Gå til innhold
Arkivverket

Andres Natvek (1831-1909) og Engebor Natvek (1851-1934) - gravlagde i Lower Coon Valley cemetery i Vernon Co., WI - vigsli deira? - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå Lower Coon Valley cemetery nær Stoddard, Vernon Co., WI finn me denne gravstøtta:

 

Andrew NATVEK 1831-1909

Engebor NATVEK 1851-1934

 

Me finn dette paret i FT1900 som farmarar i Bergen township, Vernon Co., WI, og der vert det oppgjeve at dei hadde vore gifte i 7 år.  Ingeborg var fødd i juni 1851.  Ho budde på same stad både i 1910 og i 1920, og då går det fram at ho utvandra i 1875 eller 1876.  Ho var mor til to born, men båe var avlidne før 1900!

 

Det «rette» ættenamnet frå Noreg var NATVIK, i Amerika ofte skrive Natvig eller Natwick, og Anders Olson Natvik var fødd i Årdal i Sogn 3.10.1831.  Han utvandra til Amerika i 1847 og var i 1860 busett hjå ein eldre bror i Wood Co., WI.

 

* Eg ser ikkje noko til Anders i FT mellom 1860 og 1900?

 

* Eg finn heller ikkje noki vigsle som høver med namn og årstal?

 

* Og då er det heller ikkje so lett å identifisera Ingeborg og opphavet hennar..?

 

Kanskje nokon har betre auge enn meg?

 

Kanskje nokon kan greia finna obituaries for den eine eller båe?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

 

Andrew O. Notvig

Iowa Marriages, 1809-1992

marriage:
19 May 1889
Howard Co., Iowa
spouse:
Inger P. Dayvik
 
---
 
Tror ikke dette er ditt par.

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjapt svar!

 

Nei, eg såg denne vigsli hjå FamilySearch, men fann ut at alderen til dei to ikkje høvde, båe 29 år gamle.  Eg meiner det var ein annan Natvik-huslyd som budde i Howard/Chickasaw Co., IA...

 

Men takk igjen for forslaget.  Ein lyt vera vaken for alt...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MFL7-Q7W

 

Name: Ingeborg Natwick
Titles and Terms:
Event Type: Census
Event Date: 1920
Event Place: Bergen, Vernon, Wisconsin, United States
District: ED 183
Gender: Female
Age: 68
Marital Status: Widowed
Race: White
Race (Original): White
Can Read:
Can Write:
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household (Original): Head
Own or Rent:
Birth Year (Estimated): 1852
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1895
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
 
 
 
Name: Ingebor Natwik
Titles and Terms:
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Bergen town, Vernon, Wisconsin, United States
District: 151
Gender: Female
Age: 49
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): W
Relationship to Head of Household: Wife
Relationship to Head of Household (Original): Wife
Number of Living Children: 0
Years Married: 7
Birth Date: Jun 1851
Birthplace: Norway
Marriage Year (Estimated): 1893
Immigration Year:
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Mother of how many children: 2
 
Household Role Gender Age Birthplace
Ingebor Natwik Head M 66 Norway
Ingebor Natwik Wife F 49 Norway
 
 
 
 
Greit med litt lenker!
 
 
 
 
 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt supplerande innlegg!

 

Jau, eg er ikkje usamd i at det gjer seg med lenker, men eg har alltid hatt litt vanskar med desse lenkene.  Eg nyttar i all hovudsak ancestry, men om ikkje dei andre brukarane har ancestry-abonnement, får dei ikkje opp desse lenkene.  Det er vel òg slik at ein må vera innmeld hjå FamilySearch for å kunna få fram lenkene der.  Difor brukar eg skriva dei vesentlege opplysningane som finst i originalen.

 

Når det gjeld utvandringsåret som er oppgjeve for Ingeborg i 1920, ser eg at både ancestry og FamilySearch har tolka dette til 1895, men eg meiner heilt klart det står 1875!  Noko anna ville jo heller ikkje gje meining!

 

Eg har òg finne denne huslyden i FT1905 for Bergen township, Vernon Co., WI.  Der står dei nemnde slik:

 

NETWICK, Andrew  65  Nor  farmer (owner)

NETWICK, Anna(!)  54  Nor 

 

Merkeleg korleis Ingeborg har «endra» namn i 1905!  Kanskje heitte ho IngeborgAnna?

