Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Igelkjøn

Wayback: Dei gamle eigedomssøk-listene til panteregistera - ei kort rettleiing

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Dei gamle listene for eigedomssøk finst framleis på Wayback Machine, men ikkje alle variantar fram og tilbake er lagra. For å finne listene må ein gå inn på http://web.archive.org/web/20160304112820/http://www.arkivverket.no/URN:tl_read, velje fylke, kommune og deretter gå til fyrste kommune i nedtrekksmenyen. Derifrå kan ein velje internt mellom kommunane i fylket. (Dei fylkesvise listene over panteregister og pantebøker finn ein på tilsvarande måte ved å gå inn på http://web.archive.org/web/20160304112820/http://www.arkivverket.no/URN:tl_read, velje panteregister eller pantebok, velje Østfold i nedtrekksmenyen og deretter bla internt mellom fylka).

 

Dei gamle listene over gardar i kvar kommune inneheld berre enkelte nyare panteregister, medan (særleg) dei eldre ikkje er indekserte på denne måten. Slik er det også i den nye versjonen, og då må ein finne rett panteregister manuelt og bla seg fram til rett gard. Men i det nye systemet er det indeksert på gardar i fleire fylke enn i det gamle.

 

Om ein brukar dei gamle lenkene i eigedomssøket hamnar ein i rett pantebok, men på feil eller ikkje-eksisterande side. Lenkene frå dei kommunevise listene  i det gamle eigedomssøket var ikkje permanente, men var bygd opp nesten heilt likt dei permanente lenkene. Eksempel: Aalerud i Vang, Hedmark har i eigedomssøket følgjande lenke:

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=13953&idx_side=265

Den tilsvarande permanente sidelenka var i dette tilfellet:

http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=13953&uid=ny&idx_side=18

Den permanente lenka inneheld eit minustal, og dette bestemte at programmet skulle tolke lenka som permanent sidelenke. 18 viser til bilete nr. 18 i panteregisteret. Den andre lenka hadde derimot eit sidetal i enden. Omdirrigeringsfunksjonen tolkar begge lenkene som om det var permanente lenker, og når ein brukar lenka frå eigedomssøket hamnar ein difor på bilde 265 i staden for på bilde 18 (side 265). Skal ein bruke lenkene til noko fornuftig må ein etter å ha blitt omdirrigert til feil/ikkje-eksisterande side i ny løysing få endra det siste talet lenka i nettlesarvindauget slik:

 

Frå

https://media.digitalarkivet.no/view/13953/265

Til

https://media.digitalarkivet.no/view/13953/18

Problemet vårt er at ein ikkje veit bildenummeret i utgangspunktet. Om ein kjem til ei side som finst (i vårt tilfelle side 512) kan ein skrive inn side 265 der det står 512. Då er ein på rett side i panteregisteret. I dei tilfella der ein kjem til ei ikkje-eksisterande side må ein fyrst endre til eit lågare bildenummer i lenka (som vist over). Deretter kan ein gå til rett side.

 

post-77-0-55333000-1462374912_thumb.jpg

 

Sidan verken kjelde-id eller sidetalet er definert av Arkivverket som permanent vil dette berre fungere til nokon av desse vert endra. Særleg sidetalet kan raskt verte endra.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Espen Tønnessen

Hvis man på død å liv skal bruke wayback machine, er det viktig å merke seg følgende:

Det var bare et fåtalls fylker på lagt ut i den gamle løsningen. Den gamle løsningen inneholdt mange feil, som bl.a. gjorde at koblingen fra eiendom til panteregisteret gikk til siden før den riktige siden. Altså måtte man bla til neste side for å finne riktig side. Videre, hvis to gårder hadde samme navn, havnet alle bruksnumrene til gård nr. to innunder gårdsnummeret til den ene. Dette er bare noen eksempler på problemer. Det er en grunn til at det ikke ble lagt ut flere eiendommer der.

 

Å bruke wayback machine er å gjøre seg selv en bjørnetjeneste, og du vil gå glipp av flere års arbeid med gjennomgang og kvalitetssikring av metadata.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Alt dette har du nok heilt rett i, og eg takkar for opplysningane om dei feila som var i desse listene. Likevel er det ikkje alt nytt som er betre enn det gamle, og det gamle systemet hadde den fordelen at ein fekk ei alfabetisk ordna oversikt over alle gardane i ein kommune samla på ei enkelt side. Dette var greit dersom ein skulle få ei oversikt over kva som fanst. Dette er ikkje noko som ein får i det nye systemet, for då får ein ei rotete liste over mange sider. For å kunne bruke det nye systemet må ein vite litt meir kva ein er ute etter på førehand. Eg håpar og trur at trefflistene vil verte betre, men har innsett at ein truleg aldri vil få ei fullgod erstatning for dei gamle Oldervollske listene. Eg er ikkje kjend i f. eks. Hedmark eller Oppland, og føretrekkjer difor å ha tilgang til dette som eit supplement til den nye løysinga. Meininga mi med denne tråden var såleis ikkje at listene skal brukast som ei erstatning for det nye systemet, men at listene kan vere gode å ha som eit supplement.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)

Alt dette har du nok heilt rett i, og eg takkar for opplysningane om dei feila som var i desse listene. Likevel er det ikkje alt nytt som er betre enn det gamle, og det gamle systemet hadde den fordelen at ein fekk ei alfabetisk ordna oversikt over alle gardane i ein kommune samla på ei enkelt side. Dette var greit dersom ein skulle få ei oversikt over kva som fanst. Dette er ikkje noko som ein får i det nye systemet, for då får ein ei rotete liste over mange sider. For å kunne bruke det nye systemet må ein vite litt meir kva ein er ute etter på førehand. Eg håpar og trur at trefflistene vil verte betre, men har innsett at ein truleg aldri vil få ei fullgod erstatning for dei gamle Oldervollske listene. Eg er ikkje kjend i f. eks. Hedmark eller Oppland, og føretrekkjer difor å ha tilgang til dette som eit supplement til den nye løysinga. Meininga mi med denne tråden var såleis ikkje at listene skal brukast som ei erstatning for det nye systemet, men at listene kan vere gode å ha som eit supplement.

