Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Innvik SF - Kven er Mads Pederson "Kraagstad" ?

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

MERK: Overskrifta på tråden er redigert, sidan eg har flytta fokus.

 

Enkelte personar kjem innom Gloppen og forsvinn igjen, utan at eg greier å finne kvar dei kjem frå eller kvar dei reiser vidare.

 

Paret i overskrifta er eit slikt. Dei har 2 born til dåpen i Gloppen: Jakob, 1750 og Mads i 1752. Kanskje kan eg også koble dei til konfirmanten Brite Andersdtr Hestenes i 1750.

 

Med atterhald om at eg ikkje har registrert alle fadrane i soknet på denne tida, er dette dei einaste spora Anders og Anne set etter seg.

 

Er det nokon som dreg kjensel på denne familien?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Bergesen

Mads Pedersen Rosetter har døttrene Ane 18 aar og Marrite 15 aar. iflg skifte 18 Juni 1740. Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for godt tips! Eine fadderen til Mads er Marte Madsdtr Røset som eg les det, men det kan kanskje vere eit spor.

 

Kvar finn du det skiftet?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Mange takk - dette skal eg forfølgje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Med utgangspunkt i Mads Pederson Roset har eg i tillegg til desse to døtrene, Anne og Marte, ei eldre dotter Synnøve, gift med Anders Rasmusson Roset som er nemnd som formyndar i skiftet frå 1740.

 

Marte finn eg att som gift med Ola Ivarson Fjellkårstad i 1753, og med Rasmus Pederson Skrede i 1762; det er skifte etter henne på Rognes i Hornindal i 1792 (i levande live) - men sidan ho har born etter seg, får eg ikkje vite noko om syskena hennar.

 

Synnøve er nemnt som enkje i skifte på Roset i 1768, og eg finn henne ikkje død i Innvik.

 

Anne har eg ikkje funne nokon om.

 

Forresten - i bygdeboka er Mads kalla "Kraagstad". Kvar i geografien skal vi gå for å finne eit høveleg gardsnamn eller stadnamn?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Med dette spørsmålet endrar eg fokus for tråden.

 

Denne Mads Pederson "Kraagstad" finn eg i fyrste omgang i bygdebok for Innvik, på garden Roset - gift med Anne Pedersdtr - og vi har eit skifte-ekstrakt etter han i 1740, som dessverre berre inneheld namn på to umyndige arvingar.

 

Det som no gjer at eg fattar ekstra interesse for han, er dette "Kraagstad"-namnet - som eg ikkje veit kjelda for. Eg har leita etter eit gardsnamn som kan passe, utan å finne noko, men kanskje har eg leita for snevert?

 

Svigerfaren hans er nemleg Peder Jakobson Roset, f.ca 1660, og Peder sin bror var Lars Jakobson Tonning, gift  med Anne Nilsdtr, som vi "røykte ut" slekta til i denne tråden - https://forum.arkivverket.no/topic/190711-skifte-etter-lagmann-j%C3%B8rgen-philipson-i-16967-arv-etter-han-p%C3%A5-tonning-i-stryn-korleis/?hl=filipson#entry1613391

 

Så derfor sender eg like godt spørsmål austover: Kan det finnast ein brukande kandidat i området som vi hadde føre oss i den andre tråden? Eg tenkjer på stadnamnet Krokstadelva - ?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ole Arild Vesthagen

Jeg har ingen opplysninger om de nevnte personer, men gjør oppmerksom på at det finnes en gard Krokstad i Nedre Eiker: http://www.dokpro.uio.no/cgi-bin/stad/matr50 (Buskerud - Nedre Eiker - 38 Krokstad)

 

Jeg kikket raskt gjennom registerkortene for skifter på Krokstad, men fant ingen spor der: http://arkivverket.no/URN:sk_read/4890/3001/

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Hjerteleg takk! Syster Guri Pederdtr i Oppland - interessant. Då skal vi truleg austover for å finne opphavet deira.

 

Redigert: Med avansert eigedomssøk finn eg gardsnamnet Krogstad i Lom, Skjåk, Dovre og Gausdal - !

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Skulle dei vera ifrå Skjåk (den gong under Lom), så kunne denne familien vera nær: https://media.digitalarkivet.no/view/39945/1558

 

Guri kan jo vera ei mistyding av Jøran (Giøraand) eller Kari. Rasmus døydde ikring 1716, og hadde heimegarden. Mats, Lars, Torø, Kari og Jøran veit me ikkje meir om lagnaden til. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Dette tykkjer eg ser SVÆRT lovande ut. Gjørond i ulike former er ikkje noko kjent namn på våre kantar, og det ville ikkje vere urimeleg å tolke det som Guri. Eg ser også at den potensielle mora heiter Synnøve - som er det namnet Mads Roset gjev til eldste dotter si.

 

Endå ei redigering: Du skriv at Rasmus døydde ca 1716. Veit du noko om eventuelle etterkomarar?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Ja, det var skifte etter Rasmus 18. mai 1716 på Krokstad (fol. 175a), kor døtrene er nemnde, med morbroren Per Bøje som formyndar.
Born:
1. Synne, f. kring 1698, d. __. Nemnt 18 år gamal ved skiftet etter faren.
2. Synne, f. kring 1701. Neste brukar på Systugu Krokstad, gift og fekk i alle fall fem born. 
3. Marit, f. kring 1704, gravl. 20.10.1771 frå Krokstad – nemnt 70 år gamal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Akkurat dette talar MOT at det er hit vi skal. Desse borna BURDE vere nemnde i skiftet på Grov i 1732 dersom det var farbror deira som var død. Men takk uansett!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

Kan jo vera at dei nemnte berre dei attlevande syskena, då det uansett ikkje var nokon arv å snyte andre arvingar for. Dei var nok ikkje til stades, men "blev angivet" å vera arvingar (etter det enkja kunne hugse?). 

 

Men dette byrjar å verta litt vel dristig gissing! 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Du har eit godt poeng. Her er ingen ting å hente, så dermed er det ikkje så nøye med...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Atle Brandsar

...og det er ikkje så sikkert at enkja kjente til familien i Skjåk. 

 

Men, som sagt: dette er langt utpå tunn is. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Lars sin bror Mads på Roset er framleis i live ved skiftet på Grov, og dei to gardane ligg i same prestegjeldet. Ein skulle tru at han var litt meir orientert, eventuelt, men det var ikkje Facebook og SMS å holde kontakt over fjellet med heller; nei, dette er framleis ein interessant familie, men beviset manglar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×