 

Elles er det jo òg litt «pussig» korleis namnei er tolka i 1900.  Ser ein på originalen, står det heilt tydeleg Andrew Natwick på mannen (og ikkje to gonger Ingebor!).  Han er rett nok oppgjeven med utvandringsår 1879, men det er jo heilt feil...

 

Eg vonar at nokon greier finna ut av denne huslyden og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Når det gjeld utvandringsåret som er oppgjeve for Ingeborg i 1920, ser eg at både ancestry og FamilySearch har tolka dette til 1895, men eg meiner heilt klart det står 1875!  Noko anna ville jo heller ikkje gje meining!"

 

Jeg er enig med deg, Lars, i at det må stå 1875 - se vedlegget. Særlig også med tanke på at hun ble gift med Anders ca. 1893! 

 

 

 

post-541-0-10919700-1462449048_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget i denne debatten!

 

Engebor Natvek (1851-1934) er i mellomtidi vorti identifisert som Ingeborg Larsdotter frå Stubberud i Øyer og fødd der 16.6.1851.  Ho utvandra til Amerika i 1876.  Sjå eller emne: https://forum.arkivverket.no/topic/202805-ingeborg-larsdotter-stubberud-f%C3%B8dd-i-%C3%B8yer-1851-til-amerika-p%C3%A5-1870-talet-kven-var-foreldri-hennar-kven-var-mann-hennar/?p=1716538

 

MEN, den største gåta når det gjeld denne huslyden, er utan tvil Andres Natvek sjølv!  Me har ikkje lukkast i å finna vigsli hans med Ingeborg kring 1893, men Andres må ha vore gift ein gong før!  Her er nemleg ei ordrett avskrift av dødsmeldingi hans som stod i Vernon County Censor frå Viroqua, WI 5.5.1909:

 

«At the age of eighty years Mr. Andrew Natwick died in lower Coon Valley.  He leaves a family of seven grown sons and daughters.  Mr. Natwick was an early settler of that section.»

 

Anders var i 1860 framleis ugift og då busett hjå ein bror i Wood Co., WI, men han hadde rikeleg tid til å gifta seg og få sju born som alle i 1909 hadde nått vaksen alder!  Men eg finn ikkje nokon Andrew i Bergen township, Vernon Co., WI før 1900 som eg tykkjer høver med «vår» Andrew, so kvar i all verdi kan han ha vore??  Og kva namn kan han ha nytta - Andrew Olson?

 

Dette spørsmålet framstår som ei skikkeleg «nøtt», og eg må berre seia eg vil vera svært so takksam for alle gode tips som kan løysa dette spørsmålet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

 

Er Andrew bror til Henry f. 1829?

NATVIG, Henry O.

WI 27th Inf Co H. Residence: Christiania, Dane County, Wisconsin. Born 3 Jan 1829 at Årdal, Sogn og Fjordane, Norway, son of Ole Thorkelsen Natvik and Anna Hermansdatter Kinserdal. He, his parents, and three brothers, came to America in 1847 to the Koshkonong settlement in Dane County, Wisconsin. He moved by 1860 to Wood County, Wisconsin. Civil War: Mechanic. Age 33. Blue eyes, dark hair, light complexion, 5’8”, stout build. Enlisted for three years on 12 Aug 1862 at Christiania. Mustered 25 Oct 1862 at Milwaukee, Wisconsin. Bounty $100, $75 still due at muster out. Designated Corporal 22 Oct 1862. Promoted to Sergeant 28 May 1864. Mustered out with company on 29 Aug 1865 at Brownsville, Texas. Post war: Married, 20 Jan 1868, to Mary E. Warren (1851-1941). Four children. Moved in 1871 to Chaseburg, Vernon County, Wisconsin, where he operated a sawmill. Died 14 May 1921. Sources: (WHS Series 1200 box 129-10, 130-10; red book vol 32) (Naeseth ’47-1047) (Ulvestad p 311) “Natvig, Hans” “Natvik, Hans Olsen” “Natwick, Henry Olsen”

 

http://vesterheim.org/cgi-bin/mt2.661/mt-search.cgi?search=texas

 

Endret av Gisle Hersvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg!

