Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Andersson Riber (1660?-1730?) - gift med Sara Jensdotter Urnæs - klokkar i Granvin og busett på Frøystein i Ulvik - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #25110 i det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/110770-25110-johannes-andersson-klokkar-i-hardanger-kring-1740-kven-var-han/) der eg no har leitt fram ein del ekstra opplysningar om denne huslyden, særleg gjennom FamilySearch, kyrkjebøkene for Ulvik og skifteprotokollane for Hardanger og Voss.

 

Men eg er komen til eit punkt der fleire detaljar synest vanskelege å finna, og no vonar eg at nokon med lokal kunnskap i Ulvik, eventuelt med tilgjenge til ei lokal bygdebok, kan hjelpa meg vidare med von om at i alle fall nokre av dei attståande hòli i manuskriptet mitt kan fyllast?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sara Jensdotter (Urnæs), f. i Hafslo kring 1671,

Sara Jensdotter gifte seg kring 1695 med Johannes Andersson Riber frå Eidfjord.  Han var son av sokneprest Anders Andersson Riber i Eidfjord, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Jylland!)

 

og kona Cathrine Helvig Larsdotter Galtung frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Eidfjord

 

##### (dato for fødsli hans? – kring 1660?)

 

Johannes og Sara var gardbrukarar på Frøystein i Ulvik, og frå 1704 var Johannes klokkar same stad. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1742!)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1730?)

 

Me kjenner til sju born etter dei:

a. Cathrine Helvig Johannesdotter, f. i Ulvik kring 1696, d. på Vestreim i Ulvik 2.11.1780. 

 

     ##### (sjekka denne datoen? – finn ho ikkje på denne datoen i kyrkjeboki!)

 

     Ho gifte seg første gongen i Ulvik 2.7.1714 med Torbjørn Anvedson frå Osa i Ulvik, f. i Ulvik kring 1690. 

 

     ##### (sjekka? – gardbrukarar Osa 1724 – elles? – han døydde?)

 

     So gifte Cathrine seg att

 

     ##### (dato og stad for andre vigsli hennar?)

 

     med Peder Johnson

 

     ##### (budde på Vestreim i Ulvik – oppl.?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer frå to ekteskap? – inkl.:

            * Lars døypt Ulvik 29.3.1718

            * Sara døypt Ulvik 7.3.1721, d. 1721

            * Sara døypt Ulvik 13.7.1722

            * Guro døypt Osa, Ulvik 31.7.1724)

 

b. Elisabeth Marie Johannesdotter, f. i Ulvik ?.5.1698, vart gravlagd i Ulvik 15.5.1698.

c. Bentha Johannesdotter, f. i Ulvik kring 1700, d. som enkje på Sygnestveit i Ulvik 18.4.1779.  Bentha gifte seg i Ulvik 9.7.1719 med Aamund Olson frå Sygnestveit i Ulvik, f. i Ulvik kring 1684. 

 

     ##### (sjekka?)

 

     Han d. som gardbrukar på Sygnestveit sommaren 1755.  Aamund og Bentha tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Sygnestveit i Ulvik

 

     ##### (stemmer dette?)

 

     og fekk åtte born i lag.

 

     ##### (sjekka dette? – skiftet hans 1755 nemner:

            * Ole Aamundson, myndig

            * Torbjørn Aamundson, myndig

            * Torkild Aamundson, myndig

            * Torsten Aamundson, 21 år

            * Anders Aamundson, 19 år

            * Hellebor Aamundsdotter g.m. Sjur …..

            * Anna Aamundsdotter, 28 år

            * Save Aamundsdotter, 15 år)

 

d. Hilleborg Johannesdotter, f. i Ulvik ?.5.1702, vart gravlagd i Ulvik 21.5.1705.

e. Anders Johannesson, f. i Ulvik kring 1705, d. som gardbrukar på Frøystein i Ulvik seinhaustes 1743.  Han gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1731? – einaste son nemnd i skiftet 10.1.1744: Johannes 12 år)

 

     med Ingeborg Johnsdotter frå Vestreim i Ulvik, døypt i Ulvik 1.11.1707.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – levde att som enkje 1744)

 

     Anders og Ingeborg tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Frøystein i Ulvik og fekk ein son i lag.

 

     ##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire som døydde før faren?)

 

f. Hilleborg Johannesdotter, døypt i Ulvik 7.1.1708,

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – 1709 eller 1719? – i alle fall før 1742!)

 

g. Mandrup Johannesson, døypt i Ulvik 11.11.1711, d. som enkjemann på Øidvin i Ulvik 1.7.1792.  Mandrup gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – 1733!?)

 

     med Katla Pedersdotter frå Øidvin, døypt i Ulvik 17.1.1714.  Ho d. som gardbrukarkone på Øidvin 16.4.1781.  Mandrup og Katla tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Øidvin i Ulvik

 

     ##### (stemmer dette?)

 

     og fekk fire born i lag.

 

     ##### (sjekka om dette stemmer? – skiftet hennar 1781 nemner:

            * Peder Mandrupson, myndig

            * Sara Mandrupsdotter, g.m. Ole Johannesson Qvale, død – ei dotter

            * Hillebor Mandrupsdotter, g.m. Baard Ænes

            * Anguna Mandrupsdotter, g.m. Peder Torstenson Rondestvedt)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Angående punkt c:

 

Et Pantebrev udgifvet af Ane Torchels Datter Sygnestveet til hindes Søn Aamund Olsøn for 102 Rdr: derfor Pandsat 2 Spd: 15 mrk. Smør med Bygsel og Herlighed i den Gaard Sygnestveet i Hardanger i UlVigs Sogn beliggende, hvilchen Sum/m/a, om nogen Odelberettiget forlanger Godsets indløsning, med paaløbende Renter, at fyldestgiøre. hvad Landskiyldens Oppebørsel ey kand {fyldestgiøre} tilstræche, dat: Eide d: 18 Junij 1712.

 

Skiftet etter Aamund Olsen Sygnestveit slik jeg transkriberte det (med forbehold om feil i transkriberingen):

Den 5 august 1755 ... paa gaarden Sÿgnestveit....

