Nordahl

Dorthea Christine

Josefa. 

 

Arne Olsen var kjøpmann i Sarpsborg. Han reiste siden til Amerika. 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra FS:

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH3Y-QFH

 

Name: Maren Elenore Olsen

Birth Date: 24 Oct 1840

Christening Date: 19 Mar 1840

Christening Place: TUNE, OSTFOLD, NORWAY

Father's Name: Arne Olsen

Mother's Name: Eleanore Lovise Morck

 

 

SAO, Tune prestekontor Kirkebøker, Ministerialbok nr. 8, 1837-1841, s. 87

Permanent bilde-ID: kb20061023010785

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20061023010785

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061023010785.jpg

 

 

 

 

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N349-1HN

Samme som Lars har funnet.

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Odine Gustava, f. 28.05.1831

SAO, Glemmen prestekontor Kirkebøker, Ministerialbok nr. 4, 1816-1838, s. 282-283
Permanent bilde-ID: kb20061018020174
 
Johanne Jacobine Andrea Christine, f. 24.08.1833
SAO, Glemmen prestekontor Kirkebøker, Ministerialbok nr. 4, 1816-1838, s. 296-297
Permanent bilde-ID: kb20061018020181
 
 
 
 
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok ein gong er eg mektig imponert!  Hjarteleg takk til Grethe, Carsten, Nina og Ann-Mary for kjempemessige innlegg!  Det er berre heilt utruleg kva funnet av denne dødsmeldingi til dotteri i Amerika har gjeve som resultat!  Då var det altså «rett» familie, og med eitt har eg fått svar på det aller meste når det gjeld opphavet deira!

 

Då vil eg gjerne få syna fram manuskriptet for denne huslyden slik det no ser ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Gjertsdotter (Dvergsdal), f. i Hafslo 6.12.1846,

Johanna Anderson utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861 og flytte i ung alder til Chicago, Ill. der ho

 

##### (date and place of her marriage? – about 1867?)

 

gifte seg med Other Christian Bing Nordahl Arneson frå Sarpsborg, i Amerika kjend som Otto Olson Bing.  Han var son av proprietær og kjøpmann Arne Olsen i Sarpsborg, opphavleg frå Kristiansand, og kona Eleonora Lovise Andersdotter Mørch frå Veum søndre i Glemmen og f. i Glemmen 22.3.1836.  Han utvandra til Amerika i

 

##### (kva år utvandra? – kring 1860?)

 

Otto Bing var ei tid vaktmann («watchman»), og parfolket budde i Chicago, Cook Co., Ill., men kring 1877 flytte Otto og Johanna til Wa Keeney, Trego Co., Ks. der dei farma nokre år.  Kring 1882 flytte dei so attende til Chicago, Cook Co., Ill. der Otto sidan livnærte seg som jarnbanefunksjonær («railroad employee»).  Otto d. ved eit ulukkeshende i Leadville, Colo. 26.1.1899, og som enkje flytte Johanna Bing med døtrene Nora og Ethel til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 28.7.1933.  Otto og Johanna fekk fem born i lag, men eitt av desse d. i heilt ung alder utan at me kjenner korkje namn eller datoar. 

 

##### (info on infant child?)

 

Dei attverande fire var:

a. Jacob Alexander, kjend som Alexander Bing, f. i Chicago, Ill.

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

     .2.1868, skal ha mist livet i ei bilulukke

 

     ##### (date and place of his death? – about 1916!?)

 

     Alexander gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – about 1892!?)

 

     med Helga Elise Martine Hansdotter frå Eeg i Bamble, i Amerika kjend som Helga Pierson.  Ho var dotter av styrmann og strandsitjar Hans Petter Pederson på Eegsrønning under Eeg og kona Anna Berthea Halvorsdotter frå Stathelle og f. i Bamble 29.9.1867, men utvandra til Amerika med mor si i 1873.  Ho d. i Virginia, Minn. 12.1.1959.  Alexander Bing var vevar og skodespelar («weaver and theatrical actor»), og han og Helga budde i Chicago, Cook Co., Ill., men som enkje flytte Helga i 1920-åri med ei dotter til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk fire born i lag.

