Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ingeborg Larsdotter Stubberud - fødd i Øyer 1851 - til Amerika på 1870-talet - kven var foreldri hennar? - kven var mann hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ingeborg Larsdotter Stubberud var fødd i Øyer 16.6.1851 som dotter av husmann Lars Johannesson og kona Kari Gudbrandsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8928/61

 

Foreldri gifte seg i Øyer 23.1.1843, og faren er då oppgjeven vera frå Bjørge (plass?), medan mori er frå Jyttelsted (plass?): https://media.digitalarkivet.no/view/8928/186

 

FT1865 syner huslyden busett på husmannsplassen Buenget under Stubrud i Øyer: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038063000433

 

Ingeborg Larsdotter Stubberud utvandra til Amerika i 1876: https://media.digitalarkivet.no/view/8931/57

 

Ingeborg reiste truleg over for å verta gift med ein sambygding, og dei fekk to born i lag, men båe døydde før 1900.  Som enkje gifte ho seg før 1900 att med sogningen Anders Olson Natvik (1831-1909).  Ho døydde i Vernon Co., WI 24.6.1934.

 

Er det nokon med lokal kunnskap i Øyer, eventuelt med tilgjenge på ei bygdebok, som kan fortelja meg:

 

* Denne plassen Buenget under Stubberud eller Stubrud - kva er «rett» gardsnamn?  Og er plassnamnet rett skrive?

 

* Frå kva gard/plass i Øyer hadde Lars Johannesson opphavet sitt?

 

* Frå kva gard/plass i Øyer hadde Kari Gudbrandsdotter opphavet sitt?

 

* Finst det opplysningar lokalt i Øyer, til dømes i bygdeboki, om lagnaden til Ingeborg i Amerika?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Nina for interessant innlegg!

 

Eg har i mellomtidi oppdaga at foreldri til Ingeborg, Lars og Kari, ogso utvandra til Amerika før 1880, for i 1880 var dei busette i La Crosse, WI i lag med dei tre yngste sønene, Gudbrand, Simen og Laurits, men noko meir om første ektemannen hennar Ingeborg har eg ikkje finne so langt...

 

Eg finn forresten gardsnamnet skrive STUBRUD ogso i 1900, so eg går ut ifrå at Stubberud berre er ein lokal «variant».  Plassnamnet Buenget ser eg ikkje noko meir til...

 

Opplysningane frå GENI seier at faren var frå Hunder, medan mori var frå Jyttelstad, men me me får ikkje greie på dei nøyaktge opphavsstadene deira.  Var Bjørge kan henda ein plass under Hunder?  Eller var det omvendt?  Bjørge synest vera ein eller fleire matrikkelgardar i Øyer i 1865.  Eg finn ogso Jøttelstad som matrikkelgard i Øyer 1865, men dette namnet er borte i 1900 og 1910!

 

Geografiundervisning er naudsynt for å klara opp i dette, eller kanskje ei bygdebok?

 

Eg takkar å ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif Baardseth

Jeg er lite kjent i Øyer, men kanskje kan dette hjelpe noen på gli med mere opplysninger:

 

Ingeborgs mor: Kari Gudbrandsdatter hadde foreldrene Berte og Gudbrand som bodde på Jutulstad. Kari hadde en tvillingssøster Anne. Tvillingene født på Jutulstad 20 okt 1820. Kari Gudbrandsdatter og Lars Johannesen brukte Anne som fadder flere ganger.

Dette må vel være konfirmasjonen til Lars Johannesen? Sleekta til faren var på Bjørge i flere generasjoner og finnes der også i 1801. Moren er helst Ragnhild Torstensdatter.

 

SAH, Øyer prestekontor, Ministerialbok nr. 4, 1824-1841, s. 329-330

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070603610656

 

 

Og Johannes Johannesen på Nestingen-eie på Nestingløkken (g m Sigrid Johannesdatter) i 1865 er vel broren til Lars? Selvfølgelig kan det være Sigrid Johannesdatter som er søster av Lars også, og som sagt, jeg er ikke kjent i Øyer og innlegget er gjort for å trigge de som er kjent i Øyer. Vi skal bakover i tid og ikke femover.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f60521&gardpostnr=69#nedre

 

Og Onshus har dette:

 

http://onshus.no/pedigree.php?personID=I68157&tree=Ringebuslekter

Endret av Leif Baardseth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Matrikkel 1886 Hunder i Øyer

http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=0521&gnr=2

 

Matrikkel 1886

Jøttulstad i Øyer

http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=0521&gnr=23

 

Matrikkel 1886

Stubberud i Øyer

http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=0521&gnr=10

 

Matrikkel 1886 Bjørge i Øyer

http://www.rhd.uit.no/matrikkel/mtliste.aspx?knr=0521&gnr=11

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif og Ann-Mary for nye interessante innlegg i denne debatten!

