Gå til innhold
Arkivverket

Bergskriver Fredrik Zeufthen (1704-1756) og hans slekt (samt litt Løche og Kjelstrup...)


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

Fredrik Zeufthen (f. 1704 d. 1756) er av Ragnvald Støren angitt(1) å vere hyttemester ved Grutsæter hytte på Løkken verk og frå 1729 hytteskriver same stad. I kyrkjeboka for Svorkmo sogn er ført fem born til dåpen, frå 1730 til 1735:

- Maren Maria, f. 1730

- Pouel Christian, f. 1731

- Martha Cathrina, f. 1732

- Hans Christian, f. 1734

- Jens Løche, f. 1735

 

I Rentekammerets norske bestallninger les vi at Frederik Zeuthen konfirmeres og bestilles til bergskriver ved Selbu kobberverk 9 sept. 1738, og denne stillinga innhar han til sin død i 1756. I alle fall vert det halde skifte etter "afgangne Bergskriver og Casserer ved Selboe kaaberverk S. Fredrich Zeufthen" 14. juli 1756(2). Her går det fram at i tillegg til dei overnemnte var det ein eldre son, Ole f. 1729, og at mor til desse var "forhen afdøde hustrue Cathrina Løche". I skiftet går det òg fram at Fredrik var gift på nytt med Regise Hersleb Brønlund og at det ikkje var born i fyrste ekteskap. At alle desse var med Cathrina går m.a. fram av at dei alle blir tildelt sin andel av arven etter henne, jfr. eit sitert skiftebrev frå 1744. Som kurator for Hans Christian og Jens Løche "som ej til fullde har opnaaet deres Myndige aar" blir oppnemnt deira næraste frende, "deres Farbroder udi Kiøbenhafn Sr. Peder Lauritz Zeufthen". Som formyndere for døtrene blir oppnemnt "oberstiger ved Selboe k.verk Sr. P. Enge Kielstrup for Maren Maria Zeufthen og Sr. Poul Olsen Løche i Tronhiem for Martha Cathrina Zeufthen".

 

Ut frå dette kan ein vel slutte følgjande sikkert:

1. Alle Fredrik Zeufthens overlevande born var frå fyrste ekteskap. Her er det diverse nettsider som opererer med enkelte av desse som born av Regise Brønlund. Dette er feil.

2. Ei dotter Frederica Cathrina som er døpt i Selbu 1742 kan ikkje ha overlevd.

3. Fredrik er av dansk slekta, truleg presteslekta Zeuthen frå Søften på Jylland (wiki)

 

I tillegg vil eg sette opp følgjande som nokså sannsynleg:

4. Cathrina Løche er dotter av Poul Olufsen Løche, direktør for Løkken verk 1706-1729. Dette forklarer Poul som namn på nest eldste son. Jens Løche vil vere kalla opp etter Cathrina sin bror Jens Poulsen Løche (1695- ) som var res. kapellan i Hitra. Det siste argumentet er at formyndaren Poul Olsen Løche i Trondheim er Cathrina sin nevø, og son av broren Ole Poulsen Løche (1698-1736) og Maren Sofie Sæby.

5. Far til Fredrik heitte Ole, jfr. eldste son.

 

Det siste som står att å forklare er:

i. Korfor er overstiger Peder Enge Kjelstrup formynder?

ii. Kor vart det av borna?

iii. Korleis passer brørne Fredrik og Peder Lauritz inn i den danske slekta Zeufthen?

 

 

Meir om desse spørsmåla under...

 

 

(1) Frå Størens privatarkiv, "Liste over Bergofficerer og Betjenter ved Løkken Verk, rettet eksemplar november 1950"

(2) Skifteprotokoll #1 for Selbu kobberverks jurisdiksjon, s. 42ff

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spørsmål I: Kva er sambandet mellom denne familien og overstiger Peder Enge Kjelstrup?

