Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ei skikkeleg utfordring frå Minnesota/North Dakota - kven var Elmer Clark (1885- ) og kva med kona Ella Marie f. Lien (1892-1914) - fekk dei born?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei skikkeleg «nøtt» som eg har strevd med i lengre tid.  Før eg gjev opp vil eg gjerne få «lufta» saki i Brukarforum i von om at ein eller annan «gluping» kan ha tankar kring dette som bringer meg framover:

 

Elmer J. CLARK, 28 år gamal, fødestad og foreldre ikkje oppgjevne, gifte seg i Cass Co., MN 30.12.1913 med Ella Marie LIEN, fødd i Richland Co., ND 17.5.1892 som eldste dotter av:

 

Erik Evenson frå Myren i Rennebu, kjend som Erick E. LIEN (1860-1955), og kona:

Martha Andersdotter frå Urnes i Hafslo, kjend som Martha Anderson (1870-1918),

farmarar i McKinley township, Cass Co., MN

 

Alt me veit om Elmer og Ella er at Ella døydde i Richland Co., ND 14.10.1914, men kvar det vart av Elmer eller om dei hadde born, er det ingen som kan gjera greie for i dag!

 

Eg krossar fingrer og tær og vonar på hjelp til å løysa denne floki!  På førehand hjarteleg takk for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg.

 

Eg har ei komplett utskrift av denne kyrkjegarden som vart forfatta i 1975, og den gongen var det IKKJE noko gravminne der for Ella Clark.  Dette må soleis vera oppsett i nyare tid, og då kan ein spekulera på kven som gjorde det!  Ho er den einaste Clark gravlagd på denne kyrkjegarden, men derimot ligg det fleire slektningar av far hennar med ættenamnet Lien (og skrive Lein)....

 

Eg har elles søkt litt meir etter Elmer J. Clark, og eg har finne ein ganske god «kandidat» i denne karen frå FT1930 Alameda, Alameda Co., CA:

 

CLARK, Elmer J.  46  m27  MO  CT  CanF  iron and steel moulder

CLARK, Edith G.  35  m20   CA  IL  CA  wife

 

Denne Elmer var med andre ord fødd 1884 og gift 1ste gong kring 1911, medan Edith fødd kring 1885 gifte seg første gong kring 1915, noko som igjen tyder at Elmer var gift ein første gong i kort tid før han gifte seg med Edith!

 

I 1935 og 1940 budde Elmer og Edith i Grass Valley, Nevada Co., CA. framleis som foundry moulder (støyperiarbeidar)

 

Elmer J. Clark, fødd i MO 27.12.1884, døydde i San Francisco, CA 9.7.1941

 

Social Security Claim Index oppgjev namnet til å vera Elmer Joseph Clark, og ved WW1 draft record frå september 1918 har han arbeid som iron and steel moulder i Seattle, King Co., WA, men kona, Mrs. E. J. Clark, er busett i Los Angeles, CA!  Fødestaden hans er oppgjeven til St. Louis, MO!

 

I 1920 er Elmer Joseph Clark busett i lag med faren Henry Clark i Los Angeles, CA, gift, men utan kone!

 

Eg finn òg ei Edith Grace Clark, fødd i CA 2.11.1894, som døydde i San Francisco, CA 14.4.1941 - foreldre Payne (far) og Vanta (mor).

 

Eg finn ikkje Elmer i 1910!

 

Kva meiner de?  Kan dette vera «vår» Elmer J. Clark?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.