 

Jau, Anders Olson var yngst av i alt ni søsken i denne huslyden, og Hans «Henry» var ein av brørne hans!  Her er biografien min for Hans:

 

h. Hans Olson, kjend som Henry Olson Natwick, f. i Årdal 3.1.1829, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1847 og var ei tid sagbruksarbeidar («sawmill worker») i Seneca, Wood Co., Wis., men gifte seg i Viroqua, Wis. 20.1.1868 med Mary Elizabeth Ward.  Ho var f. i Ft. Wayne, Allen Co., Ind. 29.1.1851, men flytte i 1853 med foreldri sine til Crawford Co., Wis.  Henry og Mary budde først nokre år i Centralia (Wisconsin Rapids), Wood Co., Wis., men flytte 1871 til Soldiers Grove, Crawford Co., Wis. og i 1874 vidare til ein farm nær Chaseburg i Hamburg township, Vernon Co., Wis. der Henry òg dreiv sagbruk («farmer and sawmill owner and operator»).  Han d. i Vernon Co., Wis. 14.5.1921, medan Mary Natwick d. i Viroqua, Wis. 15.12.1941.  Dei fekk fem born i lag.

 

Eg ønskjer meg sjølvsagt ein minst like komplett biogrfafi for Anders, men er det mogeleg?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag for nytt innlegg!

 

Det er ikkje alltid samsvar mellom manuskripti til Vesterheim og underteikna, og orsaki kan vera so mange, mellom anna det faktum at opplysningar stadig vekk vert oppdaterte, og det er ikkje godt å følgja med på alle slike...  Eg har sidan 1970-talet hatt eit nært samarbeid med Vesterheim og grunnleggjaren av Vesterheim, Gerhard B. Naeseth, og me har utveksla opplysningar i alle dei år...

 

I dette konkrete tilfellet kan eg leggja fleire kjelder til grunn, mellom anna denne obituary etter Mary Natwick f. Ward:

 

http://mv.ancestry.com/viewer/ffaed3e6-ad3c-4a7d-9507-ccba895d5cde/45024819/6340265527

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at eg i føremiddag har studert gamle plat maps (gardskart) for Bergen township, Vernon Co., WI, KAN eg vera komen på spor etter noko som liknar på Andres Natvek!

 

Kartet frå 1896 syner nemleg ein ANDREW JOHNSON som bur i dette nabolaget, og FT1880 avslører huslyden hans:

 

JOHNSON, Andrew  48  Nor Nor  Nor  wid  farmer
JOHNSON, Mary  11  WI  Nor  Nor  dau
JOHNSON, John  9  WI  Nor  Nor  son
JOHNSON, Anna  10  WI  Nor  Nor  dau
JOHNSON, Enarille  4  WI  Nor  Nor  son
JOHNSON, Julia A  2  WI  Nor  Nor  dau

Han bur der òg i 1870:

JOHNSON, Andrew  40  Nor  farmer
JOHNSON, Agnes  38  Nor  wife
JOHNSON, Mary  2  WI  dau
PETERSON, Thom  30  Nor  farm laborer

 

Dødsmeldingi til Andrew Natwick frå 1909 seier han hadde butt i dette området i mange år og at han let etter seg sju born, som då alle var vaksne!  Denne Andrew Johnson hadde fem born i 1880; han hadde tydeleg butt her i mange år, og han var i rett alder!

 

MEN, han er forsvunnen i 1900, og nettopp då er det at Andrew Natwick dukkar opp same stad!!!

 

Det ville vera heilt uforståeleg at han skulle kalla seg for Johnson, men desse emigrantane fann på mykje «rart», og ein eller annan stad MÅ han jo vera!!

 

Kanskje nokon ser noko som eg har oversett??

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

 

NB: redigert:

 

I kveld er eg vorten merksam på at denne Andrew Johnson likevel IKKJE kan vera identisk med Anders Olson Natwick!  Det syner seg nemlig at Andrew Johnson er identisk med denne personen:

 

Anders Maakrud, fødd 2.3.1831, døydde Bergen township 14.9.1917 - gift med:

Ingerborg Maakrud, fødd 11.6.1843, døydde Bergen township 19.9.1872

 

So då er det «back to square #1»!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Johannessen Måkerudstuen gift 19 apr 1866 i Øyer med Ingeborg Pedersdatter Bjørge.  De utvandrer fra Øyer i 1866 som nygifte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tordis for identifiseringi av Anders Johannesson Måkerudstuen og kona Ingeborg frå Øyer!  Det er berre so synd det ikkje var dette parfolket eg «jakta» på...