 

Fredrik Zeufthen sin føremann som bergskrivar i Selbu var Frantz Kjelstrup, som døde der i januar 1738, 40 år gamal. Eg meiner dette må vere den same som Frantz Jensson Kjelstrup som er døpt på Svorkmo 1697, som son av hytteskrivar Jens Jensson Kjelstrup. Delgobe oppgir at denne Frantz Jensson var på Røros, vart fyrst gift med Kirsten Enge, dotter av res. kap. Peder Enge, deretter gift med Anne Christensdotter Lycke (Løche). Dahl (Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536-1700, s. 189) kaller fyrste kona Anne Petrine Enge.

 

I communikantlista i Selbu klokkarbok 11 okt. 1744 er anført nr. 87 Anne, sl. Kjelstrups. nr. 88. Peder Enge Kjelstrup og nr. 89 Jens Christian Kielstrup. Eg har notert meg at Peder Enge Kjelstrup truleg er son av bergskrivaren Frantz Jensson, men har ikkje funne nokon kjelder for dette. Eg har heller ikkje sett noko som kan belyse Anne Christensdotter Løche sin bakgrunn. Denne Jens Christian kan vere den Jens Frantzson Kjelstrup som vart konfirmert i Domkyrkja i 1738, 17 år gamal, med foreldre Frantz Kjelstrup og Anne Christensdatter Lycke - men ein anna Jens Christian Kjelstrup opptrer som fadder på Svorkmo så tidleg som i 1735, så det kan like gjerne vere han.

 

Kan det vere slik at Peder Enge Kjelstrup si mor/stemor, Anne Christensdotter Løche, var i slekt med Cathrina Poulsdotter Løche, og at dette er grunnen til at han er formynder? Eller er det rett og slett av det at han etter bergskrivaren var av dei med høgast rang ved verket?

 

Det hadde òg vore interessant å høre om nokon har noko informasjon som kan kaste meir lys over Frantz Kjelstrup sine ektefeller...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spørsmål II: Kor vart det av borna?

 

I skiftet etter faren Fredrik er det anført at eldste bror Ole var i København, medan "de 2de Poul og Jens Zeufthen [] paa China Seigler". Kor dei andre var går ikkje klart fram, men på vegne av borna opptrer ein sakfører frå Trondheim i skiftebehandling og avvikling av buet (alt vart seld på auksjon). Eg har ikkje klart å finne nokon av sønnene nemnt etter dette.

 

Dei to døtrene ser ut til å bli gift i Norge:

- Maren Maria med Cornelius Busch i 1768

- Martha Cathrina med Rasmus Surland i 1760 (med formynder Poul O. Lycke som eine forlovaren)

 

Er det nokon som har sett nokon av dei andre borna nemnt etter dette?

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Spørsmål III: Korleis passer brørne Fredrik og Peder Lauritz inn i den danske slekta Zeufthen?

 

Ei søk på Geni gir denne kandidaten for broren: Peter Laurentius Zeuthen (1711-1776), son av Ole Christensen Zeuthen (1644-1720) og Maren Jensdatter Buchardi (1673-1770). Dette er vel han som på wikipedia omtales som "bogholder ved Den civile Enkekasse".

 

På DIS-Danmark sitt gamle forum ligg denne oversikten over alle syskena, inkludert Fredrik (som #13 av 17) og Peder Laurentius (som #17 av 17)

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Poul Zeuthen" finner du i Kay Larsens Dansk Ostindiske Personalia og Data på Dansk demografisk database: http://ddd.dda.dk/dop/sogeside.asp.

 

Han reiste til Tankebar og Kina som underassistent på skipet Asisatisk kompanis skip "Cronprinsen af Danmark 1758-60, og til Kina 1760-62 på "Prins Friederich". http://ddd.dda.dk/dop/visning_billed.asp?id=6393&sort=e

 

Det er også en Stephan Zeuthen fra København der, aktiv i Asiatisk kompani 1771-1775.

