Gå til innhold
Arkivverket

Anna Reinhartsdotter Luggenes, fødd 1904 - budde i Oslo og sidan i Drammen - opplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Anna Reinhartsdotter Luggenes, fødd på Luggenes i Årdal (i dag ein del av Lærdal) 13.9.1904, skal i ung alder vera flytt til Oslo og budde der ugift.

 

Eg har snakka med ei brordotter av Anna, men ho hadde aldri sett tanta si korkje i live eller påp bilete.  Ho visste berre at Anna hadde butt i Oslo og at ho ikkje hadde born.

 

Då mori døydde i Årdal i 1969, vert det oppgjeve at Anna Luggenes budde i Drammen!

 

Er det mogeleg å finna spor etter denne Anna i dødsannonser eller adressebøker i Oslo og/eller Drammen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner ingen Luggenes i adressebøkene for Oslo. Ei heller i dødsannonser i Aftenposten eller i kirkevergens gravoversikt i Drammen.

Men etternavnet her er kanskje usikkert? Kan hun ha kalt seg "Reinhardsen" eller annet? Kanskje giftet hun seg?

 

Mvh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om hun flyttet i 1955-1956, er det akkurat 60 år siden, så kanskje Statsarkivet i Oslo kan sjekke avgangskortet ved utflyttingen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif og Anne-Lise for spennande og interessante innlegg!

 

Det er underleg kor anonym denne Anna synest vera.  Ho var fødd utanfor ekteskap og hadde vel aldri noko å gjera med far sin, so eg tviler på om ho har nytta namnet hans...

 

No ser eg dessutan at det på Vår Frelsers gravlund ligg gravlagd ei einsleg:

 

Anna Reinhartsen (nøyaktig med den stavmåten!)

fødd 4.2.1890

døydde 5.11.1867

 

og eg mistenker dette for å vera Anna frå adresseboki frå 1955.  Her er ho i FT1910:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392036467

 

Eller kva meiner de?

 

Eg takkar å ny for hjelpi med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt utfordrande innlegg!

 

Eg har vore inne og sjekka dei to adressebøkene for Drammen, men kan ikkje sjå noko som helst til Anna Luggenes!

 

Eg har ein sterk mistanke om at ho kan ha nytta eit anna ættenamn, men kva for eitt, sjå det er ikkje godt å seia...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for å løysa denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Då mori døydde i Årdal i 1969, vert det oppgjeve at Anna Luggenes budde i Drammen!"

 

Står det Luggenes i morens dødsmelding?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg vil i ettermiddag gjerne få henta fram att denne utfordringi som framleis står uløyst!

 

Anna kan då vel ikkje berra «synka i jordi»?  Luggenes var opphavleg husmannsplass under Offerdal.  Kan Anna ha kalla seg Offerda(h)l?

 

Eg takkar og bukkar på det djupaste for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Denne utfordringi står framleis som ei stor uløyst gåte i manuskrjptet mitt.

 

Kvar i all verdi gøymer denne Anna seg, fødd i Årdal i Sogn 13.9.1904 og i 1969 busett i Drammen?

 

Som nemnt i innlegg #1, meinte brordotter hennar at Anna hadde butt i Oslo og at ho ikkje hadde born.  Men ho kan sjølvsagt ha vore gift...?

 

Det hadde vore heilt «kjempe» om nokon greier finna spor etter denne jenta, og eg takkar endå ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No vart eg rett og slett skikkeleg imponert!

 

Hjarteleg takk til Lars W. for ei fantastisk oppdaging og til Ragnhild for ei gigantisk oppfølgjing!  Ingen tvil om at dette er «vår» Anna, og det faktum at ho døydde so tidleg som i 1930, kan eg berre forklara på eit vis:

 

Anna må vera reist heimefrå i ganske so ung alder for å ta teneste i eller nær Drammen, og truleg døydde ho utan at nokon av slekti hennar i Sogn vart underretta om dette.  Soleis gjekk berre «segni» om at Anna Luggenes budde i Oslo eller Drammen, og brordotteri hadde jo heller aldri sett noko bilete av tanta eller høyrt noko meir konkret om ho!  Dei har vel berre gått ut ifrå at ho ikkje hadde born...

