Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Erik Thorson frå Krogvik i Noreg - fødd 12.8.1850 - kan han vera frå Trosbø i Tørdal, Drangedal?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Frå Amerika vert det opplyst at Erik Thorson frå KROGVIK i Noreg skal vera fødd 12.8.1850, og at han utvandra til Amerika, rimelegvis med foreldri sine, i 1862.

 

Det finst ein Erik Thorson som var fødd i Tørdal sokn i Drangedal 12.8.1850, son av husmann under Bøe, Thor Erikson og kona Mari Nilsdotter, Trosbøe: https://media.digitalarkivet.no/view/1355/57

 

Spørsmålet var oppe i det gamle Brukarforum for 11 år sidan som tema #29090 (https://forum.arkivverket.no/topic/114695-29090-erik-thorson-1850-1933-fraa-noreg-til-douglas-co-mn-fraa-toerdaldrangedal/?hl=%2Berik+%2Bthorson+%2Bkrogvik), og ifølgje innlegg #4 frå det gamle emnet utvandra denne huslyden frå Trosbø i 1861, men spørsmålet er:

 

* Er det verkeleg den «rette» huslyden me talar om?  Er det nokon stad i Tørdal som heiter KROGVIK?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tilleg meg i kveld å henta fram att denne utfordringi som har lege nesten ei veke og som ingen enno har vore innom for å svara på.

 

Eg lever i voni og takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Har du sjekket naturaliseringen hans? http://www.ironrangeresearchcenter.org/details/7/195401/

 

Kjenner forøvrig ikke til noe Krogvik/Krokvik i Tørdal, Drangedal - det nærmeste vedr. navnelikhet er Kroken, Drangedal. https://no.wikipedia.org/wiki/Kroken_(Drangedal)

 

MEN; foreldrene oppgitt ved vielsen hans i 1878 stemmer iallefall godt med kandidaten din!

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLJ-Z6T

 

post-5105-0-29602200-1468594810_thumb.png

 

Legger også ved lenken til gravstedet. http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=119895038

 

Foreldrenes vielse i Drangedal 1. juni 1849, innførsel # 11.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nytt interessant innlegg!

 

Både fødselsdatoen og namni på foreldri høver «fortreffeleg» med Erik Thorson frå Trosbø i Tørdal, Drangedal, men so var det dette spørsmålet om fødestad...

 

Eg er likevel etter kvart overtydd om at det må vera Erik Thorson frå Trosbø i Tørdal me leiter etter, til tross for dette Krogvik-namnet...  Han berre høver so «altfor godt»!

 

Her finn eg utvandringi til huslyden frå Tørdal i 1861: https://media.digitalarkivet.no/view/1356/444

 

Ser me på barnedåpen til Marichen Gurine 10.4.1857, kjem det fram at foreldri var plassfolk på Trosbø under Bø, og i parentes står det Haugatraa: https://media.digitalarkivet.no/view/1356/99

 

No er det at mine geografikunnskapar i Drangedal/Tørdal ikkje strekker til:

 

* Er det mogeleg å få ein «høveleg» definisjon av husmannsplassen som Thor Erikson og Mari Nilsdotter budde på i Tørdal?

 

* Er det mogeleg å seia noko om kva gard/plass Thor Erikson voks opp på?

 

* Og likeins ønskjer eg å få greie på kva gard/plass Mari Nilsdotter voks opp på?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om opphavet til denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

I hvilke kilder fremkommer navnet Krogvik?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!

 

Notatet mitt om namnet Krogvik skriv seg frå mange år attende og kom opphavleg frå Minnesota.  Eg TRUR det var ein Urness-ættling som oppgav dette namnet, men eg er i dag ikkje i stand til å peika på den nøyaktige kjelda...

 

Eg takkar nok ein gong for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Usikkert, mao. 

 

Så langt jeg har sjekket så finnes det ingen Erik Thorson født i Norge mellom 1845-1855 med tilknytning til sted/gård KROGVIK/KROKVIK/KROKVIG, ei heller med disse foreldrenavna. Jeg ville uansett sjekket NATURALISERINGEN til Erik Thorson.

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Foreldrene til Mari Nilsdatter; Nils Taraldson Berstad og Gunhild Abrahamsdatter utv. 1852 - fra # 4 https://media.digitalarkivet.no/kb20061205010516

Telemark fylke, Drangedal i Drangedal, Klokkerbok nr. I 1 /1 (1814-1856), Utflyttede 1851-1853, Side 297

Side 354 (visn. 366) i "Drangedal med Tørdal, av Olav Sannes"; http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012052224011
 
Vet ikke om du har denne fra før; "Norwegians of Dodge & Olmsted, Minnesota. Genealogy of an immigrant community, circa 1854-1925"; http://oiseth.org/index.php
Lenker til:
Mari Nilsdatter (gitet seg påny 1867 i Douglas, MN, med Johan Arntzen, f. 1832, Avaldsnes Rogaland): http://oiseth.org/getperson.php?personID=I22252&tree=dodgo
 
Johan Arntzen (John Arntson) var først gift med Mari's søster, Gunhild. Find a gravehttp://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=119846875
Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande og interessante innlegg!

 

Websidene frå Minnesota gjev oss endeleg prov på at det er den «rette» Erik Thorson me talar om!  So då er den saki klar!

 

Eg kjem ikkje inn på nasjonalbiblioteket for å sjekka ut bygdebøkene for Drangedal, men mellom anna med bakgrunn i opplysningane frå Egil er eg komen fram til eit par konklusjonar:

 

Foreldri til Mari Nilsdotter var tydeleg plassfolk på Berstad, og eg ser at det i 1865 var to husmannsplassar i Drangedal med dette namnet; dei låg båe under garden Lensegrav!  Soleis burde òg opphavet til Mari Nilsdotter vera «i boks», «frå Berstad under Lensegrav».

 

Og til sist ser eg av vigsli frå 1849 at far til Thor Erikson, Erik Jørgenson, då òg har namnet Trosbø, og dette kan me vel ikkje tolka på noko anna vis enn at Erik då var husmann på same staden, d.v.s. at huslyden var flytt dit frå Omaas!?  Eg freista finna konfirmasjonen til Thor Erikson, får å sjå kvar han då var busett, men finn ikkje denne...  Dette med Haugatraa finn eg ikkje noki forklaring på, men kan henda var det eit anna namn på plassen Trosbø, som altso ligg under garden Bø i Tørdal!?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden, som no etter kvart er vorten komplett...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Haugtrå lå under Bø, Tørdal.

post-5105-0-97956700-1468768007_thumb.png

post-5105-0-70996200-1468768018_thumb.png

 

Konfirmasjon Thor Erikson 1837 - innf. # 13 https://media.digitalarkivet.no/kb20061205030142

Telemark fylke, Tørdal, Drangedal i Drangedal, Ministerialbok nr. 6 (1831-1837), Konfirmerte 1837, Side 198

 
 

 

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit nytt interessant innlegg!

 

Konfirmasjonen til Thor synest stadfesta konklusjonen min frå istad om at foreldri hans må vera flytte til Trosbø, og sovidt eg tolkar opplysningane om Haugtrå, so må det ha vore eigen gard alt på den tidi Thor Erikson budde der.  Kan henda var Trosbø rett og slett plass under Haugtrå, som då tydeleg har vore eit «parsellbruk» under Bø!?

 

Eg takkar på ny for avklarande opplysningar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.