 

Noen ytterligere presiseringer:

  • Det er selvsagt helt OK om noen vil bruke dette som et supplement.
  • I den gamle visninga var treffene alfabetisk ordnet, men dersom gårdsnavnet var skrevet Austad i én post og Oustad i en annen post, ble de også ordnet slik. For den som var ute etter Austad, var det definitivt ikke intuitivt at det fantes ytterligere relevante treff langt nede i lista. Når vi skal velge mellom å ordne treffene etter gårdsnummer/bruksnummer og å ordne treffene alfabetisk etter hvordan gårdsnavnene er skrevet i kildene, synes vi at valget er opplagt.
  • I den nye visninga går trefflista over mange sider, men er den rotete? Treffene er sortert etter a) gårdsnummer, b) bruksnummer og c) panteregister, som jo må være ryddig - bortsett fra at treffene uten gårdsnummer og bruksnummer (noen eiendommer i de eldste panteregistrere lar seg ikke identifisere) kommer i en mer tilfeldig rekkefølge.
  • Jan Oldervoll har aldri hatt noe med visningsprogrammene for skanna materiale å gjøre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

 

Noen ytterligere presiseringer:

(...)

  • I den nye visninga går trefflista over mange sider, men er den rotete? Treffene er sortert etter a) gårdsnummer, b.) bruksnummer og c) panteregister, som jo må være ryddig - bortsett fra at treffene uten gårdsnummer og bruksnummer (noen eiendommer i de eldste panteregistrere lar seg ikke identifisere) kommer i en mer tilfeldig rekkefølge.

 

Eg tenkte nok mest på kyrkjebøkene når eg skreiv rotete, der er eg ikkje fornøgd med sorteringa. Men sjølv med sortering på gards- og bruksnr. er det greit å ha mogelegheita for å få opp ei komplett liste der gardsnamna står (iallefall nokonlunde) alfabetisk når ein ikkje er kjend i eit område. Då kan ein også bruke den innebygde søkjefunksjonen i nettlesaren til å søkje på deler av namn. Eg trur forresten at det ikkje er mogeleg å søkje på deler av namn i det nye systemet. (Eg meiner at eg prøvde å søkje på "Johannes" i kyrkjebøkene frå Bergen og fekk 0 treff. Eg hadde ei forventning om at det då skulle dukke opp kyrkjebøker frå Johanneskirken, men nei. Er det forresten mogeleg å søkje på  Austad og få opp Oustad eller omvendt? (Eg ser at "Oustad" gjev 0 treff). Når det gjeld å "konvertere" gardsnamn til gards- og bruksnummer har ein forresten eit tredje alternativ, nemleg matrikkelutkastet frå 1950. Der har ein ein søkefunksjon, men ein kan også bruke den innebygde søkjefunksjonen i nettlesaren på listene.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

For å svare på meg sjølv: Søk på "Hougland" inkluderer ikkje "Haugland". Men søk på *ugland gjev begge deler. Søkjer eg på H*ugland får eg 0 treff, men det er ein jo vant med frå dei transkriberte kyrkjebøkene og folketeljingane. Jaja, det er mange mogelegheiter. :)  Men dei gamle listene kan likevel vere kjekt å ha som supplement.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Bjerkevoll

Dette er luksusproblemer!

 

Når det er snakk om disse sidene så ligger ikke problemet i hvordan vi skal søke.

Men at halve landet rett og slett ser ut til å være prioritert vekk til fordel for andre ting.

 

Prøv dere på eiendomssøk nord for Hordaland!

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)

Men at halve landet rett og slett ser ut til å være prioritert vekk til fordel for andre ting.

 

Jeg tror man heller skal det dette motsatt: Noen statsarkiv har hatt ressurser til overs etter at de faste oppgavene er utført, og har derfor hatt anledning til å lage de registrene som inngår i eiendomssøket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Då er det vel også eit håp om at det kjem meir etter kvart. :-) Når det no vert enklare å drifte løysinga og å drive saksbehandling håpar eg at ledige ressursar kan brukast til å gjere fleire kjelder tilgjengelege og til å indeksere betre dei kjeldene som alt er der. Det er det ein kallar ein vinn-vinn-situasjon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Espen Tønnessen

For å svare på meg sjølv: Søk på "Hougland" inkluderer ikkje "Haugland". Men søk på *ugland gjev begge deler. Søkjer eg på H*ugland får eg 0 treff, men det er ein jo vant med frå dei transkriberte kyrkjebøkene og folketeljingane. Jaja, det er mange mogelegheiter. :)  Men dei gamle listene kan likevel vere kjekt å ha som supplement.

 

Sånn apropos: Har bare lyst til å minne om at Sphinx (søkemotoren) nå tillater "jokertegn" midt i et ord. Dessverre forutsetter det fremdeles minst to bokstaver før jokertegnet. Det vil dessverre ikke hjelpe i ditt eksempel, men kan komme til nytte i andre sammenhenger. Viser forøvrig til blogginnlegget om dette temaet:

 

http://blogg.digitalarkivet.no/post/137144717265/s%C3%B8k-med-jokertegn-inni-et-ord

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×