Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Knutson (Døsen), fødd i Luster i 1839 - flytte til Bergen i 1856 - var busett i Christiania i 1865 - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Hans Knutson (Døsen), fødd i Luster 25.7.1839 som eldste son av husmann Knut Haaverson Døsen (1806-1886) og første kona hans, Martha Christensdotter (1811-1841), fekk i 1856 flytteattest til Bergen, men var i 1865 busett i Raadhusgaten i Christiania:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038027002563

 

Eg kan ikkje sjå noko til Hans i seinare teljingar!

 

Faren og stemori hans utvandra i 1862 til Amerika og busette seg i Franklin township, Vernon Co., WI.  Alle dei yngre søskeni utvandra òg til Amerika, so Hans var einaste barnet att i Noreg i 1865!  Kan han òg ha utvandra seinare?  Eller kvar vart det av han?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif B. Mathiesen

Helga Hansdatter Døsen f.1885 utvandrer i 1902.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000702809

 

Feil. Ikke i slekt ?

Her  er dåp:

SAB, Luster Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 10, 1871-1886, s. 188
 

 

Endret av Leif B. Mathiesen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for nytt innlegg!

 

Som du sjølv har oppdaga, so er det ikkje noko samband mellom Helga Hansdotter Døsen og denne Hans Knutson, som eg leiter etter, men som eg alt har sagt, ville eg ikkje verta overraska om Hans Knutson òg utvandra til Amerika...

 

Kan han likevel ha vorte gift i Christiania (eller omegn) før han eventuelt utvandra?  Eller hadde han born etter seg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til oppklaring av denne gåta!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.