Gå til innhold
Arkivverket

Hans Johannessen - fødd i Lærdal 3.1.1890 - døydde i Oslo etter 1947? - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei gåte som eg har slite med i mange år, men som so langt har vore umogeleg å finna ut av.  Kanskje andre auge ser ei løysing som eg ikkje gjer?

 

Hans Johannessen (Lærdalsøren), fødd i Lærdal 3.1.1890, flytte i ung alder med foreldri sine, Johannes Pettersen og Margrethe Hansdotter, til Bergen.

 

Dødsmeldingi etter faren Johannes frå 1947 fortel oss at Hans Johannesen då var busett i Oslo: https://forum.arkivverket.no/topic/167763-82428-doedsmelding-bergen-1947-pettersen/?hl=%2Bhans+%2Bjohannes+%2Boslo+%2Bbergen#entry1433940

 

Eit barnebarn av søsteri Gretha Husum har fortalt meg følgjande:

 

Hans var sjømann, men skal òg ha vore drosjebilførar i Oslo.  Han var ikkje gift, men fekk ei dotter Karen Margrethe Johannessen, f. 1921, som stod brur i Domkyrkja i Bergen i 1945: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000601486

 

Men denne vigsli får ikkje eg fram, for sidene synest vera sperra!

 

Hovudmålet mitt er å finna ein dato og ein stad for dødsfallet til Hans Johannessen, men det hadde òg vore av nytte om fødsli/dåpen til dotteri Karen Margrethe kunne vore studert.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielsen.

 

Her står det at bruden var født 10/3-21 i Bergen.

Bruden's foreldre var Styrmann Hans Johannessen og h. Margit.

 

 Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. D 7 (1937-1950), Viede 1945, Side 122b-123a

Permanent bilde-ID: kb10081107181130
 
Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjartekeg takk til Ann-Mary for kjempespennande innlegg!

 

Skal me tolka dette rett, so var Hans Johannessen likevel gift, og kona hans heitte Margit.  Kanskje vart dei skilde, og det kan vera òrsaki til at Hans vart hugsa som «ungkar»!?

 

Eg vil leggja inn spørsmål om denne vigsli i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen!

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi me denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for interessant og nyttig innlegg!

 

Då veit me at Hans og Margit framleis var eit «par» i 1934, og at dei budde i Bergen.  I mellomtidi er det òg komme svar i Arkivforum som syner at Hans døydde i Bergen 20.1.1960, men han var då skild, og førebels veit me ikkje noko meir om opphaldet hans i Oslo...

 

https://forum.arkivverket.no/topic/202620-l%C3%B8yst-vigsel-i-bergen-kring-1920/

 

Etter at dødsfallet er dukka opp i Bergen, er det meste av «substansen» bak dette spørsmålet gått ut, men eg ser ikkje bort ifrå at adressebøker kan ha verdifulle opplysningar?  Elles vonar eg at Statsarkivet i Bergen kan syna tiø folkeregisteropplysningar som bør løysa det meste...

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

 

Redigert:  So ser eg at det òg er komme eit nytt innlegg frå Ann-Mary, som eg gjerne vil takka for!  Nettopp denne Margit Ragnhilde Johannessen er nemnd i svaret som eg fekk i Arkivforum.  Me kan ikkje prova det, men det ser ut som om det godt kan vera kona til Hans Johannessen.  Nytt spørsmål er innlagt i Arkivforum for å få ei avklaring på dette...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er i kveld komme nytt svar frå Arkivforum ved Statsarkivet i Bergen om denne saki:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/202625-bergen-folkeregister-johannessen/?p=1710158

 

Det ser altso ut til at flyttingane til Hans fram og attende til Oslo ikkje er registrerte av folkeregisteret, og då lyt me sjå på dette problemet som løyst!

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.