Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Anna Hansdotter Nordrumseiget (1826) - frå Nordre Land til Amerika med fire born i 1877 - kvar vart det av denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #82392 frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/167727-82392-olina-andreasdotter-nordrumseiget-foedd-nordre-land-1862-utv-1877-opplysn/?hl=%2Bnordrum+%2Bland

 

Denne huslyden utvandra i 1877 frå Nordre Land til Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/6127/243

 

Anna Hansdotter Nordrumseiget 51 år

(enkje etter Andreas Olson)

Ingeborg Marie fødd 23.6.1858

Olina fødd 23.11.1862

Hans fødd 3.5.1865

Randine fødd 28.9.1869

 

Mori Anna Olson døydde i Burnside township, Trempealeau Co., WI 7.4.1913.  Både i 1900 og i 1910 vert det opplyst at ho var mor til i alt fem born, men berre tre av dei levde!

 

Ingeborg Marie Andreasdotter Nordrum, i Amerika kjend som Mary A. Olson, gifte seg kring 1878 med Andrew N. Brown frå Valdres (1848-1918), og dei farma i Burnside township, Trempealeau Co., WI, men ho døydde i Taylor, Jackson Co., WI 22.9.1944

 

Olina Andreasdotter Nordrum, i Amerika kjend som Lena Olson, gifte seg i Whitehall, Trempealeau Co., WI 9.6.1882 med Andreas «Andrew» P. Urness, fødd i Iowa Co., WI 27.10.1862.  Andrew og Lena ville busetja seg som farmarar i Chimney Rock township, Trempealeau Co., WI, men Andrew d. under eit arbeidsopphald i Fargo, ND alt 26.7.1882.

 

Den seinare lagnaden til Lena er ukjend, men ho skal ha vore avlidi før 1913!

 

Hans A. Olson, fødd 1865, døydde 1954 og ligg gravlagd på Evanger cemetery, Dover township, Buffalo Co., WI.  Han var ugift og farma i Chimney Rock township, Trempealeau Co., WI.  Mori budde på farmen i lag med son sin 1900, 1905 og 1910.

 

Det store spørsmålet mitt er:

 

** Kva lagnad fekk Lena etter at ho vart enkje alt i 1882?

 

Kanske finst det spesialistar på utvandring frå Nordre Land som veit litt om denne huslyden?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?????

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=108545902

 

Name: Olena Olson (born 1862, died 1885)
Maiden Name:
Event Type: Burial
Event Date:
Event Place: West Salem, La Crosse, Wisconsin, United States of America
Photograph Included: N
Cemetery: Neshonoc Cemetery
 
Tror neppe dette er din dame, Lars! 
 
 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ole Jon for nye spennande innlegg!  Og særleg til Ole Jon for ei skikkeleg flott oppdaging!

 

Ingen tvil om at du har finne den rette Lina, so då er heile problemet mitt med eitt løyst!

 

Kjempebra!  Eg har vore på leiting etter dette dødsfallet i MANGE ÅR!  Nok ein gong hjarteleg takk!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.