Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Eit skifte på Mørkeset 1727

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Eg har lese gjennom dette skiftet http://arkivverket.no/URN:sk_read/24223/18/ - eller eit skifte i vanleg forstand er det vel ikkje. Eg er usikker på om eg har fått med meg alle detaljar når det gjeld slektskapsforholda mellom dei som er nemnde, og ber derfor om "second opinion" som det heiter på moderne norsk.

Den avdøde er Anders Otteson som budde på Mørkeset, men det står vel også "hans afgangen" hustru kona Guni Rasmusdtr. Bror hennar, Ola Rasmusson Hunvik, møter på vegne av alle arvingane hennar.  Neste person er Rasmus Erikson, som no IGJEN bur på garden (må det bety at han har budd der før, eller kan det tolkast på anna vis?). Eg les også at det står at han og DEI ANDRE mannen sine arvingar - Rasmus må dermed vere arving?

Rasmus skal ta seg av gjelda, slik at alle arvingar på begge sider skal vere fri det. Deretter skal han betale til mannen sine arvingar - som er Guttorm Mørkeset, Ola Pederson Hunvik, Otte Pederson Hunvik, og Guni Pedersdtr, gift med Peder Knutson (desse 4 veit eg frå før er sysken) - dei skal ha 2 (?) på kvar. Synnøve Ottesdtr Skorpen skal ha 4 (?) Eg tolkar det slik at Synnøve må vere syster til avdøde Anders, og dei 4 syskena har ein far eller ei mor som er Otteson/dtr.

På dette tidspunktet ser det for meg ut som enkja har gjenoppstått, og at det blir gjort avtale om hennar livsopphald, og det blir ikkje sagt meir om hennar arvingar.

Er det nokon som har noko å tilføye eller rette på?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Eg les det same som deg....  Anders er daud. Kona Guni er også daud, og så er ho enkje og lever framleis. Det vart kanskje noko feil med ordvalet i første delen.

Dei fire arvingane får 2 mk kvar (=8 mk i alt) og Synnøve frå 4 mk. Det kan svare til ein brorlut og ein systerlut.  12 mark var lik 2 riksdalarar.

Dersom Synnøve er syster til Anders, må dei fire (om dei er heil sysken) vere heilbrorbarn - altså ein bror Peder Otteson.

Men det er fleire alternativ: Om synnøve re halvsyster til Anders, er dei fire barn til ei heilsyster eller ein halvbror.

Eigentleg skulle dei fire delt sin del ulikt, med 2/7 til kvar av brørne og 1/7 til systra. Men slikt kan fråvikast, og for resten av skiftet er det summen deira som tel.

Rasmus Erikson tek over buet, og har teke over garden. Trur ikkje vi skal legge så mykje i "igjen" at han har vore der før, og er komen attende. Det kan vel vere meint "etter" (Anders) også. Han betalar gjelda, arv (2 rd) til arvingane etter Anders, og "leverer" enkja med 10 rd i kontantar til ein av slektningane hennar.

Om det vert overskot eller underskot for Rasmus, eller om det er uvisse inntekter til buet, får vi ikkje vite noko om. Ikkje kven han er heller.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Fann dette i Panteboka (sjå nederst høgre side )

SAB, Nordfjord sorenskriveri, pantebok nr. II.B.a.3, 1723-1733, s. 230-231
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl20071008840554
 
Anders Eriksen og hans "yngre broder" Rasmus Eriksen har tinglyst at dei har overteke 13 merker smørs leige etter foreldra i Mørkeset og viser til skifter 2 mai 1705 og 20. april 1709. Her er også vist til at Anders Ottesen "som ... nu paa nogen tid har brugt for Bemelte min Broder opladt paa de vilkaar, at Baade hand og hans Hustrue skal have deris Lifs ophold hos Bemelte min Broder og hans Hustrue der paa Gaarden, imod at Bemte Anders Ottesen her ogsaa till fornefnt min Broder Rasmus Erichsen Transporteret og overdraget de Sex Merker Smørs Leje, som hand der i Bruget og Gaarden Morchesetter, ... ... til at vere Ejende.

Tinglysninga fortset med å seie at Anders frivillig har seld sin part til Rasmus...

Her er skiftet etter avdøde Erik Andersen Mørkeset frå 1705 som nemnar enka Christi Rasmusdatter og hennar loverge og [halv] bror Ole Ottesen Hundvigen, samt deira to born, Anders 12 år og Rasmus 8 år. Formyndaren deira var "faderbroderen" Mons Torheim. I skiftet er nemndt seks merker smør som er pantsatt.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk, her fekk eg i alle fall svar på nokre av spørsmåla! Dette skiftet på Mørkeset har eg merkeleg nok oversett, og det var kjekt å få endå nokre bitar til puslespelet.

Men "faderbroderen" Mons Torheim er eg litt usikker på. Den einaste Mons Torheim eg har på denne tida, er Mons Erikson, farbror til avdøde - eller kan han på nokon måte vere halvbror - ? Han er omtala som gutane sin farbror 4 år seinare og, i skiftet etter mor deira.

Redigert: Jammen ser dei ut til å vere halvbrør. Ja, stadig noko som må endrast her hos meg!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.