Benthe Johansdatter og deres tilsammen avlede 8 børn, 5 sønner og 3 døttre:

Ole Aamundsen, myndig
Torbiørn Aamundsen, myndig
Torkiel Aamundsen, myndig
Torsten Aamundsen, gl 21 aar formynder Ole Aamundsen Rognestvedt
Anders Aamundsen, gl 19 aar hans formynder er .....
Hellebor Aamundsdatter gift med Siur Ling....
Anne Aamundsdatter ugift gammel 20 aar formynder bliver Lars Lionn..
Sara Aamundsdatter gammel 15 aar hennes formynder bliver Ole Westveit

 

Videre skiftet etter hans far:

 

Anno 1706 maidagen den 10 Maÿ holden skifte og deling paa den gaard Sygnistvedt i Ulvig sogn og Hardanger fougderi eftter den salig afdøde mand  Ole Torstensson imellom hans eftterladte fru Anne Torgielsdatter paa den ene og deres til sammen aflede 9 børn paa den anden side, navnlig:

Torchild død nu afgaan og æftterladt sig 2 børn navnlig Sivar 3 og Brita 4 aar gammel.
Amund 21 aar
Torbiörn 18 aar
Tosten 14 aar
Hellie 11 aar
Niels 8 aar
Sigri død nu afggan og æftterladt seg 1 søn navnlig Lars 10 aar
Guro gift med G... ?
Ragnild gift med Christopher ?

Enchens laugverge bliver Anders Opheim, formynder for de u=myndige börn ordineres Elling Oussa, for S: Zigris søn .... Lauritz ?, Magnus ?tvedt for Torbiörn, Christopher Diønna for ....

Summa paa boens formue er tilsammen 293 rdr 41 ?

Han var oppsitter på Sygnestveit i 1701, 56 år med sønnene:

Omund Ollufsen 15
Torsten Ollufsen 10
Helie Ollufsen 8
Niels Ollufsen 3

 

Skiftet etter kona:

Den 16 april 1741 - 2da 8: post Paasch i Ulvig Kirke holdt jeg ligprædichen over sal: Anna Torchield Datter Sÿgnistveit gl: 78 aar og 10 uger

Alderen hennes oppgitt ved gravleggelse kan ikke stemme. Første datter er født i 1673, og da kan hun umulig være født i 1663.

1741 den 28 september blev paa gaarden Sygnestveit beliggende i Ulvigs ... udi Hardanger holdt registrering og vurdering ... enche qvinde Anne Torchildsdatter.... 7 barn, 5 sønner og 2 døttre nafnlig:

1. Torchel Olsen død og efterladt seg en sønn og en datter. Sønnen Siur Torchelsen myndig befinnende paa Vatvedt i Jondahl, datteren Sigri Torchelsdatter død og efterladt en søn og en datter, Sønnen Hellie Olsen gl 18 aar og Herborg Olsdatter gl 11 aar formynder for Helie Olsen er Hellie Hellisen Soretau? for Herborg er Guttorm Urdahl
2. Søn Aamund Olsen myndig boende paa gaarden
3. Søn Torbiørn Olsen er Capiten der Arme ... Oberste Lieut Segelevs Compagnie
4. Søn Tosten Olsen død og efterladt seg 2 sønner og 2 døttre nafnlig Hans Tostensen gl 19 aar, Ole Tostensen gl 16 aar, Anna Chatrina Tostensdatter gift med Torfind Sæd, Anna Tostensdatter 11 aar. Curator for Hans er Lensmanden Anders Hansøn, formynder for Ole er Aamund Sygnestveit og for Anne er Ole Torstensen Sæd
5. Søn Niels Olsen myndig
Første datter Guro Olsdatter .... (Enchen?)
2de datter Ragnilde Olsdatter gift med Christopher Diønna?

Arven består bla av jordegods i Sygnestveit.


 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars Østensen for interessante og nyttige innlegg!

 

Ætteboki for Riber-ætti har eg ikkje sett, og der får me jo eit visst oversyn over dei eldre generasjonane av æti.  Eg har difor endra manuskripet mitt når det gjeld tali på born, men eg har vanskar med borni til Bentha og Aamund Sygnestvedt!  Ætteboki nemner åtte born, det same som skiftet etter Aamud, men det er ikkje heilt dei same borni!  Soleis har ætteboki 2x Johannes, medan skiftet har Torkild og Anders!  Og medan skiftet har Anna, har ætteboki Johanna!

 

Eg har sett opp ein ny versjon av manuskriptet mitt som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sara Jensdotter (Urnæs), f. i Hafslo kring 1671,

Sara Jensdotter gifte seg kring 1695 med Johannes Andersson Riber frå Eidfjord.  Han var son av sokneprest Anders Andersson Riber i Eidfjord, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Jylland!)

 

og kona Cathrine Helvig Larsdotter Galtung frå Thorsnes i

 

##### (Kvinnherad eller Jondal?)

 

og f. i Eidfjord

 

##### (dato for fødsli hans? – kring 1660?)

 

Johannes og Sara var gardbrukarar på Frøystein i Ulvik, og frå 1704 var Johannes klokkar same stad. 

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1742!)

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1730?)

 

Me kjenner til sju born etter dei:

a. Cathrine Helvig Johannesdotter, f. i Ulvik kring 1696, d. på Vestreim i Ulvik 2.11.1780. 

 

     ##### (sjekka denne datoen? – finn ho ikkje på denne datoen!)

 

     Ho gifte seg første gongen i Ulvik 2.7.1714 med Torbjørn Anvedson frå Osa i Ulvik, f. i Ulvik kring 1690. 

 

     ##### (sjekka? – gardbrukarar Osa 1724 – elles? – han døydde?)

 

     So gifte Cathrine seg att

 

     ##### (dato og stad for andre vigsli hennar?)

 

     med Peder Johnson

 

     ##### (budde på Vestreim i Ulvik – oppl.?)

 

     Cathrine fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet med Torbjørn Anvedson.

b. Elisabeth Marie Johannesdotter, f. i Ulvik ?.5.1698, vart gravlagd i Ulvik 15.5.1698.

c. Bentha Johannesdotter, f. i Ulvik kring 1700, d. som enkje på Sygnestveit i Ulvik 18.4.1779.  Bentha gifte seg i Ulvik 9.7.1719 med Aamund Olson frå Sygnestveit i Ulvik, f. i Ulvik kring 1684. 

