Gå til innhold
Arkivverket

Amund Martin Urnes(s) (1883-1973) - Wisconsin - Montana - Missouri - ei skikkeleg amerikansk utfordring


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei sak som eg har kava med i mange år, men utan nokon gong å finna ei løysing på.  Kanskje kan friske auge gjera oppdagingar som eg har oversett?

 

Amund Martin Urnes(s), til dagleg kalla berre Martin URNES, var fødd i Buffalo Co., WI 20.2.1883 som son av emigrantekteparet Ole Jørgenson frå Urnes in Hafslo (1846-1888) og Guro Sjursdotter frå Asperheim i Årdal (1852-1907).  Alle borni deira busette seg i Wisconsin eller Minnesota, men Martin ville det annleis:

 

Etter det me veit tok Martin Urnes(s) «homestead» i Section 13 i T34 R4 i det som i dag er Liberty Co., MT.  Dette County oppstod i 1920 med ein del av Hill Co., MT og ein del av Chouteau Co., MT.  Denne «homestead»en vart seld i 1948 av ekteparet Martin og Bertha URNES, då busette i Kansas City, MO.

 

Me veit at Martin Urnes i 1912 var busett i Chester, MT, men har truleg berre butt på landet sitt so lenge at han kunne halda det «i hevd» før han flytte til Kansas City, MO!  FT1920 for Kansas City, MO har ein Martin Urness, som rett nok berre er 21 år(!), men det er nok «vår» mann.  Han førekjem i fleire city directories for Kansas City, MO på 1920- og 1930-talet, stort sett med skrivemåten URNES, og har stilling der som «power utility company employee», men eg har ikkje greidd å finna mannen korkje i FT 1930 eller FT 1940, og ikkje finn eg noki vigsli, korkje med Bertha eller nokon annan!

 

Ifølgje slekt i Wisconsin skal Martin og Bertha ha vorte skilde etter eit kort ekteskap.  Dei fekk ikkje born i lag.

 

Martin Urnes døydde i Kansas City, MO 21.12.1973.

 

Slik er altso stoda.  Eg hadde vorte svært so glad om det hadde lete seg gjera finna ut:

 

** Dato og stad for vigsli til Martin Urnes med denne Bertha?

 

** Kven var Bertha? - fullt namn samt dato og stad for fødsel og død?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Martins konfirmasjon:

 

Name: Amund Martin Urness

Event Type: Confirmation

Birth Date: 20 Feb 1883

Baptism Date: 8 Apr 1883

Confirmation Date: 17 Jul 1898

Father: Ole Urness

Mother: Guro Urness

Church Name: Lyster Lutheran Church

Church Location: Nelson, Wisconsin

 

Ser ut som om han er 'single' både i 1905 og i 1910.

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Kurt for nye interessante innlegg!

 

So ser me altso at Martin i 1918 var «fireman» og arbeidde for ei koppargruveverksemd med bustad i Great Falls, Cascade Co., MT  Han er ogso i Great Falls, MT city directory for 1919!

 

Elles finn me i city directories for Kansas City, MO ei lang rad «entries»:

 

1920: URNES. Martin - res. 62014 E 26th

 

1924, URNESS. Martin - res. 10 Campbell

 

1928: URNES, Martin - res. 723 W 38th

 

1929: URNES, Martin - res. 3404 Balto Ave

1929: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1930: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1931: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1932: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1935: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1939: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

1941: URNES, Martin - res. 719 W 38th

 

Frå 1928 er han tilsett hjå Kansas City Power and Light.

 

Det var pussig med den doble innførsli i 1929, men kanskje flytte han fleire gongar innan kort tid?  Uansett er det eit godt spørsmål: Kvar var han i FT1930 og FT1940?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tror det er ham som krysser grensa til Canada i 1911. Han kommer fra Montana sammen med to andre og skal til Lethbridge i Canada. Skal prøve legge inn kopi av originaldokumentet.

 

Name: Martin Urnest

Age: 28

Estimated birth year: abt 1883

Arrival Port: Coutts, Alberta

Date of Arrival: 1 Aug 1911

Birth Location: United States

Gender: Male

Citizenship: American

 

https://en.wikipedia.org/wiki/Lethbridge

post-38-0-82051100-1463498955_thumb.jpg

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for eit nytt og spennande innlegg!

