Gå til innhold
Arkivverket

Leivdal, Nordfjordeid, Peder Danielsen (ca. 1663-1733) - mulige forfedrar?


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

I gjennomgang av tingbøkene i Nordfjord har eg kome over dette dokumentet frå vårtinget ved Eid og Hornindal skibbreite 14 mars 1714.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Tingbok I A 19 , 1713-1717, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/30927/36/

 

Sjå nede s. 34b

 

Eg håpar eg har funne svar på

 

1. at Peder Danielsen sin far med rette kan seiast å ha vore Daniel Caspersen Leivdal. Har ein dokumentert dette?

 

2. Kan ein ut frå dette dokumentet seie at Peder sin farfar er Casper Ottes. Leivdal

 

I dokumentet leser eg nemlig "at have fra den siste panthaver Jens Iversen Hundeide og hans hustrue Dorthe Caspersdatter indløst 1/2 pund Smør leige udj bemelte Gaard Lefdahl som hans Farfader Casper Ottesen den 2 April 1660 hafde Pandtsatt"

 

I tillegg kjem her fram namnet Haldor Ottesen Leivdal som ein kan anta kan vere Kasper Ottesen sin bror? Dorte Kaspersdatter er det vel ikkje umulig kan ha vore syster til Daniel Kaspersen Leivdal?

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er svært kjekt å finne slike slektsutgreiingar "langs med". Eg trur du må ha rett i alt du føreslår her. Denne Jens Ivarson Hundeide er vel far til Ivar Jensson som gifter seg med enkja Anne på Torheim.

 

Redigert:

 

Dersom Haldor Otteson er bror til Kasper Otteson kan vi utvide syskenflokken litt til:

 

I 1708 er Haldor Otteson verje for Eivind Otteson Os sine born i skiftet etter han; Haldor er sagt å vere farbror deira.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, slike "openbaringar" er utrulig kjekke å kome over. Tusen takk for verifikasjonen, Aase. Eg leser av og til meir enn eg faktisk gjer :rolleyes:

 

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg brukar elles å normalisere dette gardsnamnet til Leivdal, for å skilje det frå Lefdal i Davik. Det er vel den vanlege uttalen i området og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg brukar elles å normalisere dette gardsnamnet til Leivdal, for å skilje det frå Lefdal i Davik. Det er vel den vanlege uttalen i området og.

 

Uttalen av desse namna er den same, men i Eid alltid i bunda form, Levdalen, og i Davik alltid i ubunda form, Levdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uttalen kan sikkert variere lokalt, men salig Jacob Aaland skriv i alle fall at "Bygdefolket segjer Lefdal" i Davike-boka. I Eida-bandet har han ikkje kosta på seg noka skildring av kva bygdefolket seier, men når det er så mange eidarar som skriv seg for Leivdal, tykkjer eg uansett det er ein grei måte å skilje dei to gardane frå kvarandre i slektsbasen min.

 

Men elles trur eg gjerne ikkje vi kan setje Kasper og Haldor Ottesøner som er nemnde i tingboka som brør, ved nærare ettersyn. Haldor er fødd omlag samtidig med denne Kasper sitt barnebarn, og er vel i største laget aldersskilnad mellom brør?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Gunnar og takk for svaret. Takk til deg og Aase.

 

Kva gjeld uttalen av Leivdal/Lefdal kan eg ikkje ha nokon meining om. Dette får vere noke dokke Nårfjåringane verte einige om B)

 

For min del passar det greitt å kunne ha dette som ein enkel og oversiktlig måte å skillje gardane frå kvarandre på utan å legge noko meir i det enn det.

 

Når det gjeld Haldor så tek eg det til etterretning. Lyt ha det i bakhaudet til eg kjem tilbake til denne familien i eigen forskning. No er det ho Mari som fortsatt opptek tida mi <_<

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uansett, her hengjer eg på eit skifte som gjer greie for syskena til Haldor Otteson, http://arkivverket.no/URN:sk_read/24218/114/

 

Den observante lesaren vil sakne Eivind Otteson som eg har nemnt lenger oppe; han kjem seinare i skifet som halvbror til avdøde Hans, og er altså ikkje son til Anne Rasmusdtr, men ei fyrstekone som etter bygdeboka heiter Synnøve Hansdtr.