 

     ##### (sjekka?)

 

     Han d. som gardbrukar på Sygnestveit sommaren 1755.  Aamund og Bentha tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Sygnestveit i Ulvik og fekk ni born i lag.

 

     ##### (sjekka dette talet på born? – skiftet hans 1755 nemner:

            * Ole Aamundson, myndig

            * Torbjørn Aamundson, myndig

            * Torkild Aamundson, myndig

            * Torsten Aamundson, 21 år

            * Anders Aamundson, 19 år

            * Hellebor Aamundsdotter g.m. Sjur …..

            * Anna Aamundsdotter, 28 år

            * Sara Aamundsdotter, 15 år

            men ætteboki for Riber-ætti har 2x Johannes som d. unge, medan Torkild og Anders manglar!)

 

d. Hilleborg Johannesdotter, f. i Ulvik ?.5.1702, vart gravlagd i Ulvik 21.5.1705.

e. Anders Johannesson, f. i Ulvik kring 1705, d. som gardbrukar på Frøystein i Ulvik seinhaustes 1743.  Han gifte seg i Ulvik kring 1730 med Ingeborg Johnsdotter frå Vestreim i Ulvik, døypt i Ulvik 1.11.1707.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – levde att som enkje 1744)

 

     Anders og Ingeborg tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Frøystein i Ulvik og fekk ein son i lag.

f. Hilleborg Johannesdotter, døypt i Ulvik 7.1.1708, d. i Ulvik kring 1719.

 

     ##### (sjekka dødsfallet hennar? – i alle fall før 1742!)

 

g. Mandrup Johannesson, døypt i Ulvik 11.11.1711, d. som enkjemann på Øidvin i Ulvik 1.7.1792.  Mandrup gifte seg i Ulvik kring 1733 med Katla Pedersdotter frå Øidvin, døypt i Ulvik 17.1.1714.  Ho d. som gardbrukarkone på Øidvin 16.4.1781.  Mandrup og Katla tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Øidvin i Ulvik

 

     ##### (stemmer dette?)

 

     og fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tror mer på skifter enn Ættebøker. Det kan fort være feil i begge, men kombinasjonen av skifter og kirkebøker ++ bruker jo som regel og rette opp i forvirringene rundt navn. Husk at denne stamtavlen angående AAR er utgammel. At det er feil og mangler der kan vi derfor trygt regne med.

 

I stamtavlen listes barna til AAR opp. Datteren, Anna Katarina gift 1689 med Hans Olsen (Brekke?), kan jeg av skiftet etter sønnen utlede at ble holdt skifte etter den 20. oktober 1732. Selv om skiftet og kirkebøkene som kan bekrefte hennes død mangler er det likevel god grunn til å tro at hun døde ca det året. Gubben hennes ble det for øvrig holdt skifte etter 19. april 1717.

Endret av Lars Østensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke noe å tilføye når det gjelder Johannes Andersson Riber og hans familie. Men emnet er interessant ettersom jeg stammer fra Anna Cathrine Andersdtr. Riber og hennes ekteskap med Hans Olsen Brekke gjennom sønnen Anders Hansson Udneland (Andeland).

 

For interessert finnes skiftet etter Hans Olsson Brekke i skifteprot. Ac2 for Hardanger og Voss, 1711-1718 side 399a - 404a. Jeg holder for tiden på å lete etter Anna Cathrines skifte etter okt 1732.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

# 6 Det skiftet finns ikke. Det er nettopp i skiftet etter Anders Hansen at opplysningen om skiftet etter moren fremgår: "Jordegods i Lisebreche æftter dend sal: mands ... sal: moder Anna Chatarina Riber dato 20 october 1732."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

# 6 Det skiftet finns ikke. Det er nettopp i skiftet etter Anders Hansen at opplysningen om skiftet etter moren fremgår: "Jordegods i Lisebreche æftter dend sal: mands ... sal: moder Anna Chatarina Riber dato 20 october 1732."

 

Takk Lars, da behøver jeg ikke å bruke tid på å lete etter det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

     ##### (sjekka dette talet på born? – skiftet hans 1755 nemner:

            * Ole Aamundson, myndig

            * Torbjørn Aamundson, myndig

            * Torkild Aamundson, myndig

            * Torsten Aamundson, 21 år

            * Anders Aamundson, 19 år

            * Hellebor Aamundsdotter g.m. Sjur …..

            * Anna Aamundsdotter, 28 år

            * Sara Aamundsdotter, 15 år

 

Ei Sara Omundsdtr Sygnestvedt giftet seg i Ulvik i 1767 med Baar Davidsen Ouse:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001289029

 
Er dette Tosten, mon tro, som gifter i 1783?
 
Torbjørn giftet seg i 1762:
 
 
Det ser ellers ut som det er lakuner i kirkebøkene for Ulvik...! 
 
I 1769 er de ei Anna Synnestvæt som har ei datter til dåpen i NK i Bergen....!
 
Anna Aamundsdatter Synnestvedt giftet seg i NK i Bergen i 1767 med Georg Friedrich Friben:
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er fleire som har gjeve deg gode opplysninger basert på primærkjelder og avskrifter av desse. Mine opplysningar er stort sett basert på sekundærkjelder for denne ætta, dvs bygdebøkene frå Hardanger. Har sjølv forska lite på denne slektsgreina sjølv om Johannes og Sara er mine 6x tippoldeforeldre.

 

 

Sara Jensdotter (Urnæs), f. i Hafslo kring 1671,

Sara Jensdotter gifte seg kring 1695 med Johannes Andersson Riber frå Eidfjord.  Han var son av sokneprest Anders Andersson Riber i Eidfjord, opphavleg frå

 

- Dei gifte seg 6. januar 1694/95(Kjelde: Digitalarkivet: Vigde i Ulvik 1689-1815 (postnr 64))

 

##### (opphavet hans? – Jylland!)

 

- Anders var frå Ribe i Jylland. Han tok namn etter fødestaden og har vel og fått si utdanning ved domkapitlet der, sidan Ribe var stiftstad.