 

i databasen Nygaards sedler (om personer på Jylland), er det en hel drøss Zeuthener: http://ddd.dda.dk/nygaard/find_nygaard.asp

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fredrich Zeuthens første kone het Chatrina.

Hun står som fadder til Rosenvinges barn i 1742 venstre side

Tror det er hun som står under Introdusert Fredrich Zeuthen

på høyre side- Lurer på om det er hennes navn som kommer frem der.

Klarer ikke helt å tolke etternavnet.

Hun burde blitt begravet i Selbu- Har hittil ikke funnet henne.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/16315/41

Fadder+introdusert i 1743

Endret av Wenche Hillstrand
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les fadderane som: "Capitain Brønlund, Berent Mølmand Bredahl(?), Peder Enge, Anne sl. Kielstrups, Chatrina Zeufthen". Eg har heller ikkje funne noko innføring av begravelse for fyrste kona. I og med at ho er fadder her i desember 1742, og det blir utstedt skiftebrev i juli 1744 er det ikkje så stort vindauge å leite i. Eg får ta ein ny kikk gjennom kyrkjebøkene...

 

Ellers mange takk til Ola for nyttig link til Dansk demografisk database!

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Delgobe oppgir at denne Frantz Jensson var på Røros, vart fyrst gift med Kirsten Enge, dotter av res. kap. Peder Enge, deretter gift med Anne Christensdotter Lycke (Løche). Dahl (Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tiden 1536-1700, s. 189) kaller fyrste kona Anne Petrine Enge.

 

Skiftet etter Hr Peder Enge i 1707 bekrefter at han og Anna Catharina Rosing kun hadde datteren Anna, 12 år.

 

Sør-Trøndelag fylke, Fosen og Namdal prosti, Skifteprotokoll 1, 1703-1712, s. 135b-161b

Lenke til kommentar
Del på andre sider

#2, #8

Fra Stjørdalsboka : gards- og slektshistorie. Band VI Del I : Meråker herad

Nustad s. 434ff, Rønningen s. 440

 

"Peder Enge Kjelstrup f. i Meldal, † 1765. Overstiger ved Selbo verk. Sønn av hytteskriver ved Meldals verk, Frants Jenssen Kjelstrup, † 1764 [åpenbar feil]. Gift 1721 m. Anne Schelderup Enge, f. 1695.

Peder Kjelsrup byksla Nustad 4/7 1750. Gift 7/10 1754 m. Grethe (Margrete) Bredal (Sørkil Hegra gr.nr. 16), d. 13/3 1732, † 28/9 1810.

Barn:

Anne, d. 17/9 1755, g. 1. m. Torstein Einarsen Tømmerås på «Utsikten», g. 2. m. Ingebrigt Larssen Graftåsmo (gr.nr. 33)

Frants Enge Kjelstrup, f. 1756, † 1800. Stiger. På Nustadrønningen. Gift 10/6 1786 m. Marit Olsdatter, † 28/9 1810.

Bolette Kristine, d. 10/9 1758, g. m. John Olssen Sørkilflåen, Hegra

Peder Bredal Kjelsrup, d. 1/9 1759. På Sul i Verdalen.

Jens Kristian Kjelstrup, d. 14/3 1762, † 27/3 1815. Gift 2/11 1795 m. Johanna Kristine Bjæring Tønder, f. på Rustgården i Skogn 8/2 1767, † i Meraker 12/2 1871 – 104 år gammel.

Peder Enge Kjelsrup, d. 16/9 1764, †19/1 1857 – 94 ½ år. På Nustadrønningen etter sin bror. Gift 20/9 1801 m. Lisbet Olsdatter Svedjan."

 

 

 

Edit:

Fra kirkebøkene:

 

«Den 25. Octobr. (1754) trolovet udi Merager oberstier ved Sælboe kaaber werk Peder Enge Kielstrup med Mademoiselle Margrethe Bredal»

 

Anne, født ca 1754-55, ikke funnet døpt

Frantz, døpt 13. jan. 1756.