 

Men kanskje finst det enno ei von om at Anders Olson Natvik vil dukka opp...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan tyde på at Andrew har brukt et annet navn i perioden 1860 til 1893, men jeg finner ingen passende kandidat i Vernon census for 1870. Det er kun en kar som kaller seg Andrew Swangstue som vel er et gårdsnavn fra indre Sogn, født 1831, gift, finner ham ikke i 1900, men kona har født 9 barn i census for 1900 hvorav 5 er i live. Tror at kanskje kirkebøker fra området er beste søkested etter Andrew Olson Natvig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nytt innlegg!

 

Andrew Swangstu (1831-1873) var fødd i Luster og utvandra med kona Cecelia i 1860.  Eg kjenner til ni born etter dei, men dette er diverre ei heilt anna ætt!

 

Det heiter seg at Anders Natvik var ein tidleg settlar i Bergen township, Vernon Co., WI, men etter at eg no har saumfare dette området fleire gongar, er det heilt klart at der kan han ikkje ha butt!  Han er nemnd som farmeigar i Bergen township i 1900 og i 1905, men er ikkje i kartboki for 1896, og enkja er heller ikkje der i 1915!

 

Ikkje berre må Anders Natvik ha nytta eit anna namn før 1900, men han må ha butt ein annan stad.  No er namnekombinasjonen Andrew Olson heller vanleg, og han KAN gøyma seg attom ein av dei, men kvar skal ein ta til å leita?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er en Andrew Olson som dør i 1909, og som hadde eiendom i Curran, Jackson, WI. Vedlagt er dokument som viser at kona het Engeborg Olson og hun arvet ham, basert på vedlagte testament datert 1907. (Jeg har komprimert bildene, håper de er lesbare). Dataene kommer fra Ancestry.com.

 

 

post-38-0-10896400-1469562509_thumb.jpg

post-38-0-91785900-1469562509_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for eit nytt spennande innlegg.

 

Namnelikskapen er slåande, men eg ser at Andrew Olson i Curran township, Jackson Co., WI døydde eit par månader etter namnebroren i Bergen township, Vernon Co., WI, og ser me på FT1900 for Curran township, Jackson Co., WI, ser me at dette er andre folk:

 

http://interactive.ancestry.com/7602/004119933_00154?pid=63378893&backurl=http://search.ancestry.com//cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DcMY2716%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsfn%3DAndrew%26gsfn_x%3D0%26gsln%3DOlson%26gsln_x%3D0%26msrpn__ftp%3DJackson%2520County,%2520Wisconsin,%2520USA%26msrpn%3D1484%26msrpn_PInfo%3D7-%257C0%257C1652393%257C0%257C2%257C0%257C52%257C0%257C1484%257C0%257C0%257C0%257C%26msrpn_x%3D1%26msrpn__ftp_x%3D1%26mssng%3DIngeborg%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26h%3D63378893%26db%3D1900usfedcen%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D18&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=cMY2716&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Denne Andrew var fødd i juni 1845 og utvandra i 1869....

 

Men eg er svært takksam, Kurt, for at du leiter; det er einaste måten å finna svaret på...  Før eller sidan...

 

Eg ser at det berre i FT1880 finst mellom 50 og 100 menn med namn Andrew Olson i ei eller anna form med fødselsår mellom 1829 og 1833, so det er nok å velja i, sjølv om mange av dei kan eliminerast som gifte før 1860 eller utan den «naudsynte» huslyden...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

OK, tror det ville være greitt å ha fødselsdato, dødsdato på Andrew, og navnene på hans søsken. Vi har ingenting om Andrew etter 1860, og jeg ser broren Henry var med i borgerkrigen, kanskje var Andrew også med der ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegg!

 

Eg ser no eg har fullstendig gløymt å leggja inn dei nøyaktige datoane eg sit med for Anders Olson Natvik.  Han var yngste son av Ole Torkildson Natvik (1792-1890) og kona Anna Hermundsdotter f. Kinserdal (1784-1882?).  Dette parfolket utvandra til Amerika i 1847 og slo seg ned som farmarar i Cottage Grove township, Dane Co., WI der dei, som me ser, levde til svært høg alder.  Dødsfallet til Anna har eg ikkje finne, men Ole Natvig døydde 30.1.1890.

 

Dei fekk åtte born i lag, men Anna hadde òg ei dotter før ekteskapet:

 

* Kari Pedersdotter (1813-1889), utvandra som enkje i 1867 og budde hjå ei dotter i Utica township, Crawford Co., WI.  Ho døydde som Carrie Sime 10.5.1889.  Åtte born.