(Kjelder: Kolltveit Granvin, Ulvik og Eidfjord i gamal og ny tid, bd 1, 1977:257; 

Bu, Ættarbok for Øyfjord, 1943:75 - Nasjonalbiblioteket: http://www.nb.no/nbsok/nb/090a967d94b045a0de28f2301acd5641?index=1

Lægreid, Gards- og ættesoge for Eidfjord, 1992:118 - Nasjonalbiblioteket: http://www.nb.no/nbsok/nb/9ff1c433b771ebf7e2bc5e232ad8c541?index=1)

 

og kona Cathrine Helvig Larsdotter Galtung frå Thorsnes i

 

##### (Kvinnherad eller Jondal?)

 

- Jondal. Ifylgje Gards- og ættesoge for Eidfjord er ho frå Torsnes i Jondal. Me finn ho i Gards- og slektssoge for Jondal bd II, av Losnegård 2003:929.

 

og f. i Eidfjord

##### (dato for fødsli hans? – kring 1660?)

 

- Ifylgje bygdebøkene skal vere han vere fødd i 1669 (Kjelde: Kvestad Ulvik gards- og ættesoge bd II, 1987:401 og Bu 1943:44)

 

Johannes og Sara var gardbrukarar på Frøystein i Ulvik, og frå 1704 var Johannes klokkar same stad. 

 

- Sjå Kvestad Ulvik gards og ættesoge bd I side 490 og bd II side 402.



 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1742!)

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kring 1730?)

 

- Ifylgje Kvestad (side 490 og 402) døydde han i 1730, kva tid ho døydde finn ein ikkje i bygdebøkene.

 

Me kjenner til sju born etter dei:

a. Cathrine Helvig Johannesdotter, f. i Ulvik kring 1696, d. på Vestreim i Ulvik 2.11.1780. 

 

     ##### (sjekka denne datoen? – finn ho ikkje på denne datoen!)

 

- Ho gifte seg første gongen i Ulvik 2.7.1714 med Torbjørn Anvedson frå Osa i Ulvik, f. i Ulvik kring 1690. 

 

     ##### (sjekka? – gardbrukarar Osa 1724 – elles? – han døydde?)

 

- Kvestad band I side 295 nemner ikkje dødsåret hennar, men Torbjørn skal vere fødd i 1672 i Osa og døydde i 1728 i Osa. I Kvestad heiter det: 

 "Torbjørn fekk bygsla ein del av bruket i 1709 av stefaren Anders og av Bispestolen. Dei siste fem leveåra vart han meir og meir tunglynd og rar, og ein dag i 1728 vart han funnen eit par byrseskot frå garden der han hadde hengt seg. Retten slo fast at han hadde vore sinnsjuk og skulle gravleggjast i kristen jord."

 

     So gifte Cathrine seg att

     ##### (dato og stad for andre vigsli hennar?)

 

- gift 1730 i Ulvik med Peder Jonson Vestrheim (f. 1696/1704 Vestrheim, d. 1780 i Osa)

(Kjelde: Kvestad bd I side 301 og

Digitalarkivet: Ekteskapsløyve i Bergen stift 1717-1804, post 244)

 

     med Peder Johnson

     ##### (budde på Vestreim i Ulvik – oppl.?)

 

 - $Gnr. 37, bnr. 4. Osa, Ulvik.$ Per fekk bygsla bruket i 1730. Ved vitneforklaringar i 1735 og 1742 går det fram at ha var fødd i 1704. I 1740 vart Per bøtelagd for å ha halde for langt bryllaup med "drik og fylderi" for stesonen Anve. Per flytte til Hjelmevoll i 1761, som eit bruksbyte med versonen Åmund Torkjellson Opheim og budde der goså i 1768 då han lånte 50 rd. mot ymse pant. Truleg kom han attende hit kring 1770. (Kvestad mfl., 1987a:301).

 

 $Gnr. 68, bnr. 3. Hydle, Ulvik.$ Per fekk i 1741 skøyte på 1 laup 1 pd 7 1/2 mrk smør i bruket frå Pål Sponheim som var panthavar. Då Kristi døydde i 1748, flytte han til Osa, bnr. 5. (Kvestad mfl., 1987b:332).

 

     Cathrine fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet med Torbjørn Anvedson.

b. Elisabeth Marie Johannesdotter, f. i Ulvik ?.5.1698, vart gravlagd i Ulvik 15.5.1698.

c. Bentha Johannesdotter, f. i Ulvik kring 1700, d. som enkje på Sygnestveit i Ulvik 18.4.1779.  Bentha gifte seg i Ulvik 9.7.1719 med Aamund Olson frå Sygnestveit i Ulvik, f. i Ulvik kring 1684. 

 

     ##### (sjekka?)

 

- Bygdebøkene har ikkje dato, men årstala stemmer med Kvestad Ulvik Gards- og ættesoge.

 

........

     

e. Anders Johannesson, f. i Ulvik kring 1705, d. som gardbrukar på Frøystein i Ulvik seinhaustes 1743.  Han gifte seg i Ulvik kring 1730 med Ingeborg Johnsdotter frå Vestreim i Ulvik, døypt i Ulvik 1.11.1707.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hennar? – levde att som enkje 1744)

 

- Ifylgje Kvestad døydde Ingeborg på Lillegraven i Granvin i 1801, ho var oppattgift med Josef Olavson Holven (f. 1719 på Holven, d. 1784 på Lillegraven) Dei fekk fem born.

 

     Anders og Ingeborg tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Frøystein i Ulvik og fekk ein son i lag.

 

- $Gnr. 73, bnr. 1. Fryste, Ulvik.$ Anders fekk gåvebrev på halve Fryste i 1713 og skøyte på resten den 27. mars 1730. I 1737 kjøpte han Langvasstølen ved Uppsete. Han vart klokkar etter far sin i 1730, og hadde allereie vore klokkar i 13 år då han døydde, berre 35 år gamal. (Kvestad mfl., 1987b:402).

 

$Gnr. 49, bnr. 1. Lekve, Ulvik.$ Anders overtok klokkarembetet etter far sin i 1730, 22 år gamal. Han budde og på Fryste, bnr. 1. Ola Nilsson Vambheim (Krone) - (1732-92) fortalde som vitne at foreldra hadde vore paktarar her på bruket kring 1735-40. (Kvestad mfl., 1987a:492).

 

f. Hilleborg Johannesdotter, døypt i Ulvik 7.1.1708, d. i Ulvik kring 1719.

