Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gunnhild Johnsdotter Lindelien - fødd i Sør-Aurdal 1845 - opphav til foreldri hennar? - utvandringsåret hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg plundrar med å finna fullstendege opplysningar om denne jenta frå Sør-Aurdal og lurer på om nokon med lokal kunnskap, eventuelt med tilgjenge til ei bygdebok, kan hjelpa meg på veg?

 

Gunnhild Johnsdotter Lindelien finn eg fødd i Sør-Aurdal 20.2.1845.  Ho er dotter av husmann John Amundson i Prestegardseiget og kona Berit Knutsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8989/68

 

Foreldri hennar finn eg vigde i Sør-Aurdal 8.4.1821, og då syner det seg at John er frå Garthuseiget, medan Berit er frå Lindelien: https://media.digitalarkivet.no/view/9379/124

 

FT1900 frå Rochester, MN syner at Gunnhild utvandra i 1855, medan FT1910 seier ho utvandra i 1852.

 

I Amerika nytta Gunnhild jentenamnet Gunnhild AAMODT.

 

Ut ifrå desse opplysningane sit eg med følgjande spørsmål:

 

** Det ser ut til at Lindelien er ein husmannsplass under Sør-Aurdal prestegard, men er det mogeleg å finna ut kva plassen under Garthus heitte, som John Amundson kom ifrå?

 

** Finst det nokon «logisk» forklaring på at Gunnild i Amerika nytta ættenamnet AAMODT?

 

** Er det mogeleg å finna det nøyaktige utvandringsåret til Gunnhild Johnsdotter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Northup-Dye

 

Entries: 45668    Updated: 2015-04-01 15:45:05 UTC (Wed)    Contact:

Northup-Dye

Entries: 45668    Updated: 2015-04-01 15:45:05 UTC (Wed)    Contact: Kari Northup     Home Page: Kari's Genealogy Site Home Page: Kari's Genealogy Site

 

 

ID: I24724

Med forbehold om at opplysningene er riktige.

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for interessant innlegg!

 

Ut ifrå dei opplysningane som vert presenterte, tolka eg utvandringsåret til å vera 1855, og dette synte seg å stemma: https://media.digitalarkivet.no/view/8990/199

 

Då er det problemet løyst, men kva med plassnamnet under Garthus?  Kan det tenkjast det er der Aamodt-namnet kjem ifrå?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.