 

* Gjertrud Olsdotter (1815-1888), utvandra 1855 med mann Peder Olson Hovland og farma i Emerald township, Faribault Co., MN, men vart skilde på 1870-talet.  Ho døydde som Jane Olson 18.3.1888.  Fire born.

 

* Anna Olsdotter (1817-1895), utvandra 1869 frå Hitra med mann Andreas Morland Jørgenson Natvik og farma i Dane Co., WI og sidan i Shelby Co., IA til dei i 1882 busette seg i Norman Co., MN.  Ho døydde som Anna Natwick 12.8.1895.  Tolv born.

 

* Hermund Olson (1819-1904), utvandra 1846 med kone Kirsti Andersdotter og farma frå 1854 i Jefferson township, Vernon Co., WI der han døydde som Herman Natwick 7.5.1904.  Tre born.

 

* Johannes Olson (1821-1904), utvandra 1845 og gifte seg to gongar, farma i Hamburg township, Vernon Co., WI, men døydde som John Natwick i Westby, WI 2.8.1904.  Ingen born.

 

* Torborg Olsdotter (1823-1916), utvandra 1854 med mann Sølfest Andersson Natvik og farma i Cottage Grove township, Dane Co., WI der Torborg døydde som Trena Natvig 1.1.1916.  Sju kjende born.

 

* Ole Olson (1826-1892), utvandra 1847 og gifte seg i Amerika med Gjøri Jensdotter Kinserdal.  Dei farma i Seneca township, Wood Co., WI der Ole døydde som Ole Natwick ?.10.1892.  Ti born.

 

* Hans Olson (1829-1921), utvandra 1847 og budde i Wood Co., WI og i Crawford Co., WI, men farma frå 1874 i Hamburg township, Vernon Co., WI der Hans døydde som Henry Natwick 14.5.1921.  Fem born.

 

So yngste sonen, «problembarnet»:

 

* Anders Olson, fødd i Årdal 3.10.1831, utvandra til Amerika i 1847 og budde 1860 i Wood Co., WI.  Han farma altso frå sist på 1890-talet med andre kona si i Bergen township, Vernon Co., WI der han døydde kring 1.5.1909.  Dødsannonsa vart prenta 5.5.1909, men sjølve dødsfallet har eg ikkje finne!  Han KAN vera avliden ein annan stad, kanskje hjå eitt av borni sine som budde utanfor Wisconsin!?

 

Om dette oversynet helper til å finna lagnaden til Anders mellom 1860 og 1900, veit eg ikkje, men kanskje nokon finn eitt og anna haldepunkt å nytta i den vidare leitingi?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser det ligger en bok på Google Books, 'The Natwick Saga, kansje forfatteren kan kontaktes.

 

https://books.google.no/books?id=Rn8bAQAAMAAJ&q=anders+natwick&dq=anders+natwick&hl=no&sa=X&ved=0ahUKEwj_vt-eyZjOAhVHkSwKHRrdDbwQ6wEIIjAA

 

Og så er det en 'Public Family Tree' på Ancestry som mener at dette er din mann i 1895

 

Name: Andrew Natwick

Census Date: 1895

Residence County: Crawford

Residence State: Wisconsin

Locality: Soldiers Grove

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nytt interessant innlegg!

 

Eg er frå før kjend med boki til Jarl Natwick, The Natwick Saga, men denne inneheld ikkje noko meir om soga til Andrew Natwick.  Eg var i kontakt med forfattaren for fleire år sidan.  Han kan sjølvsagt ha finne ut meir i mellomtidi; det veit eg ikkje, men mannen er på reisefot med bubil heile året og svært vanskeleg å få tak i!

 

Eg har òg observert at det var ein Andrew Natwick i Soldiers Grove, Crawford Co., WI i 1895, men trur helst det må vera denne karen, som òg ligg gravlagd i Soldiers Grove, WI:

 

Andrew H. Natwick, born Sep. 26, 1864, died May 25, 1915

 

Han budde i Soldiers Grove, WI ogso i 1900, i 1905 og i 1910!

 

«Vår» Andrew Natwick gøymer seg sanneleg godt.  Merkeleg er det òg at vigsli hans ikkje er å sjå nokon stad!!