 

     ##### (sjekka dødsfallet hennar? – i alle fall før 1742!)

 

- Ifylgje Kvestad bd II side 402 døydde ho i 1719.

 

g. Mandrup Johannesson, døypt i Ulvik 11.11.1711, d. som enkjemann på Øidvin i Ulvik 1.7.1792.  Mandrup gifte seg i Ulvik kring 1733 med Katla Pedersdotter frå Øidvin, døypt i Ulvik 17.1.1714.  Ho d. som gardbrukarkone på Øidvin 16.4.1781.  Mandrup og Katla tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Øidvin i Ulvik

 

     ##### (stemmer dette?)

 

- Dette stemmer med Kvestad bd I side 446. Ei tilleggsopplysning: Kari Samsonsdtr Tokheim (f. 1721 Tokheim i Odda d. 1791 Freim, Odda) var trulova med 80-åringen Mandrup Øydvin, ho var sjølv nær 70 år, men ho døydde før dei kom til altars, skriv Kolltveit i bygdebok for Kinsarvik, Ullensvang og Odda bd II 1967:177)

 

     og fekk fem born i lag.

 

Ifylgje Kvestad bd I side 446, hadde dei fire born saman: Sara, Per, Hilleborg og Angunna. Det kan godt stemme at dei fekk fem born, det er nokre manglar på born som døydde unge i fleire av bygdebøkene i Hardanger.

 

-- 

Jon Folkedal

Oslo

Endret av Jon Folkedal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ei lita tilleggsopplysning om Sara Jensdtr: 

 

Segna (Bu, 1944:44) seier ho var ei "futadotter" frå Sogn. Kvestad mfl. (1987b:402) skriv at etter det Arne Brynhildsen skriv i sine oppteikningar så skulle ho vera futedotter.

 

Arne Brynhildsen er truleg Klokkar og stortingsmann Arne Brynjulvson Spildo/Lekve (1776-1862) og var gift med Sara Øydvin - Mandrup og Katla var besteforeldra hennar.

 

-- 

Jon Folkedal

Oslo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tar med et skifte til i samme slengen...... Dette gjelder etterkommere etter Lars Andersen Riber på Vambheim. Opplysningene i bygdeboka og stamtavlen stemmer ikke.

 

http://www.nb.no/nbsok/nb/6418d1ddc494ed3fc6e9662abe9613c9?index=32#373

 

post-1909-0-10567300-1464302384_thumb.jpg

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24108/129/

Den 22 october (1737) blev paa dend gaard Wamheim beliggende i Ulvigs kirkesogn og Hardangers skibreide holden lovlig registrering og wurdering effter dend .. afgangne E: qvinden Ingeborg Gudmundsdatter som eftterladte midler til skifte og deling i mellom hendes igjenlevende 6 börn, 4 sönner og 2 döttre med navn:

Anders Larsen Wambeim myndig
Lars Larsen boende i Bergen i .... og er myndig
Johannes Larsen Wambeim myndig
Gudmund Larsen myndig og boende i Bergen
Brynilde Larsdatter gift med Niels Olsen Nedre Legve
Anne Larsdatter gift med Samson Askildsen Qvalle

Endret av Lars Østensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars Østensen, Rune, Grethe og Jon for mange spennande og interessante innlegg!

 

No har eg freista «sortera» dei opplysningane som er framkomne, og eg tykkjer eg har lukkast ganske so bra.  Det einaste eg har litt vanskar med, er desse barneborni til klokkaren...  Kva skal me tru på, ætteboki eller bygdeboki?  Det manglar jo ein del innførsler i kyrkjebøkene for Ulvik...

 

Kva seier til dømes bygdeboki om borni etter Cathrine Helvig og dei to ektemakane hennar?  Og kva med borni etter Joseph Olson og Ingeborg?  Kan henda står det noko om kva år Joseph og Ingeborg flytte til Holven og vidare til Lillegraven?

 

Ein liten merknad om dette med futedotteri:  Det var mor hennar Sara, Bentha Christensdotter frå Rønnei i Luster (1641-1715) som var futedotter.  Far hennar, Christen Andersson (1595-1642), som i «populærlitteraturen» òg vert kalla Heiberg(!), var fut i Dale skipreide (Luster) frå 1626 til 1633 og sidan i Sogn futeri.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til Sara og Johannes på Frøsten i Ulvik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sara Jensdotter (Urnæs), f. i Hafslo kring 1671,

Sara Jensdotter gifte seg i Ulvik 6.1.1695 med Johannes Andersson (Riber) frå Eidfjord.  Han var son av sokneprest Anders Andersson Riber i Eidfjord, opphavleg frå Ribe på Jylland i Danmark, og kona Cathrine Helvig Larsdotter Galtung frå Thorsnes i Jondal og f. i Eidfjord kring 1669.  Johannes og Sara var gardbrukarar på Frøsten i Ulvik, og frå 1704 var Johannes klokkar same stad.  Han d. visstnok på Frøsten kring 1730, medan Sara truleg d. same staden kring 1735.  Me kjenner til sju born etter dei:

a. Cathrine Helvig Johannesdotter, f. i Ulvik kring 1696, d. i Ulvik 21.11.1779.  Ho gifte seg første gongen i Ulvik 2.7.1714 med Torbjørn Anvedson frå Osa i Ulvik, f. i Ulvik kring 1672.  Torbjørn og Cathrine tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Osa i Ulvik, men Torbjørn vart sjuk og d. på Osa kring 1728.  So gifte Cathrine seg att i Ulvik kring 1730 med Peder Johnson frå Vestreim i Ulvik, f. i Ulvik kring 1704.  Han d. på Hjelmevoll i Ulvik 12.3.1777.  Peder tok over som gardbrukar på Osa då han gifte seg med Cathrine, men i 1761 makebyte dei med ein svigerson og flytte til Hjelmevoll i Ulvik.  Cathrine fekk visstnok i alt ni born, sju frå første ekteskapet og to frå det andre.

b. Elisabeth Marie Johannesdotter, f. i Ulvik ?.5.1698, vart gravlagd i Ulvik 15.5.1698.

c. Bentha Johannesdotter, f. i Ulvik kring 1700, d. som enkje på Sygnestveit i Ulvik 18.4.1779.  Bentha gifte seg i Ulvik 9.7.1719 med Aamund Olson frå Sygnestveit i Ulvik, f. i Ulvik kring 1686.  Han d. som gardbrukar på Sygnestveit sommaren 1755.  Aamund og Bentha tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Sygnestveit i Ulvik og fekk visstnok ni born i lag.