b. Eleonora Mathilda, kjend som Nora Olson, f. i Chicago, Ill. 9.10.1869, d. i Minneapolis, Minn. 2.9.1946.  Nora Olson var songar og underhaldar («singer and entertainer») og budde først i Chicago, Ill., men flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Ho var ugift.

c. George Arthur Bing, f. i Chicago, Ill. 3.8.1874, d. i Chicago, Ill. 30.8.1937.  George var røyrleggjar («plumber») og budde levetidi ut i Chicago, Ill.  Han var ugift.

d. Ethel Christine Olson, f. i Chicago, Ill. 31.5.1883, d. i Minneapolis, Minn. 15.11.1943.  Ethel var òg songar og underhaldar («singer and entertainer») og budde i Chicago, Ill., men flytte likeins til Minneapolis, Minn. der ho 2.6.1923 gifte seg med Reuben M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Pederson.  Han var f. i Yellow Medicine Co., Minn. 11.3.1880 og d. i Minneapolis, Minn. 20.11.1944.  Reuben Pederson var lækjar («physician und surgeon»), og han og Ethel vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Otto sjølv, so er det no med andre ord berre utvandringsåret som manglar samt opplysningar om vigsli hans i Chicago, IL  Dei andre detaljane som gjeld borni hans, vert truleg ikkje so lette å finna...  Elles var dette ein svært so «kunstarisk» huslyd.  Alexander var ein kjend skodespelar i Chicago, IL, medan dei to søstrene hans på 1910- og 1920-talet var vide kjende i det «norske Amerika» som «The Olson Sisters»!

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QKCC-8Z4S

 

Name: Reuben Martin Pederson
Event Type: Draft Registration
Event Date: 27 Apr 1942
Event Place: Minneapolis, Hennepin, Minnesota, United States
Residence Place:
Gender:
Age: 62
Nationality:
Race:
Complexion: Light
Employer: Unemployed
Birth Date: 11 Mar 1880
Birth Year (Estimated):
Birthplace: Hanley Falls, Minnesota
Relative's Name: Lenord Johnsen
Relationship to Registrant:
Note:
Box Number:
Affiliate Name:
Affiliate Publication Number:
Affiliate Publication Title: World War II Draft Cards (Fourth Registration) for the State of Minnesota
Affiliate ARC Identifier: 598912
Eye Color: Hazel
Hair Color: Gray
Height: 5 10
Weight: 185
Digital Folder Number: 101430460
Image Number: 00614
 
 
 

post-541-0-15598100-1461614109_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang # 13

 

Rueben Martin Pederson

 

Birth:  Mar. 11, 1880
Hazel Run
Yellow Medicine County
Minnesota, USA Death:  Nov. 20, 1944
Minneapolis
Hennepin County
Minnesota, USA trans.gif
 
Family links: 
 Parents:
  Mads Samuel Pederson (1836 - 1906)
  Anna Madsie Kvammen Pederson (1841 - 1905)
 
 Spouse:
  Ethel Christine Olson Pederson (1885 - 1943)*
 
 Siblings:
  Johanna Pernilla Pederson Gustafson (1867 - 1937)*
  Mathew Andreas Pederson (1869 - 1937)*
  Inger Sophia Pederson Wilson (1871 - 1936)*
  Andrew Johannes Pederson (1873 - 1904)*
  Anne Malena Pederson (1875 - 1907)*
  Margaret Sophie Pederson Horne (1878 - 1963)*
  Rueben Martin Pederson (1880 - 1944)
  Henry Martinus Pederson (1882 - 1945)*
 
*Calculated relationship
 
Inscription:
Minnesota
LT COL MC
World War I
March 11, 1880
November 20, 1944   Burial:
Fort Snelling National Cemetery 
Minneapolis
Hennepin County
Minnesota, USA
Plot: Section B, Site 247-S  
Edit Virtual Cemetery info [?]  
Created by: Devon
Record added: May 24, 2010 
Find A Grave Memorial# 52814659

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=pederson&GSfn=rueben&GSmn=martin&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=52814659&df=all&

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Eg har ein gong lese om desse søstrene, men det var kjekt å få det på prent.  Elles var det òg kjempebra å få mellomnamnet til Reuben Pederson på plass!

 

I mellomtidi har eg søkt litt meir på ancestry.com etter opplysningar om Jacob Alexander Bing, og eg fann òg ein interessant kommentar om Otto Bing!