 

Matrikkelen frå 1886 gjev oss rette skrivemåten av namni - Stubberud og Jøttulstad samt Bjørge!

 

Men me veit framleis ikkje om Lars Johannesson og Kari Gulbrandsdotter var frå sjølve garden eller frå ein plass under garden.

 

Tvillingane Anna og Kari Gudbrandsdøttrer vart konfirmerte i Øyer i 1835.  Då står det at foreldri Gudbrand og Bertha var avlidne HUSMANNSFOLK, og det står fødestad «ved» Jøttulstad.  Ser ein på lista over konfirmantane, ser ein at dei som hadde denne «ved»-nemningi, var husmannsborn, men dei som står utan, stor sett var gardbrukarborn!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9274/181

 

Ved konfirmasjonen til Lars Johannesson i 1830 står det «ved» Bjørge, og av foreldri Johannes og Ragnhild er Ragnhild avlidi.  Det står dessutan at dei var HUSMANNSFOLK!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9274/169

 

Då veit me altso at:

 

* Lars Johannesson var frå ein plass under Bjørge, men kva for ein plass?

 

* Kari Gudbrandsdotter var frå ein plass under Jøttulstad, men kva for ein plass?

 

Eg vonar at ei bygdebok kan gje oss svar på desse spørsmåli, og eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Leif Baardseth

Lars Johansen var fra Bjørgestuen, men hans far var født på garden Bjørge og altså sønn til gårdbrukeren. Ragnhild Torstensdatter er nok også husmannsdatter og det kan være hun som oppgis å være 10 år i 1801. Og er det rett, må vi lese 10 år med den romslighet man alltid må ha i ft 1801!

 

Gudbrand-navnet forefinnes på Jutulstad.

Endret av Leif Baardseth

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for interessant innlegg!

 

Då er det med andre slege fast at Bjørgestuen er plassnamnet under Bjørge som Lars kom ifrå!

 

Ser me no på FT1865, so var det den gongen berre ein plass under Jøttulstad, og den plassen heitte Jøttulstadhaugen (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0521&kenr=001&bnr=0116)

 

Skal me gissa på at det var heimeplassen til Kari Gudbrandsdotter??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Leif for siste innlegg!

 

Eg må seia eg vart veldig i stuss då eg las siste innlegget ditt, for eg finn i alle fall ikkje fleire husmannsplassar under Jøttulstad i Øyer enn denne Jøttulstadhaugen.

 

Kanskje finst det ei bygdebok som kan greia ut om plassane under Jøttulstad?

 

Elles står eg framleis like «fast» når det gjeld første mann hennar Ingeborg i Amerika...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tordis Trønnes

Jeg sitter og leser i boka ...og ingen kom att - Nedlagte boplasser i Øyer og Tretten.  Dette er ei bok utgitt i 1987 av Øyer og Tretten historielag. 

Jutulstad ligger i Lisgrenda og det er 2 plasser nevnt under denne gården.  

Nr. 15. Jutulstadhaugen

ligger en stubb lenger ned og nordover.  Nedlagt som husmannsbruk i 1920. ....................

Nr. 16 Søre snippen av Jutulstadjordet

var et husmannsbruk. Nedlagt for lenge siden og folkene glemt, men tuftene synes.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Har du kjennskap til:

 

- navnet hun brukte i Amerika?

 

- hvor hun oppholdt seg?

 

- barnas navn som døde før 1900?

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tordis og Egil for nye spennande innlegg!

 

Då har me altso to alternativ for namnet på husmannsplassen under Jutulstad/Jøttulstad der Kari Gubrandsdotter kom ifrå, og eg veit ikkje korleis me skal kunna finna ut kva for ein plass er den rette!

 

I 1865 var det berre ein plass under garden, plassen i Jøttulstadhaugen, medan det i 1801 ikkje var nokon i det heile!  Kan henda vil ein grundig analyse av dåpsregisteri og konfirmantregisteri frå tidleg 1800-tal vera til nytte...