d. Hilleborg Johannesdotter, f. i Ulvik ?.5.1702, vart gravlagd i Ulvik 21.5.1705.

e. Anders Johannesson, f. i Ulvik kring 1705, d. som gardbrukar på Frøsten i Ulvik seinhaustes 1743.  Han gifte seg i Ulvik kring 1730 med Ingeborg Johnsdotter frå Vestreim i Ulvik, døypt i Ulvik 1.11.1707.  Ho d. som enkje på Graven lille i Granvin 18.1.1801.  Anders tok over som klokkar etter far sin kring 1730, og han og Ingeborg tok likeins over som gardbrukarar etter foreldri hans på Frøsten i Ulvik.  Men som enkje gifte Ingeborg seg 25.6.1744 att i Ulvik med Joseph Olson frå Holven i Granvin, døypt i Granvin 6.8.1719.  Han d. på Graven lille i Granvin 29.12.1784.  Joseph og Ingeborg heldt fram som gardbrukarar på Frøsten i Ulvik, men flytte kring 1753 til Holven i Granvin og var frå 1765 gardbrukarar på Graven lille i Granvin.  Ingeborg fekk i alt fem born; av dei var ein son frå første ekteskapet med Anders Johannesson.

f. Hilleborg Johannesdotter, døypt i Ulvik 7.1.1708, d. i Ulvik kring 1719.

g. Mandrup Johannesson, døypt i Ulvik 11.11.1711, d. som enkjemann på Øidvin i Ulvik 1.7.1792.  Mandrup gifte seg i Ulvik kring 1733 med Katla Pedersdotter frå Øidvin, døypt i Ulvik 17.1.1714.  Ho d. som gardbrukarkone på Øidvin 16.4.1781.  Mandrup og Katla tok over som gardbrukarar etter foreldri hennar på Øidvin i Ulvik og fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny so mykje for all god hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er mi "avskrift" frå Ættebok for Granvin og Gards- og Ættesoge for Ulvik om Josef og Ingeborg: 

 

$Gnr. 73, bnr. 1. Fryste, Ulvik.$ Josef og Ingebjørg budde dels her og dels på Holven til Josef 1. mai 1765 kjøpte Lillegraven, bnr. 1 (Skrivargarden) i Granvin av løytnant Niels Dahl for 1460 rd. Han overlet då Holven, bnr. 2, til versonen Lars Trå. (Kvestad mfl., 1987b:402).
 
$Gnr. 96. Holven, Granvin.$ Kjøper bruket 1752 av Henrik G. Miltzow for 55 rd. Sel 1765 ein part i Holven til versonen Lars Ellingson for 400 rd., resten til same 1768 for 200 rd. (Josef fekk kongeskøyte 1759.) I 1757 gjev han attende til Lillegraven "et støche jord, Træet Kaldet" som han med urette hadde tileigna seg etter handelen med Miltzow i 1752. Josef og Ingebjørg budde vekselvis på Frystein og Holven. (Kvalem, 1975:237).
 
$Gnr. 101. Lillegraven, Granvin.$ Josef kjøpte Lillegraven med ei sag i 1765 av Hans Dahl for 1460 rd. Sel same året bruket på Holven til versonen Lars Ellingson Trå for 200 rd. I 1772 overdreg Josef halvparten i Lillegraven til sonen Anders for 495 rd. Josef eig stølen Nyastøl under Espeland, men sel den i 1776 til Absalon Anvedson for 16 rd. Sonen Jon fekk i 1783 skøyte på den andre halvparten av bruket for same sum som broren. Josef sette opp to like hus til sønene. Alle borna til Ingebjørg og Josef er fødde i Ulvik. Lagrettemann i 1783. (sjå og Fryste, Ulvik). (Kvalem, 1975:322).
 
-- 
Jon Folkedal
Oslo
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne oversikta er stort sett basert på (sekundærkjelder) bygdebøkene for Ulvik og Granvin: 

1.  Torbjørn Anveson Osa, son av Anve Torbjørnson Osa og Jorond Torsteinsdtr, vart fødd i 1672 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde i 1728 i Osa, Ulvik, Hordaland. 
 
Torbjørn gifta seg med Katrina Helvig Johannesdtr Riber, dotter av Johannes Andersson Riber og Sara Jensdtr,  i 1714 i Ulvik kyrkje, Ulvik, Hordaland. Katrina vart fødd i 1696 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde etter 1735 i Osa, Ulvik, Hordaland.
 
Barn av dette paret var:
 
  i. Anve Torbjørnson Osa vart fødd i 1714 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde i 1742 i Osa, Ulvik, Hordaland. 
 
Anve gifta seg med Anna Olsdtr Sponheim, dotter av Ola Bårdson Sponheim og Elisabet Sjursdtr Sponheim,  i 1740 i Ulvik kyrkje, Ulvik, Hordaland. Anna vart fødd i 1719 i Sponheim, Ulvik, Hordaland og døydde i 1742 i Osa, Ulvik, Hordaland.
 
  ii. Guro Torbjørnsdtr Osa vart fødd mellom 1715 og 1718 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde mellom 1715 og 1718 i Osa, Ulvik, Hordaland. 
 
  iii. Lars Torbjørnson Osa vart fødd i 1718 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde i 1786 i Ljono, Ulvik, Hordaland. 
 
Lars gifta seg med Brita Sjursdtr.  i 1742. Brita vart fødd i 1707 og døydde i 1774 i Ljono, Ulvik, Hordaland.
 
  iv. Sara Torbjørnsdtr Osa vart fødd i 1721 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde i 1721 i Osa, Ulvik, Hordaland. 
 
  v. Sara Torbjørnsdtr Osa vart fødd i 1722 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde i 1742 i Osa, Ulvik, Hordaland. Ho hadde ikkje noko tilhøve eller barn. 
 
  vi. Guro Torbjørnsdtr Osa vart fødd i 1724 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde i 1801 i Osa, Ulvik, Hordaland. 
 