 

Om Jacob Alexander skriv ein etterkommar følgjande:

 

~~~~~~~~~~

 

«J. Alexander was an opera singer. He was drawn to Cripple Creek, Colorado in the 1890's where is father was a miner of gold. He sang in the opera houses there and my grandfather, Eugene Lamont Bing was born there. He left his wife after the birth of their four children for his leading lady. They moved to Virginia where he was killed when he was cranking his car and it started and pinned him to a tree.»

 

~~~~~~~~~~

 

No har me frå før at Otto Bing døydde ved eit ulukkeshende i Leadville, CO.  Det er eit godt stykke veg mellom Cripple Creek og Leadville, CO, men båe var gruvebyar....

 

Samstundes var det jo interessant å sjå korleis Jacob Alexander Bing ende livet sitt!

 

No er spørsmålet:

 

Er det nokon som har tilgjenge til gamle amerikanske aviser som kan finna artiklar om:

 

** Ulukkeshendet i Leadville, CO som gjorde ende på Otto Olson Bing?

 

** Ulukkeshendet i Virginia som vart slutten for skodespelaren/operasongaren Jacob Alexander Bing?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NQY5-CFS

 

ILLINOIS, COOK COUNTY, BIRTH CERTIFIKATS 1871-1940

 
Name: Bing
Event Type: Birth
Event Date: 24 Dec 1900
Event Place: Chicago, Cook, Illinois, United States
Registration Date:
Registration Place: , Cook, Illinois
Gender: Male
Ethnicity:
Race:
Father's Name: Alexander Bing
Father's Birthplace:
Father's Age:
Father's Estimated Birth Year:
Mother's Name: Helga Peterson Bing
 
 
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt innlegg om Bing-ætti!

 

Eg ser Helga skreiv seg Peterson som jentenamn og ikkje Pierson...

 

Elles kan eg melda at eg nettopp har motteke frå Amerika ein avisartikkel om ulukka til Otto Bing i Leadville, CO som lyder slik:

 

~~~~~~~~~~

 

Crushed to a Pulp.  Leadville, Jan. 26. – Otto Bing, a car repairer on the
Colorado Midland railway, met with a horrible death at the yards in the city
this morning.  He was coming up the track from the dept and was caught by a
switch engine.  He was dragged a short distance along the track and his head
terribly crushed.  Deceased was 50 years of age, and leaves a wife and
family, who reside in Chicago.

 

~~~~~~~~~~

 

Dette tyder på at han ikkje var gullgravar i Colorado likevel!  Eller kanskje han dreiv litt «på si»...

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag sete og blatt i kyrkjebøkene for Tune og dels òg i Sarsborg for å sjå om eg kunne finna

 

* Konfirmasjonen til Otto, fødd i Glemmen 1836

 

* Utvandringi til Arne og Eleonore Olsen med born

 

Men so langt er det heilt utan resultat!

 

Eg freister no å følgja dei eldre søskeni som konformatar i Tune:

 

* Carl Andreas, 15 år, fødd i Glemmen, konfirmert i Tune 1843

 

Kildeinformasjon: Østfold fylke, Tune, Ministerialbok nr. 9 (1842-1846), Konfirmerte 1843, side 114.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=453&idx_id=453&uid=ny&idx_side=-116
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060316020367.jpg

 

* Anette Louise, 16 år, fødd i Glemmen, konfirmert i Tune 1845

 

Kildeinformasjon: Østfold fylke, Tune, Ministerialbok nr. 9 (1842-1846), Konfirmerte 1845, side 136.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=453&idx_id=453&uid=ny&idx_side=-138
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060316020389.jpg

 

* Oldine Gustava, 16 år, fødd i Glemmen, konfirmert i Tune 1846

 

Kildeinformasjon: Østfold fylke, Tune, Ministerialbok nr. 9 (1842-1846), Konfirmerte 1846, side 149.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=453&idx_id=453&uid=ny&idx_side=-151
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060316020402.jpg

 

Fleire konfirmantar finn eg ikkje i Tune!  Kan dei ha utvandra so tidleg som kring 1847-1848?  Eller flytte dei kan henda ein annan stad i Noreg før dei utvandra??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.