 

No er det altså slege fast at ho var gift med Karl Edvard Duestad (som eg ser òg er skrive Dustad), og at dei fekk to søner, Sigurd i 1926 og Arne i 1927.  Eller kanskje hadde dei fleire born som døydde?  Det gjekk tross alt tre år frå Arne var fødd til mori døydde...

 

Eg har sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Reinhartsdotter Luggenes, dotter av Anna og smelteverksarbeidar Reinhart Olaf Olson Hauge i Odda, opphavleg gardbrukarson frå Hauge i Gaular (1876-1942), var f. i Årdal 13.9.1904.

Anna Hauge flytte i ung alder til Hurum der ho 20.2.1926 gifte seg med Karl Edvard Johanson Duestad frå Filtvedt i Hurum.  Han var son av snikkar Johan Theodor Christenson Duestad på Filtvedt, opphavleg frå Duestad under Thorstvedt, og første kona Severina Eriksdotter frå Tofteplass og f. på Bjørnås i Hurum 13.8.1896.  Karl var gardsarbeidar, og parfolket budde på Filtvedt i Hurum der Anna d. 2.8.1930.  Karl

 

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad?)

 

 

Karl og Anna fekk to søner i lag:

 

 

¤¤¤¤¤ (sjekka at dei ikkje hadde fleire born?)

 

 

a. Sigurd Karlson Duestad, fødd i Hurum 22.5.1926,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

 

b. Arne Karlson Duestad, fødd i Hurum 28.9.1927,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden, og når me no er komne so langt, so vonar eg at kanskje den seinare lagnaden til Karl og sønene hans òg kan kartleggjast?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Hanne for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg kan herifrå Tyskland diverre ikkje gjera oppslag i norske bygdebøker, so eg lurer på:

 

* Under kva matrikkelgard i Våle ligg denne eigedomen bnr. 19, Nordly?

 

Elles hadde eg vore svært interessert i kontakt med til dømes dotteri Kari, om ho kan lokaliserast...

 

Eg ser forresten at Sigurd Duestad er meld som avliden i Drammen 15.2.2000: https://www.digitalarkivet.no/view/15/pa00000000434922

 

Kanskje kan ei dødsannonse finnast?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

31 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

 

* Under kva matrikkelgard i Våle ligg denne eigedomen bnr. 19, Nordly?

 

 

Det ser for meg ut som om Nordby ligger under Øvre Borge.

 

Hanne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Hanne for nye kjempespennande innlegg!

 

Då eg såg dødsannonsa til Arne, freista eg ein telefon til han som eg trudde kunne vera ein son, og trefte «blink»!  Huslyden er soleis oppspora, og eg reknar med at denne sonen kan hjelpa meg med dei detaljane som framleis manglar...

 

Sigurd Duestad var forresten ugift!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne kjempeutfordringi.  No er det mange som vert glade!!

Endret av Lars E. Øyane
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har jeg bladd litt videre i kirkeboken, og da fant jeg at Karl giftet seg som enkemann med Jenny Helene Johansen i 1938:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/50/86

 

Jeg har ikke klart å finne dødsfallet til Karl Edvard, men det får du forhåpentligvis fra slekten hans.

 

Ellers kan jeg jo nevne at funnet av den første vielsen var litt av et lykketreff. Jeg kombinerte mange søkeord på Google og Nasjonalbiblioteket, og plutselig stod det Anna Luggenes Hurum 1926 på skjermen :-)

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit nytt spennande innlegg!

 

Det er berre heilt utruleg kva du greier å finna.  Eg er framleis skikkeleg imponert!

 

Jau, eg reknar med at sonesonen greier det meste av dei detaljane som framleis manglar om denne huslyden, men takkar på ny for alle gode innspel som kjem her i Brukarforum!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.