Gå til innhold
Arkivverket
Bjørn Jonson Dale

Peter Sande (Sanne) på Molde. Kor og kva tid døydde han?

Recommended Posts

Bjørn Jonson Dale

Peter, son av foreldra Peder Larssen Sande (1767-1854), innanlandshandlar, og Gyri Christophersdatter (1771-1859), blei døypt på Molde 12. juni 1806. Han levde enno ved skiftet etter foreldra i 1859, men blir så vekke. Han er ikkje funnen gravlagt på Molde 1859-65, og er heller ikkje å finne i folketellinga 1865. Han er kalt både Peter Sande og Peter Sanne. Etter sammenhengen å dømme ser det ut til at han budde på Molde i 1859. Altså: Hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bjørn Jonson Dale

 

Ja, takk, Carsten! Dette ser absolutt ut til å vere rett mann, sjølv om det oppgitte fødeåret (1808) ikkje høver heilt med det faktiske (1806). Dette vil seie at Peter Sanne var i live både ved folketellinga 1865 og 1875. Eg gleder meg til å leite etter han. Det er eit mysterium korleis han hamna på Tingvoll på Nordmøre, men dette er ikkje det einaste mystiske ved denne mannen, tipptippoldefaren min på morssida. Eg vil legge ut det eg måtte komme over på denne tråden. Takk igjen. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bjørn Jonson Dale

I folketellinga 1865 finn vi Petter Pettersen, 56 år gammal, fødd på Molde, ugift fattiglem, på garden Furuli på Tingvoll, i huset til gardbrukar og sjølveigar Anders Olsen, 38, og kona Ane Ambjørnsdatter. Dette er nok vår mann.

  Folketellinga 1875 for Tingvoll ser ikkje ut til å vere tilgjengelig via Digitalarkivet. Er ho ikkje skanna?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×