 

Eg har no blatt i konfirmantregisteri frå 1824 til 1863 og finn følgjande husmannsborn konfirmerte frå Jøttulstad:

 

* 1831: Johannes, f. under Jøttulstad 22.5.1816 - foreldri Peder (avliden) og Kari, husmannsenkje

* 1833: Marit, f. under Jøttulstad 11.2.1816 - foreldri Ole og Marit under Lie, husmannsfolk

* 1835: Kari, døypt under Jøttulstad 8.10.1820 - foreldri Gudbrand og Berthe (avlidne) husmannsfolk

* 1835: Anna, døypt under Jøttulstad 8.10.1820 - foreldri Gudbrand og Berthe (avlidne) husmannsfolk

* 1854: Mathea, f. under Jøttulstad 28.5.1839 - foreldri Ole og Mari

 

Denne siste Mathea syner seg vera fødd på Fossegarden som dotter av husmann Ole Olson og Mari Markusdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9274/141

og nettopp Mari Markusdotter er det som bur på Jøttulstadhaugen i 1865 som fattiglem hjå Peder Olson: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0521&kenr=001&bnr=0116

 

Er kan henda Ole Olson og Mari Marḱusdotter innflytte i Jøttulstadhaugen etter Gudbrand og Bertha, eller kva skal me tru??  Ikkje lett å løysa denne...

 

Når det gjeld Ingeborg Larsdotter i Amerika, står eg like fast som før...  Eg fann foreldri hennar med dei yngste brørne busette i La Crosse, WI i 1880:

 

Louis Jansen    65
Karie Jansen    60
Gilbert Jansen     26
Simon Jansen    22
Louis Jansen    19

 

Men om Ingeborg kalla seg Larson eller Johnson i Amerika, kan eg ikkje seia noko sikkert om!  Kven første mannen hennar var, er heilt på det uvisse, og kven dei to borni deira var likeins!

 

Mange spørsmål er framleis knytte opp mot denne huslyden, og det vert sikkert ikkje lett å finna ut av problemi, men det er lov å leva i voni, og det gjer eg!

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

?????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRDN-1YW

 

Name: Ragna Ovidia Bjorsal
Gender: Female
Christening Date:
Christening Place:
Birth Date: 21 Mar 1891
Birthplace: La Crosse, Wisconsin
Death Date:
Name Note:
Race: White
Father's Name: Jens Bjorsal
Father's Birthplace: Norway
Father's Age:
Mother's Name: Ingeborg Jansen
Mother's Birthplace:
Mother's Age: Norway
 
 
Name: Bjorsol
Gender: Male
Christening Date:
Christening Place:
Birth Date: 25 Apr 1893
Birthplace: La Crosse City, La Crosse, Wisconsin
Death Date:
Name Note:
Race: White
Father's Name: Jens Bjorsol
Father's Birthplace: Norway
Mother's Name: Ingeborg Jansen
Mother's Birthplace: Norway
 
-------------------------------------------------------------
 
 
Name: Jens J Bjorsahl
Event Type: Immigration
Event Date: 1881
Event Place: New York City, New York, United States
Gender: Male
Age: 41
Birth Year (Estimated): 1840
Birthplace: Norway
Ship Name: Circassia
 
Dette er nok skudd helt i blinde....!
 
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit svært so interessant og utfordrande innlegg!

 

Før eg seier at dette må vera eit «skòt i blinde», vil eg gjerne få sjekka ut den huslyden som du her nemner:

 

På Oak Grove cemetery i La Crosse, WI finn me mellom anna desse to gravene:

 

* Jertina BJORSHOT, gravlagd 29.8.1889, 51 år, fødd i Noreg

 

* Alfred BJORSHOL, gravlagd 5.8.1893, 3 mnd. og 16 dagar gamal, fødd i La Crosse, WI

 

Skal eg lesa mellom linjene here, so vil eg tru at:

 

Jens J. BJORSHOL, fødd i Noreg kring 1840, utvandra 1881, gifte seg første gongen med ei Jertina, fødd 1838, som døydde 1889.  So gifte han seg att kring 1890 med ei INGEBORG JANSEN, som godt kan ha vore «vår» Ingeborg Larsdotter Stubberud!  Dei fekk so to born...

 

La Crosse, WI city directory 1888 syner:

 

BJORSOL, John, laborer, res. 1013 South 5th Street

 

Ein John Johnson BJORSOL er òg laborer i La Crosse, WI i 1900 og 1901.  Skal me gissa på at han og Ingeborg vart skilde??