Boletta Christina, døpt 10. sept. 1758

Peder Bredahl, døpt 1. sept. 1759

Jens Christian, døpt 14. mars 1762

Peder Enge Kielstrup, døpt 16. sept. 1764 (døpt etter farens død)

 

Navnet på hans eldste sønn bekrefter vel opphavet.

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Peder Kjelsrup byksla Nustad 4/7 1750. Gift 7/10 1754 m. Grethe (Margrete) Bredal (Sørkil Hegra gr.nr. 16), d. 13/3 1732, † 28/9 1810.

 

Margrete Bredal ble ikke døpt 13. mars 1732, det var det søsteren Bodil som ble. Hun var derimot døpt 17. des. 1729. Foreldrene var Peder Bredal og Anna Christina Dreyer (Dreier).

 

Edit:

Ser at du har opplysningene fra #9 før, ingen vits å finne opp hjulet på nytt: Cahrine Frantzdatter Kielstrup

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk, Grete. Eg burde nemnt at eg har vore gjennom Meråkerboka, og har relativt god oversikt over Peder Enge Kjelstrup si nære etterlekt (m.a. etter undersøkingar gjort i samband med tråden du lenker til). Borna er nemnt i skiftet frå 1764, og her går det fram at dottera Anne da var 9 år.

 

Det som er problematisk her er at dert er ting i meråkerboka kring foreldra til oversigeren som ikkje stemmer over eins med m.a. Delgobe og nokre andre kjelder:

- Iflg. Meråkerboka vart Frantz Kjelstrup og Anne Schjelderup Enge gift i 1721. Dersom Delgobe har rett i dei to ekteskapa over, må Anne S. E. vere død før 1721, ettersom sonen frå det andre ekteskapet (Jens Frantzson) er konfirmert i 1738, 17 år gamal (dvs. f. ca, 1721).

- Det er rimeleg å anta at Peder Enge Kjelstrup er ein son med Anne S. Enge. Dersom rekkjefølga over stemmer har vi eit lite problem med oppkalling, ved at eldste son er oppkalla atter morfar og neste son etter farfar. Ikkje heilt i tråd med det som var vanleg. No veit vi ikkje når Peder Enge K. var født, så det er vanskeleg å seie sikkert.

 

Eit alternativ er sjølvsagt at Frantz Kjelstrup gm. Anne Christensdotter Lyche med sonen Jens f. ca. 1721 er ein anna Frantz Kjelstrup, og at Delgobe har teke feil. Kor kjem så denne karen frå?

 

Det som hadde vore interessant å finne er vielsane til Frantz Kjelstrup - med ei eller begge hustruer, og ein dåp for Peder Enge og Jens Frantzson K.

 

 

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

#4

"Ann: 1704 Dn 17 Sept: om Natten imellom onsdag og torsdag Klochen 10 Blev min Kone forløst med en Søn; som blev døpt i Ganst. Kirche af Prousten Hr Lauritz Wahr (Wæhr?) dn 23 Sept. Blev Kalded Friderich."

Skanderborg amt, Gangsted sogn, enesteministerialbog 1668-1735. s. 31

 

Flere barn i innførsler før og etter - fra 1692, s. 30.

 

Peder?:

"Anno 1711 den 23 July torsdagen Ved 5 slet om eftterMiddagen blev min Kone forløst med en Søn."

S. 32

 

Nest yngste sønn, Jens Burchard Zeuthen født 9. jan. 1710, finnes i innførselen før, og datterens sønner i 1712 og 1714 i innførslene etter.

 

 

Wiberg Præstehistorie: No 305. Gangsted og Søvind, Vor Herred, Skanderborg Amt, Aarhuus Stift.:

 

"9. 28/6 1690, o. 21/11, Ole Christensen Zeuthen af Brendekilde-B., f. 44; St. Od. 67; ~ 90 Maren Jensdtr. Burchardsen (Borchard) af Tranebjerg, f. c. 73, † 13; 6 S., 5 D., skal have havt 17 B.; see Etm.; J. H. Wulff i Førslev; (C. C. Sibbern i Lunde); [† 1720].