Guro gifta seg med Levor Olson Hegg.  i 1749. Levor vart fødd i 1734 i Hegg, Voss, Hordaland og døydde i 1801 i Osa, Ulvik, Hordaland.
 
  vii. Lisbet Maria Torbjørnsdtr Osa vart fødd i 1726 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde i 1755 i Lægreid, Eidfjord, Hordaland. 
 
Lisbet gifta seg med Ola Torbjørnson Lægreid, son av Torbjørn Sivertson Bu D.Y. og Guro Erlingsdtr Årekol,  i 1749. Ola vart fødd i 1719 i Lægreid, Eidfjord, Hordaland og døydde etter 1778 i Lægreid, Eidfjord, Hordaland.
 
2.  Per Jonson Vestrheim, son av Jon Olavson Vestrheim og Marita Larsdtr Spildo, vart fødd i 1696 i Vestrheim, Ulvik, Hordaland og døydde i 1780 i Osa, Ulvik, Hordaland. 
 
Per gifta seg med Katrina Helvig Johannesdtr Riber, dotter av Johannes Andersson Riber og Sara Jensdtr,  i 1730 i Ulvik kyrkje, Ulvik, Hordaland. Katrina vart fødd i 1696 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde etter 1735 i Osa, Ulvik, Hordaland.
 
Barn av dette paret var:
 
  i. Marita Persdtr Osa vart fødd i 1731 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde i 1798 i Hjelmevoll, Ulvik, Hordaland. 
 
Marita gifta seg med Åmund Torkjellson Oppheim, son av Torkjell Andersson Oppheim og Kristi Larsdtr Spildo,  i 1752 i Ulvik kyrkje, Ulvik, Hordaland. Åmund vart fødd i 1722 i Oppheim, Ulvik, Hordaland og døydde i 1778 i Hjelmevoll, Ulvik, Hordaland.
 
  ii. Brita Persdtr Osa vart fødd i 1735 i Osa, Ulvik, Hordaland og døydde etter 1801 i Vambheim, Ulvik, Hordaland. 
 
Brita gifta seg med Lars Larsson Vambheim, son av Lars Nilsson Spildo og Brita Andersdtr Vambheim,  i 1755 i Ulvik kyrkje, Ulvik, Hordaland. Lars vart fødd i 1730 i Vambheim, Ulvik, Hordaland og døydde i 1805 i Vambheim, Ulvik, Hordaland.
 
Per gifta seg så med Kristi Torsteinsdtr Hydle, dotter av Torstein Styrkårson Hydle og Eli Endresdtr Hamre,  omkring 1741. Kristi vart fødd oversl 1692 i Hydle, Ulvik, Hordaland og døydde i 1748 i Hydle, Ulvik, Hordaland. Dei fekk ikkje barn.
 
(Kjelder: Kvalem, H. Ættebok for Granvin. (1975) og Kvestad, J. Gards- og ættesoge for Ulvik bd 1 og 2 (1987))
Endret av Jon Folkedal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingeborg Vestrheim og giftermåla hennar med Josef O. Holven og Anders Riber: 

 Josef Olavson Holven, son av Olav Gunnarson Holven og Brita Ellingsdtr Trå, vart fødd i 1719 i Holven, Granvin, Hordaland og døydde i 1784 i Lillegraven, Granvin, Hordaland. 
 
Josef gifta seg med Ingeborg Jonsdtr Vestrheim, dotter av Jon Olavson Vestrheim og Marita Larsdtr Spildo,  i 1744. Ingeborg vart fødd i 1707 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde i 1801 i Lillegraven, Granvin, Hordaland.
 
Barn av dette paret var:
 
  i. Sara Josefsdtr Holven vart fødd i 1744 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde i 1827 i Holven, Granvin, Hordaland. 
 
Sara gifta seg med Lars Ellingson Trå, son av Elling Josefson Trå og Gunnbjørg Sjursdtr Tveito,  i 1763 i Granvin kyrkje, Granvin, Hordaland. Lars vart fødd i 1725 i Trå, Granvin, Hordaland og døydde i 1818 i Holven, Granvin, Hordaland.
 
  ii. Anders Josefson Holven vart fødd i 1748 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde i 1830 i Lillegraven, Granvin, Hordaland. 
 
Anders gifta seg med Elisabet Ivarsdtr Nesheim, dotter av Ivar Hansson Oppheim og Ingebjørg Nilsdtr Spildo,  i 1776 i Granvin kyrkje, Granvin, Hordaland. Elisabet vart fødd i 1751 i Nesheim, Granvin, Hordaland og døydde i 1780 i Lillegraven, Granvin, Hordaland.
 
Anders gifta seg så med Brita Anvedsdtr Haugsnes, dotter av Anved Person Kjerland og Hildegunna Knutsdtr Selland,  i 1781 i Granvin kyrkje, Granvin, Hordaland. Brita vart fødd i 1760 i Haugsnes, Granvin, Hordaland og døydde oversl 1810 i Lillegraven, Granvin, Hordaland.
 
  iii. Brita Josefsdtr Holven vart fødd i 1751 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde i 1762 i Holven, Granvin, Hordaland. 
 
  iv. Jon Josefson Holven vart fødd i 1755 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde i 1835 i Lillegraven, Granvin, Hordaland. 
 
Jon gifta seg med Barbrå Jensdtr Folkedal, dotter av Jens Ellingson Århus og Gjøa Brynjulvsdtr Tjoflot,  i 1784 i Granvin kyrkje, Granvin, Hordaland. Barbrå vart fødd i 1764 i Folkedal, Granvin, Hordaland og døydde i 1836 i Lillegraven, Granvin, Hordaland.
 
2.  Anders Johannesson Riber, son av Johannes Andersson Riber og Sara Jensdtr, vart fødd i 1708 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde i 1743 i Fryste, Ulvik, Hordaland. 
 
Anders gifta seg med Ingeborg Jonsdtr Vestrheim, dotter av Jon Olavson Vestrheim og Marita Larsdtr Spildo,  omkring 1730 i Ulvik kyrkje, Ulvik, Hordaland. Ingeborg vart fødd i 1707 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde i 1801 i Lillegraven, Granvin, Hordaland.
 
Barnet av dette paret var:
 
  i. Johannes Andersson Fryste vart fødd i 1730 i Fryste, Ulvik, Hordaland og døydde etter 1801 i Fryste, Ulvik, Hordaland. 
 