 

Eg takkar på ny for kjempefin innsats med denne utfordringi og lever framleis i voni om at me ein dag skal finna svar på kvar Andrew budde mellom 1860 og 1900!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...
På 7/18/2016 den 20.05, Lars E. Øyane skrev:

Ein sein, men like hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget i denne debatten!

 

Engebor Natvek (1851-1934) er i mellomtidi vorti identifisert som Ingeborg Larsdotter frå Stubberud i Øyer og fødd der 16.6.1851.  Ho utvandra til Amerika i 1876.  Sjå eller emne: https://forum.arkivverket.no/topic/202805-ingeborg-larsdotter-stubberud-f%C3%B8dd-i-%C3%B8yer-1851-til-amerika-p%C3%A5-1870-talet-kven-var-foreldri-hennar-kven-var-mann-hennar/?p=1716538

 

MEN, den største gåta når det gjeld denne huslyden, er utan tvil Andres Natvek sjølv!  Me har ikkje lukkast i å finna vigsli hans med Ingeborg kring 1893, men Andres må ha vore gift ein gong før!  Her er nemleg ei ordrett avskrift av dødsmeldingi hans som stod i Vernon County Censor frå Viroqua, WI 5.5.1909:

 

«At the age of eighty years Mr. Andrew Natwick died in lower Coon Valley.  He leaves a family of seven grown sons and daughters.  Mr. Natwick was an early settler of that section.»

 

Anders var i 1860 framleis ugift og då busett hjå ein bror i Wood Co., WI, men han hadde rikeleg tid til å gifta seg og få sju born som alle i 1909 hadde nått vaksen alder!  Men eg finn ikkje nokon Andrew i Bergen township, Vernon Co., WI før 1900 som eg tykkjer høver med «vår» Andrew, so kvar i all verdi kan han ha vore??  Og kva namn kan han ha nytta - Andrew Olson?

 

Dette spørsmålet framstår som ei skikkeleg «nøtt», og eg må berre seia eg vil vera svært so takksam for alle gode tips som kan løysa dette spørsmålet!

 

Sitatet ovanfor er henta frå innlegg #8 ovanfor og bringer oss attende til utgongspunktet for denne debatten!

 

Det ergrer meg so grenselaust at det ikkje skal vera mogeleg å finna Andrew Olson Natwick mellom 1860 og 1900, men eg er no komen på spor etter noko som KAN hjelpa:

 

Eg har fått hjelp av ein lokal person som har undersøkt eigedomsregisteri i Vernon Co., WI, og vedkommande fann dette:

 

«Andrew Johnson Natwick with wife Ingeborg bought SE¼ NW ¼ Sec 24 Town 14 Range 7W  40 acres  on June 1, 1896»

 

Andrew kalla seg med andre ord for Andrew JOHNSON Natwick, og med dette i bakhovudet fann eg endeleg vigsli deira i La Crosse, WI 27.10.1893:

 

Name Andro Johnson
Event Type Marriage
Event Date 27 Oct 1893
Event Place , Lacrosse, Wisconsin, United States
Gender Male
Race White
Birthplace Nordals Preslegpld, Norway
Father's Name Joe Johnson
Mother's Name Engeborg Johnson
Spouse's Name Engoberg Larson
Spouse's Gender Female
Spouse's Race White
Spouse's Birthplace Guehansdalen, Norway
Spouse's Father's Name Lars Johnson Larson
Spouse's Mother's Name Carrie Gilbertson

 

Namni på foreldri hans stemmer dårleg, fødestaden er truleg ei «forvansking» av Aardal, men opplysningane om Ingeborg stemmer «på ein prikk», so det MÅ vera dei!

 

Kanskje har Andrew kalla seg for ANDREW JOHNSON i alle dei åri som han er «borte vekk»?  Som me så av obituarien hans, skal han ha etterlete seg «sju vaksne søner og døtrer»!

 

For å oppsummera:

 

Anders Olson Natwick alias Andrew Johnson var fødd i Årdal 3.10.1831, utvandra i 1847 og budde 1860 ugift i Wood Co., WI.  Mellom 1860 og 1893 var han gift (kona er ukjend!) og fekk sju born.

 

** Kan nokon komma med nye tips om kvar Andrew budde mellom 1860 og 1893 og kven første kona hans/borni hans var?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vil bare gjøre deg oppmerksom på denne, Wood County reporter., November 30, 1861

 

Wood County reporter., November 30, 1861.jpeg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.