 

Jau, det kan sjå ut som om Martin Urnes(s) var ofte «på farten» i sine yngre år.  Nettopp i den aldersgruppa var det mange som drog frå Buffalo Co., WI og vestover til Montana og dels til Canada.  Ein del av dei drog vidare til vestkysten, men Martin gjorde vel noko sm helst må sjåast på som «utypisk» - slå seg ned i Kansas City, MO.  Eg har ikkje noki forklaring på òrsaki...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden hans!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg motteke ei gladmelding frå Amerika!  Eg la ut ei etterlysing ogso der etter Martin Urnes i 1930 og 1940, og her er ein del av svaret eg nettopp fekk:

 

~~~~~

 

Lars,
There were people who were skipped in all census years.  I can't find my
grandfather in either 1930 or 1940.

This web site can find correct ED for a street in a census.
http://stevemorse.org/census/index.html

I plugged in 719 W 38th in the current map to find a cross street, picked
Jefferson, and got the ED district 116-105, which has 48 pages.  He is on
image 45.  Most of the names are surname, given name.  His is reversed, so
he is probably indexed with surname Martin and who knows how they read the
given name.

This is the address where I found it.  If it isn't image 45, you can jump
to that image.

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MB-YNK7?mode=g&i=44&wc=QZXT-L67%3A790105201%2C790102702%2C795217101%2C795270901%3Fcc%3D2000219&cc=2000219

 

~~~~~

 

Når ein ser nærare på teljingi frå 1940, ser me at Martin var skild alt då, og då vert det jo endå meir spennande å finna han i 1930.  Eg har freista litt med den skisserte framgangsmåten, men har ikkje fått det til so langt...  Dette ser ut til å vera vanskelegare enn å nytta den nye kyrkjebokløysingi på Digitalarkivet...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg òg fått ein rapport frå FT1930 med gateadressa der Martin Urnes skal ha butt, men han er ikkje til stades...

 

~~~~~

 

Lars,
Here is 719 W 38th St. in 1930 (image 43, ED 48-89 Sheet 22A) but Martin is not there.  It seems odd since he was listed at that address in the City Directories.

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHT-6V?mode=g&i=42&wc=QZFQ-4MC%3A649530101%2C649101701%2C650148701%2C1589282351%3Fcc%3D1810731&cc=1810731

 

~~~~~

 

so då veit eg ikkje kvar han kan ha gjort av seg...  Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt dette...

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode innspel i denne saki og held fingri krossa...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Diverre har eg etter fire år ikkje lukkast komma noko lenger i freistnadane på å finna svari på spørsmåli mine frå innlegg #1:

 

** Dato og stad for vigsli til Martin Urnes med denne Bertha?

 

** Kven var Bertha? - fullt namn samt dato og stad for fødsel og død?

 

Truleg gifte dei seg i Kansas City, MO ein gong etter 1920, og me veit dei vart skilde før 1940, sjølv om dei i 1948 opptrer i lag i samband med salet av «homestead'en» hans i Liberty Co., MT.

 

Eg har kanskje ikkje nemnt før at Martin URNES døydde i Kansas City, MO 21.12.1973.  Kanskje det finst ein OBITUARY etter han som kan fortelja oss noko meir?

 

Veit nokon om det ligg føre DIVORCE RECORDS frå Kansas City, MO?

 

Eg held fingri vel krossa og takkar nok ein gong for eller gode tips i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Truleg gifte dei seg i Kansas City, MO ein gong etter 1920,

 

Jeg kan ikke finne at de giftet seg i Jackson Co, MO - har søkt høyt og lavt, mulig det kan stå noe i en avis, men navnet kan også være "fordreid".

 

Legger ved Jackson County Recorder hvor du kan søke i marriage index og official public records. I den sistnevnte får man 2 treff på Martin i real estate index  -  http://aumentumweb.jacksongov.org/RealEstate/SearchResults.aspx

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En mystisk mann. I WWII Draft Registration lister han Delany Hutchings som person som alltid ikke vil være der han bor. Delany bor på samme adresse som han.

 

Screen-Shot-2020-05-01-at-11-10-57-AM.pn

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Addresse er 719 W 38th Street.  Samme adresse som Martin.

