Gå til innhold
Arkivverket

Nils Hermundson Nundal (1866-1933) - lærar og kyrkjesingar Venabygd i Ringebu - biografiske opplysningar - eventuelt bygdebokoppslag?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nils Hermundson Nundal, fødd på garden Nundal i Årdal 2.7.1866, gifte seg i Årdal 22.6.1895 med Jørgina Olsdotter Svalheim, fødd i Årdal 16.12.1865.

 

Ved FT1900 finn me dette parfolket på Aspeløkken i Ringebu der Nils er oppgjeven vera lærar og kyrkjesongar.  Ifølgje DIS-Noreg ligg dei gravlagd på Venabygd i Ringebu:

 

Nils Nundal, døydde 20.9.1933

Jørgina Nundal, døydde 26.5.1932

 

Eg freista inngje «Venabygd» som søkeparameter i den nye kyrkjebokløysingi, men fekk ingen treff på desse dødsåri!

 

FT1900 nemner to born, medan FT1910, som har huslyden på Skulen i Ringebu, nemner fem born: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036433000442

 

Eg er interessert i følgjande opplysningar, om dei kan finnast, til dømes gjennom ei bygdebok:

 

** Kvar (og kva tid) gjekk Nils Nundal lærarskulen?

 

** Kva år flytte Nils og Jørgina til Ringebu?

 

** Kvar i Ringebu budde dei?

 

** Kor mange born fekk dei i alt?

 

Eg takkar so mykje på førahand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for imponerande og perfekte innlegg!

 

Eg har gjennom desse innleggi fått svar på ALLE spørmåli mine, men eg vart litevetta i stuss då eg las i jubileumsboki som Gerthe sende, at Jørgina skulle vera avlidi i 1925!  Det står då vitterleg 1932 på gravstøtta!?  Kan me gå ut ifrå at jubileumsboki inneheld ein «prenteleif»?

 

Eg takkar igjen for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for imponerande og perfekte innlegg!

 

Eg har gjennom desse innleggi fått svar på ALLE spørmåli mine, men eg vart litevetta i stuss då eg las i jubileumsboki som Gerthe sende, at Jørgina skulle vera avlidi i 1925!  Det står då vitterleg 1932 på gravstøtta!?  Kan me gå ut ifrå at jubileumsboki inneheld ein «prenteleif»?

 

Eg takkar igjen for kjempefin hjelp med denne huslyden!

 

Jeg ville ha holdt meg til det som står på gravstøtten. Ser for øvrig også ut som eldste og eneste gjenlevende datter med ektemann er gravlagt sammen med mor og far Nundal. Du kan jo eventuelt forhøre deg med Statsarkivet i Hamar om de kan ha en dødsmelding på Jørgine. 

 

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2481131

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.