Johannes gifta seg med Sygni Sjursdtr Jørdre, dotter av Sjur Ivarson Nesheim og Brita Hallsteinsdtr Bilde,  i 1750 i Ulvik kyrkje, Ulvik, Hordaland. Sygni vart fødd i 1728 i Jørdre, Granvin, Hordaland og døydde i 1803 i Fryste, Ulvik, Hordaland.
 
(Kjelder: Kvalem, H. Ættebok for Granvin. (1975) og Kvestad, J. Gards- og ættesoge for Ulvik bd 1 og 2 (1987))
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nye spennande innlegg!

 

Av dei fire borni som eg fann etter Joseph og Ingeborg (kjelde FamilySearch), var Britha frå 1751 fødd på Frøsten i Ulvik, medan John frå 1755 var fødd på Holven i Granvin.  Eg leitte ikkje fram dei to eldste, Sara og Anders, men dei vart døypte i Ulvik, so eg går ut ifrå at dei var fødde på Frøsten.

 

I det som du skriv, Jon, seier du at Anders og John fekk kvar si helft av Lillegraven, og du nemner Lars Ellingson Traa som svigerson, rimelegvis gift med Sara, men eg finn ikkje noko oversyn over dei fem borni som du seier dei skal ha hatt...?

 

Når det so gjeld Cathrine Helvig og borni hennar, har eg no korrigert manuskriptet mitt til sju + to i staden for seks + tre.  Ættetavla nemner ein Ole utan datoar, men han har vel neppe eksistert...

 

Men det er noko anna som eg ikkje får til å stemma:  Cathrine Helvig døydde i Ulvik 21.11.1779 - so står det i alle fall i kyrkjeboki, so eg kan ikkje forstå at Peder kan ha vore gift med denne Christi Torstensdotter Hydle!?  Det må vel ha vore ein annan Peder?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

 

PS: So er det komme eit nytt innlegg frå Jon som nemner at Joseph og Ingeborg berre hadde dei fire borni i lag, so då er det spørsmålet avklart!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har heilt rett, om det stemmer at Cathrine Helvig døydde 21. november 1779, kan Peder (Per) neppe ha vore gift med ekkja Kristi T. Hydle. I mine oversyn har eg ei Katrina Helvig Larsdtr Vambheim, dotter til Lars Andersson Riber og Ingrid Gudmundsdtr Håland, denne Katrina Helvig er ifylgje Gards- og ættesoga for Ulvik fødd i 1701 og døydde i 1779. Kan det vere ei samanblanding av desse to syskenborna? Gissar at Kvestad i Gards- og ættesoga har halde seg til det Bu Ættar-bok for Ulvik nemner at Cathrine Helvig f. 1696 var gift med Torbjørn Anveson Osa og oppattgift med Per Jonson Vestrheim som so gifte seg med ekkja Kristi Torsteinsdtr Hydle omkring 1741? 

 

Har så langt ikkje funne andre Peder (Per) Jonson som kan ha vore gift med ekkja Kristi Torsteinsdtr Hydle. Spørsmålet er om ein kan finne giftarmålet mellom Kristi Torsteinsdtr og Peder (Per) Jonson i kyrkjebøkene.

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nok eit interessant innlegg!

 

Eg var ikken merksam på at Cathrine Helvig hadde eit søskenbarn som òg budde i Ulvik.  Dødsfallet til denne som eg finn avlidi 21.11.1779, var ved dødsfallet oppgjeve vera 84 år og 1 månad:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/11745/29

 

Ho har ikkje gardsnamn og heller ikkje patronymikon, men alderen hennar peiker då heilt klart mot Cathrine Helvig Andersdotter!?  Og aldrene som er oppgjevne i kyrkjeboki for Ulvik på denne tidi synest vera ganske so nære dei rette...

 

Eg finn ikkje noki vigsle mellom Peder Johnson og Christi Torstensdotter og tykkjer i utgangspunktet det verker lite rimeleg at han skulle flytta frå Osa til Hydle for so å flytta attende...?

 

Dette spørsmålet er ikkje so viktig bygdeboki i Luster, men eg høyrer gjerne fleire kommentarar og takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden.  Manuskriptet i innlegg #14 er oppdatert og so langt «komplett»...

 

NB: redigert:  Eg leitte nettopp fram skiftet etter Christi Torstensdotter på Hylle i Ulvik frå 1748, og her står det då tydeleg at ho var ENKJE då ho døydde, so ho var nok ikkje gift med «vår» Peder Johnson under noki omstende...

 

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24110/47/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081119630047.jpg

 

So etter mi meining stig «oddsen» for at det var Cathrine Helvig Andersdotter som døydde i 1779...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur du har rett, at det mest truleg er Cathrine Helvig Andersdtr som døydde i 1779.

 

Som ei avslutning kan eg nemne at Olafsen (Ulvik i fortid og nutid: en bygdebok) 1925 s183 er inne på noko av det same som du, men han er litt tvetydig i teksten: 

 

    "I 1733 var brukerne paa Hydle ... Olav Andersson og Sjur Larsson. I 1738 var Sjur død og enken kommet i hans sted. I 1740 var

Olav Andersson og Peder Jonson Osa brukere. Peder var formentlig gift med enken og havde faat skjøte av hende i 1741.(????)

    I 1750 var ....; Torstein Sjurson og Lars Sjurson av den anden ved skj. av 1748. 

Disse to er sønner av den nævnte Sjurs enke Kristi Larsdtr Hydle som døde nævnte aar. Ved skiftet betegnes hun som enke."

Same stad skriv Olafsen om ei sak mot Torstein og at retten var tilstades for å registrere hans bu:

"Det siges her, at han havde pantsat gaarden til Peder Osa i 1750 og 1752."

 

Mykje tyder for at Peder og Kristi ikkje var gifte, men at det har vore ein eller annan relasjon er mogeleg.

 

Eventuell vidare etterrøkjing av Cathrine og Peder bør vel vidareførast i eit eige tema for dei som skulle vere interesserte.

 

Endret av Jon Folkedal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegg!

 

Jau, då ser eg på dette emnet som avslutta for min del.  Eg har fått ut dei opplysningane som eg treng for bygdeboki i Luster, og eg er kjempenøgd!  Nok ein takk for all god hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.