 

Delaney Hutchins

 in the 1930 United States Federal Census

Name:Delaney Hutchins

Birth Year:abt 1880

Gender:Male

Race:White

Birthplace:Illinois

Marital status:Married

Relation to Head of House:Head

Home in 1930:Kansas City, Jackson, Missouri, USA

Map of Home:View Map

Street address:West 38th Street

Ward of City:5

Block:143

House Number:719

Dwelling Number:281

Family Number:439

Home Owned or Rented:Owned

Home Value:7000.00

Radio Set:Yes

Lives on Farm:No

Age at first Marriage:35

Attended School:No

Able to Read and Write:Yes

Father's Birthplace:Illinois

Mother's Birthplace:Illinois

Able to Speak English:Yes

Occupation:Physician

Industry:general practice

Class of Worker:Working on own account

Employment:Yes

Household Members:

NameAge

Delaney Hutchins50

Blanche Hutchins29

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men det er to Delaney Hutchings på samme adresse.

 

Screen-Shot-2020-05-01-at-11-18-19-AM.pn

 

Second Delaney Hutchings er denne.

 

Delaney Meadors Hutchens

1875–1959

BIRTH 26 MAR 1875 • Douglas County, Illinois, USA

DEATH 07 MAR 1959 • Kansas City, Jackson County, Missouri, USA

 

Kone er 

 

Blanche H. Brown

1886–1947

BIRTH 29 JAN 1886

DEATH 17 JUL 1947 • Kansas City, Jackson County, Missouri, USA

 

Delaney og Brlanche i 1930 Census 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XHF4-JK6

 

Forste Delaney i 1930 Census

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XHF4-JKD

 

Første Delaney kan være en feil?  First Delaney kan være kone til mannen ovenfor, John Monaghan.

 

Delaney and Blanche i 1940 Census. Samme Adresse.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:K74S-W3V

 

Martin Urnes er ikke funnet på 719 West 38th Street i verken folketelling fra 1930 eller 1940.

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 hours ago, Egil Johannessen said:

 

Jeg kan ikke finne at de giftet seg i Jackson Co, MO - har søkt høyt og lavt, mulig det kan stå noe i en avis, men navnet kan også være "fordreid".

 

Legger ved Jackson County Recorder hvor du kan søke i marriage index og official public records. I den sistnevnte får man 2 treff på Martin i real estate index  -  http://aumentumweb.jacksongov.org/RealEstate/SearchResults.aspx

 

Ifølge kilde fra Egil, Martin var ugift i 1961.

 

Screen-Shot-2020-05-01-at-2-00-37-PM.png

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Anton for nye spennande innlegg!

 

Dette med Delaney Hutchings ser jo ganske so spennande ut.  Martin URNES må jo ha butt til leige hjå Delaney frå kring 1928 og i alle fall til 1942 (jmf. innlegg #4 over).  Han er likevel uteleten i FT1930, medan han i 1940 står oppført som «Urnes MARTIN» (sjå innlegg #7 over).  Då er han SKILD!  Adressa er den same som Delaney Hutchings, men dei er på ulike sider i folketeljingi - merkeleg!

 

Det går fram av city directories frå 1930-åri at Martin URNES då heile tidi budde der utan kone, men når han i 1940 er skriven som skild, må dette første ekteskapet hans ha vore inngått anten i Montana før 1920 eller i Kansas City, MO (eller kanskje over elvi i Kansas City, KS?) tidleg på 1920-talet, og skildmålet må ha finne stad før 1930!

 

Ekteskapet med Bertha må so ha finne stad ETTER 1942, men før 1948, då dei opptråtte i lag i samband med eigedomssalet i Liberty Co., MT!  Men ifølgje nolevande slektningar av Martin, varte dette siste ekteskapet med Bertha berre i få år, og i 1961 var Martin på ny «åleine»...

 

Eg har òg søkt etter vigsler for Martin URNES i Missouri, men utan resultat!  Og ikkje heller finn eg skilsmål (er skilsmåli for Missouri databaseregistrerte?), men eg vil tru at skilsmåli må ha vore refererte i lokalpressa i Kansas City, MO der dei budde?

 

Som du, Egil, seier, namni kan ha vore feilskrivne.  Me hadde ein Thomas URNESS i Kansas City, MO på same tidi.  Han ætta òg frå Urnes i Hafslo, men var ikkje i (nær) slekt med Martin!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.