KUM I, s. 341 (»Olaus Christierni Zeuthenius«); P-Aarh. f. 59b, opsl. 62."

Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Peder Laurentius Zeuthen og Marie Margrete Geertzen ble viet i huset 16. juli 1745. Barn, alle døpt i Trinitatis, København:

  1. Anne Sophie døpt 31. aug. 1747. Jørgen Burchardt Zeuthen fadder.
  2. Stephan døpt 16. Juli 1749.
  3. Christiana døpt 16. nov. 1750
  4. Anne Sophie døpt 9. feb. 1752
  5. Peter Christian døpt 3. mai 1755
  6. Anne Sophie døpt 21. des. 1756

Bokholder ved den sivile enkekasse Peter Laurents Zeuthen ble gravlagt 20. feb. 1776 fra Trinitatis, 65 år gammel.

 

Edit:

Barn av Jørgen Burchard Zeuten og Anne Cathrine Kyhn, døpt i Vor Frue, København:

  1. Anne Marie døpt 15. des. 1744. Skriverkarl Peder Zeuten fadder.
  2. Maren Burchard døpt 19. april 1746. Fadder Peter Laurentius Zeuthen, fullmektig ved den sivile enkekasse.
  3. Johan Friderich døpt 16. sept. 1748. Peter Zeuthen og frue faddere, og trolig søsteren Marie Margrethe
  4. Christina Dorothea døpt 7. feb. 1750
Endret av Grete Singstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg syner til innlegg #9 der Peder Enge Kjelsrup (1764-1857) er nemnd, busett på Nustadrønnngen i Meråker.

 

Eg arbeider noko nyare i tid, nemlig med sonen Henrik Pederson som var gift med Johanna Halstensdotter frå Folldal drøfta i dette emnet:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/222312-johanna-halstensdotter-frå-lilleelvdal-gift-i-stjørdalen-i-1825-kven-var-ho-bygdebokoppslag-i-stjørdalen/

 

Det er vel ikkje nokon som har greie på korleis det er stilt med skifteprotokollar frå dette området frå 1840-åri?  Johanna var nemlig barnlaus, og eg er SVÆRT interessert i å oppspora ein bror hennar med ukjend lagnad...!

 

Eg takkar for merksemdi og alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den siste skifteprotokellen som ligg skanna på DA er nr. 23 som slutter i 1846. Eg sjekka kjapp registera i Skifteforhandlingsprotokoll 1 (23.11.1846 - 25.08.1871) og SKifteutlodningsprotokoll 2 (1837 - 1849) og fann ikkje nokon Johanna Halstensdotter nemnt der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Håvard for siste kommentar!

 

Sidan Johanna døydde 7.6.1847, er det tydeleg at det ikkje har vore halde noko skifte etter ho i Stjørdalen, MEN ho døydde jo eigentleg i Skogn (Alstahaug), og då er det kanskje eit spørsmål om skiftet kan ha vore halde der?

 

Elles finst det kanskje òg dødsmeldingslister frå dette området...?  Kanskje burde eg freista eit spørsmål til Statsarkivet i Trondheim?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skogn ligg i same sorenskriveri som Stjørdal og Meråker på denne tida, Stjør- og Verdal sorenskriveri, men i eit anna tinglag (Skogn vs. Stjørdal). Det ser ut til at det er separate skifteprotokollar for dei ulike tinglaga utover 1800-talet (link). Eg sjekka registeret i Skifteforhandlingsprotokoll nr. 6, som dekkjer Skogn tinglag 22.07.1843 - 17.12.1872, men fann ingen som passer der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Håvard for siste kommentar!

 

Tja, då er me vel like langt, so me kjem vel ikkje unna eit spørsmål til Statsarkivet i Trondheim...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.