 

Til slutt tek eg med at det er fleire Otte Leivdal, og eg kan ikkje seie kva for ein Otte som er far til "farfaderen" Kasper Otteson i dette dokumentet, men vi kan i alle fall utelukke Otte Haldorson som er avdød mann i dette skiftet - han er for det fyrste for ung, og for det andre ser vi borna hans i skiftet.

 

Dette skriv eg med tanke på eventuelle forbifarande som skulle fnne interesse i dette temaet.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg innser poenget ditt, Aase, og tek lærdom frå det. Og eg må seie takk for at du tok ansvaret når eg ikkje innsåg kva som kunne verte resultatet ved å ikkje fullføre slik du har gjort.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt om de eldre deler av Leivdal-slekta er omtalt i sakene om Ytre-Eide som du vil finne mer om i andre tråder her på DA. Her er lenke til ett av dokumentene . Universitetet i Bergen hadde tidligere en oversiktelig database med avfotograferte og transkriberte dokumenter vedrørende bl.a. Nordfjord, men no må ha skjedd med den.

Dom avsagt på lagting i Bergen 20. juni 1578 i en sak mellom Christoffer Fønbo med hustru Ingeri Haldorsdatter, som bor på Loffdal (Loen) i Nordfjord, og Anders Thorgilssøn? angående en jordpart i Yttereid. Noen ved UiB har utrolig nok forvekslet Lefdal med Loen!

 

http://marcus.uib.no/instance/charter/ubb-1578-06-20.html

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det, Tor. Interessant dokument. Eg ser at ei heil ny verd av forskningsmuligheiter ligger open om ein skulle ønske å gå vegen ... Spørs om eg inntil vidare lyt sjå om ein kan støtte seg hardt på dei som har gått vegen tidlegare!

 

Legg inn ein diskusjon frå gamle arkivet der dette dokumentet vert omtala.

https://forum.arkivverket.no/topic/104510-18768-lote-ytre-eide-og-ein-mann-ved-namn-bratt/?hl=%2Bbratt%2C+%2Bnordfjord

 

Frå 1578 og til 1714 (året Peder Danielsen fortel om farfaren Casper Ottesen Leivdal) er jo eit spenn i tid på nær 140 år. Har nokon klart å knyte saman denne Inger Haldorsdatter med foreldregenerasjonen til Kasper? Etter det eg kan forstå er ho enten i bestemorsgenerasjon eller evt. morsgenerasjonen til Kasper. Men er ho samanknytt til ham?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ei mulig linje k a n være denne, men med alle forbehold. Litt kan en finne i tingbøkene for Nordfjord på 1600-tallet og noen av disse er transkriberte:

 

* Otte Bottolfsen Leivdal [30066]
             (Omkring 1520-Abt 1590)
         
                     |
                     |
     * Halldor Ottesen Leivdal [10796]
           (Abt 1540-After 1640)
         Anne Hallkjelsdtr [10799]
           (Omkring 1550-          )
       
                     |
                     |
     * Otte Halldorsen Leivdal [10795]
           (Omkring 1560-          )
           Søster til A Elde [18116]
      
                     |
                     |
     * Casper Ottesen Leivdal [10801]
            (Abt 1590-Abt 1665)
             Ragnhild [10802]
          (          -Etter 1665)
   
                     |
                     |
        * Daniel Caspersen Leivdal
                  [24430]
          (          -Etter 1684)

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Interessant! Ein fin hypotese å jobbe ut frå i alle fall :)  Takk for den, Tor :rolleyes:

 

OM Ingrid skal inn nokon stad i denne rekka så må vel det bli som syster til Otte Haldorsen ... ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.