 

Kan dette vera vigsli til Jens og Ingeborg i La Crosse, WI 22.2.1890:

 

Name: John Johanneson

Event Type: Marriage

Event Date: 22 Feb 1890

Event Place: La Crosse, Wisconsin, United States

Gender: Male

Race: White

Birthplace: Norway

Father's Name: John Johanneson

Mother's Name: Anna Jenson

Spouse's Name: Ingeborg Johnson

Spouse's Gender: Female

Spouse's Race: White

Spouse's Birthplace: Norway

Spouse's Father's Name: Peder Johnson

Spouse's Mother's Name: Karen Larson

 

Namni på foreldri hennar er litt «skeive», men likevel...?

 

Her har me i alle fall dåpen i Kvernes til Jens Johannesson Bjørshoel, f. 7.5.1841 av foreldri husmann Johannes Johannesson Bjørshoel og Jøa Jensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/2281/78

 

No er eg sjølvsagt spent på kommentarar frå andre lesarar av Brukarforum...  Dette er etter mi meining ein skikkeleg god «kandidat» for første ektemannen til Ingeborg Larsdotter Stubberud!?

 

Honnør til Grethe og ein ny kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ville ikke konkludert med at dette er vår Ingeborg, i og med at foreldrenes navn ikke stemmer. Foreldrene til Ingeborg heter Lars Johannessen og Kari Gudbrandsdatter, men foreldrene til Ingeborg Jansen, som jeg fant, heter Peder Johnsen og Karen Larson. Det er ikke bare litt skeivt, men det kan ikke stemme. Årsaken til at jeg kastet fram denne kandidaten, var at hun var registrert som Jansen, akkurat som foreldrene og de yngre brødrene i 1880, i tillegg til at barna til denne Ingeborg Jansen ble født i La Cross...

 

Jeg ville foreløpig var kalt det en "kandidat" og mest sannsynlig er dette et skudd i blinde. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt «manande» innlegg!

 

Eg har då heller ikkje slege fast at dette MÅ vera «vår» Ingeborg, berre at ho er ein skikkeleg god «kandidat».

 

Og når det gjeld oppgåvene over foreldri i vigselsattesten, so har eg opplevd mykje «rart».  Sist hadde me dømet med Herman Stay frå Storelvdal der foreldri var heilt «skeive», og eg har vore borti fleire liknande tilfelle.  No har eg sendt eit spørsmål til La Crosse, WI for å få sjekka denne vigselsattesten frå 1890, so får me sjå kva svar som kjem...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Kan dette være paret som giftet seg i 1890 - i Census 1900?

 

Name: Ingeborg Johanson

Event Type: Census

Event Year: 1900

Event Place: La Crosse city Ward 2, La Crosse, Wisconsin, United States

District: 69

Gender: Female

Age: 49

Marital Status: Married

Race: White

Race (Original): W

Relationship to Head of Household: Wife

Relationship to Head of Household (Original): Wife

Number of Living Children: 3

Years Married: 10

Birth Date: Nov 1851

Birthplace: Norway

Marriage Year (Estimated): 1890

Immigration Year: 1873

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

Mother of how many children: 8

 

John Johanson Head M 59 Norway

Ingeborg Johanson Wife F 49 Norway

Jalmar Johanson Son M 13 Wisconsin

Ragna Johanson Daughter F 9 Wisconsin

Arthur Johanson Son M 5 Wisconsin

 
Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no studert denne huslyden litt nærare, og eg har oppdaga at Ingeborg gift med Jens «John» Bjorsol i La Crosse, WI IKKJE kan vera ho me leiter etter.  Her er nemleg John og Ingeborg i FT1900 for La Crosse, WI:

 

JOHANSON, Johan  May 1841  Nor  Nor  Nor  emigrated 1882  day laborer

JOHANSON, Ingeborg  Nov. 1851  Nor  Nor  Nor  emigrated 1873  wife

married 10 years, 8 children, 3 living:

JOHANSON, Jalmar  May 1889  WI  Nor  Nor  son

JOHANSON, Ragna  Mar. 1891  WI  Nor  Nor  dau

JOHANSON, Arthur  Apr. 1895  WI  Nor  Nor  son

 

Adressen deira, 219 1/2 5th street, høver godt med John Johnson Bjorsol frå adressebøkene for La Crosse, WI 1900 og 1901, og Ragna, sidan kalla Rose, er nemnd i adresseboki for La Crosse, WI i 1926 som Rose Bjorsol!

 

So då lyt me ut og leita på ny etter Ingeborg Larsdotter Stubberud og første ekteskapet hennar...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

 

Redigert:  I ettertid ser eg at Egil er komen til same konklusjon som meg!  Me kan altso definitivt sjå bort frå denne Ingeborg!!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.